Nytt studenttidsskrift i Trondheim

Sondre Wedding Nyheim og Erling Simon Vaaler er intiativtakarane bak studenttidsskriftet Begrep. . (Foto: Alexander Myklebust)

AKTUELT: Filosofistudentar ved NTNU er ute med første utgåve av nytt tidsskrift.

Av Alexander Myklebust

I april kom den første utgåva av eit nytt studenttidsskrift i filosofi ved NTNU, Begrep. Det nyoppstarta tidsskriftet er meint å gje studentar ein moglegheit til å opparbeide seg erfaring med å redigere, skrive og publisere filosofiske tekstar.

– Det er utruleg motiverande å sjå at andre les tekstane ein skriv. For meg handlar det om at folk skal merke at Begrep bidreg med engasjement i studiet, og at folk kjenner at arbeidet deira blir sett og sett pris på, og at det er moglegheiter, seier Erling Simon Vaaler, som saman med med Sondre Wedding Nyheim tok initiativet til å starte tidsskriftet. 

Stor spennvidde

Den første utgåva av Begrep består av fire tekstar skrive av studentar ved NTNU, i tillegg til eit forord av Vaaler, der vi kan lese at «tidsskriftet er ment å være en arena hvor man kan utforske sine interessefelt på egne premisser.» I tråd med dette viser tekstane som står på trykk i Begrep stor spennvidde i både form og innhald. Likevel er det kroppslege aspektet ved mennesket eit gjennomgangstema, noko titlane på dei enkelte bidraga vitnar om: «Om å tre inn i Evigheten: Barnet som et bilde på Nietzsches overmenneske» av Oskar Knutsen Brennhagen, «Tekno-maskulin kjærlighet» av Alexander Berntsen, «Freedom in Sexual Discourse» av Tone Andrea K. King og «Kroppslig anerkjennelse» av Maia Vige Helle.

LES OGSÅ: Anerkjennelse av kroppslig verdighet

Redaksjonen bak Begrep har så langt ikkje lagt tematiske avgrensingar på bidraga dei tek imot. Vaaler og Nyheim seier at det er ein viktig motivasjon bak tidsskriftet å gje bidragsytarane anledning til å få redaksjonell tilbakemelding. Alle som er interesserte i å få den treninga er  velkomne til å sende inn bidrag. Kva tema den enkelte teksten tar opp er derfor i seg sjølv ikkje det avgjerande for redaksjonen.

Å starte eit tidsskrift

Før dei møttest Trondheim hadde Vaaler tatt bacholgraden i filosofi ved Trinity College Dublin, der han også sat i redaksjonen til eit studentbasert filosofitidsskrift. Nyheim på si side studerte ved Høgskolen i Hamar og drøymde om å starte både tidsskrift og podcast. I dag studerer Vaaler og Nyheim filosofi ved NTNU, men med ganske ulike innfallsvinklar. Medan Vaaler fokuserer på antikkens filosofi, særskilt Platon og Aristoteles, er Nyheim interessert i anvendt etikk, teknologi og digitalisering. Likevel omtaler dei to initiativtakarane det første møtet dei imellom som «nærmast skjebnebestemt», fordi dei hadde ein felles ambisjon starte eit studenttidsskrift.

– Eg starta prosessen med å få i gang  eit tidsskrift ganske tidleg etter å ha kome til Trondheim, og då fekk eg ganske god hjelp av Erling, seier Nyheim.

Begrep er ikkje det første studenttidsskriftet for filosofi som hatt sitt utspring ved Institutt for filosofi og religionsvitenskap ved NTNU. Men lite har skjedd sidan tidsskriftet, Parabel, gav ut sitt siste nummer i 2007. Etter å ha rådført seg med ulike personar med redaksjonserfaring, ved NTNU, deriblant nokre med erfaring frå Parabel, arrangerte dei eit møte for potensielle redaksjonsmedlem i september 2018, og  12. april i år  kom det første nummeret frå trykken.  

Vaaler og Nyheim er begge formelt redaktørar, men ser seg sjølv først og fremst som initiativtakarar og pådrivarar bak oppstarten, og påpeiker at dei andre medlemmane av redaksjonen har bidratt minst like mykje som dei har. «Engasjement er nøkkelen til modellen – alle i redaksjonen har det same ansvaret», seier dei.

Begrep, 1. årgang – Vår 2019.

Kven er målgruppa for tidsskriftet?

– Tidsskriftet skal vere tilgjengeleg for dei som er nysgjerrige på filosofi og kva studiet går ut på – og det kan vere for nye studentar som er interesserte i korleis ei oppgåve kan skrivast. For dei som er lenger uti studiet er det interessant å sjå korleis medstudentane arbeider – det er gjerne første gong dei får innsyn i andre sine arbeid. I målgruppa er det så klart også stolte foreldre, tanter og onklar.

Nyheim og Vaaler legg vekt på at det å starte opp og drive eit studenttidsskrift byr på både utfordringar og lærdommar. – Dei erfaringane ein gjer seg i ein slik oppstartsfase er i mi erfaring utruleg verdifulle. Det er brei erfaring som ein ofte i ettertid ser at ein ikkje kunne vore foruten, slår dei fast.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *