Malabou og hjernen

Spatial Force Construction av Lyobov Popova. (Kilde: Wikimedia commons)

BOKOMTALE: Catherine Malabous radikale lesing av nevrovitskap, samfunn og politikk   har no kome i norsk omsetjing. Boka Hva skal vi gjøre med hjernen vår? kan lesast som ein pamflett mot nyliberalismen, men også som del av ei grunnlegging av hennar eigen filosofi, der «plastisitet» er det samlande omgrepet.

Av Roar Høstaker

Catherine Malabous bok Hva skal vi gjøre med hjernen vår? har no kome ut på norsk i omsetjing ved Kaja Jenssen Rathe. Denne boka kan lesast som ein politisk pamflett der nevrovitskap blir omdanna til samfunnsteori og politisk teori, og det er jo originalt nok. Malabou sitt utgangspunktet i denne boka er at nevrovitskapane dei siste 30-40 åra gradvis har lagt bort tanken om at hjernen er ei sentralisert og hierarkisk eining. Hjernen blir i staden oppfatta som plastisk: Han er forma av og gjennom dei erfaringane som det enkelte individet gjer gjennom si personlege historie. Vi er hovudpersonane i denne historia gjennom at vi både er «forfattarar» og «verk» samtidig. Verket kan ikkje skiljast frå forfattaren sjølv og forfattaren er kvar enkelt av oss. Men dersom det er slik at hjernen er plastisk og merka av individets erfaringar, så må det også stå i eit forhold til det samfunnet og den ytre historia som han har interagert med. Medan hjernen tidlegare blei sett på som del av ein genetisk lagnad, så kan ein i større grad sjå på han som eit historisk produkt av interaksjonen med samfunnet. Dermed blir også samfunnsforhold og samfunnsform viktig for å forstå korleis hjernen blir som han blir, og vi kan dermed også «dyrke» dei oppveksande hjernane på nye måtar ved å endre samfunnet. Det er altså eit interaksjonsforhold mellom samfunn i ein viss historisk periode og dei hjernane som veks opp i denne same perioden.1

Før eg går nærmare inn på innhaldet i Hva skal vi gjøre med hjernen vår?, er det viktig å få fram korleis denne boka inngår som del av Malabous allmenne prosjekt med å gjere plastisitet til det sentrale omgrepet i filosofien hennar.2 Ho oppfattar seg i stor grad som å arbeide i ein tradisjon med Hegel, Heidegger og Jacques Derrida som sentrale namn. Derrida var rettleiaren hennar, og ein kan sjå Malabous posisjon i høve til nokre av hovudsynspunkta hans. På 1960- og 1970-talet fremja Derrida eit radikalisert omgrep for skrift ved å vise til at på alle slags område kunne ein finne «skrift», sjølv om denne «skrifta» var fjern frå fonetiske uttrykk: Som i kinematografi og koreografi, men også skriving i musikalsk, biletleg, skulpturell og atletisk form, i  tillegg til teknikkane innan det politiske og militære feltet.3 I vår tid er dette derimot i mindre grad tilfelle, meiner Malabou: Den språklege og skriftorienterte vendinga i filosofien er svekka. Dette var ein konklusjon ho kom til etter å ha lese nevrobiologen Jean-Pierre Changeuxs vidkjende bok frå tidleg 1980-tal: Det nevrale menneske.4 Skrift stod også sterkt innan biologien då Derrida utforma sin filosofi, og Malabou viser, mellom anna, til biologen Francois Jacob som på tidleg 1970-tal kunne omtale DNAets struktur som ein bodskap som blir formidla nedover gjennom generasjonane, og som samtidig er eit sett av instruksjonar for å regulere kybernetiske prosessar i cella. Desse instruksjonane brukar nukleotidar5 som eit slags «alfabet» for utforminga av dei tjuetals aminosyrene som proteina er bygde opp av.6 Ein finn altså ei mengd «skriftlege» prosessar i cellene. Men, som Malabou peikar på, så har nevrovitskapane vist at hjernen endrar seg i langt større grad enn det den genetiske «skrifta» skulle tilseie. Med andre ord, hjernen tar form og endrar seg plastisk etter at DNAet har slutta å «skrive».7 Skriftomgrepet bryt altså saman.

Malabou sitt prosjekt er såleis delvis utforma mot den gamle rettleiaren hennar, Derrida, og delvis i forlenginga av hans filosofi. Denne koplinga til Malabous allmenne filosofi er ikkje openberr i Hva skal vi gjøre med hjernen vår? og denne boka kan utan problem lesast sjølvstendig. Ei betre innføring i filosofien hennar ville gjerne vore at ein også omsette artikkelsamlinga La Plasticité au soir de l’écriture, som viser koplingane til Derrida, Hegel og Heidegger.

Den norske omsetjinga

Å omsetje ei bok som Malabous er eit vanskeleg arbeid, men Rathe ser ut til å ha kome godt frå det. Ein kan likevel stille spørsmål om bruken av «harmoni» som omsetjing av ordet «adéquation», der «sammenfall» kunne ha vore eit alternativ. Sjølv brukar eg «samsvar» nedanfor som er eit anna alternativ. Ved minst eitt høve blir også «identité» omsett til «harmoni».8 Både «adéquation» og «identité» er brukt i viktige samanhengar for å forstå det forholdet mellom hjernen og verda som Malabou forsøker å få fram. Her gjev «harmoni» ein litt annan klangbotn. Forlaget kunne elles ha droppa å ta med etterordet, for det gjev, i stor grad, ikkje noko meir enn eit referat av boka som lesaren alt held i handa.

Kva skal vi så gjere med denne hjernen vi har fått?

Det er ikkje nok for Malabou å konstatere at hjernen er plastisk og er eit historisk produkt av det livet den enkelte av oss har levd. Kva er det nevrale grunnlaget for denne plastisiteten og kva innsikter kan han gje oss i forhold til samfunn og politikk? Vi skal først sjå litt nærmare på kva plastisitet kan vere, korleis nevral plastisitet kan bli til politisk teori og til sist om det nevrale kan gje oss eit subjekt.

Plastisitet

Catherine Malabou: Hva skal vi gjøre med hjernen vår?, omsett av Kaja Jenssen Rathe, Oslo: H//O//F, 2017.

«Plastisitet» er vanlegvis forstått som det motsette av rigiditet, og omgrepet kjem frå plassein eller plattein på gresk som betyr å forme, og har såleis ei grunnmeining ved at det er evna til å ta form, på same vis som leire eller andre materiale som er omtalte som plastiske – som plastelina. Dette er stoff som er formbare utan å gå i stykker. På den andre sida blir det mellom anna på fransk brukt om les arts plastiques (dei plastiske kunster) som omfattar alle kunster som gjev form til noko, anten det er skulptur, dikt eller performance. Noko anna som gjev form er for eksempel plastisk kirurgi. Malabou vil også legge til at plastisitet må omfatte evna som plastisk sprengstoff har, nemleg å øydelegge forma som ein har motteke eller kan gje.9 På fransk har ein uttrykk som plastiquer og plastiquage som viser til det å sprenge noko eller nokon i stykke.

Kva er så det fysiologiske grunnlaget for plastisiteten som hjernen har, og som har vorte grunnlaget for Malabous filosofi? Sjølv om hjernen er plastisk kan han ikkje vende attende til si opphavlege form. Hjernens plastisitet er prega av ein viss irreversibilitet som enkelt sagt er det enkelte individets historie. Gjennom spesialisering av stamceller blir hjernen tidleg forma medan vi er i mors liv, og hjernen held fram med å vekse og utvikle seg fram til om lag 15 års alder. Forandringane i hjernen skjer på ulike måtar i denne perioden, og ein av dei viktigaste er celledød. Nerveceller er avhengige av at dei sender elektriske impulsar til kvarandre. Dersom det ikkje lukkast for ei celle å danne koplingar med andre celler og motta impulsar frå dei, som dei kan føre vidare, så vil ho etterkvart døy bort. Den viktigaste perioden med celledød skjer det første leveåret og blir av Changeux berre omtala som ein «nevral massedød».10 Eg tala ovanfor om nervekoplingar, men dei er ikkje eigentlege koplingar. I staden er dei små opningar, eller synapsar, mellom ei celles aksonende og ei anna celles dendritt11, og der det elektriske signalet blir overført av kjemikaliar som raskt blir utløyste og sogne opp att. Ein viktig del av hjernens plastisitet er det som blir kalla langtidspotensering der celler som ofte sender elektriske impulsar til kvarandre verkar saman. «Koplinga» mellom dei blir forsterka ved at det blir fleire aksonendar, og dermed aukar også «kontaktflata» mellom cellene. Tilsvarande, så blir andre område «deprimerte» ved at dei blir mindre brukte. Eit fettlag av myelin legg seg også på utsida av aksona12 frå 6-7 års alder av og aukar evna til å leie dei elektriske impulsane gjennom etablerte nettverk. Samla sett er dette ein plastisitet der hjernen gradvis blir forma gjennom dei koplingsnettverka som blir danna gjennom oppveksten, og gjennom dei erfaringane ein gjer opp gjennom livet. Ei anna form for plastisitet er fornying av nerveceller i enkelte regionar av hjernen, og til og med vekst i desse.13 Det «nevrale landskapet» endrar seg altså frå dag til dag.

Nevrovitskap som politisk teori

Så langt vitskapen om hjernen og utviklinga og plastisiteten hans, men korleis kan desse innsiktene gje oss noko meir enn det å beundre nevrovitaranes dyktige arbeid med å avdekke hjernens løyndomar? Malabou brukar denne kunnskapen til, på den ein sida, å trekke nokre konklusjonar om kva vi kan gjere i forlenginga av nevrovitaranes funn, og, på den andre, å vise til ein slags parallellitet eller snarare samsvar mellom hjerne og samfunn.

Etter hennar syn, så har nevrovitskapane skildra ein ny fridom for hjernen, fordi vi kan på sett og vis forme han sjølv. Vi manglar, likevel, medvit om eigenskapane til hjernane våre og korleis dei fell saman med korleis samfunnet fungerer. Framstega i nevrovitskapane har «åpnet for en politisk frigjøring av hjernen».14 Etter Malabous syn kan dette knytast til den ulikskapen det er mellom den fleksibiliteten som blir kravd av oss av nyliberalismen og hjernens plastisitet. Fleksibilitet er forskjellig frå plastisitet ved å vere tids-reversibelt – ein gummistrikk vender attende til si opphavlege form når vi sluttar å dra i han. Plastisitet er, på den andre sida, tids-irreversibelt på den måten at det plastiske ikkje kan vende attende til si opphavlege form når det alt har vorte forma. Ein byggjer alltid på tidlegare former, og desse tidlegare formene motset seg forandring. Sjølv om skilnaden mellom fleksibilitet og plastisitet kan synast liten, så ser Malabou på fleksibilitet som den ideologiske omdanninga av plastisitet og det fungerer som rettferdiggjering for kvifor vi alltid skal vere tilpassingsdyktige til omgjevnadane våre. Den aktive sida av plastisiteten, der vi kan forme hjernen vår sjølv, blir kvelt under det vedvarande kravet om fleksibel tilpassing.15

Mangelen på medvit i folkesetnaden om funna frå nevrovitskapane er ei hindring for at dei skal kunne ta lagnaden i eigne hender. På den eine sida er det ein viss identitet mellom dei nye skildringane av hjernen og notidige skildringar av korleis dei vestlege samfunna fungerer. Denne identiteten er basert på at verken hjernen eller samfunnet lenger kan skildrast som sentraliserte system.16 Når det gjeld samfunnet, så har sosiale institusjonar vorte meir opne og mindre hierarkiske sidan 1960-åra. Omdanninga av dei vestlege samfunna, frå å vere industriland til det som har vorte kalla nyliberalisme, med vekt på tenesteøkonomi og meir fleksible arbeids- og livsformer, har ytt sitt til dette. Statsstyringa er meir indirekte og ein måte å skildre verda vi lever i er som fleksible nettverk av lokale sentra som kan bli kopla til, kopla av og kopla til att. Sentralt i den nyliberale eksistensen er koplingane som individa har med kvarandre. Innanfor nettverka må individa vere tilpassingsdyktige og fleksible, og det verkar alltid mogleg å vere meir aktiv og meir energisk for å kunne oppnå meir. Det motsette er å vere rigid eller passiv, og då risikerer ein å bli kopla av nettverket og dermed vil ein også kunne gå glipp av fordelane som nettverket kan gje.

MEIR OM MALABOU: Catherine Malabou – Fornyeren av fransk filosofiPlastisitet og motstand

Det er såleis eit samsvar mellom korleis samfunnet blir oppfatta og korleis hjernen blir skildra av nevrovitskapane. Malabou tek også opp korleis Gilles Deleuze, i eit underkapittel i boka Cinema 2, skriv om «hjernefilm» som han identifiserer med filmskaparane Michelangelo Antonioni, Stanley Kubrick og Alain Resnais.17 Spesielt i filmane til Kubrick og Resnais er det eit slags samanfall mellom verda og hjernen. Dette er ei fragmentarisk verd der tida hoppar fram og attende på same vis som i det menneskelege minnet. Denne måten å oppleve tid på, meiner Malabou, er vår måte å oppleve tid og minne på. Vi er så «nedsenka» i samfunnets plastisitet, der vi modulerer mellom ulike livsområde, at vi har vanskeleg for å sjå korleis denne plastisiteten formar liva våre.18

Fleksibiliteten kan også føre til ei eiga form for sjukdom – depresjon. Malabou støttar seg her på arbeidet til sosiologen Alain Ehrenberg som har studert korleis depresjon har vorte ein av dei vanlegaste mentale sjukdomane i vår tid.19 Medan nevrosen var den vanlegaste mentale lidinga i tidlegare historiske epokar, så endra dette seg gradvis på 1970-talet ved at psykiatrane i mindre grad rapporterte om interne konfliktar hjå pasientane sine. Det nevrotiske mennesket var først og fremst kjenneteikna av ei kjensle av skuld i forhold til ein moralsk orden som ein ikkje kunne leve opp til. Depresjon, på si side, involverer ikkje ei kjensle av skuld på same vis, men det er i staden ei kjensle av at ein personleg ikkje strekk til. Individa er i større grad frigjorde frå institusjonell autoritet, men må vise resultat. Dette fører til ei ny form for utryggleik, og depresjon er ein forsvarsmekanisme som tømmer kroppen for aktivitet. Ansvaret som kvart individ har under nyliberalismen, for å skape si eiga livsbane blir snudd om til det motsette: Tiltaksløyse, trøyttleik, svevnløyse, dårlegare hukommelse, saktare tenking og tregare rørsler. Kjensla av ansvar gjer oss sjuke.20

Nyliberalismens fleksibilitet føreset ei passiv tilpassing: Ein kan ta form – aldri gje form. Nevrovitaranes eigne skildringar av mennesket opnar for ei slik passiv tolking, meiner Malabou, ved at ein isolerer hjernen som eit avgrensa nevralt faktum. Dermed kan ein sjå bort frå at hjernen også er ein sosial, politisk og ideologisk konstruksjon. Men nevrovitarane har eigentleg skildra nye moglegskapar for hjernen, men dei klarar ikkje å trekke nokon sosiale og politiske konklusjonar utover tamme førestillingar om betre livskvalitet og betre grunnlag for medisinsk omsorg. Malabou meiner det her er ei grunnleggjande motseiing i delar av den nevrale diskursen: På den eine sida legg ein vekt på at grunnlaget for hjernen sin vitalitet er at han kan endrast heile tida, men, på den andre sida skal vi vere tilpassingsdyktige og bør ikkje endre noko slag. Det er for å motverke dette passive og normaliserande synet at Malabou peikar på at nevrovitskapane har gjort mogleg ei politisk frigjering av hjernen.21 Denne frigjeringa må skje gjennom hjernen si evne til å skape. Ikkje minst sidan plastisitet som omgrep, gjeld både evna til å gje form og ikkje berre å ta imot form.22

LES OGSÅ: Samtidsfilosofi på norskDen store flokkens politikk

På dette punktet gjer Malabou ein ny vri på identiteten som ho har formulert tidlegare om forholdet mellom hjerne og samfunn. Evna som hjernen har til å endre seg og til å løyse problem gjeld også samfunnet. Skildringane av dei nevrale funksjonane er ganske like eit demokrati:

[Man finner] gjensidig hjelp (reparasjon), valgfrihet (man bygger sin egen hjerne), et privat-offentlig kryssningspunkt (samhandling mellom det indre og det ytre), tilhørighet til mange virkefelt, mobilitet, åpning, tilgjengelighet, autonomi, fravær av hierarki mellom nettverkets bestanddeler, funksjonell likestilling.23

Nevrovitskapane inneheld såleis ein politisk teori, men spørsmålet er korleis ein kan overføre dette til praktisk politikk. Med ein referanse til Karl Marx’ Louis Napoleons attende brumaire om at «menneskene skaper sin egen historie»,24 skriv Malabou i byrjinga av boka at «menneskene skaper sin egen hjerne».25 Problemet er at vi ikkje er klare over at vi skaper hjernen og at han har ei historie på same vis som at historia sjølv er skapt av menneska. Det er såleis eit spørsmål om medvit, og tittelen på boka understrekar dette ved at han er ein allusjon til Vladimir Lenins Hva må gjøres?26 Som kjent gjekk Lenin i denne boka inn for at det måtte vere det revolusjonære partiet som skulle ta vare på det revolusjonære medvitet og overføre det til arbeidarklassen – for denne klassen kunne ikkje av seg sjølv kome til dette medvitet.27 I leninistiske termar vil ein såleis kunne seie at Malabou manglar ein organisasjon eller ei rørsle der dette medvitet om hjernen og hjernens historiske konstituering kan uttrykke seg. Politisk sett stoppar frigjeringa av hjernen fullstendig opp, og det Malabou skriv om politikk i forordet frå 2011 (og som er omsett i den norske utgåva) er vel ein slags resignert sjølvkritikk på dette området.

Malabou, hjernen og kroppen

Ettersom Malabou grunnlegg filosofien sin på hjernens plastisitet, så føler ho eit visst press til å seie noko om korleis det nevrale får konsekvensar for heile kroppen. For det er jo heile kroppen som lærer noko, erfarer noko, blir deprimert, osb. I bokas siste del tek ho opp dette som ein overgang frå det nevrale til det mentale. Her byggjer ho, i stor grad, på nevrovitaren Antonio Damasio og hans tanke om at sjølvet blir danna gradvis og over ulike stadium. Først byrjar det som eit «protosjølv» som er ei spontan kjensle av tilstanden i kroppen, til ein prosess av utvelgjing av bilete fram til fullt medvit i «det biografiske sjølvet».28 Å generalisere frå eit lågare-ordens nivå (altså hjernen) til eit høgare (kroppen) har absolutt sine farar ved at dette høgare-ordens nivået vil fungere etter andre prinsipp enn det lågare nivået: Heilskapen er ikkje summen av delane. Men for Malabou ser den saumlause forklaringa frå det nevrale til det mentale ut som ein garanti for at filosofien hennar har eit sikkert materialistisk grunnlag.29 Dette er kanskje ei av dei meir problematiske sidene ved boka hennar, for denne forma for nevral internalisme har sidan 1990-talet vorte sterkt utfordra av nye perspektiv om «kroppsleg situert tenking», «utvida sinn» og «enactivism» som alle legg vekt på at kroppen handlar i ein konkret samanheng som inneber tenking. Dei mest radikale variantane meiner at den mest basale forma for tenking ikkje treng indre representasjonar i det heile.30

Konklusjon

Kvifor bør ein lese Malabous bok no, mange år etter at ho kom ut først gongen i 2004? Først og fremst fordi ho på ein radikal måte forsøker å bruke både kunnskap frå nevrovitskap og samfunnsvitskap til å stille nye spørsmål, og det utan å ha for mykje respekt for den eine eller andre retninga. Ein ikkje uvanleg måte å bruke naturvitskapleg kunnskap på er å ta denne som eit fast punkt som kan gje perspektiv på kulturelle, sosiale og filosofiske forhold. Bruken av både åtferdsgenetikk og evolusjonspsykologi følgjer gjerne dette problematiske mønsteret som gjer at vitskapen er heva over kritikk. For i ein filosofisk og samfunnsmessig samanheng vil vitskaplege resultat måtte kunne bli tolka på ein ny måte. Det viktigaste med Hva skal vi gjøre med hjernen vår?, er at Malabou på ein teoretisk produktiv måte utset nevrovitskapane for ein filosofisk og politisk lesing. Ikkje alt er like vellukka, men det er dei teoretiske grepa og viljen til å utfordre institusjonelle og teoretiske skiljelinjer som gjer boka lesverdig for ettertida.

 

Notar

1 Malabou, Hva skal vi gjøre med hjernen vår?, 33-38.

2 Sjå Catherine Malabou, La Plasticité au soir de l’écriture: Dialectique, destruction, déconstruction, Variations 1, Paris: Éditions Léo Scheer, 2005.

3 Jacques Derrida, Of Grammatology, oms. Gayatri Chakravorty Spivak, Baltimore: Johns Hopkins University Press, 1976, 9.

4 Jean-Pierre Changeux, L’Homme neuronal, Pluriel Paris: Hachette, 1983.

5 Nukleotidane er «byggesteinane» i DNA- og RNA-molekyla: Adenin, cytosin, guanin, tymin og uracil.

6 The Logic of Life: A History of Heredity – and The Possible and the Actual, oms. Betty E. Spillmann, London: Penguin, [1970], 1989, Kapittel 5.

7 La Plasticité au soir de l’écriture, 107-112.

8 Ibid., 118.

9 Ibid., 39-41.

10 Changeux, 266-267.

11 Synapser er små spalter mellom nervecellenes endar der ein elektrisk impuls kan overførast frå ein avsendar-ende (akson) til ein mottakar-ende (vanlegvis ein dendritt). Den elektriske impulsen går frå ein pre-synaptisk celle til ein post-synaptisk celle ved hjelp av kjemiske signalstoff som gjerne blir omtala som transmittersubstansar. Vanlegvis produserer kvar celletype sin transmittersubstans og ulike typar celler svekker eller styrker ein nerveimpuls gjennom eit nettverk.

12 Myelin er eit feittaktig stoff som isolerer avsendar-tråden (aksonet) til nervecella og som gjer at formidlinga av den elektriske impulsen som går gjennom den i større grad blir ført vidare til synapsane.

13 Malabou, Hva skal vi gjøre med hjernen vår?, 57-80.

14 Ibid., 118.

15 Ibid., 37-41, 51-52, 61-65.

16 Ibid., Andre del.

17 Gilles Deleuze, Cinéma 2. L’image-temps, Paris: Les Éditions de Minuit, 1985, 265-281.

18 Malabou, Hva skal vi gjøre med hjernen vår?, 95-98.

19 Alain Ehrenberg, La Fatigue d’être soi, Paris: Éditions Odile Jacob, 1998 Denne boka finst også i engelsk utgåve.

20 Ibid.

21 Malabou, Hva skal vi gjøre med hjernen vår?, 118.

22 Ibid., 40-41.

23 Ibid., 118.

24 Karl Marx, Verker i utvalg: Historiske skrifter, oms. Tom Rønnow and Torunn Johansen, bind 3, Oslo: Pax Forlag A/S, 1970, 145.

25 Malabou, Hva skal vi gjøre med hjernen vår?, 33.

26 Den franske tittelen på Lenins bok var Que faire?, medan den franske tittelen på Malabous bok er Que faire de notre cerveau?

27 V.I. Lenin, Hva må gjøres? Brennende spørsmål i vår bevegelse, oms. Ivar Digernes, Oslo: Forlaget Ny Dag, [1902], 1970.

28 Antonio Damasio, Self Comes to Mind: Constructing the Conscious Brain, London: William Heinemann, 2010.

29 Malabou, Hva skal vi gjøre med hjernen vår?, 142-143.

30 Jf. til dømes Daniel D. Hutto og Erik Myin, Radicalizing Enactivism: Basic Minds without Content, Cambridge, MA: The MIT Press, 2017.

Én kommentar Malabou og hjernen/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *