Kulturfilosofi i vår tid

Meining, fornuft og fridom

Foto: iStock

Er det igjen tid for kulturfilosofi? I så fall er Ernst Cassirer ein viktig og aktuell filosof. I tråd med programmet til Marburgskulen, utvida han Immanuel Kants fornuftskritikk til ein kulturkritikk. Med sin filosofi om dei symbolske formene la Cassirer fram det han kalla «nogle ‘prolegomena for en fremtidig kulturfilosofi’».

Av Ingmar Meland, førsteamanuensis ved AHO og gjesteforskar ved Universitetet i Gøteborg. I desember 2011 disputerte han ved Universitetet i Bergen med avhandlinga Meaning, Reason and Freedom: An Inquiry into the Philosophical Motives for the Rehabilitation of Ernst Cassirer’s Philosophy.

Ernst Cassirer (1874-1945), ein nykantianer i Marburg. (Kjelde: Wikimedia Commons)

Fokuset på «kultur» er kanskje hovudgrunnen til at Cassirer vart studert med interesse like etter den andre verdskrigen, både i Noreg og internasjonalt, av filosofar og idéhistorikarar, så vel som av kulturantropologar, religionsvitarar og kunsthistorikarar.

Utover på 1950- og 60-talet tapar interessa seg likevel fort. Heile filosofien om dei symbolske formene blir etter kvart sett på som høyrande til ei tid som er forbi. Namnet «Cassirer» blir trengt ut i margen av den filosofiske diskursen. Kvifor dét?

Ny interesse

Mitt prosjekt, Meaning, Reason and Freedom: An Inquiry into the Philosophical Motives for the Rehabilitation of Ernst Cassirer’s Philosophy, kom til på midten av 1990-talet. Det tok utgangspunkt i ei ny interesse for Cassirer, som kan sporast tilbake til midten av 1980-talet. I USA hadde Donald P. Verene og studenten hans John M. Krois vore oppteken av Cassirer sidan midten av 1970-talet, og i Tyskland og Italia slo framståande forskarar til lyd for ein ny resepsjon av Cassirer, særleg i lys av dei etterlatne manuskripta hans (Cassirer 1979; Krois 1987; Braun, Holzhey & Orth 1988).

Uavhengig av det som skjedde i USA og på det europeiske kontinentet, framheva dessutan dansken Johannes Witt-Hansen (1985) og nordmannen Dag Østerberg (1986) at Cassirer er ein interessant filosof for vår tid.

LES OGSÅ: Cassirer, Sartre og Østerberg

Prosjektet

Ingmar Meland disputerte ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen, den 9. desember 2011. (Foto: Høgskolen i Telemark)

Eg formulerte etter kvart eit prosjekt med eit dobbelt spørsmål: «Kvifor vart Cassirer marginalisert i den filosofiske diskursen etter den andre verdskrigen, og kvifor blir han no forsøkt rehabilitert?» Tesen var at både marginaliseringa og rehabiliteringa av Cassirer heng saman med det overordna filosofiske prosjektet hans og den måten han praktiserer filosofi på, det vil seie med tanken om å utarbeide ein kulturfilosofi og den kantianske arbeidsmåten i høve til filosofiske problem.

Med dette utgangspunktet undersøkjer avhandlinga grunnane til at Cassirer blir marginalisert og dei filosofiske motiva for det som er blitt kalla ein Cassirer-renessanse.

Problemstillinga og den tilhøyrande tesen kallar på ei tverrfagleg tilnærming, noko avhandlinga prøver å få til ved å dra vekslar på ulike humanistiske lesestrategiar frå idéhistorie, filosofi, retorikk og kulturstudiar.

Fornuftas hermeneutiske tidsalder

For å få syn for dei store trekka i samtidsfilosofien, legg eg i fyrste del av arbeidet ut ein allmenn, idéhistorisk topikk. Denne topikken gjer det mogleg å plassere Cassirer i samtidsfilosofien og vurdere det filosofiske prosjektet hans i høve til det eg med Jean Greisch kallar «fornuftas hermeneutiske tidsalder» (Greisch 1985). Topikken framstiller eg mellom anna ved hjelp av eit bilete:

«Mennesket» er stilken på ein kløver med tre blad – «meining», «fornuft» og «fridom». Desse blada er samstundes problemtitlar og stader i modernitetens filosofiske landskap, kor ein finn filosofiske argument og kor ulike argument frå denne topikken gjer seg gjeldande: I vendinga «mot det konkrete», i «den lingvistiske vendinga» og i det som nylig er blitt kalla «den pragmatiske vendinga». Med eit omgrep frå Hegels Encyklopedi kunne ein kanskje seie at filosofien i fornuftas hermeneutiske tidsalder – i og med desse vendingane – gjer ei samla vending mot «den objektive ånd», dvs. mot det me kallar samfunn og kultur.

Det er i «fornuftas hermeneutiske tidsalder» at filosofien om dei symbolske formene har sin plass og sin aktualitet, i den førebels siste av dei moderne verdene, fordi den handterer den moderne tolkingsproblematikken innan rammene av ein fenomenologisk, semiotisk og hermeneutisk reformert rasjonalisme.

«Davosdisputten»

Sentralt i avhandlinga står ein analyse av disputten mellom Ernst Cassirer og Martin Heidegger i Davos i 1929. Under overskrifta «Davos 1929» gjennomfører eg i avhandlingas andre del ei filosofisk nærlesing av «Davosdisputten», slik denne er nedfelt i det referatet som O.F. Bollnow og J. Ritter tok under den offentlege diskusjonen mellom Cassirer og Heidegger. Vidare relaterer eg denne lesinga både til resepsjonshistoria og den verknadshistoria disputten har hatt i den filosofiske diskursen, som fortel oss at «Heidegger vann over Cassirer i Davos».

Slik legg eg grunnlaget for å sjå «Davos 1929» som eit symbol i den filosofiske diskursen, eit symbol som tvingar ein til å undersøkje dei forgreiningane som knyter filosofien til samfunn og kultur.

Vann eigientleg Martin Heidegger over Cassirer i Davos i 1929? (Kjelde: Wikimedia Commons)

På grunnlaget av analysane i del to, utforskar eg i del tre dei retoriske og politiske aspekta ved dette symbolet. Då kjem «tilfellet Heidegger» inn i brennpunktet for min analyse av Ernst Cassirers aktualitet i dag. Eg argumenterer for at referatet frå Davosdisputten er ein nøkkeltekst i moderne filosofi, som både opnar for ei nylesing av Cassirer og Heidegger og for ei nylesing av vår nære filosofihistorie. Med den etisk-politiske sida av saka i mente, og særleg dersom ein tenkjer at nazisten og filosofen Heidegger er to alen av det same stykket (jf. Faye 2009), er det nærliggjande å tenkje at det han vann i Davos var ein pyrrhos-siger.

LES OGSÅ: Heideggers filosofi og den tyske nasjonalsosialismen

For meg er det nettopp dette sakskomplekset – Heidegger var ikkje eit stykke «jerntre», den «sigeren» han vann er tvilsam og har store filosofiske, politiske og kulturelle omkostningar – som opnar for ein diskusjon om forholdet mellom filosofi og politikk.

For meg handlar denne diskusjonen om korleis filosofi i «fornuftas hermeneutiske tidsalder» kan forståast og praktiserast som ei form for kulturpolitikk. Under denne synsvinkelen, står Cassirers kulturfilosofi fram som eit metapolitisk alternativ til Heideggers radikalkonservative, politiske svermeri.

Frå parentes til nisje – frå periferi til sentrum?

La meg konkludere:

(1) I forlenging av tolkingsproblematikken og den reformerte rasjonalistiske tradisjonen, har «Cassirer» gått frå å vere overskrifta på ein parentes i vår nære filosofihistorie til å bli overskrifta på ein liten nisje i både det filosofiske, idéhistoriske og kulturvitskaplege forskingsfeltet.

(2) Når Cassirer blir marginalisert, er det ikkje berre fordi han kom til å bli oppfatta som «gamaldags» i si eiga samtid, men også fordi den filosofiske diskursen blir re-institusjonalisert og re-formatert etter den andre verdskrigen, i tråd med skiljet mellom «kontinental» og «analytisk» filosofi. Dette gav lite rom for Cassirers store, filosofiske syntese.

(3) Når Cassirer no får ein renessanse, er det ikkje berre fordi kulturfilosofi igjen er i tida. Det er også fordi den filosofiske diskursen – i kraft av sin eigen rasjonalisme – er i ferd med å skrive seg ut av den irrasjonelle, institusjonelle og diskursive tvangstrøya analytisk/kontinental.

(4) Disputten i Davos var avgjerande for at få filosofar følgde opp Cassirers kulturfilosofi etter krigen. Det viser både verknadshistoria og resepsjonshistoria. Eg prøver i avhandlinga mi å vise at saka ikkje er så enkel som at «Heidegger vann – og ferdig med Cassirer!»

Retorisk sett vann Heidegger ungdomen for seg i Davos, ved hjelp av eit stykke meisterleg utført sofisteri. Filosofisk sett vann han ingenting.

(5) «Davos 1929» les eg som ein filosofisk-retorisk strid om kva «den kopernikanske vendinga» i filosofien tyder, ein strid som i siste ende handlar om (transcendental) filosofiens (kosmo)politiske dimensjon og den einskilde filosofens etisk og (kultur)politiske ansvar.

Dette er ein strid som framleis går føre seg, som har forgreiningar langt utover fagfilosofiens snevre grenser og som eg vonar å kunne jobbe vidare med i tida som kjem, i eit prosjekt med arbeidstittelen «Radical Conservatism and its Discontents».

Litteraturliste

  • Braun, Hans-Jürg, Helmut Holzhey & Ernst Wolfgang Orth (1988): Über Ernst Cassirers Philosophie der symbolischen Formen, Suhrkamp Verlag, Frankfurt am Main.
  • Cassirer, Ernst (1979): Symbol, Myth, and Culture: Essays and Lectures of Ernst Cassirer – 1935-1945. Redigert av Donald Phillip Verene, Yale University Press, New Haven and London.
  • Cassirer, Ernst (1999): “Om symbolbegrebets logik”. I: De symbolske formers filosofi – udvalgte tekster, Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag A.S., København.
  • Faye, Emmanuel (2009): Heidegger: The Introduction of Nazism into Philosophy in Light of the Unpublished Seminars of 1933-1935, omsatt av Michael B. Smith, forord av Tom Rockmore, Yale University Press, New Haven & London.
  • Greisch, Jean (1985): L’Âge herméneutique de la raison, Èditions du Cerf, Paris.
  • Krois, John Michael Krois (1987): Cassirer: Symbolic Forms and History, Yale University Press New Haven.
  • Meland, Ingmar (2013): “«Davos 1929» som symbol i den filosofiske diskursen”. I: Berdinesen, Hein og Lars Petter Storm Torjussen (red.): Cassirer og Heidegger i Davos, Dreyer, Oslo.
  • Witt-Hansen, Johannes (1985): Filosofi. Videnskabernes historie i det 20. århundrede, Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag A.S., København
  • Østerberg (1986): “Cassirer og eksistensfilosofien.” I: Fortolkende sosiologi. Det blå bibliotek. Universitetsforlaget AS, Oslo – Bergen – Stavanger-Tromsø, s. 207-51.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *