Filosofien utan eigenskapar

Skisse frå eit manuskript av William av Ockham sitt verk Summa Logicae.

Skisse frå eit manuskript av William av Ockham sitt verk Summa Logicae. (Kjelde: Wikimedia Commons)

BOKOMTALE: Nyare studier viser nominalistisk tenking si rolle frå mellomalderen via nytida og fram til dagens filosofi.

Av Alexander Myklebust

Nominalisme er namnet på ein kvar filosofisk posisjon som fornektar eksistensen av 1) abstrakte objekt, som til dømes tal, eller 2) universalia, slik som fargar eller «det menneskelege». Nominalistiske, også kjent som anti-platoniske, argument finn ein så tidleg som hos dei gamle grekarane. Likevel er det først og fremst med William av Ockham sitt oppgjer med den skolastiske filosofien nominalismen blir etablert som eit vesentleg trekk i den vestlege idéverda.

Boka Nominalismus – Studien zum Einfluss des Mittelalters auf die Neuzeit som kom ut i fjor tar for seg William av Ockham sine argument mot den skolastiske filosofien. Forfattaren av boka Heinz-Helmut Möllmann viser konteksten Ockham stod i, og kva verknad innsiktene hans har hatt i seinare filosofihistorie. Ei anna bok frå 2015, Nominalism about Properties – New Essays (heretter NaP), drøftar også nominalistiske argument, men er i kontrast til Nominalismus bygd opp av ei rekke artiklar skrivne av ulike forfattarar, og tar for seg både historisk utvikling og samtidige problemstillingar omkring nominalisme. Sams for desse bøkene er at dei viser kor viktig nominalismen er for heile vår moderne tenkemåte.

Ockham og skolastikken

Nominalismus

Nominalismus – Studien zum Einfluss des Mittelalters auf die Neuzeit av Heinz-Helmut Möllmann. Königshausen & Neumann, 2015.

Möllmann gjer fleire ting i Nominalismus: På den eine sida viser han korleis argumenta til Ockham representerer eit avgjerande brot med den aristotelisk-skolastiske tenkinga og det tilhøyrande teologisk og teleologiske verdssynet som rådde i Ockham si samtid. På den andre sida, og meir vesentleg, vil Möllmann hevde at Ockham stod for noko som ikkje finst i dei filosofiske systema som kjenneteiknar moderne og måten dei tenkjer subjektet si rolle på. I Nominalismus blir det via mykje plass til drøftingar av måten Ockham formulerer argumenta når han går i rette med for eksempel Thomas Aquinas eller Duns Scotus. For den som allereie er nokså godt kjend med Ockham og/eller skolastikken er nok dette ein metode som kan gi mange nyanserte innsikter. For lesarar som, likt med underteikna, går til boka med ein generell interesse for nominalismen si idéhistorie, vil ein annan lesestrategi, der ein unngår å grave seg ned i alle dei tekniske detaljane vere meir teneleg. Av den grunn vil eg her fokusere på nokre av dei meir overordna drøftingane Möllmann gjer omkring Ockham si rolle i overgangen mellom mellomalder og nytid.

Nominalismus startar med å stille spørsmålet «kva var mellomalderen?». I den perioden var tankelivet orientert mot korleis ting hang saman på alle nivå, både i samfunnet, i mennesket og i teologien og som kunne uttrykkast symbolsk. Men, kva er det i Ockham sitt angrep på skolastikken som gjer det til eit brot med den mellomalderske tenkemåten som sådan? Det mest vesentlege ved Ockham sine argument er at dei gjekk vekk frå at logiske slutningar hadde den ontologiske tyngda som filosofar i den skolastiske mellomalderen gjerne gjekk ut frå at dei hadde. Nominalismen var altså eit brot med den «realistiske» verdsoppfatning som var rådande og karakteristisk for heile mellomalderen, der Gud og menneske var mykje nærare kvarandre enn dei skulle bli i den avfortrylla moderne verda. Noko av det som gjer Ockham så viktig i å bringe tenkinga ut av mellomalderen er at han fornekta at det i røynda er noko skilnad mellom ein substans og eigenskapane han har. På eit grunnleggande vis skilde han det som er vilkårleg frå det som er nødvendig. Konsekvensen av dette er at han avviser at det er mogleg å på bakgrunn av vilkårlege utsegn kome fram til noko som er ontologisk sant, og slik kutta han banda som skolastikken knytte mellom teologi og vitskap. Dette poenget synest å vere heilt avgjerande for Möllmann å få fram, og er nok grunnen til at han i stor grad fokuserer på nettopp måten Ockham argumenterte på, fordi Ockham sin nominalisme baserer seg på at vi kan bygge slutningar på sanselege ting, og ikkje om Gud.

Boka er lagt opp som ein serie studiar, og bør helst lesast som sådan. I staden for å skrive ei kronologisk historie om korleis nytida vaks fram på bakgrunn av mellomalderen har Möllmann stadig festa perspektivet i Ockham si samtid, og tematiske linjer blir strukke frå han og framover til ulike punkt i historia, og kan ende opp hos så ulike filosofar som Hegel og Wittgenstein.

Mot nytida

Det mest tiltrekkjande ved nominalistiske posisjonar generelt er at dei gjer at ein unngår å måtte forplikte seg til ein rikhaldig ontologi. Der realistar kan tillate seg ideverder av ulike former, må nominalisten halde seg på denne jorda. Dette heng sjølvsagt saman med den sparsamlege haldninga til vitskaplege teoriar som ligg i «Ockham sin barberkniv». Som kjent er dette eit vitskapsteoretisk prinsipp som seier at ein skal streve etter å føresetje så lite som mogleg i forklaringa av eit fenomen. I seg sjølv er dette eit viktig bidrag til moderne rasjonell tenking.

Ockham klarte å skilje logiske slutningar frå den empiriske verda som vi kjenner gjennom sansane: Det at noko er slik eller slik betyr ikkje at det måtte vere slik. Logiske slutningar byggjer på abstraksjon, og har dermed svært avgrensa verdi når det kjem til å skulle seie noko om korleis noko faktisk er. Möllmann drøftar i boka sitt etterord korleis Ockham på ein måte står for ein overgang frå Aristoteles til Kant, som på mange måtar er vendinga frå eit ontologisk realistisk til eit idealistisk verdssyn. Den store fortenesta hans er å tilbakevise samanhengen mellom logikk og røynd som skolastikarane tok for gitt. Det er ikkje slik, meinte Ockham, at det er noko universelt som intellektet åskodar, og som samtidig manifesterar seg i tinga som omgjev oss og som vi kan sjå og ta på. Avvisinga av delinga av verda i konkrete og universelle ting var eit viktig steg på vegen mot Kant si lære om tingen-i-seg-sjølv og dei tyske idealistane sitt forsøk på å nedkjempe denne ved det absolutte, fordi ein med det kunne tenke om ting og erfaring utan å gå ut frå ein gitt ontologisk samanheng.

LES OGSÅ: Væren i teologi og filosofiJakten på Lukrets og det moderne

Den moderne tenkinga er først og fremst prega av at det set det tenkande subjektet i sentrum. Dette subjektet har rett nok gitt seg uttrykk i mange forskjellige former, som Descartes sin tenkande substans, Kant sitt transcendentale ego eller den hegelianske ånd. Og det er på nettopp dette punktet Möllmann meiner at Ockham skil seg frå sine moderne etterfølgjarar. For dei subjektivitetsorienterte filosofane går ikkje med på Ockham sitt harde skilje mellom dei empiriske og det ontologiske nivåa, og vil slå dei saman igjen, på nye måtar, slik at ein igjen med grunnlag i erfaringar meiner seg å kunne seie noko om korleis verda nødvendigvis må henge saman.

Det vesentlege med Ockham sin filosofiske innsats, og som har holdt ved, var at han snudde om på oppfatninga av innhaldet i logiske setningar og slutningar frå å vere ontologiske, til å vere semantiske, eller språklege. Universalia er ikkje ting, men ord.

Nominalisme i dag

Redaktørane i NaP påpeiker i forordet at det finst forvirrande mange ulike variantar av nominalisme. Likevel finn ein når ein les utover i boka at det først og fremst er to hovudvariantar som blir grundig drøfta, nemleg likskapsnominalisme (resemblance nominalism) og tropeteori (trope theory). Likskapsnominalismen snur på hovudet den intuitive oppfatninga vi gjerne har av korleis eigenskapar står til ting. To blomster liknar ikkje på kvarandre fordi dei har same farge, vil likskapsnominalisten hevde, men dei har same farge fordi dei liknar på kvarandre. Dei som meiner at dette er tilfelle vil ofte også meine at eigenskapar, som fargar, ikkje finst. I kontrast til dette står tropeteorien, der begrepet «trope» brukast om eigenskapar som er spesifikke. Det vil seie at denne teorien går med på at eigenskapar finst, men aldri at eigenskapane er universelle.

Nominalism about Properties av Ghislain Guigon og Gonzalo Rodriguez-Pereyra (red.). Routledge, 2015.

Nominalism about Properties – New Essays av Ghislain Guigon og Gonzalo Rodriguez-Pereyra (red.). Routledge, 2015.

Dagens nominalistiske teoriar er i stor grad sentrert rundt eigenskapar, og det blir tidleg i boka påpeika at: «universals are typically thought to be what properties are, or what certain properties are» (s. 1). At det er universalia som blir gjenstand for diskusjon, til fordel for abstrakte objekt, heng saman med dei mange fruktbare bidraga omkring det såkalla «problem of universals», som har kome til i etterkrigstida. Dette problemet, som er det paradoksale faktum at ulike ting kan vere forskjellige frå kvarandre, men samtidig vere av same type, har fått sitt kanskje mest vidgjetne løysingsforslag i D.M. Armstrong sitt forsvar for at universalia finst.

NaP består av 11 artiklar (eller kapittel), redaktørane sin introduksjon inkludert. Dei fire artiklane som utgjer boka sin første del tar for seg historiske tenkjarar frå den filosofiske kanon som har ført nominalistiske argument: Aristoteles, Abelard, Ockham og Hume. Dei resterande tekstane er «systematiske diskusjonar» av sentrale problemstillingar i dagens nominalistiske filosofi.

Dei første kapitla i den historiske delen er nærlesingar av utvalde tekststykke hos Aristoteles og Abelard, respektivt. Begge har som mål å rekonstruere dei to filosofane sine tankar om universalia. Ulikt dei andre kapitla i denne delen handlar det meir om å gjere eit eksegetisk arbeid, framfor å legge fram og argumentere for ei etablert tolking av filosofen si lære. Dei to påfølgjande kapitla om Ockham og David Hume, er noko lettare å lese for det generelle filosofiske publikum.

Utleggingane av Ockham og Hume tar sikte på å formulere dei nominalistiske tankane deira i eit moderne språk. Interessant er det at begge blir tolka som forsvarar av tropeteori. Sjølv om forfattarane av desse kapitla argumenterer godt for tesene sine kan det vere verdt å spørje om det å fortolke tidlegare filosofar slik ikkje lett fører til anakronistiske utleggingar, som isolerer deler av filosofien, på ein uheldig måte. Ein kan få ei snikande kjensle av at insisteringa på å presse tankane deira inn under namnet tropeteori i stor grad er eit forsøk for å ta dei store filosofane til inntekt for meir spesialiserte variantar nominalisme enn det er meiningsfullt å tilskrive dei. At ein tolkar fortidige filosofar ved hjelp av nettopp eit begrep som «trope» seier av den grunn sannsynlegvis vel så mykje om vår tids tenkning. Her ser vi ein avgjerande forskjell i perspektiv mellom studiar av den typen Möllmann gjer i Nominalismus, som les argumenta(sjonen) til Ockham i lys av kven og kva han retta seg mot; og dei vi finn i NaP, som først og fremst er forsøk på forstå eit enkelt aspekt ved tenkinga hans.

Ei mangfaldig arv

Den andre, systematiske, delen av NaP skisserer viktige spørsmål som dagens nominalistar strir med. Generelt har dei nokre felles referansepunkt, nemnde David Armstrong sitt forsvar for universalia, samt David Lewis sin modallogikk og Rodriguez-Pereyra sin likskapsnominalisme.

Fire av dei seks kapitla som blir gruppert som systematiske diskusjonar, er nærstudiar av nokså tekniske problem innanfor nominalistisk teori, som isolert sett nok er mest interessant lesing for dei som allereie er godt inne i feltet. For dei som ønskjer å få eit innblikk i kor nominalismen står i dag er det samla bildet dei gjev meir interessant. Eg vil derfor berre gje ein nokså overflatisk oversikt over kva for spørsmål dei drøftar: I artikkelen «Six similarity Theories of Properties» tar A. C. Paseau for seg seks ulike likskapsteoriar ved å teste kor godt dei kan halde seg i møte med ulike logiske problem.

Tropenominalisme er temaet i tre av artiklane; den første drøftar om det er mogleg for ein tropeteori å handtere tilfeller der to ulike troper har den same ekstensjonen, det såkalla «trope co-extension problem». Den andre set tropeteori opp mot tingnominalisme, som avviser troper saman med universalia, medan  den tredje er eit forsøk på å utvikle ein tropeteori for «natural kinds».

LES OGSÅ: Forståelsen av abstrakte objekter Grekeren, tanken og mynten

Den kanskje mest ekstreme forma for nominalisme er å finne i artikkelen «Nominalism, Naturalism and Natural Properties» av Joseph Melia, som startar med følgjande setning: «… I defend an austere version of nominalism, one that rejects classes, universals, tropes states of affairs and other such metaphysical extravagances» (s. 175). Som han sjølv vedgår er dette ein posisjon som først og fremst appellerer til dei med sans for aude landskap. For at ikkje alt skal forsvinne må det finnast noko grunnleggjande som ikkje er vidare analyserbart. Med støtte i Lewis vender han seg vekk frå metafysikken og finn at det mest primitive må vere på predikatet «x er av same type som y». Slik flyttar han nominalismen frå det metafysiske nivået, til å dreie seg metodologi, ein måte å snakke om den naturlege verda på.

Nominalisme i eit større perspektiv

Det aller siste kapitlet i NaP, «Avoiding Ad Hoc Ontology», skrive av Nicholas Mantegani, er på mange måtar også det meste interessante. Ikkje berre er Mantegani den einaste som argumenterer mot nominalistiske posisjonar, men han gjer det på eit meir generelt nivå enn det dei andre forfattarene i boka opererer på. Alle dei andre kapitla i boka sin systematiske del består av «puzzle-solving», der ein eller annan variant av nominalisme blir forfekta til fordel for alle andre, ser Mantigani på verdien av ein kvar form for nominalisme. Dette kjem tydleg fram når han skriv: «Why does it seem obvious that, all other things being equal, nominalism is to be preferred to realism?»; og litt seinare «Orthodoxy has it that nominalists (of all stripes) posit fewer kinds of things than do realists. Whereas realists apparently posit both the things that are naturally similar to each other (typically called particulars) and universals, nominalists supposedly posit particulars alone» (s. 189). Det han vil til livs er den stilleteiande oppfatninga om at nominalisme ontologisk sett er meir sparsommeleg, det vil seie har eit minimum av naudsynte føresetnader, enn teoriar som aksepterer eksistensen til eigenskapar eller universalia.

Ved å ta for seg denne problemstillinga ser Mantigani djupare på grunnlaget for å i det heile tatt stå for nominalistiske teoriar, og kva verdi nominalistisk tenking kan ha for vitskapen. I tillegg til å vere den einaste som drøftar nominalisme i ein større samanheng er Mantigani den einaste i denne boka som inntar ein posisjon mot nominalisme. Det er først og fremst redaktøren av boka, Rodriguez-Pereyra, sin likskapsnominalisme han vil ta eit oppgjer med. Sentralt i denne nominalismevarianten er at han unngår å postulere noko som helst ad hoc for å svare på eit spørsmål eller støtte ein vitskapleg teori.

Eit tilsvar på Mantigani sine innvendingar mot nominalisme ville mest sannsynleg vore fruktbar lesing, for ikkje å seie heilt på sin plass i ein slik antologi, men dessverre står han uimotsagt.

Dei to bøkene Nominalismus og NaP gjev to nokså ulike innfallsvinklar til nominalismen si utvikling og status. Mykje av dette kjem sjølvsagt av at medan den første er ein monografi, sentrert om ein filosof, og er den andre ein artikkelsamling skriven av fleire forfattarar. Det er tydleg at det har skjedd mykje sidan Ockham presenterte sine på den tida oppsiktsvekkande argument mot realismen, og fram til i dag, ikkje minst i det at nominalisten ikkje føler eit behov for å gje eit prinsipielt forsvar for at han nektar for at eigenskapar eksisterer. Samtidig har nominalismen si utvikling gått mot ei fokusering på logiske problem, og i nokon grad spørsmål om kva funksjon han kan spele i vitskaplege teoriar. Spørsmålet om forholdet mellom tanke, Gud og verd derimot ser ut til å vere utanfor radaren for dagens filosofar. At så er tilfelle er meir enn noko anna talande for kva Ockham og nominalismen har hatt å seie for nytida.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *