Innovasjon gjennom tidene

BOKOMTALE: Kvifor tenkjer vi så positivt om teknologisk nyskaping og innovasjon?

Av Alexander Myklebust

Benoît Godin sitt prosjekt i boka Innovation Contested – The Idea of Innovation over the Centuries er todelt. På den eine sida vil han gjennomføre ei deskriptiv historie av omgrepet «innovasjon», som skal vise endringar i synet på fornying og samfunnsutvikling; på den andre sida vil han utfordre forteljingane innan innovasjonsstudier om kva innovasjon er og kor omgrepet stammar frå.

LES OGSÅ: Humanioras fremtid • Norsk økonomisk politikk etter 1905

Boka er delt inn i fire delar som består av tre kapittel kvar. Første del «The Emergence of the Concept» sporar ideen om innovasjon tilbake til det gamle Hellas, via romarriket til slutten av mellomalderen, nærare bestemt til Niccolò Machiavelli. Denne innovasjonen si forhistorie viser korleis omgrepet vaks fram og etablerte seg i den politiske diskursen. Dei tre delane som følgjer er strukturert rundt kvart sitt episteme, som samsvarer med ulike epokar i innovasjonsomgrepet si utviklingshistorie. Desse tre er «forbodsepistemet», «instrumentepistemet» og «verdiepistemet».1

Innovasjon som undergravande aktivitet

For Godin er det viktig å vise korleis «innovasjon» opp gjennom store delar av historia fram til det tjuande hundreåret, med nokre frå unntak, hadde svært negative konnotasjonar. Innovatøren var ikkje ein person som gjennom vitskapleg innsikt eller tekniske ferdigheiter var i stand til å skape noko nytt eller løyse eit problem, og som såleis trakk samfunnet framover, slik vi gjerne tenkjer om han i dag. Faktisk hadde ikkje innovasjon å gjere med teknologi eller noko som helst materielt.

Godin meiner å finne utspringet til omgrepet «innovasjon» i det gammalgreske ordet kainotomia. Han fortel at ordet, som har ei bokstavleg omsetting i «cutting fresh into», fekk ei metaforisk meining i form av det å introdusere endring i den etablerte orden.2 Xenophon var den første til å bruke ordet i denne forstand, då han snakka om nye og risikable politiske handlingsplanar, som på trass av ein viss risiko kunne vere tenelege for staten. Så langt var ikkje innovasjonane berre negativt, men Godin viser korleis seinare greske tenkjarar som Platon og Aristoteles la vekt på det risikable og farlege, og brukte ordet i ein nedsettande og åtvarande forstand. For dei begge var staten sin stabilitet det viktigaste. Det mest interessante ved drøftingane av kainotomia og diskursen rundt omgrepet er at dei viser korleis argument mot innovativ aktivitet som har blitt ført i stadig nye former dei siste drøyt 2000 åra allereie var til stades i antikken. Spesielt gjeld dette argumentet til Aristoteles om at små endringar i staten sitt virke, som i seg sjølv kan vere uviktige, over tid vil vakse seg store og føre til gjennomgripande forandringar.

Kong Edward IV gjorde det ulovleg å innovere. (Kjelde: Wikimedia Commons)

Godin tek deretter for seg heile perioden frå romarriket og fram til renessansen. Det som kjenneteikner denne lange tidsperioden, fram til omgrepet «innovasjon» første gong dukkar opp, i form av innovo, er at det er snakk om innovasjon i hovudsak i verbform, og ikkje i substantivform. I den same perioden blir det introdusert ein kristleg konnotasjon som peikar mot spirituell fornying, i ein positiv forstand.3

Machiavelli sin bruk av «innovasjon» i Fyrsten og Discorsi blir tildelt eit eige kapittel. Ikkje berre var Machiavelli unik for si tid i at han hadde ein positiv oppfatning av politisk innovasjon, men i kvart av dei to verka er bruken av omgrepet noko ulik. I Fyrsten er det snakk om politisk og institusjonelle endringar, medan det i Discorsi dreier seg om imitasjon av, og tilbakevending til ein orden som har blitt korrumpert over tid.

LES MEIR: Machiavelli på norsk • I krigens skygge og speil 

Andre del «The use of the concept – The prohibiton episteme» tar først for seg to laust samanhengande kontroversar i England på 1600-talet, omkring endringar i religion, og seinare i statsforfatning. Utgangspunktet for Godin si drøfting er perioden etter den engelske reformasjonen, som var prega av både politisk og religiøs strid. Royalistar og republikanarar veksla på å rakke ned på kvarandre ved å bruke ordet innovatør for dei som ønska å endre det ein såg på som ein naturleg orden. Det heile starta, ifølgje Godin, med at kong Edward VI utsteda «A Proclamation Against Those that Doeth Innovate»4, som gjorde det straffbart å innovere. Igjen vart ordet brukt i ein politisk kontekst om det å gjere endringar i den politiske orden, og som dermed var undergravande for det beståande.

Sadlingstida

Deretter introduserast omgrepet «sosial innovasjon» som på 1800-talet vart eit viktig verkemiddel i agitering både for og imot radikale politiske rørsler. I alle dei tidlegare dei kontroversane der innovasjon vart debattert var det i all hovudsak forstått i negativ forstand og brukt i ein polemisk retorikk kor ein skulda kvarandre for å bryte med ein etablert og legitim samfunnsorden. På same tid representerer dei sosiale innovatørane ei vending mot ein bruk av omgrepet «innovasjon» med positive konnotasjonar. Heller enn å kjenne seg tradisjonsbundne var dei retta mot framtida og ein mogleg utopi. På den måten skil kontroversane i denne tida seg frå dei som fann stad på 1600-talet og tidlegare, kor alle sider meinte å finne legitimitet i fortida.

Desse hinta om ei vending i den polemiske diskursen omkring dei sosiale innovatørane fører fram til boka sin tredje del som tar for seg instrumentepistemet. Her tar Godin i bruk Reinhart Koselleck sin tanke om «Sattelzeit» (sadlingstid) som fann stad i perioden 1750–1850. I denne tida skjedde det ifølgje Koselleck ei generell vending i korleis ein tenkte om tid, politikk og samfunn. Ein var ikkje lenger orientert bakover, mot tradisjonar og det kjende, men såg framover mot det nye og ukjende. Dette førte med seg ei revurdering av mange, særskilt politiske, omgrep. Godin hevdar at også «innovasjon» var gjenstand for ei slik revurdering.

Dei mest påfallande nye konnotasjonane som kom til under «die Sattelzeit» var instrumentalitet og ein form for revolusjonær (ikkje i ein politisk forstand) aktivitet. Godin peikar på Jeremy Bentham som ein viktig person i denne vendinga, då han argumenterte for at (teknologisk) innovasjon og nyskaping var avgjerande for å den faktiske auka i velstand som hadde gått føre seg frå dei tidlegaste stadia av mennesket si utvikling. I tillegg til å kople innovasjon til ei slikt utviklingstenking, la Bentham grunnlaget for det som har vorte ein vanleg tenkjemåte i dag, kor ein ser føre seg at det er den teoretiske vitskapen som legg grunnlaget for og fører fram til, nye nyttige oppfinningar.

Det paradoksale som Godin sin analyse får fram er at sjølv om det skjedde ei tilsynelatande avpolitisering av omgrepet, nettopp gjennom at det vart knytt til teknologi og instrumentell tenking, får det kanskje endå større politisk verknadskraft enn tidlegare.

Innovasjon som teknologisk nyskaping

Den fjerde og siste delen «Diffusion of the concept – The value episteme» tar for seg innovasjon i tjuande hundreåret og fram til i dag. Godin tar her eit oppgjer med faget innovasjonsstudier sine forteljingar om seg sjølv og si historie. Han slår fast at innovasjonsteoretikaren og økonomen Chris Freeman var særskilt viktig i å etablere den faglege legitimiteten og eigenarten til innovasjonsstudiar ved sidan av andre skular innan økonomifaget. Dette klarte han ved å tillegge den austerrikske økonomen Joseph Schumpeter rolla som faget sin forfar. Schumpeter har i stor grad fått æra av eigenhendig å ha etablert den moderne forståinga av kva innovasjon er for noko. Slik meiner Godin at innovasjonsteorien har konstruert ei historie som gjer det vanskeleg å få auge på den faktiske utviklinga av ideen om innovasjon, og kva slags usagte premiss det spelar på.

På dette punktet har boka ein nokså anna tone enn dei andre delane. Her skjer det ei vending frå det deskriptive til ein kritikk av moderne forteljingar om kva innovasjon er og kor omgrepet kjem frå. Det er dei uutalte ideologiske føringane som ligg i ideen om innovasjon Godin er ute etter å avdekke og utfordre.

Godin finn at eit viktig steg i utviklinga av teknologifiseringa av innovasjonsomgrepet vart gått då ingeniørar på 60-talet tok på seg såkalla «social responsibility».5 Slik vart innovasjon etablert i kontrast til rein grunnforsking, som blir utførd for sin eigen del, utan tanke på verda omkring. Ingeniørane såg rolla si som å vere dei som kunne sette saman ulike kunnskapar til nyvinningar med ein praktisk bruk som samfunnet kunne ha behov for.

Godin viser korleis innovasjon har blitt ein del av ingeniørfaget og via innovasjonsstudiar blitt knytta til tanken om at innovasjon bidrar til økonomisk vekst. Særskilt viktig var altså at Freeman var i stand til å danne eit bilde av Schumpeter som den store innovasjonsteoretikaren som seinare forskarar i feltet følgjer i fotspora til. Freeman tilførte innovasjonsomgrepet særskilt to aspekt; kommersialisering og politikkutforming. Desse to aspekta blir kopla saman slik at forskingspolitikk får som oppgåve å legge til rette for innovasjon gjennom fordeling av midlar. Vidare går han inn på at innovasjon er blitt ein sentral del av politikkutforming, gjennom ikkje minst OECD6 som brukar innovasjon som eit mål på økonomisk vekst og produktivitet.7 Dette gjer at boka blir noko meir enn ei reint akademisk øving.

MEIR OM TEKNOLOGI: Å samtale med maskiner • «Maskinisme» og destratifisering

Ved å analysere eit omgrep som står sentralt i koplinga mellom økonomisk og politisk språkbruk blir Godin si bok eit eksempel på kvifor også eit idéhistorisk medvit er viktig for å forstå dei samfunnsmessige utviklingstrekka omkring oss.

Innovation Contested, med dei historiske delane, kan altså under eitt lesast som ein godt oppbygd polemikk mot tankegodset som ligg i innovasjonsiveren vi finn i politikk, økonomi og generelt i samfunnet i dag. Men sjølv om Godin argumenterer godt for at den forma for innovasjon som ligg til grunn ikkje vart skapt av Schumpeter er det på same tid vanskeleg å ignorere austerrikaren sitt bidrag. Han stod bak eit historisk perspektiv på økonomisk utvikling der teknologisk og økonomisk vekst heng uløyseleg saman; eit perspektiv som gjev eit teoretisk rammeverk kor politikk, økonomi og vitskap er fullstendig integrert i kvarandre, nokså ulikt anna gjengs tenking. Dette betyr sjølvsagt ikkje at Schumpeter har skapt den moderne ideen om innovasjon, men han har systematisert han og gjort han operasjonell for teoretikarar, teknologar og politikarar. Det kan vere verdt å gå litt nærare inn på kva slags tankar han faktisk stod for.

800px-Tom_H__Stoward_-_The_steam_winch_-_Google_Art_Project

The Steam Winch. Fotografert i 1909 av Tom H. Stoward (1874–1941). (Kjelde: Wikimedia Commons)

Schumpeter forumlerte ideen om «creative destruction» i boka Capitalism, Socialism and Democracy. I denne såg Schumpeter for seg at det kapitalistiske systemet uvergeleg ville føre fram til sosialisme. Ikkje heilt ulikt Marx meinte han at det opp gjennom historia har vore ulike stadie av kvalitativt forskjellige økonomiske periodar, og at desse representerer stadig høgare produktivitet og velstand.8 Poenget hans var at økonomiske strukturar øydelegg seg sjølv frå insida og legg grunnlaget for nye økonomiske strukturar. På side 73 kan vi lese at «This process of Creative Destruction is the essential fact about capitalism. It is what capitalism consists in and what every capitalist concern has got to live in». Slike omveltingar skjer i følgje teorien gjennom at det blir innført innovasjonar i marknaden som slår den etablerte likevekten i økonomien ut av spel, og dermed øydelegg for eksisterande forretningsformer, men samtidig opnar opp for nye. Eit nærliggjande eksempel er utviklinga av internett dei seinare åra, som på stadig meir dei siste tiåra har lagt premissa for det økonomiske livet.

At økonomisk og teknologisk framgang skjer gjennom ein historisk eller evolusjonær prosess som gjer kvalitative sprang ved innovasjon var altså ideen Schumpeter stod for. Denne ideen har i seg noko meir enn det innovasjonsomgrepet si historie har lagt grunnen for, nemleg at innovasjon er uløyseleg knytta til økonomi og teknologi, og at politiske endringar er direkte påverka av kreativt øydeleggande utvikling.

Godin gjer rett i å kritisere Freeman si opphøging av Schumpeter, men på same tid er det ikkje til å kome utanom at Schumpeter faktisk stod for ei vesentleg utvikling i omgrepet si utvikling og aktualisering. Den polemiske haldninga overfor Freeman og tradisjonen etter han kan ha gjort at andre, relativt nylege, utviklingssteg i innovasjonen si historie ikkje har vore synlege for han. Godin kunne med fordel i Innovation Contested trekt inn andre sider ved dagens økonomiske og teknologiske innovasjonsomgrep som dessverre ikkje har fått plass. Ein kan sakne ei forklaring på korleis omgrepet innovasjon har fått så stor gjennomslagskraft i ulike fora, for eksempel i universitetssektoren som i stadig større ser det som si oppgåve å drive fram innovasjon. Fokuset på Freeman og Schumpeter maktar ikkje å svare tilfredsstillande på dette. Heller tvert om får denne fikseringa det til ein viss grad til å framstå som merkeleg at ideen om innovasjon har spreia seg så vidt, all den tid innovasjonstradisjonen er nokså marginal i økonomifaget.

GodinBLivre2015

Innovation Contested – The Idea of Innovation Over the Centuries av Benoît Godin. Routledge, 2015.

Eit nærliggjande alternativ til ei forklaring på kvifor teknologisk innovasjon har blitt så viktig i våre dagar er å finne i usikkerheitene omkring måling av økonomisk produktivitet som blei tematisert allereie på 30-talet, og gjenstand for tiltakande debatt på 50- og 60-talet i USA. I sentrum står problemet med å forklare kva produktivitetsendring og korleis det skjer. Godin nemner kort dette problemet i økonomifaget, men forlet dette fort, fordi det tilhøyrer ein annan tradisjon enn innovasjonsstudiane (side 261–262). Det er då interessant å merke seg ein artikkel (publisert på nettsidene til OECD) skriven av ein av dei mest markante figurane innan innovasjonsstudiar Nathan Rosenberg, «Innovation and Economic Growth».9 Der blir innovasjonsideen skriven rett inn diskusjonen om målingsproblemet, noko som kan tyde på at kløfta mellom dei ulike tradisjonane eigentleg ikkje er så stor, og at det einsidige fokuset ikkje lar viktige aspekt kome til orde.

Uansett er konklusjonen at det finnast ein underliggjande ide om samfunnsnytte i det teknologiske innovasjonsomgrepet. Konsekvensen blir då at uavhengig av kva den konkrete innovasjonen faktisk er, så er han per definisjon tenkt som god, noko som vil føre samfunnet eit steg vidare. Det mest vesentlege er derimot at han viser korleis det teknologiske innovasjonsomgrepet har i seg implisitte normative førestillingar om kva som driv det sosiale, politiske og økonomiske i samfunnet framover.

Notar

1 «The prohibition episteme», «the instrument episteme» og «the value episteme».

2 Side 19. Alle sidereferansar i fotnotane er til Innovation Contested.

3 Side 54.

4 Side 75.

5 Side 251.

6 Jf. Oslo-manualen [Henta 11.10.2015].

7 Side 271.

8 Forskjellig frå Marx, derimot, meinte Schumpeter ikkje at sosialismen vil bli realisert gjennom revolusjon. I staden såg han for seg at kapitalismen vil legge til rette for ein klasse av intellektuell som er i stand til å kritiserer systemet dei sjølv har blitt til gjennom, og at dette fører til refomar i sosialdemokratisk retning. Jf. Joseph Schumpeter, Capitalism, Socialism and Democracy. Routledge, 2010.

9 Tilgjengeleg her. [Henta 11.10.2015].

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *