Essay

Illustrasjon frå boka Nervous and mental diseases (1911). (Kjelde: Flickr CC0 1.0)

Samfunnsendringar – til skade for helsa?

Åra rundt 1900 blir rekna for å vere nevrastenisjukdomen sin gullalder i den vestlege verda, også i Noreg.

Publisert

TIDSSKRIFT:

Tidsskriftet Arr er ute med nytt temanummer om helse, og Salongen har gleda av å vidarebringe Kristine Lillestøl sin artikkel om oppfatninga av samanhengen mellom modernisering og nevrasteni i Noreg i perioden 1880–1914.

Alle medisinske diagnosar er produkt av si samtid og må forståast ut frå den historiske samanhengen dei oppstår i. Enkelte diagnosar, og sjukdomane dei er namn på, vert likevel i større grad enn andre oppfatta som «typiske for si tid». Eit klassisk døme på dette er nevrasteni, som var ein svært utbreidd tilstand i USA og fleire europeiske land i dei siste tiåra av 1800–talet og fram til fyrste verdskrigen.1

Nevrasteni finst framleis i WHO sitt klassifikasjonssystem for sjukdomar, ICD–10, men det var i tiåra rundt 1900 at diagnosen oftast vart brukt. Nevrastenien vart fyrst gjort kjend som diagnose og sjukdom i 1869, då to amerikanske legar tilsynelatande uavhengig av kvarandre skreiv om denne tilstanden. Av desse to, Edwin H. van Deusen (1828–1909) og George Miller Beard (1839–1883), er det sistnemnde som i ettertid har vorte rekna som nevrastenidiagnosen sin opphavsmann, og det var også hans versjon av nevrastenien som fekk mest merksemd i samtida. Sjølve ordet nevrasteni kan omsetjast til «mangel på nervekraft», og Beard forstod tilstanden som ei form for svekking av nervesystemet.2 Symptombiletet kunne vere omfattande, og varierte gjerne ein del frå individ til individ. Hovudpine, sømnløyse, utmatting, mageplager, vandrande muskel– og leddsmerter, hjartebank og angst var mellom dei mest vanlege plagene. Men trass i mange og svært plagsame symptom, viste undersøkingar av pasientane sjeldan noko «objektivt» gale. Beard kunne såleis ikkje gjere greie for dei eksakte sjukdomsmekanismane som låg til grunn for nevrastenien. Han var likevel overtydd om at det handla om reelle forandringar i nervesystemet, som før eller seinare ville la seg påvise etter kvart som vitskapane heldt fram med å gjere framsteg.3

Sjølv om dei grunnleggande mekanismane for nevrastenien var ukjende, hadde Beard fleire framlegg til kva for faktorar som kunne utløyse tilstanden og «tøme» nervesystemet for energi.4 Den årsaksteorien han fekk mest merksemd for, både i samtida og av historikarar i ettertid, var den han presenterte i hovudverket sitt, American Nervousness: Its Causes and Consequences, som kom ut i 1881. Der forklarte han nevrasteni og andre former for nervøsitet som direkte produkt av framveksten av «moderne sivilisasjon», og særleg av framveksten av det moderne nordamerikanske samfunnet.5 Som historikaren David Schuster påpeikar, var det amerikanske samfunnet dei siste tiåra av 1800–talet i endring på fleire område. Folk flytta frå landet til byane, mennene forlet det tradisjonelle jordbruket for å bli forretningsmenn og kontorarbeidarar, kvinnene fekk betre høve til å utdanne seg, og teknologiske nyvinningar som til dømes jernbane og telegraf fekk aukande innpass i daglegliva til folk flest.6 Ifølgje Beard sjølv, var det særleg fem kjenneteikn ved det amerikanske samfunnet i samtida hans som gjorde at det skilde seg ut frå tidlegare tiders sivilisasjonar: dampkraft, den periodiske pressa, telegrafen, den raske utviklinga innanfor vitskapane, og det han kalla «kvinners mentale aktivitet», altså at kvinner hadde fått betre høve til å dyrke dei intellektuelle evnene sine enn tidlegare. Alt dette var framsteg som han var stolt av. Likevel meinte han at desse og andre nyvinningar i tida, med det at dei bar med seg nye og uvande krav til einskildmenneska sine nervesystem, bidrog til tap av nervekraft hjå det amerikanske folket. Med andre ord var nevrastenien ut frå Beard si forståing den prisen ein måtte betale for framsteg og langtkomen kulturutvikling.7

I det nyaste nummeret av Arr er temaet «Helse».

­­Beard forstod nevrastenien som ein tilstand som fyrst og fremst kjenneteikna dei «høgast siviliserte» samfunna i verda. Sjølv såg han på Nord–Amerika som det mest utvikla og avanserte av alle samfunn i samtida, og difor var han også opphavleg av den oppfatninga at nevrasteni var ein tilstand som fyrst og fremst truga amerikanarane si helse. Men også innanfor det amerikanske samfunnet fanst det skilnader med omsyn til «sivilisasjonsnivå», og slik Beard såg det, var det primært kvite, urbane protestantar i dei nordaustlege delane av USA som hadde nervesystem som var disponerte for utvikling av nevrasteni. Blant desse var det særleg «hjernearbeidarar» og andre medlemmer av den øvre middelklassen og overklassen som vart råka, medan «muskelarbeidarar» etter Beard sitt syn derimot ikkje var spesielt utsette for å utvikle denne tilstanden.8

Trass i at nevrastenien i utgangspunktet vart oppfatta som ein spesifikt amerikansk sjukdom, vart Beard sine viktigaste verk raskt spreidde til andre land. Og sjølv om nevrastenien er kjend for å ha fått ulike nasjonale uttrykk der han kom, vart tilstanden, ifølgje idéhistorikaren Karin Johannisson, på slutten av 1800–talet allment forstått som «ett svar på den moderna människans utsatthet i en gallopperande samhällsutveckling präglad av industrialisering, urbanisering, ny teknik och uppbrutna sociala strukturer».9 Johannisson kallar nevrastenien ein typisk «kultursjukdom». Også mange andre historikarar har vist særleg interesse for nevrasteni som ei spegling av «tidsånden» og samfunnet kring hundreårsskiftet 1900, nokre i så stor grad at dei hevdar at nevrastenien i denne perioden hadde si viktigaste rolle som «samfundstydning snarere end som klinisk diagnose.»10

Som vist i tidlegare og pågåande studier, var nevrastenien i Noreg i tiåra rundt 1900 langt frå å berre vere ein kommentar til samfunnstilhøva.11 Diagnosen vart mykje brukt i medisinsk praksis, og i dei medisinske tidsskrifta diskuterte legane eit mangfald av moglege årsaker til nevrasteni. Men sidan Noreg faktisk var eit land som gjennomgjekk modernisering og store endringar innanfor mange samfunnsområde i desse åra, ynskjer eg i denne artikkelen å sjå nærare på korleis utbreiinga av nevrastenien her til lands vart forstått i lys av slike prosessar. Var samfunns– og kulturendringar eit eksplisitt tema i det heile i den norske medisinske debatten om nevrasteni? Kva for endringar var det i så fall som vart oppfatta som særleg nervesvekkande i den norske samanhengen?

Som kjelder har eg hovudsakleg nytta medisinske tidsskrift, i tillegg til distriktslegane sine årlege rapportar, dei såkalla medisinalberetningane12, frå den perioden som er rekna som nevrastenien sin «gullalder» i mange vestlege land, 1880–1914.13

Nevrastenien kjem til Noreg

Dei norske legane var relativt tidleg ute med å fange opp og vidareformidle kunnskap om den nye nevrastenidiagnosen. Dei var generelt orienterte mot tysk medisin, og Beard sine verk fekk, ifølgje han sjølv, heilt frå starten av mykje og positiv merksemd i Tyskland.14 Allereie i 1876 vart det i Norsk Magazin for Lægevidenskaben fortalt om ein «eiendommelig (…), lidet paaagtet Neurose» – Neurasthenia cerebralis – som innebar ein «næsten fuldstændig Udygtighed til aandelig Virksomhed», og som fyrst og fremst råka «unge Mænd af dannede Stænder».15 Få år etter vart også George Beard sjølv, og hans tolking av den amerikanske nervøsiteten, eit tema i den norske nevrastenidebatten. Mellom anna vart han nemnd på eit møte i Det norske medicinske Selskab i oktober 1883, då professor Ernst Ferdinand Lochmann (1820–91) i ein debatt om amerikanske kvinners nervøsitet viste til at «Nervesystemet synes hos Amerikanerne at udvikles til en excessiv Ømfindtlighed, der paa den ene Side maaske forøger deres Arbeidsenergi, men paa den anden Side let udarter til sygelige Tilstande.»16 Lochmann meinte vidare at den aukande førekomsten av nervøsitet blant dei amerikanske kvinnene måtte stå i samband med «den tiltagende Fjernelse fra et naturligt Liv» i Amerika, og han gjekk ut frå at «vi maatte vente os lignende Foreteelser i Fremtiden ogsaa hos os.» Same året vart Beard også ved fleire høve omtalt i Tidsskrift for Praktisk Medicin, og også her synest forfattaren å vere samd med Beard i at nevrastenien faktisk var meir utbreidd i Amerika enn andre stader, «hvilket turde staa i sammenheng med at det neppe nogetsteds er bleven mer til Livsregel og Livsprincip, at Tid er Penge.»17

Denne forståinga av at nevrasteni vesentleg var ein amerikansk tilstand gjekk dei norske legane likevel snart bort frå, og dei tok diagnosen i flittig bruk i sine eigne praksisar. Særleg tidleg ute synest legane ved dei private kurbada og sanatoriene å ha vore. Anton Magelssen (1848–1935) rapporterte til dømes at han allereie i sommarsesongane frå 1882–84 hadde hatt 49 pasientar med «Nervøsitet og Neurastheni» til behandling ved Hankø Bad og Kystsanatorium.18 Diagnosen vart også raskt teken i bruk av legar som behandla pasientar som kom frå trongare kår, så i motsetnad til Beard sin versjon, vart den norske nevrastenien tidleg ein tilstand som kunne råke folk frå alle sosiale lag. Då Edvard Bull heldt føredrag «Om Nervøsitet» i foreininga Andvake i mars 1891, slo han fast at «nutildags ser man Symptomer paa Nervesvækkelse inden alle Kredse af Samfundet: Borgeren og Bonden, Haandverkeren og Arbeideren, alle yder sin Kontingent til de nervesvages store Hob.»19

Men sjølv om dei norske legane var opptekne av nevrasteni som eit nytt omgrep og eit nytt sjukdomsnamn, meinte dei ikkje at sjølve tilstanden Beard skildra eigentleg var ny.20 Dei gav likevel honnør til Beard for å ha funne «det rette Navn» til rett tid, og meinte at det måtte «regnes denne Mand til stor Fortjeneste at have stillet disse Overgangsformer mellem sund og syg Tilstand i en skarpere Belysning».21 Plagene det handla om hadde før vore skildra under ulike namn, og ein hadde ikkje tidlegare hatt «nogen af alle anerkjendt videnskabelig Fællesbetegnelse for de mange vekslende Sygdomsbilleder».22 På den måten hadde Beard kome med eit viktig bidrag: «Fra den Tid, hans Afhandling om Neurastheni udkom, har denne Betegnelse overalt vunnet bifald og er bleven optaget som træffende, og fra samme Tid er ogsaa Lægerne blevne langt mere opmerksomme paa denne Tilstands store Betydning.»23 Denne aukande merksemda var viktig, slik dei norske legane såg det. For om tilstanden ikkje var ny, var dei likevel overtydde om at nevrasteni var særleg utbreidd akkurat i denne tida, også i Noreg. Dei omtala nevrastenien mellom anna som ein «Nutidssygdom» 24, «et Særkjende for vor Tid»25, og som «et Barn af den moderne Maade at leve paa».26 Men kva var det eigentleg med denne moderne måten å leve på som gjorde at nervesystema til det norske folket vart tømde for krefter?

Kampen for tilveret

Ei av dei vanlegaste forklaringane på nevrasteni i Noreg, som hjå Beard, var hardt og overanstrengande arbeid, og særleg «tidstypisk» var overgongen til nye arbeidsformer. Som i Amerika skjedde det også i Noreg store endringar med omsyn til sysselsetjing og kva slags arbeid folk livnærte seg av. Frå å ha vore eit land der hovudtyngda av folk budde på bygdene og var knytte til jordbruk og fiske, gjekk Noreg til i 1890–åra å vere eit land der færre enn halvparten var sysselsette innanfor primærnæringane.27 Tilgongen til utdanning vart betre for både kvinner og menn, og overgongen til eit samfunn der «hjernearbeide» meir og meir tok over for «legemlig» arbeid var noko som vart trekt fram også i den norske nevrastenidebatten: «En stadig bekvemmere og mageligere levemaade, mangel paa legemligt arbeide og bevægelse, det er vægtige grunde for neurasteniens udbredning.»28 I ein av dei mest sentrale artiklane i nevrastenidebatten frå denne perioden presenterte psykiater Ragnar Vogt (1870–1943) «alle uforholdsmæssig sterke krav til hjernearbeidet» som ei av dei viktigaste årsakene til nevrasteni.29 Men også andre endringar i arbeidsformer vart nemnde som årsak. Til dømes forklarte distriktslegen i Hofs distrikt den hyppige førekomsten av nevrasteni blant arbeidarane ved Berger Fabrik i Strømmen med «Det forandrede Levesæt ved Fabriken, hvis fleste Arbeidere tidligere har været beskjæftigede med Markarbeide eller som Tjenestepiger».30

Det var likevel ikkje alltid at det harde arbeidet i seg sjølv vart rekna som det mest helseskadelege elementet i «Kampen for Tilværelsen». Edvard Bull meinte til dømes å ha erfart at det ikkje fyrst og fremst var dei som arbeidde tungt for å få nok til det daglege brød, som utvikla nevrasteni: «De fleste af disse ‘Madstrævere’ er nemlig lidet komplicerede Naturer med mindre irritabelt Nervesystem, der ikke reagerer saa sterkt.»31 Slik han såg det, oppstod nervesvekking langt oftare hjå «Individer, hvor der er Misforhold mellem Fordringerne til Livet paa den ene Side og Livets Virkelighed paa den anden Side», med andre ord hjå folk som ikkje greidde å slå seg til ro og vere nøgde med det tilveret dei hadde. For slike menneske vart både «skuffet Ærgjerrighed og Forfængelighed, Misundelse, Anger og Samvittighedsnag» tilleggselement i «Kampen for Tilværelsen», og alt dette var faktorar som kunne medverke til å «undergrave Nervesystemet» eller bringe eit «forud skrøbeligt Nervesystem ud af Ligevegten.»32 I tillegg kom også «den overdrevne Hang til Nydelser» som han meinte å sjå i aukande grad i samtida, ein hang som fekk folk til å «arbeide over Evne for at skaffe sig Midler til Tilfredsstillelse af Begjæret.»33

Då Bull heldt dette føredraget om nervøsitet, arbeidde han hovudsakleg som privatlege for betrestilte i hovudstaden.34 Men ifølgje Jens Torp (1847–1916), som var lege i Faaberg distrikt på same tid, var alt dette tilhøve som var avgjerande for den auka førekomsten av nevrasteni i landdistrikta også: «Det er paa Landet som i Byerne; Folket higer efter mere Nydelse, og, omend Maalet kan være forskjelligt, Concurrancen og Kampen for Tilværelsen stimulerer dog Nervekraften udover det tilvante, gode, gamle Forhold med de samme følger for Land som for By.»35 Slik «Nydelse» kravde meir pengar enn jordbruket kasta av seg, og tett knytt til «higen» etter meir nyting såg Torp såleis også ein lengt hjå bondesønene og –døtrene etter å bli «noko meir». Siste halvdelen av 1800–talet baud på nye moglegheiter for utdanning og sosial mobilitet i Noreg.36 Dette ynskte også dei unge i Faaberg distrikt å nytte seg av, men ifølgje Torp var dette ei utvikling som ikkje berre var til det gode. Til liks med Bull meinte han at denne lengten etter å kome seg opp og fram i dei fleste tilfelle berre ville medføre vonbrot og større misnøye med eigen posisjon:

Her er en Higen efter at blive ‘noget mere’, som er usund. Sønnerne skal alle længere frem end Fædrene, Haandens Gjærning strækker ikke til, derfor bærer det afsted til Seminarier, Folkehøiskoler, Underofficersskoler eller lignende, hvor man som oftest kun faar Øiet op for det Høiere liggende, uden at man kan naa Ønskernes Maal.37

Ifølgje Torp var det særleg mennene i distriktet som vart gåande omkring «i stille Lidelse og Higen efter Stillinger med pekuniære eller sociale Fordele».38 Men utviklinga lét heller ikkje kvinnene gå fri, tvert imot meinte Torp å sjå at det mellom kvinnene føregjekk ein kanskje endå «heftigere Konkurrance» enn mellom mennene, om enn på litt andre område. Mellom anna viste han til at «i de sednere Aar er Fruetitel begyndt at afløse det gamle ‘Mor’ som Tiltale til Gaardens Husmoder», medan døtrene deira no helst ville tiltalast som «Frøken». Gardbrukardøtrene var dessutan byrja å føle seg litt for «fine» til å mjølke kyr, vaske golv og elles ta del i det vanlege gardsarbeidet. I staden handla det meir og meir om å skilje seg ut i selskapslivet: «Man inviteres til Baller, Brylluper og andre Fester pr Kort, Desertbord arrangeres med Kager fra Byens Konditor og med Vine, kort Selskabslivet er i betydeligt Opsving.»39

Torp var innforstått med at utvikling og endringar var uunngåeleg. Likevel meinte han at «framgongen» i Faaberg legedistrikt gjekk for fort: «Disse Trakter lider efter min Formening under Overkultur fortiden, den er kommet for braat paa dem og river dem op.»40 Og slik han såg det, fekk dette uheldige følgjer for nervehelsa til den tidlegare så robuste «Landbefolkningen» i distriktet.

Impulsar utanfrå – bakteriar for nervelivet

Noko av skulda for at bøndene i Faaberg distrikt i 1890–åra var byrja å «hige» etter meir nyting og etter å forlate det gamle, la distriktslegen på «En Utallighed af Aviser».41 Dei norske avisene auka kraftig i talet i denne perioden, og fekk mange lesarar i både bygd og by.42 I Jens Torp sine auge var ikkje dette eigentleg eit framsteg. For når desse avisene flauma innover bygdene med «Speilbilleder andetsteds fra, hvorimod den nøgne Virkelighed paa Stedet falder saa rent igjennem saavel paa det sociale, som politiske Omraade», verka dei etter hans syn som «rene Bacterier for Nervelivet» til bygdefolket.43 Ein samanheng mellom aviser og nevrasteni såg også Edvard Bull, som meinte at «Dagspressen har sin store Andel i Tidens Nervesvækkelse og det paa mange Maader.»44 Bull la fram fleire grunnar til dette. Det kunne for det fyrste vere innhaldet og nyheitene i seg sjølve, for «at politiske og sociale Forhold for mange Mennesker faar en skadelig Indflydelse paa Nervelivet, er let at forstaa.» I tillegg kom «den oprivende Indflydelse, som Løgn eller Ondskab i Pressen kan øve paa den enkelte Personlighed». Men noko han var særleg uroa over, var at han meinte å sjå «en stigende Tilbøielighed til at behandle de høieste Problemer – religiøse og filosofiske – i Dagspressens lette Form med tilsyneladende Overlegenhed, men uden tilstrækkelige Forudsætninger for en grundet Bedømmelse.» Slik overflatisk behandling av dei store spørsmåla i livet ville etter hans syn føre til ein «Hang til filosofisk Grublen» hjå lesarane, særleg dei «mangfoldige Læsere, der mangler kritisk Sans og fornødne Kundskaber». Følgjene av slik filosofisk grubling vart i sin tur ofte «Tvil og Fortvilelse», som var «i høi Grad ødelæggende paa Nervesystemet.»45

LES OGSÅ: Sykdommens mening

På bygdene kom nye impulsar utanfrå også på andre måtar i denne tida. Legen Rasmus Hansson (1859–1934) meinte til dømes at «de forbedrede Kommunikationer» hadde medverka til «det forandrede Levesæt» og at «Livet nu leves stærkere og mindre enkelt end før» i hans distrikt (Guldalen i Søndre Trondhjems Amt) tidleg i 1890–åra, noko som igjen hadde ført til auka førekomst av nevrasteni.46 I enkelte andre distrikt auka tilstrøyminga av turistar mykje i desse åra, så mykje at legane byrja å frykte at det kunne få skadelege følgjer for nervehelsa til dei fastbuande. Tydelegast kom dette til uttrykk i Torp si beretning frå Faaberg:

At den aarlige Import af Sommergjæster, som fra Byerne strømmer ind i Gudbrandsdalen, ikke blot er til det Gode, er min Overbevisning, thi den medfører en omsiggribende Forfinelse af vor Almue, som dræber vort Nationalliv og fremkalder Bastardtyper, som nu i Overgangen er mer eller mindre latterlige.47

Han såg med ein viss pessimisme på framtida og den vidare utviklinga: «Naar nu Jernbanen aabnes mellem Lillehammer og Kristiania, vil sikkerlig den nedre Del af Gudbrandsdalen blive et stort Sanatorium; maatte det kun blive til Gode for Dalen – jeg har mine store Tvivl og ikke mindst i moralsk Henseende.»48

Sjølv om Torp nok var oppriktig i si uro over turismen og dei negative følgjene denne utviklinga kunne få for bygdefolket, er det likevel interessant og litt underleg at akkurat han skulle ytre ein slik klage. Då han skreiv denne beretninga for 1893, hadde han nemleg sjølv i fleire år arbeidd aktivt for nettopp å lokke framande frå inn– og utland til distriktet, med å reklamere for dei helsebringande (og særleg dei nervestyrkande!) eigenskapane dette området hadde. Mellom anna jobba han som lege ved Høifjeldssanatoriet i Gausdal somrane 1884–1887, der nevrastenikarar utgjorde den største pasientgruppa.49 Frå 1884 dreiv han òg sin eigen private sjukeheim – Dr Torp’s sygehjem for nervesvækkede – på Lillehammer, også her med nevrastenikarar som hovudmålgruppe.50 Sett på spissen ser det altså ut til at dei mange tilreisande nevrastenikarane som han sjølv var med på å lokke til distriktet, faktisk bidrog til auka førekomst av nevrasteni hjå lokalbefolkninga. Likevel heldt Torp fram med å skrive varmt om Gudbrandsdalen sine helsefremjande eigenskapar i åra som følgde, for å få fleire til å reise til distriktet.51

Kosthald og «Pirremidler»

Nye og raskare kommunikasjonsformer førte ikkje berre til endringar i åtferd og ambisjonar. Også kosthaldet endra seg, og då Ernst Lochmann heldt føredrag på det skandinaviske naturforskarmøtet i Kristiania i 1886, var han særleg uroa over at «den gamle nationale Kost» dei siste tiåra hadde «maattet vige Pladsen for, hvad man kunde kalde Kulturkost». 52 Utgått frå byane, «befordret ved den livlige og lette Samfærdsel», hadde denne overgongen skjedd «paa en næsten umerkelig Maade», ifølgje Lochmann. Sjølv om han ikkje meinte at feil kost åleine kunne føre til nevrasteni, var ernæring likevel noko som hadde stor «Indflydelse paa Nervesystemets Energi», etter hans syn.

Illustrasjon frå George Miller Beard si bok Our home pysician – a new and popular guide to the art of preserving health and treating disease; with plain advice for all the medical and surgical emergencies of the family (1869). (Kilde: Flickr CC0 1.0)

Lochmann framheva særleg «Kaffens store Udbredelse som daglig Drik» som «et af de mest betegnende Træk» ved den nye «Kulturkosten», og også mange distriktslegar uroa seg over det stadig aukande kaffiforbruket. Til dømes vart det i medisinalberetninga frå Lærdal Lægedistrikt for 1899 fortalt at hovudårsaka til den høge førekomsten av nevrasteni i bygda Aurland «formodes at være overhaandtagende Misbrug af Kaffe baade blant Mænd og Kvinder. 4 à 5 Kopper stærk, sort Kaffe er det almindelige daglige Forbrug, men som oftest bliver det meget mere.»53 Det var særleg dei «nervepirrende» eigenskapane til kaffien som vart rekna som uheldige i nevrastenisamanheng, men også det at meir næringsrike fødemidlar i aukande grad vart fortrengt av det store kaffiforbruket.54

I Evje meinte distriktslegen at det nokså raskt endra kosthaldet hadde ført til ei generell svekking og «Degeneration» av folket i distriktet, noko som i sin tur hadde ført til større utbreiing av mellom anna nevrasteni. At den tidlegare kraftige kosten, som bestod av «haardkogt Grød, stærkt saltet og speget Kjød og Fisk, Fladbrød (…) Melk og hjemmebrygget Øl», no hadde vorte avløyst av «Bykost», hadde ikkje gjort godt for folket si helse: «De gjennem Generationer for den tidligere kraftige og tungtfordøielige Kost udviklede kraftige Fordøielsesapparater kunne ikke passe for den letfordøielige Bykost, og Følgen maatte blive Svækkelse hos Befolkningen».55 I tillegg var han kritisk til at fråhaldsrørsla bidrog sterkt til å få fjerna «det hjemmebryggede Øl fra Spiseseddelen», men akkurat det var ei bekymring han ikkje ser ut til å ha delt med så mange andre. Langt vanlegare var det at legane, som Bull, forklarte utbreiinga av nevrasteni med at det «overalt i den kultiverede Verden er en stigende Tilbøielighed til at hidse Nerverne ved forskjellige Pirremidler (…), hos os da først og fremst Alkohol».56

«Vedhængen ved det gamle»

Sjølv om både desse og fleire døme tydeleg viser at nevrasteni også i Noreg til dels vart forstått som eit resultat av raske endringar i samfunn og kultur, var dette ei årsaksforklaring som slett ikkje alltid passa inn i den verkelegheita som legane møtte i praksisane sine. Særleg i distrikta ser det ut til at legane av og til vart tydeleg overraska over å finne stor utbreiing av nevrasteni der dei faktisk gjorde det. Til dømes måtte Rasmus Hansson justere si forståing av nevrasteni som eit produkt av «et forandret, mot før mindre enkelt Levesæt», då han i 1894 hadde registrert at også på «Byneset (Strinden Distrikt), der betragtes som en i flere Retninger mindre kulturelt fremskreden Bygd, er dog paatruffet paafaldende mange neurasteniske og nervøst belastede Individer, især Kvinder, flere end i nogen af de mere fremskredne Nabobygder.»57

For andre distriktslegar ser det ut til at raske endringar i folk sine levemåtar ikkje var ei aktuell årsaksforklaring i det heile. Fleire medisinalberetningar vitnar om at det faktisk var mangel på endringar i folk sine vanar og levesett, heller enn «Overkultur» og store omveltningar, som vart sett på som hovudårsak til nevrasteni i nokre av land– og kystdistrikta i Noreg. Til dømes vart den høge førekomsten av nevrasteni hjå folket i Sogndal (Stavanger Amt) av distriktslegen der sett i samband med at «Sogndølen gjennemgaaende viser en seig vedhængen ved det gamle, traditionelle».58 Distriktslegen i Ytre Nordfjord meinte at hovudårsaka til «alt dette kleine nerveliv» som han såg i distriktet sitt, måtte vere «de slette hygiæniske forhold og det usunde liv og den usunde luft inden huse, hvori slægt efter slægt voxer op, lever og dør».59 Slik han såg det, var den einaste måten å få bukt med nevrastenien på å litt etter litt «søge indført et forbedret, renere husstel, sundere boliger og i det hele et sundere liv inden disse».60 Distriktslegen i Kviteseid i 1896 var inne på noko av det same; han hadde «forgjæves i 8 Aar (…) forsøgt ved Overtalelse og Opmuntring hos en ung, neurasthenisk Kone, (…) at faa hende ud i frisk Luft og til at benytte koldt Vand». 61

Ein «vedhængen» ved det gamle og tradisjonelle kunne også gjelde folk sine førestellingar om kven som hadde makt og kunnskap til både å forårsake og behandle sjukdom. I Folden distrikt i Nordland i 1894 var til dømes «gammel Overtro» ei av forklaringane distriktslegen gav på nevrasteni, medan andre legar viste til florerande «kvaksalveri» som ei sannsynleg medverkande årsak.62 Frå Alten lægedistrikt fortalde distriktslegen at nokre av dei nevrasteniske kvinnene i distriktet sjølve var overtydde om at tilstanden deira skuldast «finnegan». Fleire av dei hadde fortalt at «sygdommen opstod, kort efterat vedkommende blev uenig med en fjeldfinn, og at sygdommen nok vilde vedvare, indtil forlik atter var istandbragt med fjeldfinnen.» 63

Korleis kunne slike forklaringar av nevrasteni som eifølgje av «vedhængen ved det gamle» eksistere side om side med forståinga av nevrasteni som eit produkt av ei samfunns– og kulturutvikling som gjekk for fort? Noko av grunnen kan nok ligge i at det var relle skilnader mellom ulike distrikt med omsyn til kor raskt endringsprosessane faktisk gjekk. Men vel så viktig er det nok å sjå desse klagene over mangel på endringar i levesett i lys av korleis tilhøvet mellom distriktslegar og «Almuen» elles var i denne perioden. Som skildra av historikaren Aina Schiøtz, pågjekk det i siste halvdelen av 1800–talet ein «kulturkamp» mellom dei norske distriktslegane og allmugen. 64 Distriktslegane såg i denne perioden på seg sjølve som «sivilisasjonens pionerar», som gjennom å «kultivere» allmugen og spreie kunnskap om hygiene skulle bidra til å styrkje nasjonen si helse. Men folket i distrikta delte ikkje alltid legane si oppfatning av korleis god helse kunne fremjast, og dei var slett ikkje alltid villige til å endre vanane sine ut frå distriktslegane sine formaningar, ofte til legane sin store frustrasjon. Medisinalberetningane frå denne perioden inneheld difor generelt mange klager over allmugen sitt låge «Kulturstandpunkt», mangel på «siviliserte» vaner og framferd, og klager over mangel på vilje til endring av det legane såg på som uheldige levesett. Dårleg hygiene, «Overtro» og hangen til å nytte seg av såkalla «kvakksalvarar» var såleis tilhøve legane ofte nytta som forklaringar på dårleg helse hjå folk i distrikta i denne perioden, og ikkje berre som forklaring på nevrasteni. 65

At nevrastenien på denne måten eksplisitt vart forklart som eifølgje av mangel på endringar i folk sine levesett i denne perioden, er likevel svært interessant. Det er ei forklaring som står i sterk kontrast både til George Beard si opphavlege forståing av nevrasteni som eit produkt av «moderne sivilisasjon», og til den framstillinga av nevrasteni som har kjenneteikna mange historiske studier frå andre vestlege land dei siste åra. 66

Norsk nevrasteni – mellom det gamle og det nye

Nevrastenien er frå før kjend som ein mangfaldig diagnose og tilstand. Som vi har sett, viser nevrastenien si historie også i Noreg at det kunne vere store skilnader legar i mellom med omsyn til korleis dei forstod årsakene til denne tilstanden på slutten av 1800–talet. Enkelte gjekk, til liks med George Beard, langt i å forklare utbreiinga av nevrasteni med raske endringar i samtida innanfor område som arbeidsliv, utdanning, presse, samferdsle og kosthald. Samstundes fanst det andre legar som såg heilt annleis på saka, og heller framstilte den høge førekomsten av nevrasteni som eifølgje av at mange nordmenn var lite endringsvillige og framleis heldt for mykje fast ved det gamle. Den norske nevrastenien si historie bidreg såleis samla sett til å nyansere den rådande oppfatninga av at nevrastenien på slutten av 1800–talet allment vart betrakta som eit svar på ei «galopperande samfunnsutvikling».

Notar

1Gijswijt–Hofstra & Porter (red.), Cultures of Neurasthenia.

2Beard, «Neurasthenia, or Nervous Exhaustion», 217.

3Sjå Beard: «Neurasthenia, or Nervous Exhaustion», A Practcial Treatise, og American Nervousness.

4Beard, «Neurasthenia, or Nervous Exhaustion», 217.

5Beard, American Nervousness.

6Schuster, «Neurasthenia and a Modernizing America», 2327.

7Beard, American Nervousness. Schuster, Neurasthenic Nation, kap. 1.

8Beard, American Nervousness. Schuster, Neurasthenic Nation, kap. 1. Campbell, «The making of ‘American’».

9Johannisson, Den mörka kontinenten, 141. Sjå også til dømes Radkau, Das Zeitalder der Nervosität; Pietikainen, Neurosis and Modernity, og Gijswijt–Hofstra & Porter (red.), Cultures of Neurasthenia.

10Møller, Biologismer, 143.

11Lillestøl & Bondevik, «Nevrasteni i Norge», 661–665. Fleire artiklar om nevrastenien si norske historie er under arbeid.

12Dei originale medisinalberetningane er oppbevarte ved Riksarkivet. Redigerte samanstillingar vart publiserte av Medisinaldirektøren, som del av Norges Officielle Statistik, med tittelen Beretning om Sundhedstilstanden og Medicinalforholdene i Norge. I det følgjande er det med få unnatak desse trykte beretningane eg viser til, og eg nyttar i det vidare forkortinga BSM for desse.

13Sjå til dømes Gijswijt–Hofstra & Porter (red.), Cultures of Neurasthenia.

14Beard, American Nervousness, iv.

15Malthe, «Bidrag til terapien af neuroser», 826–829. Cerebral nevrasteni var ei undergruppe av nevrasteni der symptoma primært var lokaliserte til hovudet og knytte til vanskar med å utføre «hjernearbeid».

16Forhandlinger i det medicinske Selskab 1883, 226.

17 St., «Uddrag. Om nervøs dyspepsi», 73–76.

18Magelssen, «Treaars–Beretning», 202–219.

19Bull, «Om Nervøsitet», 166.

20 St., «Uddrag. Neurasthenia», 428.

21Bull, «Om Nervøsitet», 167. Unger Vetlesen, «Grefsen», 190.

22Bull, «Om Nervøsitet», 167.

23Bull, «Om Nervøsitet», 167.

24NN, «Die Neurasthenie», 223.

25Dedichen, «Femaarsberetning», 252.

26R.C., «Om neurasteni», 312.

27Nerbøvik, Norsk historie, 19.

28Broch–Martens, «Om autointoxikationens forhold til neurasteni», 245.

29Vogt, «Neurasteni», 467.

30BSM 1889, 66.

31Bull, «Om Nervøsitet», 171.

32Bull, «Om Nervøsitet», 171–2.

33Bull, «Om Nervøsitet», 172.

34Hem & Frich, «Ibsens siste år», 1504–1505.

35BSM 1893, 84.

36Nerbøvik, Norsk historie, 49–55 og 85–94.

37BSM 1893, 84.

38BSM 1893, 84.

39BSM 1893, 85.

40BSM 1893, 84.

41BSM 1893, 84.

42Nerbøvik, Norsk historie, 55–63.

43BSM 1893, 84.

44Bull, «Om Nervøsitet», 172.

45Bull, «Om Nervøsitet», 172.

46BSM 1893, 206.

47BSM 1893, 85.

48BSM 1893, 85 og Faaberg Lægedistrikt omfatta på denne tida Lillehammer, Faaberg, Øier, Østre og Vestre Gausdal.

49Torp, «Læge–Indberetning».

50Torp, «Fra Doktor Torp’s Sygehjem», 658–669.

51Til dømes med annonse og artikkel i Gudbrandsdalen: veiledning for sommergjæster og turister i 1903.

52Forhandlinger ved De Skandinaviske Naturforskeres trettende Møde, 168.

53 BSM 1899, 179.

54 Greve, «Lægebog for norske hjem», 216.

55 BSM 1899, 109.

56 Bull, «Om Nervøsitet», 172.

57 BSM 1894, 197.

58 BSM 1911, 281.

59 Hiorth, Medisinalberetning, Ytre Nordjord 1889.

60 Hiorth, Medisinalberetning, Ytre Nordfjord 1891.

61 BSM 1896, 95.

62 BSM 1894, 237. BSM 1907, 191.

63 BSM 1909, 267.

64 Schiøtz, Folkets helse – landets styrke, s. 79–95.

65 Lillestøl & Schiøtz, «Bedre at have en ‘Kvaksalver’ end to Doktorer», 48–79.

66Eit unnatak er Petteri Pietikainen, som i Neurosis and Modernity (særleg s. 104–105) antydar at enkelte svenske legar også kan ha hatt ei forståing av nevrasteni som ein «anti–moderne» sjukdom.

Litteratur

Pietikainen, Petteri. Neurosis and Modernity. The Age of Nervousness in Sweden. Leiden: Brill, 2007.

Norges Officielle Statistik V. 216. Sundhedstilstanden og Medicinalforholdene 1911. Udgiven af Direktøren for det civile Medicinalvæsen. Kristiania: Aschehoug, 1913.

Norges Officielle Statistik V. 152. Sundhedstilstanden og Medicinalforholdene 1909. Udgiven af Direktøren for det civile Medicinalvæsen. Kristiania: Aschehoug, 1911.

Norges Officielle Statistik V. 98. Sundhedstilstanden og Medicinalforholdene 1907. Udgiven af Direktøren for det civile Medicinalvæsen. Kristiania: Aschehoug, 1909.

Norges Officielle Statistik, Fjerde Række No. 27. Beretning om Sundhedstilstanden og Medicinalforholdene i Norge i Aaret 1899. Udgiven af Direktøren for det civile Medicinalvæsen. Kristiania: Aschehoug, 1902.

Norges Officielle Statistik, Tredie Række No. 317. Beretning om Sundhedstilstanden og Medicinalforholdene i Norge i Aaret 1896. Udgiven af Direktøren for det civile Medicinalvæsen. Kristiania: Aschehoug, 1899.

Norges Officielle Statistik, Tredie Række No. 274. Beretning om Sundhedstilstanden og Medicinalforholdene i Norge i Aaret 1894. Udgiven af Direktøren for det civile Medicinalvæsen. Kristiania: Aschehoug, 1897.

Norges Officielle Statistik, Tredie Række No. 252. Beretning om Sundhedstilstanden og Medicinalforholdene i Norge i Aaret 1893. Udgiven af Direktøren for det civile Medicinalvæsen. Kristiania: Aschehoug, 1896.

Norges Officielle Statistik, Tredie Række No. 143. Beretning om Sundhedstilstanden og Medicinalforholdene i Norge i Aaret 1889. Udgiven af Direktøren for det civile Medicinalvæsen. Christiania: Aschehoug, 1891.

Nerbøvik, Jostein. Norsk historie 1860–1914. Eit bondesamfunn i oppbrot. Oslo: Det Norske Samlaget, 1999.

Møller, Jes Fabricius. Biologismer: naturvidenskab og politik ca 1850–1930. PhD–avhandling. Det Humanistiske Fakultet, Københavns Universitet, 2002.

Malthe. «Bidrag til terapien af neuroser.» Norsk Magazin for Lægevidenskaben 37 (1876): 826–829.

Magelssen, Anton. «Treaars–Beretning fra Hankø Bad og Kystsanatorium.» Norsk Magazin for Lægevidenskaben 45 (1885): 202–219.

Lillestøl, Kristine & Bondevik, Hilde. «Nevrasteni i Norge 1880–1920.» Tidsskr Nor Legeforen 133, nr. 6 (2013): 661–665.

Lillestøl, Kristine & Schiøtz, Aina. «»Bedre at have en ‘Kvaksalver’ end to Doktorer»? Distriktslegar og kvakksalvarar i Nordfjord og på søre Sunnmøre 1850–1900.» Årbok for Nordfjord 42 (2008): 48–79.

Larsen, Øivind (red.). Norges leger. Oslo: Den norske lægeforening, 1996.

Johannisson, Karin. Den mörka kontinenten. Kvinnan, medicinen och fin–de–siècle. Stockholm: Norstedts Förlag, 1995.

Hiorth, Otto. Medisinalberetning, Ytre Nordfjord distrikt, 1889 og 1891. Riksarkivet, S–1044, S–4165.

Hem, Erlend & Frich, Jan C. «Ibsens siste år – legene og deres krevende pasient.» Tidsskr Nor Lægeforen 126, nr. 11 (2006): 1502–1506.

Gudbrandsdalen: Veiledning for sommergjæster og turister. Lillehammer–Gudbrandsdalens turistforening, 1903.

Greve, Mathias S. Lægebog for norske hjem. Veileder i sundhed og sygdom. Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag, 1904.

Gijswijt–Hofstra, Marijke & Porter, Roy (red.). Cultures of Neurasthenia from Beard to the First World War. New York: Rodopi, 2001.

Forhandlinger ved De Skandinaviske Naturforskeres trettende Møde i Christiania 7.–12. juli 1886. Christiania, 1887.

Forhandlinger i Det norske medicinske Selskab i Kristiania 1883. Kristiania: Det Steenske Bogtrykkeri, 1884.

«Die Neurasthenie. Bokomtale.» Norsk Magazin for Lægevidenskaben 47 (1886): 223–224.

Dedichen, Hans G.S. «Femaarsberetning (1881–85) for Modums Kuranstalt og Sanatorium.» Norsk Magazin for Lægevidenskaben 46 (1886): 249–261.

Campbell, Brad. «The making of ‘American’: race and nation in neurasthenic discourse.» History of Psychiatry 18, nr. 2 (2007):157–178.

Bull, Edvard. «Om nervøsitet.» Skilling–Magazin 57, nr. 11 (1891): 166–173.

Brock–Martens. «Om autointoxikationens forhold til neurasteni.» Medicinsk Revue (1896): 245.

Beard, George M. American Nervousness: Its Causes and Consequences. New York: G.P. Putnam’s Sons, 1881

Beard, George M. A Practical Treatise on Nervous Exhaustion (Neurasthenia): Its Symptoms, Nature, Sequences, Treatment. New York: William Wood & Co, 1880.

Beard, George M. «Neurasthenia, or nervous exhaustion.» Boston Med Surg J 3, nr. 13 (1869): 217–221.

C. «Om neurasteni og dens behandling.» Medicinsk Revue (1889): 311–317.

Radkau, Joachim. Das Zeitalder der Nervosität. Deutschland zwischen Bismarck und Hitler. München: Carl Hanser Verlag, 1998.

Schiøtz, Aina. Folkets helse – landets styrke 1850–2003. Det offentlige helsevesen i Norge 1603–2003, bind 2. Oslo: Universitetsforlaget, 2003.

Schuster, David G. «Neurasthenia and a Modernizing America.» JAMA 290, nr. 17 (2003): 2327–2328.

Schuster, David G. Neurasthenic Nation. America’s Search for Health, Happiness, and Comfort, 1869–1920. New Brunswick: Rutgers University Press, 2011.

St. «Uddrag. Om nervøs Dyspepsi.» Tidsskrift for praktisk Medicin (1883): 73–76.

St. «Uddrag. Neurasthenia.» Tidsskrift for praktisk Medicin 45 (1885): 428–431 og 438–445.

Torp, Jens. Læge– Indberetning fra Høifjelds–Sanatoriet i Gausdal for Sommeren 1884. Christiania.

Torp, Jens. «Fra Doktor Torp’s Sygehjem for Nervesvækkede paa Lillehammer.» Norsk Magazin for Lægevidenskaben 47 (1886): 658–669.

Unger Vetlesen, Johan Karl. «Grefsen i 1884 og 1885.» Norsk Magazin for Lægevidenskaben 47 (1886): 190–197.

Vogt, Ragnar. «Psykiatriens hovedtræk. I. Neurasteni.» Norsk Magazin for Lægevidenskaben (1903): 465–482.

Powered by Labrador CMS