Fridom eller eigedom?

– I tråd med opplysningstenkinga som rådde i tida argumenterte Wollstonecraft for at fornufta skulle vere leiestjerna for samfunn, stat og politikk, skriv Myklebust. Illustrasjon: Scene frå storminga av Hôtel de Ville i 1789, av Jean Henri Cless. (Kjelde: Wikimedia Commons)

OMSETTING: Menneskerettane fordrar at vi fer åt med kvarandre som medmenneske, og verken som meir eller mindre verdige enn ein sjølv, hevdar Mary Wollstonecraft i sitt politiske kampskrift mot Edmund Burke.

Omsetting og innleiing ved Alexander Myklebust, redaktør for Salongen

For den tyske idéhistorikaren Reinhart Koselleck (1923-2006) representerte den franske revolusjonen i 1789 eit fundamentalt perspektivskifte i europeisk historie; frå bakoverskuande til framoverskuande; frå ein gammal orden der tanke- og levesett var funderte i tradisjon og tru til eit politisk medvit som hadde det utopiske samfunn som mål.1 Revolusjonen førte i alle fall i dei tidlege 1790-åra til ein heftig debatt i dei intellektuelle kretsane på dei britiske øyer – ein debatt som både handla om kva slags hending den franske revolusjonen var i seg sjølv, men også meir prinsipielt om kva ein stat er, og kva som legitimerer eit gitt styre(sett).

LES OGSÅ: Opplysningstidens kvinnerDen franske revolusjon

Parlamentsmedlemmet, Edmund Burke, publiserte i 1790 sine Reflections on the Revolution in France. Ulikt dei fleste av sine landsmenn, var han generelt skeptisk og kritisk til revolusjonen. Rett nok meinte han ikkje at ein kvar revolusjon nødvendigvis var så ille: sjå berre på englendarane sin eigen ærerike revolusjon i 1688!2 Men den franske revolusjonen var ikkje ein revolusjon som hadde som mål å bevare den moralske og tradisjonsbundne orden. Tvert om, det var ein revolusjon som reiv opp heile den franske samfunnsstrukturen med røtene. Rett nok kunne Burke vere einig med dei som meinte at det det gamle styret i Frankrike på mange måtar rotna på rot, men det hadde i alle fall gitt samfunnet orden og stabilitet.

Burke sin tekst har i ettertida blitt ståande som ein klassikar i den politisk konservative tradisjonen. Men han gjekk ikkje uimotsagt lenge. Faktisk kom det første tilsvaret etter berre nokre få veker, i form av eit ope brev, med tittelen A Vindication of the Rights of Men.

Forfattaren av brevet, Mary Wollstonecraft, la ikkje skjul på at ho stilte seg bak verdiane som låg til grunn for den franske revolusjonen, nedfelte i Menneskerettserklæringa. I tråd med opplysningstenkinga som rådde i tida argumenterte ho for at fornufta skulle vere leiestjerna for samfunn, stat og politikk: Ein var ikkje lenger nøydd til å la seg diktere av dei gamle skikkane: ein kunne skape ei betre verd ved hjelp av vitskap, utdanning og hardt arbeid.

Burke sitt forsvar for eigedomsrett           

Utdraga frå A Vindication of the Rights of Men, som her blir presenterte i norsk omsetting, handlar i all hovudsak om eigedom, økonomi og fordeling. Burke er i sine refleksjonar om den franske revolusjonen ein ivrig forkjempar for eigedomsretten, og heldt fast på at overføring av eigedom (og titlar) gjennom slektsledd er eit grunnleggjande gode for samfunnet, fordi det skapar kontinuitet og stabilitet.3 Den som har eigedom har også ansvar for å disponere eigedomen på ein god måte. I tillegg er det dei med eigedom som bør og skal styre i det politiske livet, av dei same grunnane – det er interessene dei har knytt til jorda dei eig og disponerer som gjer dei skikka til å delta i politikken, som i stor grad dreier seg om å halde den gjeldande orden i hevd.

Wollstonecraft fører ein skarp kritikk mot Burke sitt syn på eigedomsrett, her altså først og fremst forstått som rett til land og anna nedarva eigedom. I boka Mary Wollstonecraft, feminismen och frihetens förutsättningar skriv filosofen Lena Halldenius om eit vesentleg aspekt ved Wollstonecraft sitt syn:

[E]gendomsstatus, i ett samhälle uppbyggt kring principen om egendom, berör själva kärnan i hur en person uppfattas. Den som inte äger något, är inte heller någon. Denna djupgåande kritik knyter hennes syn på egendom till hennes syn på medborgerlig status och representation. (177)

Her er vi ved kjernen i kva revolusjonen representerte for Wollstonecraft. Det er viktig å merke seg at Wollestonecraft ikkje berre har dei fattige sitt ve og vel i tankane når ho kritiserer det umoralske i ei skeiv fordeling av materielle goder. Det vesentlege i synet hennar på eigedom er at forskjellane mellom fattig og rik skapar eit klassesamfunn der ingen eigentleg er frie; den fattige må slite dagen gjennom berre for å overleve; den rike treng eigentleg ikkje å gjere noko som helst for å overleve og eksisterer meir eller mindre i ein passiv tilstand.

Mary Wollstonecraft (1759–1797) portrettert av John Opie. (Kjelde: Wikimedia Commons)

Fridom står heilt sentralt i Wollstonecraft si tenking, og har to sider ved seg. For det første er fridomen politisk, i den forstand at det har å gjere med vilkåra den enkelte har til å utvikle seg til eit sjølvstendig individ. For det andre er fridomen personleg, og blir realisert i form av handlekraft overfor situasjonen ein til ein kvar tid er i. Av dette følgjer det at eit godt samfunn er eit samfunn der det er mogleg å vere fri, og der menneske brukar fridomen til å handle moralsk. Til forskjell frå det ho opplevde som eit forelda klassesamfunn, varsla den franske revolusjonen ei ny tid der alle menneske vart anerkjende som likeverdige på bakgrunn av medfødde rettar.

Wollstonecraft argumenterte ut frå ei religiøs oppfatning om at menneskerettane er naturlege, det vil seie gitt oss av Gud, og dermed ibuande i eit kvart enkelt individ. Samtidig fordrar rettane ein viss moralsk åtferd overfor andre menneske, og det kjem ofte klårt fram i Wollstonecraft sine tekstar at rettane vel så mykje krev noko av, oss som dei legg til rette for fridom: Rettane kan berre eksistere i den grad vi fer åt med kvarandre som medmenneske, og verken som meir eller mindre verdige enn ein sjølv.

I den krasse kritikken av Burke sitt forsvar for eigedomsretten ligg det altså mykje under overflata. Med fare for å teikne eit litt for enkelt bilde av situasjonen kan ein seie at Burke representerer det gammaleuropeiske tradisjonsbundne politiske perspektivet, som ifølge Koselleck var på vikande front rundt den franske revolusjonen, medan Wollstonecraft representerer den nye framtidsretta opplysningstenkinga.

Å sjå slik på det kan gi oss ein nyttig inngang når vi skal forstå både Burke og Wollstonecraft: Tekstane er ikkje først og fremst viktige på grunn av dei enkelte argumenta dei presenterer, og heller ikkje summen av argumenta. Tekstane deira er først og fremst viktige fordi dei viser ei brytning mellom to fundamentalt ulike måtar å forstå samfunn og politikk på, i ei tid då ein ikkje lenger kunne ta noko for gitt. I motsetning til andre, for ettertida velkjende, bidrag til den britiske debatten om revolusjonen i Frankrike er ikkje A Vindication of the Rights of Men ei typisk filosofisk avhandling. Ho er tvert om skriven i ein polemisk og engasjert stil, på ein måte som minner om stilen i Reflections on the Revolution in France. Ingen av dei to tekstane er kjennemerka ved logisk eller argumentativ stringens,  dei er begge nokså springande: tema, argument og lengre resonnement kan dukke opp plutseleg, for så å bli avbrotne av ein digresjon, og (kanskje) bli vidareførte ein heilt annan stad i teksten.

Wollstonecraft har ein særeigen stil som er vanskeleg, for ikkje seie umogleg, å kople frå det engelske språket. Dette fører naturleg nok til ein del utfordringar når ein skal omsette ho til norsk. Sidan A Vindication of the Rights of Men ikkje er ei akademisk avhandling, men nærmast er for eit politisk stridsskrift å rekne har eg valt å forsøke å gje omsettinga noko av den same gløden som originalteksten, med den risiko at eventuelle nyansar  skulle gå tapt.


Eit forsvar for menneskerettane4

Av Mary Wollstonecraft

Skal vi leite etter menneskerettane i dei tidsaldrane då nokre få merker var den einaste straffa som vart påført den som tok eit menneskeliv, men død for død når den rike sin eigedom vart rørt? når – eg raudnar over å verte merksam vår forderva natur – når ein hjort var drepen! Er dette lovene det er naturleg å vere glade i, og nedrig å kjempe mot? Forstod ein menneskerettane når lova autoriserte eller tillét drap? Eller er makt og rett det same i di tru?

Tittelsida frå den andre utgåva av A Vindaction of the Rights of Men. (Kjelde: Wikimedia commons)

Men alle fråsegnene dine fører faktisk så direkte til denne konklusjonen at eg ber deg om å spørje ditt eige hjarte, når du kallar deg sjølv ein sann ven av fridom, om det ikkje ville vere meir i tråd med dei å framstille deg sjølv som forkjempar for eigedom, tilbedaren av det forgylte bildet som makta har sett fram? Og, når du granskar hjartet ditt, om det ikkje ville vere for likt eit matematisk slit, som ein god fantasi svært motvillig nedlét seg til, å undersøke vidare korleis det samsvarer med vulgære idear om det vere ærleg og moralen sitt grunnlag – sanning. For at ein mann skal skryte av sine dygder og sjølvstendet sitt, når han ikkje kan gløyme at han i den same augneblinken nyt godt av løgnene si løn;5 og at han ved å snike seg fram på ein feig måte, har han sikra seg sjølv ei løn på femten hundre pund per år i det irske etablissementet? Mottar ærlege menn, sir, for eg hever meg ikkje opp til det raffinerte prinsippet om ære, løna si for tenestene sine til det offentlege, eller for den hemmelege assistansen deira, i ein annan sitt namn?

[…]

Det er nødvendig innstendig å gjenta at det finst rettar som menneske arvar ved fødsel av som rasjonelle vesen, som vart heva over den rå skapinga gjennom deira forbetrelege evner; og at i det å ta imot desse, ikkje frå anane sine, men frå Gud, kan lover aldri undergrave naturlege rettar.

Ein far kan øydsle vekk eigedommen sin utan at barnet hans har nokon rett til å klage. Men skulle han forsøke å selje barnet som slave, eller leggje han i lenker han fast med ufornuftige lover, lærer naturen han ved å gjere han i stand til å skilje godt frå vondt å bryte denne ærelause lenka, og ikkje tru på at brød blir til lekam, og vin til blod, fordi foreldra hans tok imot nattverden med denne blinde overtydinga.

Det er inga ende på denne fullstendige underkastinga i møte med autoritet – ein eller annan stad må det ta slutt, eller så vender vi tilbake til barbari. Og evna til å forbetre oss, som gjev oss herredøme på jorda, er ei forfalsking, eit falskt håp, som leier oss frå grøne enger til myr og skithaugar. Og dersom det var tillate at mange av førehandsreglane, som ein kvar endring var gjort med i vårt styre, var forstandige, så er det heller prov på svakheitene deira enn at det underbyggjer ei oppfatning av at dei er godt uthaldne, eller det fortreffelege i konstitusjonen.

Men ut frå kva prinsipp herr Burke kunne forsvare amerikansk uavhengigheit, kan eg ikkje fatte; for heile den gjennomgåande tonen i dei overtydande argumenta hans plasserer slaveriet på eit eviggyldig grunnlag. Går ein med på denne servile ærbødigheita overfor antikken, og forstandige merksemda overfor eigne interesser, og skulle ein behalde krafta som han insisterer på, burde slavehandelen aldri bli avskaffa. Og, fordi våre uvitande anar, utan å forstå den ibuande verdigheita i mennesket, sette i bevegelse ein handel som forferdar eit kvart snev av forstand og religiøsitet, skal vi underkaste oss den umenneskelege skikken, og kalle ei slik forkasteleg fornærming overfor menneskeheita kjærleik til landet vårt, og ei verkeleg underkasting til lovene som sikrar vår eigedom. – Sikkerheit for eigedom! Sjå, med nokre få ord, definisjonen av engelsk fridom. Og til dette sjølviske prinsippet er alt som er meir høgverdig ofra. – Briten tar mennesket sin plass, og biletet av Gud er tapt i borgaren! Men dette er ikkje den ihuga flammen som i Hellas og Roma slukte ein kvar simpel lidenskap: nei, sjølvet er fokuset; og strålane som spreier seg hever seg ikkje over vår tåkete atmosfære. Men mjukt – det er berre dei rike sin eigedom som er sikra; menneske som lev av sveitten på panna si har ikkje nokon stad å flykte frå undertrykking; den sterke mann kan når som helst kome inn – når var den fattige sitt slott heilagt? Og den nedrige tystaren stel han frå familien som er avhengig av arbeidet hans for å overleve.

WOLLSTONECRAFT SINE BREV FRÅ NOREG: En ensom vandrer • Kampen for eksistensen

Det ville vere ein strevsam jobb å spore alle syndene og elendigheitene som oppstår i samfunnet av at middelklassen apar etter dei velståande sine manerar. Alle er på jakt etter å sikre seg respekt på bakgrunn av eigendomen sin; og dei fleste stader blir rekna for å vere sinekyre som gjer det mogleg for menneske å bli lagt merke til. Det som opptar tre av fire menneske er for det meste å leve betre enn sine likemenn, og å stå fram som rikare enn det dei er. Kor mykje heimleg velbehag og personleg tilfredsstilling vert ofra for denne irrasjonelle ambisjonen! Det er ein destruktiv mugg som råkar dei venaste dygdene; venleik, venskap, sjenerøsitet, og all den elskverdige nestekjærleiken som knyt menneskehjarte saman, og strevet som løftar sinnet til høgare refleksjon. Alt det som i knoppestadiet ikkje vart forrotna av usanne idear som ‘vaks med veksten og vart styrka ved styrken’6 blir knuste av eigedomen si jernhand.

Eg har ingen skruplar med å slå fast at eigedom burde variere, slik det ville dersom det var likare fordelt mellom alle borna i ein familie. Elles er det stadig ein skansekledning, til sjuande og sist ein barbarisk føydal institusjon, som gjer det mogleg for den eldste sonen å overvinne dei talentfulle og undertrykke dygd.

I tillegg veks det på dette viset fram i samfunnet ein umandig servilitet som er svært fiendtleg overfor sann og verdig karakter. Menneske med visse evner spelar på dumskapen til dei rike, og når dei samlar seg rikdom, medan dei nedverdigar seg sjølv, står dei i vegen for menneske med større talent, som ikkje kan kome seg fram på slike svingete stiar, eller vade gjennom skiten som parasittar aldri bryr seg om. Når dei følger den beine vegen framover vert motet deira anten avstumpa eller øydelagd av den rike mannen sine foraktfulle ord, eller vanskane dei møter.

Den einaste sikringa av eigedom som naturen gjev autoriserer og fornufta set ut i live er retten mennesket har til å nyte det han har tileigna seg ved hjelp av evnene sine og arbeidet sitt; og å testamentere det til kven han vil. Det ville vere ei lykke for verda dersom det ikkje var nokon annan veg til rikdom og ære; dersom stoltheit, i form av foreldrekjærleik ikkje slukte mennesket, og hindra venskap frå å ha den same tyngda som kjærleiksforhold.  Luksus og feminisering vil då ikkje føre med seg så mykje idioti inn i dei edle familiar, som utgjer ein av søylene i staten vår. Jorda ville ikkje ligge brakk. Heller ville ikkje retningslaus tankeverksemd gjennom heile samfunnet  spreie sjukdomen som kvilelaus lediggang er, og vondskapen som høyrer til denne.

[…]

Mellom alle dei overtydande argumenta og vittige illustrasjonane dine, trer forakta di for fattigfolk likevel tydeleg fram, og tenner indignasjonen. Særleg var det følgande avsnittet slåande, som om det pusta i den mest tyranniske ånd, og det viser dei falskaste kjensler. «God orden er grunnlaget for alle gode ting. For å bli gjort i stand til å tileigne seg eigedom, må folket utan å bli servile vere medgjerlege og lydige. Øvrigheitspersonen må behalde ærbødigheita si, lovene behalde autoriteten sin. Folket må ikkje hamne i ein situasjon der dei oppdagar at prinsippa om naturleg underordning på kunstig vis blir dratt ut av sinna deira med rota. Dei respektere eigedommen som dei ikkje kan ta del i. Dei må arbeide for å skaffe det som går an å skaffe gjennom arbeid; og når dei oppdagar, som dei ofte gjer, at vinsten ikkje er står i stil til innsatsen, må dei lære at trøysta i siste inststans blir å finne i evig rettferd. Den som tek frå dei denne trøysta, tar frå dei arbeidsviljen, og går til angrep på rota av all tileigning, så vel som all konservering. Han som gjer dette er ein vond undertrykkjar, dei fattige og elendige sin nådelause fiende; samtidig som han med sine slue spekulasjonar avslører fruktene av vellykka arbeid, og oppsamlinga av rikdom», (aha! Der er problemet) «å plyndre den slurvete, den nedlatne og den framgangslause.»

Edmund Burke (1729–1797) portrettert av Joshua Reynolds. (Kjelde: Wikimedia Commons)

Dette er fråstøytande og hjarterå sofisteri, utkledd som audmjuke og underkasting overfor den himmelske vilje. – Det er, sir, mogleg å gjere dei fattige lykkelegare i denne verda, utan å ta frå dei trøysta som du så gåvmildt let dei ha i den neste. Dei har rett på meir velbehag enn det dei kan nyte i dag; og meir velbehag kan ein tillate dei, utan at det går utover gledene til dei rike: utan at vi treng å vente til vi har undersøkt om dei rike har ein rett til eksklusive gleder. Kva er det eg seier? – gå utover! Nei, dersom det oppstod eit samkvem mellom dei, ville det gje den einaste sanne gleda som kan bli fanga i dette skuggelandet, denne harde skulen i moralsk disiplin.

Kvifor kan ikkje store gods bli delte opp i små gardar? Slike bustadar ville sanneleg velsigne landet vårt. Kvifor tillét ein framleis at store skogar strekk seg ut med ein prangande pompøsitet, og all latskapen i austleg pralt? Kvifor møter den reisande sitt åsyn det skite avfall, når det finst menneske som vil arbeide? Men allmenningar kan ein ikkje la innhegne  utan at det blir bestemt av parlamentet å auke dei rike sin eigedom! Kvifor kan ikkje den arbeidsame bonden få lov til å stele ein gard frå heia? Dette har eg sett; – kua som gav borna føde beiter nær hytta og dei oppstemde kalkunane vart mata av dei lubne borna som pusta i ei frisk luft, langt frå byen sine sjukdommar og synder. Overherredøme øydelegg alle slike utsikter; dygd kan berre blomstre mellom likemenn, og den mann som underkastar seg ein artsfrende, fordi det tener dei verdslege interessene hans, og han som gjev frå seg berre noko fordi det er plikta hans å bygge seg opp ein skatt i himmelen, er mykje av det same, for begge er radikalt nedverdiga av livsførselen sin.

MEIR AV WOLLSTONECRAFT : Dialogen med det fremmede

Kor mykje naud gøymer seg ikkje i dei forpesta hjørna av den store byen, som løftar hovudet sitt og skryt av innbyggarane sine og handelen sin, medan arbeidslause tiggarar frå alle kantar nærmar seg mannen som unngår å påkalle påtrengjarar, eller med ein sint grimase ignorerer dei fattige sine fortvilte rop! Kor mange mekanikarar har ikkje mista jobbane sine ved ei vending i handel eller trendar;  ulykka deira, om ikkje avverga, fører til ei arbeidsløyse som svekka karakterane deira og som deretter gjer dei uvillige til å utføre ærleg arbeid! Kor er auget som ser desse vondskapane, som er meir gigantiske enn nokon av overtrampa overfor eigedom, som du så gudfryktig slår ned på? Er dette vondskapar som det ikkje finst noko motgift mot? Og er mennesket sitt hjarte tilfreds med å gi dei fattige over til ei anna verd, for å ta imot velsigningane dette kunne gjere fortent til? Dersom samfunnet vart regulert på eit større plan; om mennesket var nøgd med å vere mennesket sin ven, og ikkje søkte å menneskeheita sine sympatiar gjennom meisteren si underkastande titulering; dersom, ved å vende auga sine frå ideelle område av smak og eleganse, jobba han mot å gi jorda han budde på all den venleiken ho er i stand til å ta imot, og som stadig var på vakt for å kaste vekk all lykka som menneskenaturen kan nyte; – han som, ved å respektere menneska sine rettar, ønsker å overtyde eller overtale samfunnet om at dette er sann lykke eller verdigheit, er ikkje dei fattige sin vonde undertrykkjar, og heller ikkje ein kortsynt filosof. Han fryktar Gud og elskar sine medskapningar. Sjå, mennesket sin fulle og heile plikt! – borgaren som handlar annleis er eit sofistikert vesen.

Med eit overblikk over sivilisert liv, og ved å sjå, med eit ublenda auge, dei rike sine polerte synder, mangelen deira på oppriktigheit, mangelen på naturlege kjensler, med alt det tvilsame som luksus ber med seg, har eg utolmodig vend meg mot dei fattige for å finne eit menneske som ikkje er forderva av rikdom eller makt – men dessverre! kva var det eg fekk sjå! eit vesen som knapt var heva over udyra som det tyranniserte; ei knust ånd, ein utsliten kropp. Og alle dei stygge syndene som dei rike sitt eksempel kunne skape, kopiert utan omtanke. Misunning bygd på ein vegg av separasjon, som førte dei fattige inn i hat, medan dei knelte for sine overordna; som, på si side, tok eit steg til side for å sleppe å skode det nedrige synet av menneskeleg naud.

Kva var vel eit dags opprør mot desse vedvarande elendigheitene? La desse sorgene gøyme dei små hovuda sine overfor det veldige fjellet av sorg som skjender kloten vår! Menneske utnyttar menneske; og du sørger over det unyttige flettverket som dekorerte gotisk pilarar, og den durande klokka som kalla dei tjukke prestane til bøn. Du sørger over det tomme fargespelet i eit namn, når slaveriet slår med vengene sine, og det sjuke hjartet trekk seg tilbake for å døy einsamt i ei vilmark, langt frå der menneska held til. Fortente smertestikka du følte overfor den fornærma adelen, fortvilinga som lånte hjarte ditt då den overdådige kappa vart riven av idolet som den menneskelege svakheit hadde kledd på, å bli samanlikna med det utdregen sukket av melankolsk omtanke, når naud og synd dermed viser seg å heimsøke stega vi tar, og samstundes svømmer over ein kvar lovande framtidsutsikt? Kvifor skal vi la oss bli forskrekka av slåande syn av eit helvete, på hi sida av grava? -Helvete luskar rundt utanfor – svepa rungar i slaven sin nakne rygg. Og den sjuke stakkaren, som ikkje lenger kan tene det ustoppelege arbeidet sitt sure brødet, flyktar til rennesteinen for å ønske verda ei lang god natt – eller, gløymt i eit eller anna prangande sjukehus, pustar ut for siste gong under latteren til  mordariske vakter.

Slik som naud fordrar meir enn tårer – Eg stoppar opp for å kome til meg sjølv, og kvele avskyen eg kjenner svelle på grunn av dine retoriske kunster og barnslege følsamheit.

Notar

1 Koselleck skriv om dette i artikkelen «Revolution als Begriff und als Metapher. Zur Semantik eines einst emphatischen Worts» i Koselleck, R. (2006) ss. 240–251.

2 Jf. Burke (2009), ss. 16–21. Under den ærerike revolusjonen i 1688 avsette parlamentet den sittande Kong Jakob II, som var katolikk, for å sikre at Storbritannia skulle halde fram med å vere protestantisk (jf. Claeys 2007: 14–15). Denne revolusjonen vart altså gjennomført for å unngå ei grunnleggjande endring i det britiske styret. Omgrepet «revolusjon» kan i dette tilfellet altså forståast som ei omvelting tilbake til det opphavlege, medan ei slik forståing omgrepet ikkje passande når ein snakkar om den franske revolusjonen.

3 Jf. Burke (2009) ss. 33–34.

4 Omsettinga er gjort med utgangspunkt i Wollstonecraft (1993).

5 Sjå herr Burke sine forslag til økonomisk reform. [Dette er Wollstonecraft si eiga note til teksten.]

6 Dette er ei parafrasering av An Essay on Man av Alexander Pope.

Litteratur

  • Burke, E. (2009) Reflections on the Revolution in France. Oxford/New York; Oxford University Press.
  • Claeys, G. (2007) The French Revolution Debate in Britain – The Origins of Modern Politics. Palgrave Macmillan.
  • Halldenius, L. (2016) Mary Wollstonecraft, feminismen och frihetens förutsättningar. Stockholm; Bokförlaget Thales.
  • Koselleck, R. (2016) Begriffgeschichten – Studien zur Semantik und Pragmatik der politischen und sozialen Sprache. Frankfurt am Main; Suhrkamp Verlag.
  • Wollstonecraft, M. (2008) A Vindication of the Rights of Woman and A Vindication of the Rights of Men. Oxford/New York; Oxford University Press.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *