Cassirers kritikk av Heidegger

AKTUELT: Med utgjevinga av dei såkalla «svarte hefta», Martin Heidegger sine «tankedagbøker», er debatten kring «Tilfellet Heidegger» igjen opna. Allereie Ernst Cassirer, Heidegger sin samtidige kritikar, antyda eit svar på spørsmålet om Heidegger sin nazisme og antisemittisme, men gjekk meir grunnleggjande til verks: Debattane mellom dei to rører ved spørsmåla om kva filosofi er eller bør vere, om filosofen si offentlege rolle og om forholdet mellom filosofi og politikk.

Les mer

Kulturfilosofi i vår tid

FORSKNING: Er det igjen tid for kulturfilosofi? I så fall er Ernst Cassirer ein viktig og aktuell filosof. I tråd med programmet til Marburgskulen, utvida han Immanuel Kants fornuftskritikk til ein kulturkritikk. Med sin filosofi om dei symbolske formene la Cassirer fram det han kalla «nogle ‘prolegomena for en fremtidig kulturfilosofi’».

Les mer

Cassirer, Sartre og Østerberg

BOKOMTALE: Kritisk situasjonsfilosofi (2011) er ei bok som gir oss den syntesen av Jean-Paul Sartre og Ernst Cassirer som Dag Østerberg skisserte i ein norsk journal for metafysisk spekulasjon for tjue år sidan. Eg melder med dette boka til ålmenta – i eit forsøk på å seie noko fornuftig om kva ein kan lære av å lese den. Dette er mi første melding til lesaren: Her er det noko å lære!

Les mer