Nyheter

Ku (Kilde: Wikimedia Commons) Kven er dyret bak maten og mennesket bak forbrukaren? Under Dyreetikkonferansen 2012 vart det lufta nokre moglege svar.

Den løynlege maten

Publisert

Av Frode Bakke Bjerkevik, filosof og sekretær i Minding Animals Norge.

21. september arrangerte Minding Animals Noreg, Rådet for dyreetikk og Senter for miljø og utvikling ved UiO Dyreetikkonferansen 2012 på Litteraturhuset. Det var den første av det som skal bli ein årleg møteplass for akademia, dyrevern og næring, der målet er å fremje samtaler på tvers av interessene innan hald og bruk av dyr i Noreg.

Årets tema var dyret bak maten og mennesket bak forbrukaren. Mattilsynet, Tine, bønder, akademikarar, dyrevernarar (Dyrevernalliansen og Rådet for dyreetikk), veterinærane og politikken (Høgre, Dei Grøne og AP) var representert.

Etikken og dyra

Peter Singer sparka via video i gang konferansen ved å presentere sin argumentasjon for å utvide våre moralske omsyn til også å omfamne dyr. Det faktum at ein skapnad ikkje er eit medlem av vår art er ikkje i seg sjølv ein tilstrekkeleg grunn til å sjå vekk frå eller ta mindre omsyn til interessene eit dyr har, kva enn dei interessene er. Dyr har ei interesse i å ikkje lide, og dyrs liding er like moralsk vesentleg som eit menneske si tilsvarande liding. Det er mogleg at vår liding skil seg frå andre dyrs liding på vesentlege måtar, men at me båe kan lide er unekteleg. Ifølge Singer kan me seie det same om frustrasjonen knytt til å ikkje få leve ut sine behov og keisemda som følgjer av å måtte leve i tilhøve som bryt med eins natur.

LES OGSÅ: Når dyr lider
Filosof Peter Singer opna Dyreetikkonferansen 2012. (Foto: Wikimedia Commons)

Dette er Singer sitt grunnlag for å forkaste artsdiskriminering («speciesism». Å diskriminere på grunnlag av artstilhøyre er galt og ikkje rettferdiggjort. Kva konsekvensar dette får for korleis me skal behandle andre dyr er eit vanskeleg spørsmål, og eit spørsmål også dyrevernarar stridast om. At dyr må behandlast godt så lenge dei får leve er sjølvsagt. Spørsmålet om når det eventuelt kan vere moralsk akseptabelt å drepe dyr er meir problematisk.

Men Singers utgangspunkt opnar for at dyrevernarar og folk som avlar dyr til mat i det minste kan føre ei samtale, så lenge sistnemnte verkeleg er interesserte i å gi dyra sømmelege liv.

Singer var ein pioner, men han står ikkje lenger åleine. Det er ikkje berre utilitaristiske teoriar som har utvida refleksjonen kring dyrs moralske status. Det gjeld også kantiansk moralfilosofi (Se: Tom Regans The Case for Animal Rights (2004) og Christine Korsgaards serie med essays), aristotelisk etikk (Se: Martha Nussbaums Frontiers of Justice (2007)) og Rosalind Hursthouses On Virtue Ethics (2001)), til og med rawlsiansk teori (Se: Mark Rowlands’ Animal Rights. Moral Theory and Practice (2009)) og teoriar om borgarskap (Se: Will Kymlicka & Sue Donaldsons Zoopolis. A Political Theory of Animal Rights (2011)), for å nemne nokre få.

Denne utviklinga innan filosofien gjer at me nærmar oss eit stadium der spørsmålet ikkje lenger kan vere «kvifor inkludere dyr?», men «kvifor ekskludere dyr?». Likevel er vegen frå innsikt til praksis lang.

Dyrs mange og nye roller

Kristian Bjørkdahl frå Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo argumenterer for at dyr er i ferd med å forsvinne frå liva våre.(Foto: Minding Animals Norge)

I dei siste tiåra har me opplevd store endringar i korleis folk flest samhandlar med dyr. Retorikar Kristian Bjørkdahl argumenterte i sitt framlegg for at dyr er i ferd med å forsvinne frå liva våre. Dette kan synast paradoksalt all den tid kjæledyr er meir populære enn nokon gong, og me møter dyr gjennom tv, på butikken og i naturen. Skilnaden er at me stykkar opp liva våre, og at me sit att med eit delt verdsbilete der ulike dyr (med like evner) har ulik moralsk status. Det problematiske ved å drepe tilfeldige og uheldige dyr for å ete dei, taklar me gjennom diverse former for fornekting og skjønnmåling.

Bjørkdahl har granska utviklinga gjennom eit studium av norske kokebøker som syner ei klår utvikling, nemleg at innmat og heile dyr er vekke. I ei kokebok frå 1955 vil du sjå båe deler, i ei kokebok frå 2002 har båe fordufta. Innmat har for dei fleste av oss blitt noko ekkelt. Hypotesen til Bjørkdahl er at det er fordi det minner oss på kven maten var, og at maten ein gong var som oss. Innmat er lunger som pusta slik me gjer, hjernar som tenkte som oss og hjarter som dunka.

Det er det same som gav dei liv som gir oss liv.

Han ser føre seg at dette er eit symptom på noko større, nemleg at bruksdyret forsvinn frå det moderne og urbane mennesket sitt liv. Det skuldast at folk flyttar til byane, produksjonen vert sentralisert, den kommersielle presentasjonen er annleis og at dyr har fått ei anna sosial og kulturell stilling. Dei dyra folk flest har kontakt med utøver heilt andre funksjonar enn dei gamle gardsdyra. Desse dyra har krav på ein omsorg og kjærleik me ikkje har råd til å gi dyra me fortærer.

Kristian Bjørkdahl meinar at det problematiske ved å drepe tilfeldige og uheldige dyr for å ete dei, taklar me gjennom diverse former for fornekting og skjønnmåling. (Foto: Wikimedia Commons)

Typisk norsk å vere god?

Men sjølv om nokre dyr er likare enn andre, stør me oss også på det Bjørkdahl kallar den norske godheitsmyta: I Noreg lir ikkje dyr. Dei får nyte norsk natur og blir tatt hand om av kjærlege norske bønder. Me kan sjå debatten om halalslakt som eit symptom på denne myta.

Sosialantropolog Runar Døving peika i sitt innlegg på at me gledeleg diskuterer etikken i den ikkje-kjernenorske og inhumane halalslakta. Men i Noreg er ikkje halalslakt verre enn vanleg slakt – det er bedøving og avliving med ei bøn slengt inn. Om det dermed er human slakt er ei anna sak. Gir det i det heile tatt meining å omtale slakting humant? Døving spør: «Ville du drept eit menneske slik?»

LES OGSÅ: Mat og moral

Næringa og dyra

Til konferansen hadde Tine sendt Johnny Ødegård for å presentere grunnlaget for deira dyreetikk. Ifølge Ødegaard bryr Tine seg om dyrevelferd av fire grunnar: Fordi samfunnet krev det gjennom lover og føresegner, kundane ventar det, produkta blir betre av det og eigarane (altså bøndene) prioriterer det. Dyrs behov eller eigenverdi vart ikkje nemnt som ein av grunnane.

Johnny Ødegaard frå Tine fekk kritikk for Tine si marknadsføring av norsk landbruk. (Foto: Minding Animals Norge)

Ødegaard vart møtt med kritikk av skjønnmålinga av norske melkekyrs levekår i Tine sine nasjonalromantiske reklamefilmar. Han imøtegjekk kritikken ved å forklare at filmane ikkje er meint å spegle korleis kyr har det her til lands, men å vise fram Tine sitt ideal. Det vart hevda at reklamane rett og slett syner bøndene kva Tine ventar av bøndene sitt dyrehald.

Ein sentral aktør som var sårt sakna på konferansen, var Opplysningskontoret for egg og kjøt. Arrangørane informerte om at dei var inviterte, men avslo å delta fordi det «ikkje er i deira mandat å uttale seg om kjøtet før det blir kjøt». Dette samstundes som dei nyleg har lansert ei kampanje retta mot dei yngste barneskuleelevane om akkurat det emnet.

LES OGSÅ: Tillitens betydning

Møteplassen Dyreetikkonferansen

Dei ulike perspektiva presentert på Dyreetikkonferansen understrekar behovet for denne møteplassen. Dyret bak maten er noko forbrukaren har eit problematisk forhold til og næringa ikkje alltid er like opne om. Dette er viktige tema som ikkje må teiast om, men fram i lyset. Også filosofien har ei rolle å spele. Ein av filosofiens funksjonar er å tenke grundig gjennom validiteten til normer og fordommar som elles blir tatt for gitt i samfunnet. Når det gjeld dyret bak maten og mennesket bak forbrukaren er det nok å ta av.

Powered by Labrador CMS