Fridom gjennom form

Noam Chomsky lar seg inspirere av den romantiske filosofien, og tanken om at språk må forståast som noko organisk og kreativt. Illustrasjon:Landskapsmotiv frå Nummedalen av Joachim Frich (1810-1858).

BOKOMTALE: Noam Chomsky har vore ein sentral figur innanfor lingvistikk og språkfilosofi i ein mannsalder. Men tankane hans om kva språk eigentleg er går langt ut over rammene til desse fagfelta.

Av Alexander Myklebust, redaktør for Salongen

I den språkfilosofiske klassikaren Cartesian linguistics frå 1966 tillèt den som oftast nøkterne Noam Chomsky seg å trekke lange filosofihistoriske linjer. I sveip som spenner frå René Descartes på 1600-talet, via romantikken og fram til vår tid viser han korleis idear om at språket er det aspektet ved mennesket som skil oss frå andre vesen stadig har gjort seg gjeldande. Språkforskjellar handlar kanskje om kulturforskjellar, men først og fremst er evna vi har til å utvikle og forstå språk eit resultat av utviklinga mennesket har gått gjennom som art.

Det medfødte språket av Noam Chomsky. Omsett av Inger Sverreson Holmes og med forord av Terje Lohndal. Cappelen Damm, 2017.

Med dette utgangspunktet i mennesket som biologisk vesen er Chomsky overtydd om at det er studiet av språklege strukturar som er lingvistikken sitt studieobjekt. Denne overtydinga har sidan Chomsky sine første utgjevingar på 50-talet fått spele ei sentral rolle i moderne språkvitskap. Den chomskyanske lingvistikken går ut frå at det må finnast ein slags universell grammatikk som ligg til grunn for alle språka vi menneske snakkar. Denne grammatikken ligg så og seie i genene våre, og er medfødd. Med det utgangspunktet blir lingvisten si oppgåve å utforske korleis djupstrukturane i den universelle grammatikken er i stand til å generere, ulike overflatestrukturar, som vi grovt sett svarar til dei enkelte språka som menneska til ein kvar tid har. Gjennom eit langt liv har Chomsky endra tilnærminga til språkvitskapen fleire gongar, men terminologien er stort sett kjenneteikna av tørre og teknisk. I Cartesian Linguistic løftar Chomsky blikket og gir oss moglegheita til å sjå idéane hans i eit større perspektiv, ut over det reint lingvistiske. Med utgjevinga av Det medfødte språket har Chomsky sitt kanskje viktigaste språkfilosofiske bidrag fått norsk språkdrakt. Det medfødte språket er omsett av Inger Sverreson Holmes og utstyrt med eit forord forfatta av professor i engelsk lingvistikk Terje Lohndal, som gjev ein kort introduksjon til Chomsky sin språkfilosofi.

Kartesiansk lingvistikk på norsk

Det første som slo meg då eg fekk vite at ei omsetting av Chomsky til norsk, med tittelen Det medfødte språket, var i emning var nettopp tittelen. Eg kunne nemleg ikkje kome på å ha lest nokon bok av Chomsky som hadde ein tilsvarande tittel på engelsk. Gleda var derfor stor då det viste seg at det var Cartesian Linguistics som gøymde seg bak den norske tittelen. Eg kan forstå kvifor ein har valt å gå for noko anna enn «Kartesiansk lingvistikk» som tittel på den norske utgåva, då tittelen «Kartesiansk lingvistikk» nok kunne risikere å verke ganske framandgjerande på lesarar som ikkje kjenner originalteksten. Men det spørst om ikkje Det medfødte språket ligg litt for langt vekke frå originaltittelen. Det er jo tross alt minst like mykje eit filosofihistorisk resonnement boka legg for dagen, som ei språkvitskapleg undersøking.

Portrett av René Descartes, måla av Jan Baptist Weenix. (Kjelde: Wikimedia Commons)

Men, Salongen sine lesarar kan nok trygt registrere den nokså kverulerande innvendinga mi mot namnet Det medfødte språket utan at det burde påverke inntrykket ein har av den norske utgåva i det store og heile. I det store og heile synest eg nemleg at omsettinga er god, og vil gjere det lett for interesserte norske lesarar å tileigne seg stoffet. Derimot vil eg protestere noko meir mot det som har blitt den norske undertittelen, nemleg: Et kapittel i den rasjonelle tenkningens historie, som på originalspråket er A Chapter in the History of Rationalist Thought. Mellom dei to formuleringane er det ein ikkje heilt uvesentleg forskjell: Med «History of Rationalist Thought» viser Chomsky til dei rasjonalistiske ideane som han sporar tilbake Descartes, og som han forfølger gjennom filosofihistoria via namn som Wilhelm van Humboldt, Jean-Jaques Rousseau og Friedrich J. W. Schelling. Formuleringa «rasjonell tenkning» kan derimot få lesaren til å tru at det boka handlar om er noko mykje meir, det vil seie fornufta si utvikling generelt, eit prosjekt som nok ligg Chomsky ganske fjernt. Men alt i alt er dette nokså ubetydelege innvendingar då boka er presentert i lettlesen og forståeleg norsk.

Dette viser seg mellom anna i måten omsettaren handterer det engelske omgrepet «mind». I forordet sitt fortel Holmes om det mangetydige i dette omgrepet og at for å unngå religiøse undertonar i ord som «ånd» eller «sjel» har ho gått for «bevissthet». Det ser ut til å ha vore eit klokt val. Og sjølv om det er ein meiningsforskjell mellom det engelske og det norske omgrepet er det vanskeleg å sjå for seg ei betre løysing når målet er å gi Chomsky sine tankar ei norsk overflatestruktur.

Språkfilosofi og språkvitskap

Lohndal sitt forord gir lesaren ein komfortabel inngang til Chomsky sitt idéunivers. Mellom anna forklarar han Chomsky sine idear om såkalla universell og generativ grammatikk og samanhengen mellom språk og biologi, i tillegg til korleis boka har blitt mottatt. Han viser også kva slags tankar Chomsky har lar seg fascinere av hos Descartes, og kva for idear han forkastar hos den same. Det sentrale poenget er at Descartes meinte at språket viser at mennesket ikkje er eit mekanisk vesen slik som han meinte maskiner og dyr var. Gjennom heilt vanleg språkbruk utviser eit kvart menneske ei evne til kreativt å setje saman ord og tankar i ein heilskap som lar seg forstå av andre menneske. I tillegg hentar Chomsky inspirasjon frå det spesifikt rasjonalistiske hos Descartes, nemleg det at språkutviklinga som alle og eit kvart menneske går gjennom ikkje kan reduserast til reint mekaniske prinsipp.

LES OGSÅ: Hva skal vi med språkfilosofi?Språket skjuler sine spor

Til slutt i innleiinga si gjev Lohndal ein kort gjennomgang av kva status Det medfødte språket har i dag, og korleis denne boka har stått seg i høve til Chomsky si eiga utvikling sida ho kom ut for første gong. Kort oppsummert hevder Lohndal at sjølv om forfattaren av boka har endra mykje på språkteorien sin opp gjennom åra står tankane som kjem til uttrykk i denne boka stadig som eit stødig grunnlag under alle desse endringane. Eg er einig med Lohndal når han dermed konkluderer at denne boka nok er «den beste introduksjonen og gjennomgangen av Chomskys språkfilosofiske posisjon som er skrevet av ham selv».1

Frå Descartes til i dag

I Det medfødte språket gjer altså Chomsky i all hovudsak to ting: han (re)konstruerer ei filosofihistorisk retning som han gjev namnet Cartesiansk lingvistikk; samtidig brukar han denne retninga til å ramme inn sine eigne språkteoretiske og filosofiske idear i ei større historie.

Likevel ser det ut for meg ut som det i perioden vi diskuterer her, finnes et sammenhengende og fruktbart kompleks av ideer og konklusjoner rundt språkets natur, i tilknytning til en bestemt bevissthetsteori, og at denne utviklingen kan anses som en utløper av den kartesianske revolusjonen. Begrepets [kartesiansk lingvistikk] egnethet er uansett av liten interesse. Det egentlige problemet består i å påvise den eksakte tilstanden til ‘idékapitalen’ som ble samlet i den førmoderne perioden for å evaluere betydningen av dette bidraget for samtiden og finne måter å utnytte det på for å videreutvikle studiet av språk.2

Noam Chomsky. (Kjelde: Wikimedia Commons)

Det Chomsky poengterer i dette sitatet er altså at grunntrekka i språkteoriane hans har ei lang forhistorie, og at ideane som kom til uttrykk var djupt forankra i ein bestemt måte å tenke om mennesket på som var mogleg i etterkant av Descartes. Motsett av korleis ein vanlegvis framstiller Descartes, filosofen som meir nokon andre representerer den mekanistiske verdsåskodinga, teiknar Chomsky eit litt anna bilde. No møter vi ein Descartes som gjer viktige oppdagingar i grensene for kva ein mekanistisk filosofi kan forklare. Mennesket skil seg frå dyr nettopp i kraft av dei språklege evnene sine. Dette på trass av at vi fysiologisk sett er svært like dyra, og derfor kan forklarast ut frå mekanistiske prinsipp på alle andre område.

Chomsky skriv i Det medfødte språket om at Descartes postulerte eit kreativt prinsipp i mennesket, ved sida av det mekaniske. Slik meiner eg han på ein fiffig måte unngår det såkalla «mind/body»-problemet som ofte blir trekt fram som eit uheldig aspekt ved kartesiansk tenking. I dette klassiske filosofiske problemet er utfordringa å finne eit svar på korleis det kan vere samhandling mellom kroppen, som høyrer til mellom dei utstrekte og materielle substansane på den eine sida, og sinnet (sjela) som er ein reint tenkjande substans. I Chomsky si framstilling blir denne problemstillinga ganske irrelevant då «mind/body»-skiljet berre blir eit problem dersom det menneskelege unntaket frå dei mekanistiske forklaringsprinsippa bryt med dei. Følger vi Chomsky i dette, og går med på at det menneskelege unntaket frå mekanikken er å forstå i form av eit kreativt prinsipp er det ikkje snakk om at mennesket, ved dei frie handlingane sine, bryt med naturlovene. Det vi får er heller ei stadfesting av at ulike prinsipp er skikka til å forklare ulike fenomen. Når vi skal studere språk, meiner Chomsky, kjem vi til kort om vi undersøker korleis eit menneske i eit gitt tilfelle er i stand til å ytre eit ord eller ei setning, frå eit psykologisk eller fysiologisk perspektiv. Derimot kjem ein nærare kjernen i mennesket sine språkevner om ein undersøker strukturane som gjer nokre ytringar meiningsfulle og andre meiningslause, for både den som ytrar seg og den som høyrer, altså strukturane som utgjer den universelle grammatikken.

MEIR OM «MIND/BODY»-PROBLEMET: Ærbødigst, ElisabethMot en ren materialisme

Eit anna vesentleg aspekt ved det Chomsky kallar kartesiansk lingvistikk er at denne tradisjonen legg forklaringane sine på eit abstraksjonsnivå høgare enn det reint deskriptive, og forsøker å avdekke prinsippa som gjer det mogleg å konstruere meiningsfulle setningar ut frå eit avgrensa sett med reglar.3 Når Chomsky drøftar desse poenga og viser ulike historiske eksempel på ulike teoretikarar som har tangert dei, legg han inn nokre interessante forsvar for denne språkvitskaplege haldninga. Han skriv om korleis «filosofisk grammatikk» ofte har blitt kritisert for å vere for rasjonalistisk og apriorisk. Med filosofisk grammatikk viser Chomsky til lingvistikk som supplerer deskriptive framstillingar med rasjonelle forklaringar.4 Chomsky er ueinig i denne kritikken, og meiner tvert om at den filosofisk grammatikken feila i det at han var for deskriptiv, og at djupstrukturane som han føreset i lingvistikken sin forblir uformulert! Utan å gå nærare inn på dette, sit ein igjen med at Chomsky på denne måten indirekte forsøker å gi svar til dei som kritiserer hans eigen språkteori for å vere for verkelegheitsfjern. Chomsky er kjent for heller å studere idealiserte språklege talehandlingar, i staden for å bygge på generaliseringar av korleis språkbrukarar innanfor eit visst språk «faktisk» snakkar. Det betyr ikkje, som kritikarane yndar å meine, at han ser vekk frå relevante empiriske realitetar. Det betyr berre at det han er ute etter, språkstrukturane, må forståast ut frå kreative forklaringsprinsipp, som ein empirisk tilnærming ikkje kan avdekke.

Språk og fridom

Slik eg les Det medfødte språket er det ei bok som handlar om mykje meir enn historia til ein viss språkfilosofisk retning, nemleg om kva det djupast sett vil seie å vere menneske. I forordet kjem Lohndal med denne merknaden:

Chomsky ser det ikke som sannsynlig at vi noen gang vil kunne gi en vitenskapelig forklaring på hvordan den kreative språkbruken passer med omgivelsene, delvis fordi det handler om spørsmål knyttet til fri vilje.5

Lohndal snakkar her om Chomsky sin velkjende kritikk av behavioristisk lingvistikk og korleis behaviorismen sin forklaringsmodell basert på stimulus-respons ikkje evnar å gje nokon god forklaring på språklege fenomen. Dette fordi setningane vi ytrar ikkje lar seg forklare berre ved å sjå på kva slags inntrykk vi mottar, men må forståast nettopp ut frå eit kartesiansk kreativt prinsipp, som på ein eller annan måte må henge saman med at mennesket er eit fritt vesen. Her trur eg vi ikkje nødvendigvis kan sette likskapsteikn mellom fridom og «fri vilje», forstått som evna til å bryte ut av dei determinerte kausalkjedane som elles finnast i naturen. I staden handlar det om det faktum at språket er eit moglegheitsvilkår for menneske si evne til å forholde seg til kvarandre og omverda. Dette er i seg sjølv er ein form for fridom, som hos Chomsky blir heitande «kreativitet».

MEIR OM CHOMSKY: Et mistroisk ikonChomskys status og teorier Chomsky-hypen

I Det medfødte språket er den tyske idealisten Friedrich W. J. Schelling ein av filosofane Chomsky diskuterer, og då med utgangspunkt i teksten Om den menneskelige frihet. I skarp kontrast til Chomsky sin vanlegvis svært så tekniske og tørre stil var Schelling ofte villig til å dra på i formuleringane sine. Schelling slår fast at filosofien har den menneskelege fridomen både som utgangspunkt og mål. Chomsky sin omtale av Schelling er i Det medfødte språket nokså kort. Men etter mitt syn er det interessant at han hos Schelling tilsynelatande finn ei djuptliggjande kopling mellom språk og fridom. At Chomsky ser eit slik kopling gjev han uttrykk i foredraget med den talande tittelen «Language and Freedom» frå 1970. I det foredraget drøftar Chomsky mennesket sin hang til fridom, og som Schelling gav uttrykk for, opp mot kartesiansk språkteori.6

Language, in its essential properties and the manner of its use provides the basic criterion for determining that another organism is a being with a human mind and the human capacity for free thought and self-expression, and with the essential human need for freedom from the external constraints of repressive authority.

I Chomsky si handsaming av ei av dei mest kjende sidene ved Descartes sin filosofi, nemleg tanken om at mennesket er delt mellom kropp og sinn, utstrekt og tenkande substans, er det ein nyanseforskjell i høve til korleis ein vanlegvis forstår dette. Descartes blir i filosofihistoria ofte brukt som ein hoggestabbe, som den filosofen som påførte verda ein mekanistisk filosofi der naturen og alle andre livsformer enn mennesket, blir redusert til maskiner. Etter mitt syn er noko av det viktigaste han gjer i Det medfødte språket å vise oss  ein litt anna måte tenke om dette på når han seier at Descartes innsåg at det var naudsynt å innføre eit kreativt prinsipp, som kjem til uttrykk gjennom språket, ved sidan av det mekaniske.7 I dette ligg det heilt tydeleg til grunn ein dualisme av den typen som ein vanlegvis tilskriv Descartes. Men på same tid er denne tolkinga som fokuserer på at Descartes bidrog med å avdekke ei viktig grense for den mekanistiske tenkinga, og såg behovet for eit anna type prinsipp for å forklare visse fenomen, ganske uvanleg. For Chomsky sin del ender dette opp i ei filosofisk grunngjeving for å forstå språket først og fremst som ein universell grunnstruktur som gjer både det å tenke og å forstå mogleg.

Sjølv om Chomsky lenge har vore ein av dei mest kjende og siterte personane i den akademiske verda meiner eg vi framleis har mykje å lære av dei fundamentale filosofiske innsiktene hans. Særleg gjeld dette innsiktene som han legg for dagen i Det medfødte språket. Meir eller mindre medvite viser Chomsky i denne boka korleis faste strukturar og fridom føreset kvarandre gjensidig, eller kanskje meir presist, er to sider av same sak. Særleg tydeleg vert dette poenget når han drøftar Humboldt. Eg vil derfor avslutte med Chomsky sin eigen oppsummering av denne filosofen sin hovudtanke, nemleg at: « … språkets grunnleggende egenskap [må] være dets evne til å bruke sine finitte, spesifiserbare mekanismer til et ubegrenset og uforutsigbart antall muligheter».8

Litteratur

  • Chomsky, Noam. 2017. Det medfødte språket, med forord av Terje Lohndal og oversatt av Inger Sverreson Holmes. Cappelen Damm AS.
  • Chomsky, Noam. 2005. «Language and Freedom» i Paterman, Barry. Chomsky on Anarchism. Edinburgh: AK Press.

Notar

1 Chomsky 2017, s. 22

2 Ibid. s. 32.

3 Ibid. ss. 93 – 102

4 Ibid, s. 99.

5 Ibid, s. 17.

6 Chomsky 2005, ss. 106–109.

7 Ibid, s. 35.

8 Chomsky 2017, s. 53.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *