Forskning

Religion, minne, genealogi med Paul Ricoeur

Publisert
Paul Ricoeur

Ved midten av 1950-talet kjem den franske filosofen Paul Ricoeur (1913–2005) til å kritisera Heidegger for å oversjå den hebraiske arven som ‘kjelde for tanken’ – i tillegg til filosofien sitt greske opphav. På same tid held Ricoeur sjølv på å førebu sin filosofiske studie av det vonde, skuld og fridomsproblemet i lys av dei gamle symbola og mytane frå Hellas og Det nære Midtausten i La symbolique du mal frå 1960. Studien min tar utgangspunkt i spenninga mellom den greske og den hebraiske bakgrunnen for det oksidentale mennesket. Den er ei religionsfilosofisk undersøking av korleis ein religiøs arv, i form av myte, symbol og refleksjon, på formande vis har del i det kollektive minnet som er ‘det oksidentale minnet’.

Avhandling om Paul Ricoeur på norsk: Øystein Brekke Anamnese & eskjatologi. Religion, minne, genealogi med Paul Ricoeur, Universitetet i Oslo, 2010 (411 s.).

Skuld og fridom
Arbeidet tar utgangspunkt i nettopp Paul Ricoeur, som ein av dei filosofane i nyare tid som har reflektert mest gjennomgåande omkring den jødisk-kristne tradisjonen i eiga tenking. Studien har form av ei nærlesing av det religionsfilosofiske arbeidet La symbolique du mal, og er fokusert rundt spørsmålet om skuld og fridom i det seinmoderne tilværet. Eg les her La symbolique du mal ikkje berre som eit interessant arbeid på symbolet og det vonde for sin eigen del. Snarare ønskjer eg å sjå det sentrale religionsfilosofiske arbeidet til Ricoeur som integrert del av ein overordna viljesfilosofi, som også er ein fridomsfilosofi hos Ricoeur.

I tråd med dette perspektivet står den fem år yngre freudstudien til Ricoeur, Essai sur Freud (1965), fram som ein viktig metodologisk etter-refleksjon over arbeidet som gjekk føre seg i La symbolique du mal. Resultatet av ei slik tilbakelesing er at det sistnemnde verket står tydelegare fram som ei normativ bearbeiding av dei diskursive røtene til det minnet om skuld og fridom som har vore formande for Oksidenten. Med den omgrepslege artikuleringa som den seinare Essai sur Freud gir, lar den føregåande symbol- og mytestudien til Ricoeur seg no lesa som sjølv ein intervensjon i det kollektive minnet som er det oksidentale minnet, med eit ‘kulturterapeutisk’ sikte.

Epigenese
Frå dette materialet stig det vidare fram ein dialektisk teori om religionen, som ein størrelse i krysningsfeltet mellom ein arkeologisk og ein teleologisk fortolkingsakse. I dette ligg ei forståing av den religiøse arven som noko som både lar seg analysera ved ein reduktiv og mistenksam analyse og, samstundes, som ein mogleg berar av progresjon. Begge desse ‘fartsretningane’ i fortolkinga lar seg femna inn i den signifikante termen epigenese, som er namnet på den filosofiske endringsfiguren som avhandlinga søkjer å etablera med Paul Ricoeur.

Materialet er vidare ført saman med nyare filosofiske fortolkingar av den jødisk-kristne tradisjonen, hos tenkjarar som Giorgio Agamben, Eric L. Santner og Slavoj Žižek. Religionen, og den jødisk-kristne arven, er med dette sett i spel med tanken om eit kollektivt, kulturelt minne med koplingar til psykoanalytisk teori og ein konkret refleksjon som anerkjenner religionen både som ‘noko å tenkja på’ og som ‘noko som (sjølv) tenkjer’.

Øystein Brekke er cand.philol. frå Universitetet i Oslo frå 2002. Han har vore tilsett som universitetetsstipendiat ved Det teologiske fakultet, UiO frå 2005 til 2009, og hadde studieopphald i Paris våren 2006 og hausten 2007. Avhandlinga blei forsvart ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo, 26. februar 2010.

Omtale av doktoravhandling ved Jan-Olav Henriksen

Powered by Labrador CMS