Forskning

Ein pervers art

«Sodomien var et slags tilbakefall i synden, den homoseksuelle er nå blitt en art.» Slik skildrar Michel Foucault utviklinga til kategorien «homoseksualitet»: Frå ein vid juridisk og teologisk kategori om forbodne seksuelle handlingar – til ein medisinsk kategori om ein særskilt personlegdom. Men tanken om «den homoseksuelle» som ein art har sameksistert med oppfatningar om synd, smitte og fleksibel seksualitet.

Publisert
(Illustrasjon: iStock)

Sodomien, eller «omgængelse mod Naturen» som det heitte i Christian 5s Norske Lov av 1687, var ei nemning som både omfatta seksuelle handlingar mellom menn og mellom menneske og dyr. Lovbrotet var sanksjonert med dødsstraff med «Baal og Brand». På denne tida var forbodet religiøst fundert: Sodomien var eit brot med den guddommelege orden. Men med tida forvitra moselova som rettskjelde. Då trong lovverket ei ny grunngjeving, til dømes i samfunnets «sædelighed» eller folkets biologiske og kulturelle utvikling.

Eit medfødt avvik

Runar Jordåen disputerte i fjor med avhandlinga Inversjon og perversjon. Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til 1960. Han er i dag forskar ved Universitetet i Bergen. (Foto: UiB)

På slutten av 1800-talet blei særskilt psykiatrien vitskapen for «det abnormale individet». Dette var menneske som på grunnlag av degenerativ arv hadde instinkt og impulsar som – særleg i kombinasjon med ugunstige miljøpåverknader – gjorde det «farleg». Difor måtte samfunnet verna seg mot slike individ. Slik blei eit rom som verken var strafferetten eller medisinen sitt domene skapt. Dei abnormale, farlege individa måtte takast hand om av andre mekanismar enn straff i streng forstand.

Dei kunne i ekstreme tilfelle internerast, i andre tilfelle takast hand om av pedagogikken, terapien eller endåtil leggast på operasjonsbordet.

«Homoseksualitet» blei i denne psykiatrien forstått som eit særskilt symptom eller syndrom som botna i arv. Ei eiga medisinsk nemning fekk det med den tyske psykiateren Carl Westphals «kontrære seksualkjensle» frå 1869. Og med psykiateren og sexologen Richard von Krafft-Ebings katalog over seksuelle «perversjonar», Psychopathia sexualis frå 1886 fekk det sin plass i eit større medisinsk system. I Noreg fekk den homoseksuelle ein plass då ein ny psykiatri, som tematiserte ei rekke fenomen i «sinnsjukdommens grenseland», blei etablert på 1890-talet. I 1893 blei omgrepet introdusert på norsk i ein artikkel i Tidsskrift for den norske lægeforeningen, og snart kom det inn i lærebøker og populære framstillingar.

Den første gongen det nye symptomet opptrer i norsk kjeldemateriale var likevel ikkje i medisinske skrifter. Professor i statsøkonomi Ebbe Hertzberg søkte i 1886 å forsvara seg mot skuldingar om seksuelle handlingar med unge menn frå arbeidarklassa. Han hevda at han var fødd slik og at han ikkje kunne lastast for sin dragnad mot menn. Det heile blei støtta opp av ei psykiatrisk erklæring om Hertzbergs «conträre Sexualempfindung» underteikna av sjølvaste Carl Westphal.

Artsforståinga av homoseksualiteten kan berre delvis forståast som ein medisinsk konstruksjon; parallelt og dels i dialog med psykiatriens formulering av homoseksualiteten som perversjon, formulerte sjølvdefinerte homoseksuelle sin tilstand som uttrykk for ein medfødd androgyn tilstand som verken var uttrykk for umoral eller kunne straffast.

Forføring og smitte

Artsforståinga la altså både premissa for ein homoseksuell identitet og for ei «medikalisering». Men dei terapeutiske utsiktene var avgrensa: Då legane i Kristiania hausten 1906 og vinteren 1907 diskuterte homoseksualiteten i Det medicinske selskab, var det smått med handfaste behandlingsråd: Det blei fortald om forsøk med hypnose (utan eintydig vellukka resultat), og det blei heldt fram at ein burde tilrå seksuelt fråhald og åtvara mot inngåing av ekteskap.

Psykiater Ragnar Vogt (1870–1943) var sentral i debatten om homoseksualitet på 1920-talet. (Foto: Library of Congress)

Forståinga av den homoseksuelle som ein art blei supplert med ein annan tankegang, det vi kan kalle smitteforståinga. I debatten i 1906 og 1907 blei det peikt på at ungdomstida var ein sårbar fase, og at særleg unge med ein ubestemt seksuell disposisjon lett kunne førast i feil retning seksuelt, avhengig av ytre påverknad. Samstundes sette psykoanalysen fokus på familie, oppseding og psykologisk utvikling. Slik medverka den òg til ein teori om smitte, om at tidlege røynsler kunne gjera individet «varig» homoseksuelt.

Psykiatrane fekk direkte innverknad på debatten om homoseksualitet og straff. I Straffelova av 1902 hadde ein fått ein paragraf (§ 213) som forbaud seksuelle handlingar mellom menn. Under debatten i 1906 og 1907 tok fleire av legane til orde for ei oppheving av § 213, men det blei antyda eit særskilt behov for «vern» av ungdom. Då det var snakk om revisjon av paragrafen i 1925 og 1953 var det i tråd med dette begge gonger føreslått å oppheva det generelle forbodet, men i staden å innføra ein høgare seksuell lågalder for homoseksuelle forhold.

Smitte- eller forføringsteorien fekk altså ein framtredande plass i diskusjonen om kriminalisering av homoseksualitet. Grunngjevinga, som psykiatrane Ragnar Vogt og Ørnulv Ødegaard la premissane for (høvesvis på 1920-talet og 1950-talet), var at tidlege likekjønna seksuelle opplevingar måtte hindrast ut frå eit forføringsperspektiv. No blei ikkje desse endringane gjennomførte, men i praksis var det likevel slik at § 213 nesten utelukkande blei nytta i tilfelle der seksuell omgang mellom ein part over 21 og ein under 21 år hadde funne stad. Samfunnets «vern» mot homoseksualitet kunne såleis styrkast av straffeføresegner bestemte ut frå medisinske teoriar om korleis abnorm seksualitet utvikla seg.

Mellom «legning» og flytande identitet

Diskursen om homoseksualitet og strafferett skulle altså komma til å bli konsentrert om «vern av ungdommen». I forkant av opphevinga av § 213 i 1972 sto framleis dette temaet sentralt; den norske homoorganisasjonen Forbundet av 1948 argumenterte med hell for at homoseksualitet ikkje kunne utviklast som resultat av tidleg seksuell kontakt, og resultatet blei ei vilkårslaus oppheving av paragrafen med lik seksuell lågalder for homo- og heteroseksualitet. Slik kan ein seia at artsforståinga blei aktivisert mot smitteforståinga, og eit viktig fundament for homopolitikken har òg seinare vore ei slik sementering av «legning» som ein konstant storleik.

Litteraturvitaren Eve Kosofsky Sedgwick skriv om «universaliserande› og «minoritiserande› oppfatningar om homoseksualitet. (Foto: Wikimedia commons)

I homorørsla har født-slik-oppfatningar stått sterk når det gjeld å etablera ein homoseksuell identitet som utgangspunkt for politisk handling.

Samstundes har diskursar om ein meir flytande seksualitet sidan 1970-talet også vore ein viktig understraum i homorørsla sin diskurs, men no med positivt forteikn: Ikkje som smitte, men som moglegheit for utprøving og personleg utvikling. Sidan 1990-talet har ei slik oppfatning stått sterkt i utfordringane retta mot homorørsla frå queer-teoretikarar og aktivistar.

Historia om «den homoseksuelle» sidan slutten av 1800-talet er altså meir enn ei artshistorie: Snarare kan ein med den amerikanske litteraturvitaren Eve Kosofsky Sedgwick (1990) tala om ei stadig veksling og sameksistens mellom «universaliserande› og «minoritiserande› oppfatningar om homo- og heteroseksualitet: Homoseksualitet har vekselvis blitt oppfatta som noko som kan vedkomma alle og noko som vedkjem ein minoritet. Innan medisinen har homoseksualiteten kunna sjåast på både som ein medfødt tilstand og noko som kunne breia om seg eller smitta. På liknande vis har homorørsla veksla mellom universaliserande og minoritiserande oppfatningar, mellom født-slik-oppfatningar og oppfatningar om ein flytande seksuell identitet utan skarpe skilje mellom homo- og heteroseksualitet.

Avhandlinga mi tar for seg medikaliseringa av homoseksualitet frå slutten av 1800-talet fram til 1960-talet. På eit plan slutta denne historia definitivt i 1977, då Norsk psykiatrisk forening kom med ei uttaling mot bruk av homoseksualitet som diagnose. På eit anna nivå held kanskje historia fram: Sidan slutten av 1800-talet har ein kunna dela menneska inn i homo- og heteroseksuelle – slik sett er våre notidige «seksuelle legningar» born av det seine 1800-talet. Det same kan likevel seiast om tendensen til å tvila på kor vasstette kategoriane er. Heilt frå starten har det i diskursane om homo- og heteroseksualitet lege spirer til ei oppløysing av heile arts- og minoritetsoppfatninga.

Vidare lesing:

Powered by Labrador CMS