Anmeldelse

The Dutch proverbs av Peter Brueghel the Elder (1559) (Kilde: Wikimedia commons)

Språkfilosofi for den vanskelege verkelege verda

Publisert

BOKOMTALE: Språket kan brukast til mykje meir enn å utveksla kunnskap, sjølv om språkfilosofien ikkje alltid synest å erkjenna det. Cappelen og Denver gir oss ei levande filosofisk innføring i tema som utskjelling, samtykke, fake news og Facebook-likes.

Av Runar Bjørvik Mæland

I fjor sommar publiserte NRK Satiriks ein animert sketsj der ein ung mann speler Scrabble mot ein eldre ortodoks jøde. Den unge mannen kan vinna ved å legga ordet «jødesvin», men vegrar seg i frykt for å fornærma motspelaren. Sketsjen vekte sterke reaksjonar frå jødar og andre som meinte han hadde antisemittiske under- og overtonar, og debatten enda med at NRK beklaga publiseringa.

Hendinga illustrerer eit allment fenomen: Mennesket brukar ikkje språket berre til å gi og ta imot informasjon om verda. Me brukar det til å vitsa, provosera, fornærma, krenka, skulda, beklaga.

Ut av seminarrommet

Det er denne sida ved språket Herman Cappelen (Universitetet i Oslo) og Josh Dever (University of Texas) tar opp i boka Bad Language. (Boka handlar altså ikkje om «dårleg språk» i stilistisk eller grammatisk forstand!) Dei peikar på at språkfilosofien det siste hundreåret har teke utgangspunkt i idealiserte føresetnader om korleis språkleg samhandling fungerer: at talarane forsøker å seia noko sant, at dei lyttar til kvarandre, at dei har eit felles mål om å bidra til eit felleseige av kunnskap. Omtrent slik språket skal fungera i ein ideelt akademisk klasserom, altså.

Bad language av Herman Cappelen og Josh Dever (Oxford: Oxford University Press, 2019)

«Jødesvin»-sketsjen er berre eitt av mange aktuelle eksempel på at språket ikkje alltid lydar desse føresetnadene. For andre eksempel, tenk berre på debattane om «fake news» og desinformasjon, populisme og polarisering, ytringsfridom og «scenenekt», seksuell trakassering og samtykke.

Å studera språket utanfor dei tradisjonelle idealiseringane kan difor vera ein måte for språkfilosofien å bli meir relevant for samfunnet på. Det kan også føra språkfilosofien i tettare kontakt med nærskylde fagfelt som er meir opptekne av de ikkje-kognitive sidene av språket, slik som retorikk og greinene av lingvistikk og psykologi som studerer språkleg samhandling. Bad Language er i så måte ei aktuell og tidsmessig bok.

Analytisk lærebok

Bad Language er skriven som ein introduksjonsbok i språkfilosofi, særleg mynta på studentar innan filosofi og lingvistikk.1 Kvart kapittel er utstyrt med oppsummeringar og spørsmål til refleksjon og diskusjon. Forfattarane skriv innleiingsvis at boka ikkje føreset nokre spesielle forkunnskapar, og lever i stor grad opp til det: sjølv om ho kan vera krevjande og tettpakka med argument, blir omgrepa og problemstillingane porsjonsvis introduserte undervegs.

Cappelen og Dever tek utgangspunkt i den analytiske språkfilosofien i tradisjonen etter namn som Frege, Ayer og Carnap. Nietzsche blir nemnt, men elles er det tynt med referansar til eldre tradisjonar i filosofihistoria. Dette er eit sakn, for også tidlegare tenkjarar har reflektert over språket i sin ikkje-idealiserte bruk; tenk berre på drøftingane om forholdet mellom retorikk og filosofi i antikken. Aristoteles seier eksplisitt i sin Retorikk at den retoriske teorien handlar om korleis ein vender seg mot eit ikkje-ideelt publikum. Samstundes skal jo ei introduksjonsbok helst vera konsis og klart avgrensa, så dette er ikkje noka alvorleg innvending.

Det som følgjer er ein kort gjennomgang av dei tolv kapitla i boka, med vekt på det eg sjølv finn mest interessant og relevant for samtidige debattar, og med nokre merknader og spørsmål.

Sanning, løgn og bullshit

Første kapittel introduserer sju idealiseringar som forfattarane meiner har prega analytisk språkfilosofi, og peikar på korleis dei kjem til kort i møte med røynda. Lista byggjer på Paul Grice sine berømte maksimar for kommunikasjon mellom samarbeidsvillige samtalepartnarar: Sei berre det du meiner er sant og relevant for samtalen, og så vidare. Kapittel to tar opp nokre former for ikkje-idealisert språk som kan brukast både på godt og vondt. Eit døme er det Grice kalla implikatur: at talaren med vilje kommuniserer noko meir eller anna enn det han seier eksplisitt. Cappelen og Denver viser korleis dette kvardagslege fenomenet kan brukast for eksempel til å antyda at du er villig til å bestikka ein politibetent samstundes som du kan nekta for å lagt fram eit slikt tilbod, eller til å villeia ein domstol samstundes som du kan nekta for å ha loge.

Kapittel 3–4 tar opp forholdet mellom språk og sanning ved å sjå nærare på løgn, bedrag, villeiing og «bullshit»: tale utan omsyn til kva som er sant eller falskt. Cappelen og Denver gir ei god innføring i bullshit-teoriane til Harry Frankfurt og G.A. Cohen, som har fått fornya aktualitet gjennom debatten om «fake news». Cappelen og Denver går sjølve inn i denne debatten, og presenterer filosofiske argument for at «fake news» er eit lite brukande omgrep: det blir brukt på så ulike og uklare måtar at det er best å leggja det i skuffen. Frå meiningslause omgrep går dei vidare inn i potensielt meiningslause teoretiske diskursar, og legg ein visitt til debatten om akademisk sjarlataneri med brodd mot tenkarar som Jacques Lacan. Denne debatten fører dei inn på eit interessant spørsmål: Er det mogleg at Lacan og følgjarane hans trur at dei tenkjer noko meiningsfullt, utan at dei eigentleg gjer det? Eller med andre ord: Er det mogleg å ha genuine «tankeillusjonar»?

Foto: Mike Lambert / Flickr

Ord på avspor

Kapittel 5 handlar om «conceptual engineering», eit tema særleg Cappelen har jobba mykje med og løfta fram som eit forskingsfelt ved UiO. Det handlar kort sagt om korleis omgrep på ulike måtar kan vera defekte, og korleis ein kan «fiksa» dei slik at dei får eit meir tenleg innhald. Omgrepet «ekteskap» har til dømes blitt utvida til å omfatta også likekjønna par, og «valdtekt» har blitt definert om slik at det er noko som også kan skje innanfor eit ekteskap. Fleire meiner at omgrepet «person» også bør utvidast til å omfatta intelligente dyr eller kunstige intelligensar. Interessant nok når Cappelen sjølv ein nokså pessimistisk konklusjon om utsiktene for slik omgrepsfiksing: Kva me tenkjer og seier om kva ord bør bety, har lite å seia om kva orda faktisk betyr, meiner han. Dette synet blir presentert på ein balansert måte opp mot eit meir optimistisk syn som legg vekt på at partane i ein samtale alltid har ein viss kontroll over tydinga av orda dei brukar.

Kapittel 6 tar føre seg det kanskje mest openberre dømet på «bad language», nemleg skjellsord. Kva er skjellsord, og kva er det som gir ord som «neger» eller «jødesvin» si fornærmande kraft?2 Teoriane som blir presenterte i kapittelet spenner frå dei deskriptive, som seier at skjellsord berre er ein bestemt måte å skildra nokon på («jødesvin» er for eksempel lik «jøde» pluss bestemte negative eigenskapar) til dei prohibitive, som seier at «jødesvin» er eit skjellsord rett og slett fordi det er eit forbod mot å bruka ordet (for eksempel mot å legga det i Scrabble). Forfattarane kårar ikkje nokon klar vinnar, men dei peikar på at dei prohibitive teoriane opnar for at det distinkte ved skjellsord ikkje ligg i spesifikt språklege eigenskapar, men i psykologiske reaksjonar og sosiale normer.

Kapittel 7 tar opp eit framandt omgrep, men velkjent fenomen: «leksikalske effektar». Det viser til dei ulike ikkje-kognitive verknadane ord kan ha på tilhøyrarane – til dømes kjenslene og assosiasjonane som blir vekte i oss når me ser eller høyrer orda «fis», «Coca-Cola» eller «elg i solnedgang». Forfattarane er også innom korleis politikarar vel ord som vekkjer rette kjensler og assosiasjonar, til dømes ved å omtala arveavgifta som «the death tax» og trygdemottakarar som «welfare queens». (Frå ein norsk kontekst kan uttrykk som «navarar» og «velferdsprofitørar» nemnast.) Dei presenterer ingen generell teori om leksikalske effektar, men argumenterer for at det er eit emne som har blitt urettmessig ignorert og som fortener større merksemd frå språkfilosofar.

Foto: cursedthing / Flickr

Kapittel 8 handlar om korleis me blir førte på villspor av generelle uttrykk. Ta for eksempel påstanden «innvandrarar blir behandla godt». Kva tyder dette? Truleg er det ikkje meint alle innvandrarar, eller berre nokre innvandrarar, men noko ubestemt ein stad imellom. Forfattarane viser til ulike teoriar og eksperiment som viser at forståinga av slike uttrykk er kontekstavhengig: til dømes aksepterer folk påstanden om at «haiar angrip symjarar», sjølv om svært få haiar gjer det, men ikkje påstanden om at «kanadiarar er høgrehendte», sjølv om dei aller fleste er det.3

Korleis gjera (dumme) ting med ord

Kapitla 9–11 fører oss omsider inn i talehandlingsteorien: læra om «how to do things with words», som grunnleggjaren J.L. Austin uttrykte det. Talehandlingsteori byggjer nettopp på at språket kan brukast meir enn å informera om verda, for eksempel å kommandera, lova eller vigsla. (Såpass sentral som teorien er for tematikken i boka er det nesten rart han ikkje blir introdusert tidlegare.)

Wedding of Nicholas II and Grand Duchess Alexandra Feodorovn av Ilya Repin (1894) (Kilde: Wikimedia commons)

Kapittel 9 fokuserer på talehandlingar i situasjonar der du enten talar til fleire publikum på ein gong, eller det er fleire som talar samstundes (til dømes ein jury eller ein folkeforsamling). Dette leier fram til ein spennande diskusjon om kommunikasjon i digitale medium. Kva slags talehandling er for eksempel ein like på Facebook eller ein retweet på Twitter? Tel det som eit bifall, eller kan det tolkast annleis? Som Cappelen og Dever viser har slike spørsmål ført heilt inn i rettssalen.

Kapittel 10 tar opp nokre særleg problematiske talehandlingar, nemleg språkleg undertrykking og knebling («silencing»). Forfattarane drøftar argumenta som har blitt lagt fram for at visse typar ytringar (til dømes pornografiske eller rasistiske ytringar) undertrykkjer eller kneblar bestemte grupper (kvinner eller etniske minoritetar). Dei avviser ikkje desse synspunkta, men stiller spørsmål ved om det verkeleg er språket i seg sjølv som undertrykkjer/kneblar – eller om det berre reflekterer underliggande realitetar.

Kapittel 11 handlar om ei anna kinkig talehandling som har vore sentrum for mange kontroversar dei siste åra: samtykke. Forfattarane tar opp ulike definisjonar av og døme på samtykke frå ulike samanhengar, og viser kor komplekst fenomenet kan vera – blant anna kor vanskeleg det kan vera å avgrensa kva som ligg i eit samtykke, anten det er gitt eksplisitt (med ord) eller implisitt (med gestar eller handlingar). Dei konkluderer med at samtykke er eit «dynamisk» omgrep: det som er tvang i eitt tilfelle, kan vera samtykkande i eit anna – og grensedraginga i kvart tilfelle er ikkje noko lingvistikken kan hjelpa med.

Språkfilosofisk intervensjon

Det avsluttande kapittel 12 inneheld ei kort drøfting av bruken og nytta av ideale og ikkje-ideale teoriar generelt, med referanse til parallelle debattar innan politisk filosofi og vitskapsfilosofi.

Boka tar med andre ord opp eit vidt spekter av tema, teoriar og debattar. Det fører nødvendigvis til at det er grenser for kor djupt forfattarane kan gå inn i kvart enkelt emne. For studentane som utgjer den viktigaste målgruppa for boka er det naturlegvis ein fordel at boka både er tematisk brei, rik på døme og samstundes kortfatta. Det bidrar til det pedagogiske formålet at Cappelen og Dever presenterer stoffet på ein balansert, drøftande måte, utan å gå hardt inn for ei side i ein debatt. Lesarar som ikkje er studentar – som underteikna – kan av og til ta seg i å sakna at forfattarane går grundigare til verks med dei mest interessante problemstillingane, og at dei tar sterkare stilling til stoffet dei presenterer.

Samstundes som det er mange debattar boka tar opp, er det også mange som ikkje har fått plass. Til dømes er det påfallande at forfattarane ikkje kommenterer debatten om hatefulle ytringar. Dette emnet heng openbart saman med fornærmingar og språkleg undertrykking, som blir tatt opp i eigne kapittel, men er ikkje fullt samanfallande med dei, og det finst etter kvart ein rik fleirfagleg forskingslitteratur om hatytringar. Heller ikkje den nærskylde debatten om krenkingskultur, mikroaggresjonar og scenenekt som har gått ved mange universitet dei siste åra blir berørt. Ei bok kan sjølvsagt ikkje ta opp alt, spesielt ikkje når ho handlar om noko så universelt som språket. Eg saknar likevel at avgrensinga og utvalet eksplisitt blir forklart og grunngitt.

Viktigast er likevel det boka faktisk seier og gjer. Ho vil ikkje få deg til fundamentalt å endra syn på korleis språket fungerer; til det er forfattarane for pedagogiske. I staden tar ho utgangspunkt i korleis du allereie veit at språket opptrer i ulike samanhengar, og gir deg nye teoretiske verktøy og rammeverk til å forstå, reflektera over og diskutera dei med. Det er verktøy og rammeverk som kan trengast i dei mange debattane som spinn rundt språkets mange skuggesider – òg dei som Cappelen & Dever sjølve ikkje går inn i. Slike debattar har ein lei tendens til å bli prega av skyttargravstillingar og lågt presisjonsnivå. Kanskje litt god filosofi om «dårleg» språk er det som skal til for å gjera dei meir fruktbare.

Noter

  1. Boka inngår i ein serie med «Contemporary Introductions in the Philosophy of Language» gitt ut av Oxford University Press. Cappelen & Dever har skrive to andre bøker i same serien: Context and Communication (2016) og Puzzles of Reference (2018).
  2. Ved å nemna skjellsorda eksplisitt i diskusjonen av dei følgjer eg Cappelen og Denver, som forsvarar denne tilnærminga framfor å sensurera skjellsorda eller å berre bruka spesielt milde skjellsord som døme.
  3. Ein viktig samtalepartner her er Sally Haslanger, som frå ein feministisk ståstad har problematisert generelle utsegner som «Kvinner er underdanige».
Powered by Labrador CMS