Takk for i år!

DSC_0015_DxOFP2

Foto: Mats Andreas Nielsen (©)

AKTUELT: Salongen ønsker å takke alle våre mange bidragsytarar, samarbeidspartnarar og lesarar for året som har gått.

2015 har vore eit spennande år for Salongen: I tillegg til alle dei gode og varierte tekstbidraga frå både veletablerte og nyare stemmer i den norske filosofi- og idéhistoriefaunaen, lanserte Salongen nye nettsider i mai og gjennomførte eit tredagars symposium med «Nietzsche og kunsten» som tema i september.

debattfronten har vi publisert mange interessante innlegg som på ulike vis drøftar kva stilling fag som filosofi og idéhistorie spelar i samfunnet vårt. Salongen har som mål å vere den viktigaste møteplassen i landet for alle som arbeider innanfor, eller er interesserte i, desse faga. Derfor er debattar og meiningsutveksling av institusjonell og politisk art noko vi meiner er viktig å framheve for bringe det faglege inn i ein aktuell kontekst.

Sjølv med eit så innhaldsrikt bak oss vil Salongen halde blikket retta framover, mot det nye året. Du får lese nye essays, bokomtalar, omsettingar og aktualitetssaker. Samtidig tar vi med oss erfaringane frå Nietzsche-symposiet når vi no legg planar for nye spennande arrangement, som vil bli annonsert i løpet av 2016, på Salongen, Facebook og Twitter.

Salongen ønsker å takke alle våre mange bidragsytarar og samarbeidspartnarar samt lesarane våre som viser at det finnast stor interesse for filosofi og idéhistorie i Noreg, både i og utanfor universiteta.

Godt nytt år!

Redaksjonen i Salongen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *