Filosofiske skiljelinjer

I 1929 møttest Martin Heidegger og Ernst Cassirer til debatt i Davos, Sveits. Kva for ei betydning denne diskusjonen har hatt for seinere filosofihistorie, er eit sentralt spørsmål i Cassirer og Heidegger i Davos.

BOKOMTALE: I Cassirer og Heidegger i Davos kjem ikkje berre ulikskapane mellom fenomenologi og nykantianisme til syne, men også brotet mellom kontinental og analytisk filosofi. Samstundes er antologien prega av det faktum han forsøker å motverke: at Cassirer i stor grad har vorte gløymd.

Av Alexander Myklebust

Med antologien Cassirer og Heidegger i Davos presenterer redaktørane Hein Berdinesen og Lars Petter Storm Torjussen eit samansett bilete av eitt av filosofiens store meistermøter, så vel som rammene rundt det. Dei opnar med ei innleiing som er ei grei innføring i premissane som låg til grunn for debatten mellom dei to filosofane, som i hovudsak dreia seg om «Kants filosofi innenfor et nykantiansk paradigme som definitivt hadde sine glansdager bak seg» (12).1 På bakgrunn av dette tilsynelatande nokså smale samtaleemnet kjem dei fram til svært motstridande syn både på kva det vil seie å vere menneske og kva filosofien si oppgåve er. Såleis vert det klårt kvifor denne debatten enda opp med som eit viktig referansepunkt for ettertida. I tillegg til å vere ein politisk ustabil periode i Europa var også filosofien inne i ei tid då nye skiljelinjer vart teikna opp. Det vert særskilt lagt vekt på at Cassirer representerte den i denne perioden falmande nykantianismen, medan Heidegger si tenking var på frammarsj. Ved å leggje fram føresetnadane for debatten på denne måten knyt innleiinga dei ulike artiklane som følgjer utover i antologien saman på ein god måte.

Bok: Cassirer og Heidegger i Davos – Hein Berdinesen og Lars Petter Storm Torjussen (red.)

Etter innleiinga følgjer Torjussen si omsetting av «Diskusjonen mellom Ernst Cassirer og Heidegger i Davos», henta frå Heidegger sitt verk Kant und das Problem der Metaphysik, som kom ut seinare same året møtet fann stad. I denne teksten, som er ein transkripsjon av diskusjonen, vert vi vitne til dei ulike tolkingane deira av Kant sitt prosjekt i Kritik der reinen Vernunft. Begge meinte at innbillingskrafta og skjematismen var av sentral tyding, men der Cassirer framheva spontaniteten (forstanden) hos Kant, la Heidegger vekt på reseptiviteten (sansinga).

Det vert utover i antologien illustrert korleis denne skilnaden i Kant-lesingane speglar viktige sider ved deira eigne filosofiske prosjekt. Omsettinga er såleis god å ha tilgjengeleg når ein arbeider seg gjennom dei ulike artikkelbidraga, som ofte både eksplisitt og implisitt refererer til denne teksten, og det er som regel lurt å følgje opp desse referansane dersom ein vil ha fullt utbytte av dei enkelte tekstane.

Utover innleiinga og omsettinga består Cassirer og Heidegger i Davos av 17 artiklar, fordelt over seks delar på to til fire artiklar kvar. Den første delen tek for seg diskusjonens tema, medan den andre tek for seg det nykantianske, fenomenologiske og antropologiske grunnlaget for han. Dei fire siste delane ser diskusjonen i Davos opp mot høvesvis Kant, Cassirer, Heidegger og analytisk filosofi.

Sjølv om kvar av delane og dei enkelte artiklane står godt på eigne bein, kan det vere greitt å starte med å lese innleiinga, omsettinga av diskusjonen, samt artiklane i første del. Saman utgjer desse ein nyttig inngangsport til lesinga av dei andre tekstane. Framfor å gå inn på kvar enkelt artikkel vil eg i det følgjande vurdere antologien ut frå tre hovudtema som er sentrale for han, i håp om at dette vil gje eit meir heilskapleg bilete av korleis dei ulike tekstane fungerer saman.2

Heidegger vs. Cassirer

Del 4 og 5, som er vigde Heidegger og Cassirer respektivt, har to artiklar kvar. Desse utdjupar sentrale sider ved filosofiane deira som vart relevante for diskusjonen i Davos, og i nokon grad korleis forholdet deira vart påverka av dette møtet. Utleggingane av begge filosofane peikar stadig tilbake til påverknaden Kant hadde på dei, men stort sett fungerer Kant som eit utgangspunkt artikkelforfattarane posisjonerer eller drøftar Heidegger og Cassirer ut frå.

Dei to tekstane om Cassirer, som utgjer antologiens del 5, utfyller kvarandre godt; den eine drøftar korleis Cassirer si tenking står til Kant, medan den påfølgjande let denne tenkinga gå i konfrontasjon med Heidegger. Saman forklarar dei kvifor symbol og myter var så sentrale i Cassirer sin filosofi, og dette gjer det mogleg for lesaren å forstå kva som stod på spel for han under Davos-konferansen, i stor grad sett opp mot Heidegger sin stadig sterkare posisjon i det tyske intellektuelle landskapet.

MER OM CASSIRER: Kulturfilosofi i vår tidCassirer, Sartre og Østerberg

Med artikkelen «Cassirers mytefilosofi – en utvidelse av den kritiske filosofiens sfære» vil Esther Oluffa Pedersen «vise at Cassirer, ved å inkludere myten i den filosofiske undersøkelse, får i stand en tenkning om Kant som overskrider grensene til den opprinnelige kantianske filosofi» (267). Altså dreier det seg om ei utlegging av det nykantianske utgangspunktet for Cassirer sitt hovudverk: Philosophie der symbolischen Formen, som kom ut i tre bind i 1923, 1925 og 1929.

Cassirer tok vare på det transcendentalfilosofiske perspektivet frå Kant sitt kritiske prosjekt, men skilde seg samstundes frå han ved å trekkje inn det han kalla «symbolske former» (desse inkluderer mellom anna språk, myter, historie og naturvitskap) som er ulike måtar å erkjenne verda på.

Kort sagt tyder dette at Cassirer legg vekt på det menneskelege utgangspunktet som han meiner filosofien må ha, men at han samstundes ikkje let det vere noko rom for syntetiske a priori påstandar.

Denne bokomtalen er ein bearbeida versjon av ein tekst som ble trykt i Filosofisk supplement 3-2013.

I kontrast til Kant sitt særskilte fokus på matematisk og naturvitskapleg erkjenning i den første kritikken, er dette for Cassirer erkjenningsformer som er sidestilt dei andre. Pedersen legg likevel vekt på at dette er «en åpenbar forlengelse av ansatsene til den kritiske filosofi, ikke bare i sin opprinnelige kantianske, men også i sin nykantianske form» (268). Det er nemleg gjennom mytane og symbola vi som menneske erfarer verda, og «innenfor mytens system kan vi ikke henvise til nødvendige forbindelser, fordi det teoretiske blikket ikke har noe fundamentum in re» (279). Dette synet på symbola og mytane sine primære roller i erkjenninga spelte ei viktig rolle i kritikken Cassirer retta mot Heidegger.

Nils Gilje syner i den påfølgjande artikkelen, «Myten som symbolsk form: Kontroversen mellom Cassirer og Heidegger», korleis Cassirer med mytefilosofien var i stand til å kritisere det han omtalar som «Heideggers revitalisering av den mytiske tenkning» (283), og refererer med det ikkje berre til framveksten av nazismen på 1920-talet, men og Heidegger si tenking generelt. Cassirer såg på mytane som den symbolske forma som alle dei andre vert skilde ut frå, men at desse etter kvart er i stand til å frigjere seg frå opphavet sitt. Ut frå dette drøftar Gilje både Cassirers mytefilosofi i Philosophie der symbolischen Formen og det posthume verket Myth of the State frå 1946, og Heidegger sin kritikk av begge desse.

Spesielt interessant er det når Gilje let Heidegger kome med sin motkritikk av Cassirers Myth of the State, kor Cassirer ville gjere greie for korleis det mytologiske, men samtidig destruktive, verdsbiletet til nasjonalsosialismen kunne vekse fram. Eit sentral punkt i denne kritikken retta seg mot rolla som skjebnetenking og myta om «føraren» fekk for nazistane. Cassirer meinte at dette var uttrykk for ei tilbakevending til mytisk tenking, som høyrer til eit tidlegare og lågare nivå.

Eit viktig poeng for Heidegger, derimot, var at «det er den mytiske praksis som er nøkkelen til mytisk tenkning». Med dette ville han fram til at mytane ikkje spelar rolla som symbolsk form, men er fundamentalt vevd inn i Dasein (296). Som sagt utfyller dei to artiklane om Cassirer kvarandre godt, både fordi dei saman gjev eit innblikk i ein filosofi som i dag er lite lest, og fordi dei gjer det i dialog med både Kant og Heidegger, noko som burde gjere tekstane interessante for lesarar av alle desse tenkjarane.

I delen om Heidegger finn vi to artiklar som går nokså djupt inn i nokre heilt konkrete problemstillingar i filosofien hans, men som ikkje i særskilt stor grad tek stilling til motstandaren Cassirer. Såleis kan tematikkane dei tek for seg av og til sjå ut til å vere noko lausrivne frå diskusjonen i Davos. Anne Granberg ser på korleis Heidegger posisjonerte seg i forhold til Kant (sjølv om ho presiserer at ho ikkje vil drøfte forholdet mellom dei) når ho i artikkelen «_Die Seinsfrage_ som et ‘hypertranscendentalt’ spørsmål», vil finne ut kva slags transcendentalfilosofi Heidegger hadde føre seg i Sein und Zeit. Med «hypertranscendentalt» meiner Granberg at Heidegger sitt spørsmål om «værens mening» er «et spørsmål etter mulighetsbetingelsen for mulighetsbetingelsene for væren» (312).

Det påfølgjande bidraget er skrive av Anders Reiersgaard og bærer tittelen «Tidslighetens transcendens: En undersøkelse av transcendens-problemet i Heideggers fundamentalontologi». Reiersgaard startar ved eit punkt i diskusjonen mellom Heidegger og Cassirer kor ein tilhørar kjem med ein «filologisk bemerkning» om at dei to snakkar ulike språk og at filosofiane deira skil seg ved dei termane som ikkje let seg omsette mellom desse. Reiersgaard meiner at det er viktigare å undersøke dei tradisjonelle omgrepa framfor dei som er særeigne for dei to filosofane, fordi dei særeigne omgrepa lettare fører til skinnforståingar. Han tek for seg det nokså tradisjonelle omgrepet «transcendens», og undersøkjer kva det betyr for Heidegger i Sein und Zeit.

Føremålet med artiklane om Heidegger og Cassier er ikkje å gje noka generell innføring i filosofiane deira, men å forstå dei i samanheng med bestemte tema frå diskusjonen i Davos og vise kva konsekvensar denne diskusjonen fekk for både filosofihistoria og dei sjølve i ettertid.

Likevel resulterer det faktum at Heidegger har hatt ei mykje større påverknad enn Cassirer i at handsaminga av Cassirer er av ein meir innførande karakter, medan ein tillèt seg å gå meir i djupna på Heidegger.

Underteiknande har relativt sett ein god del meir erfaring med Heidegger si tenking enn med Cassirer, og likevel vart artiklane som fokuserer på Heidegger opplevd som ein god del meir krevjande.

LES MER: Heideggers filosofi og den tyske nasjonalsosialismenÅ gjenskape skjulte betydningerFra et fenomenologisk perspektiv

Om Heidegger sitt filosofiske ettermæle er betre enn Cassirer sitt, så er stoda den motsette på det moralske og politiske planet. I så måte er Ingmar Meland sitt bidrag «‘Davos 1929’ som symbol i den filosofiske diskursen» interessant. Her gjer han mellom anna greie for den «doble bokføringa» som ettertida har operert med overfor debatten mellom Cassirer og Heidegger, men som først og fremst er eit kjenneteikn ved resepsjonshistoria til sistnemnde. Kort sagt går den doble bokføringa ut på at sjølv om Cassirer sitt filosofiske system ikkje var i stand til å bidra med nye innsikter på same nivå som Heidegger, så er han den «moralske vinnaren», sett i lys av Heidegger si innblanding i nazismen.

Davos og Kant

Som sentrum i strida mellom Cassirer og Heidegger får Kant mykje merksemd i denne antologien, og del 3, «Diskusjonen i Davos og Kant», tek føre seg Kant meir direkte. Her får vi servert tre artiklar som går i djupna på Kant sin filosofi, men som gjer det med konkrete referansar til diskusjonen mellom Cassirer og Heidegger, slik at tolkingane dei vert problematisert på bakgrunn av Kant sine tekstar. Desse artiklane om «Kant som systemtenker» (Knut Venneslan), «Kants skjematisme» (Lars Fr. H. Svendsen) og «Tid og substans» (Trygve Lavik) gjev mykje godt grunnlag for å forstå det substansielle i diskusjonen og kva implikasjonar Kant fekk for andre sider ved tenkinga til både Heidegger og Cassirer.

Også uavhengig av om ein primært er oppteken av tema frå Davos-debatten er desse tekstane av verdi for Kant-interesserte. For sjølv om alle tre tek utgangspunkt i ulike sider ved tolkingane til Cassirer og/eller Heidegger og problematiserer dei, er fokuset i høgste grad på Kant sin filosofi.

Utover desse tre artiklane er Kant også i fokus i mellom anna «Heideggers ‘destruksjon’ av Kant», «Forholdet mellom Husserl og Kant» og «Kant og antropologien», forfatta av redaktør Berdinesen, Konrad Rokstad og Arild Utaker høvesvis. Saman syner alle desse tekstane kor viktig Kant var, ikkje berre for sjølve diskusjonen i Davos og dei to hovudpersonane der, men for spenningane som prega det filosofiske landskapet i denne tida.

Kontinental og analytisk filosofi

Kåre Johnsen startar artikkelen «Metafysikk og vitenskap» med denne dristige påstanden:

Debatten [i Davos] blir ofte ansett som det historiske og teoretiske utgangspunktet for skillet mellom analytisk og kontinental filosofi på kontinentet: Cassirer på den analytiske og Heidegger på den kontinentale. (387)

Skilnaden mellom desse tradisjonane er ifølgje innleiinga i antologien å finne i svara dei gjev på spørsmålet om kva forholdet mellom filosofi og vitskap består i. Vidare vert det hevda at nykantianarane meinte at filosofien si oppgåve var å angje det metafysiske grunnlaget for naturvitskapane, medan andre kontinentale tenkjemåtar gjerne ser filosofien som ein åndsvitskap, som står nokså fritt for seg sjølv. Det er nok så, men det betyr ikkje at det automatisk er naturleg å plassere nykantianismen i den analytiske leiren.

At Cassirer var ein av dei siste nykantianarane i 1929 gjev tydeleg hint om at dette var ein -isme som i stor grad hadde spelt ut rolla si før skiljet mellom analytisk og kontinental oppstod for fullt. Her burde ein anten ha gjort meir for å gje belegg for desse påstandane om forholdet mellom Cassirer og analytisk filosofi, eller i staden samanlikne det nykantianske vitskapssynet hans med samtidige filosofar, til dømes frå Wienerkrinsen.

I artikkelen «Striden om intet: Om Carnaps kritikk av Heidegger og Heideggers kritikk av ‘logikken’» gjev Richard Sørli ei utlegging av møtet mellom den hermeneutisk-fenomenologiske tenkinga til Heidegger og den analytisk-logiske språkfilosofien til Carnap, som var til stades ved diskusjonen i mellom Heidegger og Cassirer, og som i utarbeidinga av sitt eige filosofiske prosjekt kritiserte Heidegger. Utgangspunktet for denne kritikken er Carnap sin kamp mot metafysikk generelt, som han meinte Heidegger var ein av dei fremste representantane for.

Det er ei stor utfordring å skulle leggje fram dei metafysiske synspunkta til to så ulike filosofar som Heidegger og Carnap, for så å «få dei i tale» med kvarandre, men her lukkast det, og resultat er ei interessant og tidvis morosam analyse.

I innleiinga vert det sagt at Cassirer forsøkte å halde kontinental (eksistensfilosofi) og analytisk filosofi (vitskap) saman og at han ikkje anerkjende dette skiljet. Det er synd at denne påstanden ikkje får noka verkeleg oppfølging. For medan vi får ei utgreiing av forholdet mellom analytisk tenking og Heidegger hos Sørli, manglar det ein tilsvarande tekst om Cassirer. Det hadde vore nyttig med ei drøfting av korleis Cassirer si avvising av syntetiske dommar a priori, altså utgangspunktet for symbolfilosofien hans som opnar opp for tenking om både myter og vitskap, let seg omsettast til ein vitskapsfilosofi/metafysikk som kan konkurrere med Heidegger sin ontologi.

Konklusjon

Alt i alt er Cassirer og Heidegger i Davos spennande lesing. Det bør likevel nemnast at dette er ein antologi som krev at lesaren har ein del forkunnskapar for å fullt utbyte, særskilt om Kant og Heidegger. Såleis vil Cassirer og Heidegger i Davos først og fremst vere av nytte for dei som allereie har lest både Kritik der reinen Vernunft og Sein und Zeit, då ein god del av artiklane går nokså djupt inn i dette stoffet og føreset at lesaren har ein del omgrep frå desse verka med inn i lesinga. Har ein det, derimot, kan ein finne mange interessante drøftingar.

Det er likevel ikkje heilt opplagt kva relevansen av ei slik bok er i 2013. Kvifor er det i dag behov for å trekke fram att ein diskusjon som fann stad for over 70 år sidan?

At dette ikkje går fram tydeleg kan nok vere problematisk for boka, uavhengig om innhaldet i ho i seg sjølv skulle vere av høg kvalitet, då ho ikkje plasserer seg i ein dagsaktuell kontekst som kunne ha gjort ho meir interessant for det filosofiske publikum i dag. Det er ikkje dermed sagt at Cassirer og Heidegger i Davos er irrelevant, og det er heller ikkje alltid naudsynt at filosofiske bøker skal vere dagsaktuelle, men ei noko tydelegare meining bak ei bok er ofte med på å gjere ho meir tilgjengeleg og attraktiv for potensielle lesarar.

Sjølv om det er noko uklårt kva redaktørane vil med denne antologien, er det mykje som tyder på at redaktørane har eit ønskje om å trekkje Cassirer fram i lyset og gjere at fleire får auga opp for tenkinga hans.

Som ein av relativt få store tenkjarar i si tid som var i stand til å tenkje innanfor både natur- og åndsvitskapane kan Cassirer vere av nytte for dei som i dag ønskjer å tenkje på tvers av denne skiljelina. Likevel er det tydeleg at det er Heidegger som dominerer perspektivet i mange av artiklane, og antologien er prega av nettopp det faktum som han vil motverke, at Cassirer i stor grad har vorte gløymd.

Noter

1 Alle referansar er til Berdinesen & Torjussen 2013. Sidetal i parantes.

2 Artiklane eg ikkje drøftar direkte i denne teksten er: «Kultur som bro fra individ til individ eller hard skjebne: Cassirer i konfrontasjon med Heidegger [Esther Oluffa Pedersen]; «Filosofiens idé – Grunnlags- og tilgangsproblematikk i Davos» [Fredrik Jebsen Bråten]; «Heideggers ‘destruksjon’ av Kant» [Hein Berdinesen]; «Hermann Cohen – Den tredje mann i Davos» [Steinar Mathisen]; «Under sveitsisk himmel» [Asbjørn Aarnes].

Litteratur

  • Berdinesen, H. og Torjussen, L. P. S. (red.) 2013, Cassirer og Heidegger i Davos, Dreyers forlag, Oslo.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *