Offentlegheit på norsk

CIMG3247

Vidar Enebakk er den nye redaktøren for Nytt Norsk Tidsskrift (Foto: Alexander Myklebust)

INTERVJU: For andre gong på 32 år har Nytt Norsk Tidsskrift fått ny redaktør og ny redaksjon.

Av Alexander Myklebust

Idéhistorikar Vidar Enebakk trer i desse dagar inn redaktørrolla for den kanskje viktigaste arenaen for norsk offentlegheit, Nytt Norsk Tidsskrift (NNT). Sentralt i tidsskriftet sin profil sidan det vart starta i 1984 har vore å bringe akademikarar i tale om politiske og samfunnsmessige spørsmål, samt å ta opp samtida sine aktuelle intellektuelle debattar. Salongen tok ein prat med Enebakk for å finne ut kva retning NNT vil gå i framover, og korleis det står til med den norske offentlegheita.

Vil leserane av NNT merke endringar i tidsskriftet sin profil når du no tar over som redaktør?

– NNT er  eit redaksjonsstyrt tidsskrift, og det er ikkje redaktøren åleine sitt ansvar å bestemme kva retning det skal gå i. Tidsskriftet er ein offentlegheitsinstitusjon med ein tradisjon som må forvaltast på ein god måte. Som eit fleirfagleg tidsskrift må NNT ha ein redaksjon beståande av folk frå ulike fakultet som kan dekke store fagområde. Samtidig er det viktig at redaksjonen består av forskarar som har eit engasjement for offentlegheit og formidling. Redaksjonen eg har satt saman har en god forankring i humaniora, jus og samfunnsvitskap, som alltid har vore sentralt i NNT. Det nye er at vi ikkje berre snakkar om naturvitskap, men at vi også har med ein naturvitar, geologiprofessor Henrik H. Svensen. Generelt representerer denne redaksjonen ei sterkare orientering mot historiske perspektiv, realfag og media og kommunikasjon.

Norsk offentlegheit?

I leiaren for den aller første utgåva av NNT skreiv dåverande redaktør Rune Slagstad at Noreg er eit land med dårlege debattvilkår. Holst skreiv i si tid at tidsskriftet skulle vere ei offentlegheit for å diskutere offentlegheita, men at det ikkje skulle ha som ambisjon å nå ut til «folk flest».1 Korleis ser situasjonen ut for debattnivået i dag, og kva rolle skal NNT ha i det offentlege ordskiftet?

NNT 1-2016

Nytt Norsk Tidsskrift 1-2/2016, er det første med Vidar Enebakk som redaktør.

– Debattnivået har endra seg. Medieutviklinga har ført med seg mange nye og spreidde offentlegheiter. Det har også oppstått mange nye premissleverandørar for debattane, som for eksempel tenketankane og kommunikasjonsrådgivarar. Vilkåra for offentleg debatt er betre, men samtidig har avstanden mellom det offentlege ordskiftet og akademia blitt mykje større.

– Fagkunnskapen sin plass i ordskiftet har nok blitt endra fordi det i dag ikkje finnast éin stor offentlegheit. Det at det er mange små, gjer at det er vanskeleg å nå ut med kunnskapen alle steder. Samtidig har forskarane i dag færre insentiv til å delta i det offentlege ordskiftet. Til tross for dette viser tala faktisk at forskarar formidlar ganske mykje. Sett i høve til kor mange sub-offentlegheiter som diskuterer forskingsbasert kunnskap er det likevel umogleg for forskarar å ha den same rolla som dei hadde før.

Ein tendens som har vart lenge og som har blitt sterkare, ifølgje Enebakk, er måten media polariserar og personifiserer diskusjonskulturen. Konsekvensen blir at saka som blir diskutert ofte hamnar i bakgrunnen, og vi har vanskeleg for å sjå og vurdere argument.

– NNT problematiserte dette medievridde samfunnet allereie i 1984. Derfor var det også viktig å etablere ein arena for formidling mellom forsking og vitskap utanfor massemedia.

– Dette er ting som bør diskuterast i NNT: Kva er vitskapen sine vilkår i det offentlege ordskiftet? NNT skal vere ein arena for å formidling mellom forsking og politikk, og mellom ulike fag. Derfor blir formidlinga bærande for tidsskriftet som offentlegheitsinstitusjon.

Forbi kulturen

Bærebjelkane til NNT har sidan starten vore politikk, kultur og vitskap. Fokuset vil i følgje den påtroppande redaktøren vere på å drøfte korleis kunnskap blir kommunisert mellom politikk og vitskap via kulturen og i ulike medier. I seg sjølv derimot er kultur mindre viktig for tidsskriftet. Det er nok av andre tidsskrift som handlar om kultur og kulturforsking, seier han.

LES OGSÅ: Humanioras fremtidGud versus Darwin

I fjor skapte Enebakk debatt då han i si evaluering av forskningsrådet sitt SAMKUL-program argumenterte for at fag innanfor humaniora og samfunnsvitskap kan sjåast på som reiskapar for å forstå samtida. Han er ikkje dermed komfortabel med å bruke reiskapsmetaforen på NNT, som han meiner heller skal vere ein open arena for ulike synspunkt, på for eksempel kva humaniora bør vere.

– Vi må kome vidare frå positivismestriden og forsøket på å byggje bru mellom dei «to kulturar».2 Det er viktigare å diskutere breiare spørsmål om forholdet mellom forsking og politikk, og om forskarane sitt ansvar overfor samfunnet.

 Notar

1 C. Holst (2010). «Nytt Norsk Tidsskrift – hva nå?», NNT 1-2/2010, s. 3.

2 Jf. C.P. Snow «De to kulturer» (red.anm.)

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *