Tidsskrift

Nytt Filosofisk supplement

Publisert

Det nye nummeret av Filosofisk supplement omhandlar «forskjell». Fyrst og fremst er tenkinga rundt forskjell eit filosofihistorisk viktig moment fordi vi finn eit skilje i mellom anna 1970-åras post-strukturalistiske, feministiske, post-kolonialistiske og diskursteoretiske filosofi – der forskjell, det som er annleis og framand, for fullt vert gjort til tema for ein teoretisk analyse. Det ligg i sakas natur at forskjell er det som truer, utfordrar, splittar, pressar, åtek og set på spel det som er det same, det vi veit, det sjølvsagte og det nære.

I dette nummeret av Filosofisk supplement har vi famna breitt med tematikken vår. I artikkelen til Ingrid Grønli Åm og Eirik Høyer Leivestad, «Deleuze og forskjellens kreativitet», gir dei eit innblikk i korleis ein av dei store forskjellstenkjarane, Gilles Deleuze, set tenkinga på hovudet, og korleis han freistar å setje fram det vanskelege og obskure som filosofiens oppgåve.

I artikkelen «Forstandens kamp mot fornuften» set Espen Stabell Hegel sitt Differensskrift under lupa. Han visar at Hegels omgrep om det absolutte spring ut av eit forsvar for fornufta mot den transcendentale idealismens forstand.

Andreas Fjellstad trekk merksemda vår bort frå det kontinentale og gjev oss eit argument som skal vise at kontradiksjonsprinsippet er eit naudsynt moment ved mennesket som språkbrukarar for at vi i det heile skal kunne skilje mellom det som er meiningsfullt og det som ikkje er. Ei lesing av Aristoteles’ artikulering av prinsippet kjem til uttrykk i artikkelen «Kontradiksjonsprinsippet og kommunikasjon».

Halvor Kvandal freistar i «Individet og det radikalt annet» å påvise strukturelle likskapar mellom omgrepet om det andre som kjem til syne hos Levinas og Kierkegaard, medan eit blikk på oppdelinga mellom det mannlege og det kvinnelege hos Platon vert sette under drøfting i Hege Dypedokk Johnsens artikkel om kjønnløysa i Staten.

I tillegg inneheld bladet bokmelding, meister- og reisebrev, quiz, kryssord og utdrag frå Den Leksikryptiske Encyklopedi.

Filosofisk supplement er eit studentdrive tidsskrift tilknytt Program for filosofi ved Universitetet i Oslo.

Filosofisk supplement er i sal på Akademika, Tronsmo, Norli Universitetsgaten, Tanum Majorstuen, Langbrecke Bok- og Papirhandel, Bislett Bok, samt i utvalde Narvesen- kioskar. Eit årsabonnement kostar 140 kroner (4 nummer). Klikk deg inn på www.filosofisksupplement.no, eller send ein e-post til filosofisk-supplement@ifikk.uio.no for å bestille.

Powered by Labrador CMS