Bøker

Tillit skapte norsk modernitet

Publisert
Gunnar Skirbekk er ein av våre internasjonalt anekjende filosofar. I si nye bok vender han blikket heimover. (Kjelde: UiB)

Skal ein forstå norsk modernitet, må ein sjå på den særskilde tilliten som kjenneteiknar det norske samfunnet. Det hevdar filosof Gunnar Skirbekk i si nye bok Norsk og moderne.

I boka tek han opp kva det vil seie å vere moderne og norsk. Det får òg relevans for hans syn på integrering og deltaking i det norske samfunnet. I eit fint intervju i Dag og Tid fortel Skirbekk om boka:

Skirbekk argumenterer for at det er ein meir omfattande prosess å bli integrert i det norske samfunnet enn til dømes i USA, og går mot prosjekt om å skape ein multikulturell identitet.

– Det ser ut til at du meiner vi kan lære av historia. Kva kan ein lære?

– Når ein ser på samspelet mellom embetsstanden og dei folkelege rørslene i norsk historie frå 1814 og ut, ser ein at det var både klassemotsetnader og sosiokulturelle motsetnader, og etterverknadene av desse motsetnadene finst framleis. Til dømes: Etter kvart som dei folkelege rørslene gjekk frå å vere spontan verksemd til meir organisert arbeid, fram mot 1884 og innføringa av parlamentarismen, kan ein seie at embetsstanden abdiserer. Det kunne dei gjere, vel vitande om at dei ikkje ville bli lynsja, eller at samfunnet ville gå av hengslene. For viss ein nasjon skal fungere som demokrati, må ein ha tillit til at politiske motstandarar er siviliserte menneske. Tillit er noko dei det gjeld, må ha erfart sjølve. Det handlar om å ha ein gjensidig aksept for den andre, som motstandar, ja, men som ein motstandar det går an å forhalde seg til. Om det ikkje finst, så blir demokrati veldig vanskeleg. […]

Tillit som historisk lærdom er også ein føresetnad for den moderne norske velferdsstaten, meiner Skirbekk.

– Ein må ha ei breiare forståing av kva velferdsstaten er. Det handlar ikkje berre om pengeoverføringar og trygd. Det trengst allmenn solidaritet ut over familie og slekt. Ein må ha ein relativt egalitær politisk kultur, små materielle forskjellar, og ein må ha tillit og eit felles utdanningssystem. Skal ein skjøne det spesielle ved den norske velferdsstaten, må ein derfor ha ei litt vidare forståing enn den statsvitskaplege modellen om trygder og overføringar, elles blir det vanskeleg å forstå denne sjenerøse og omfattande velferdsstaten som vi har, men som få andre maktar å få til å fungere, seier Skirbekk.

Autonome individ

Bok: Norsk og moderne – Gunnar Skirbekk

Ein annan føresetnad for det å vere norsk og moderne i dag er autonome individ, meiner Skirbekk.

Autonome individ finst i spennet mellom det å vere determinert av biologi og sosial bakgrunn og det å vere ansvarlege medmenneske.

– Det politisk viktige er at det finst mange føresetnader som avgrensar fridomen vår, men likevel må vi sjå på kvarandre som frie for å kunne rekne kvarandre som ansvarlege personar. I debatten om svake grupper så vel som i innvandringsdebatten er det jo nokon som trur at ein viser respekt for andre menneske om ein behandlar vaksne folk som mistrøystige offer og ikkje som ansvarlege personar og vidare behandlar dei som om dei ikkje er i stand til å forhalde seg til saklege argument.

– Kva tenkjer du på?

– Ein er så oppteken av at ein ikkje skal fornærme, og ein skal jo ikkje det. Men ein må kunne snakke rett ut og stille krav. Det er klart at om du skal vere ein medlem av det norske samfunnet, må du kunne språket og kjenne til historia. Det gjeld uansett om ein har norsk eller utanlandsk bakgrunn. Det betyr å skjøne denne historia, ikkje berre operere med frittståande statsvitskaplege modellar. Skal ein skjøne korleis det fungerer, må ein sjå på korleis det er internalisert gjennom djupe, felles erfaringar. Dette er ein kritikk av Knut Kjeldstadli og dei andre som snakkar om identitet som noko ein kan konstruere. Det finst skilsetjande historiske erfaringar, og dette er det tunge stoffet vi er skapte av. Så kan vi sjølvsagt tolke det på nytt. Eksistensialistar som Sartre har eit poeng i så måte. Vi kan i nokon mon redefinere identiteten vår, men ikkje alt, og alltid på bakgrunn av det som alt er der.

Les heile intervjuet hjå Dag og Tid.

Powered by Labrador CMS