Nyheter

Fjordmaleri av Georg Anton Rasmussen. En lignende utsikt kan ha lokket Wittgenstein til Skjolden. (Kilde: Wikimedia Commons)

Me er ikkje her for å ha det gøy!

Publisert

AKTUELT: Ludwig ­­Wittgenstein hadde eit alvorleg syn på livet. Men Wittgenstein-seminaret på Solvorn i Sogn er con amore, understrekar primus motor Knut Olav Åmås.

Av Runar Mæland

Ludwig Wittgenstein var ingen utprega selskapeleg mann. Han vaks opp i det bornerte, borgarlege Wien rundt førre hundreårsskifte, som son av ein streng industrieigar; tre av dei fire brørne hans tok sitt eige liv, og Ludwig sjølv vurderte lenge det same. Då han reiste til Cambridge i 1911 for å studera under Bertrand Russell, vart han kjend for å seia ting som at «Me er ikkje her for å ha det gøy». Han meinte ikkje berre «her på Cambridge».

Då han sette seg føre å løysa alle logikkens problem ein gong for alle, trengte han ein stad å flykta til, langt frå kafélivet i Wien og intelligentsiaen i Cambridge. Han valde Noreg, og enda opp i Skjolden inst i Sognefjorden. Der fekk han bygd seg ei hytte, som gav han einsemda og arbeidsroa han trong til å raffinera tankane sine om sambandet mellom språk og røyndom.

Slik har Russell gjenfortalt ein samtale mellom dei: «Eg sa at det kom til å vera mørkt i Noreg, men han svara at han hata dagslys. Eg sa det kom til å bli einsamt, men han sa at å snakka med intelligente folk var å selja sjela si. Eg sa han var galen, og han bad Gud verna seg mot å verta normal. (Eg er overtydd om at han blir bønnhøyrd.)»1

Fagfilosofar (nesten) forbode

Når Wittgenstein-seminaret i Indre Sogn vert arrangert for åttande gong ei helg i april, er det verken mørkt eller einsamt der. Faktisk er det deltakarrekord i år, i det førti vitelystne sjeler frå fjern og nær fyller seminarrommet på ærverdige Walaker Hotell. Med unntak av ein doktorgradsstipendiat som har funne vegen frå Leuven i Belgia, er deltakarane stort sett glade amatørar når det gjeld Wittgensteins filosofi: kunstnarar, psykologar, agronomar, lærarar, studentar, pensjonistar.

Primus motor bak seminaret er Knut Olav Åmås, filosof og direktør i Fritt Ord. Han held sjølv to av føredraga i løpet av helga, der han trekkjer han trådar mellom livet Wittgenstein levde, kulturen han kom frå og filosofien han utvikla. Åmås, som sjølv har skrive ein biografi om Wittgenstein og tok doktorgraden på dagbøkene til Olav H. Hauge, forsvarer ei kontekstuell og biografisk tilnærming til Wittgenstein på eit prinsipielt grunnlag:

– Biografien er ikkje berre interessant fordi han kastar lys på filosofien, sjølv om han gjer det òg. Å skriva eit liv er nesten alltid interessant og verdifullt i seg sjølv, seier Åmås.

Denne tilnærminga, som me får vita er inspirert av Alan Janik og Stephen Toulmins bok Wittgenstein’s Vienna frå 1973, grunngir også det faglege mangfaldet som har prega seminaret sidan starten: I år bidreg, forutan Åmås sjølv, den svensk-ungarske forfattaren Gabi Gleichmann, musikkprofessor Tor Espen Aspaas og filosof Lars Fredrik Svendsen til programmet. Sistnemnde er unntaket som stadfestar ein elles gylden regel:

– Me pleier ikkje å invitera fagfilosofar hit, det fører ikkje noko godt med seg. I alle fall ikkje Wittgenstein-ekspertar på universiteta, seier Åmås, som forklarer at han synest den analytiske Wittgenstein-tolkinga ofte blir veldig snevert detaljorientert. Seminaret han inviterer til skal nettopp ikkje vera detaljorientert og akademisk: det er, som han seier, con amore, eit reint overskottsfenomen.

Modernisten i byen
I det første føredraget sitt sporar Åmås Wittgensteins bakgrunn i det som vart oppfatta som ei «kulturkrise» i det borgarlege Wien: ein by og kultur prega av forseggjorde, ornamenterte fasadar som, ifølgje ein ny og rastlaus generasjon intellektuelle, ikkje skjulte noko ekte og autentisk. På område etter område søkte kreative sjeler etter nye uttrykk som var på høgd med si tid og sa noko direkte og ærleg.

Gabi Gleichmann fyller ut dette biletet av Wien på Wittgensteins tid i sitt føredrag. Han omtala perioden frå rundt 1880 til 1930 som eit interregnum – ei brytningstid då den klassiske wienerkulturen hadde avlide, men før nokon ny kultur var utkrystallisert. Wien vart på denne tida «modernitetens vogge», i det unge intellektuelle og ideologar – Freud, Schönberg, Musil, Adler, Herzl, Trotksy, til og med Stalin og Hitler – møttest på kaféar og utveksla idéar i aviser og tidsskrift.

Blant pionerane Gleichmann trekkjer fram er forfattaren Peter Altenberg og Karl Kraus, redaktør i tidsskiftet Die Fackel, som vart stilskapande med sine korte, fyndige, impresjonistiske og ofte samfunnskritiske tekstar. Den unge Ludwig Wittgenstein las Kraus med iver og interesse, fortel Gleichmann, og den korthogde, spørjande stilen hans, så vel som dei pessimistiske kulturfilosofiske refleksjonane hans, ber i seg merket av denne wienerske avistradisjonen.2

Sjølv om han fekk ei streng, borgarleg oppseding – og hadde, får me vita, ein konservativ musikksmak – vart også Ludwig ein radikal modernist på sitt felt. Til å byrja med var det ikkje filosof han skulle bli, men ingeniør, etter ønske frå industrieigarfaren. Sjølv lenge etter at han hadde forlate ingeniørstudia, beheldt han ei praktisk og teknisk side: Wittgenstein hadde ei livslang interesse for arkitektur, og opererte som «privatpraktiserande arkitekt», som Åmås uttrykkjer det.3

Mellom anna bidrog han til det nye paléet som Wittgenstein-familien fekk bygd i Wien på 1920-talet – det femtande i rekkja. Bygget vart reist utan ornamentikk på fasaden, og den meir romantiske anlagde søstera omtala det som hausgewordende Logik – logikk som er blitt hus. Her ser Åmås ein samanheng mellom Wittgensteins syn på arkitektur og filosofi: Han ville ha bort all ornamentikk og alle fasadar som ikkje skjuler nokon reell kommunikasjon. Wittgenstein såg både arkitekturen og filosofien som eit arbeid med seg sjølv og sitt eige blikk på verda, og det skulle vera reint og klårt.

Forsamlingen på Walaker Hotell. (Foto: Runar Mæland)

Filosofen på bygda

Truleg var det også Ludwig sjølv som teikna huset han fekk bygd seg i Skjolden i 1914, fortel lokalhistorikar Harald Vatne, som viser oss rundt i fotefara til filosofen i sognebygda. Grunnmuren ligg framleis stødig på den vesle fjellhylla over Eidsvatnet («Viss ein tenkjer på å ta sitt eige liv, er det lettvint å gjera det herifrå», som Vatne tørt kommenterer), langt frå næraste nabo. På folkemunne heiter staden framleis «Austerrike», og frå flaggstonga blafrar ein sliten vimpel i raudt og kvitt.

Huset vart selt på auksjon og flytta ned til bygda etter at filosofen døydde. Lenge tente det som bustadhus. Når dette blir skrive, er det i ferd med å bli sett opp att på den gamle tomta på Austerrike, etter initiativ frå Stiftinga Wittgenstein i Skjolden (SWiS).

– Dette er siste sjanse til å sjå grunnmuren slik han har stått dei siste 60 åra, lokka arrangørane på førehand.

For oss verkar Skjolden svært avsides, etter ein temmeleg krunglete busstur innover langs fjorden berre frå vesle Solvorn. Vatne minner oss om at det var annleis den gongen då det meste av trafikken gjekk langs sjøen og folk valfarta frå kontinentet til dei norske fjordane. Denne tidlege turismen vitnar ikkje berre dei mange gamle turisthotella om, men òg statuen som keisar Vilhelm II fekk reist i Balestrand, litt lenger ute ved Sognefjorden.

Det var litt tilfeldig at det var akkurat Skjolden Wittgenstein kom til, men han fann det han leitte etter: fred og einsemd. «Einsemda gjer meg godt, eg saknar ikkje livet blant menneske», skreiv han i dagboka si. Men han kunne aldri bli einsam nok, noko ein av Harald Vatne sine mange anekdotar om møtet mellom filosofen og bygdefolket illustrerer:

Ein mann frå bygda skal ein gong ha gått forbi huset til Wittgenstein på veg til ein gard lenger oppe på fjellet. Då sprang filosofen rasande ut og skjelte ut mannen: «No går det 14 dagar før eg finn att tanken eg hadde før du kom og forstyrra!»4

Wittgenstein må likevel ha funne arbeidsro, for ifølgje Åmås var det her han la grunnlaget både for det som vart Tractatus Logico-Philosophicus (1921–2) og det som vart Philosophische Untersuchungen (posthumt utgitt i 1953). Dei første 188 avsnitta av det sistnemnde verket, som Wittgenstein skreiv under eit lenger opphald i Skjolden i 1936–7, var visstnok den einaste delen av manuskriptet han var heilt nøgd med.

Blikket på verda

Kva var det Wittgenstein ville med filosofien sin? Det er spørsmålet Lars Fredrik Svendsen får i oppgåve å svara på i sitt føredrag. Den populære formidlaren og forfattaren fortel at han alltid har hatt med seg Wittgenstein i si filosofiske verktøykasse, og at den nyaste boka hans – Å forstå dyr – er «noko av det mest wittgensteinianske» han har gjort.

– Likevel var det lenge sidan eg hadde sete meg ned og lese Wittgenstein ordentleg før eg skulle førebu dette føredraget. Fordelen med det er at eg har gløymt det meste av kommentarlitteraturen, og det er jo ei velsigning, seier Svendsen ved innleiinga, og tek opp att Åmås’ motvilje mot den akademiske Wittgenstein-eksegesen.

Nettopp det å kunna gå laus på Wittgenstein med friske og eigne auge er ein nøkkel, meiner Svendsen, for den personlege dimensjonen er eit særmerke ved filosofien hans. På den eine sida meinte han at all filosofi er personleg, noko Svendsen sluttar seg til: «Wittgensteins filosofiske problem er nettopp Wittgensteins filosofiske problem, og ikkje nødvendigvis dine eller mine.» På den andre sida, eller som følgje av dette, er resepsjonen av Wittgensteins filosofi svært individuell: «Me får alle kvar vår Wittgenstein».

Målet for den som filosoferer, ifølgje Svendsens Wittgenstein, er å oppnå fred i tankane: ikkje å endra verda, men om å endra sitt eige syn på verda slik at tankeflokar og filosofiske problem forsvinn. Språket vårt spring ut av ei konkret, partikulær livsform som formar erfaringane våre, men språket i sin tur fører oss ut i abstrakte refleksjonar som skapar rot i tilværet. Filosofien kan her bidra, ikkje ved å avdekkja eit nytt fundament for tenkinga, men ved å rydda opp i rotet som me skapar for oss sjølve i tenkinga.

Som eit døme viser Svendsen her til Wittgensteins drøfting av eit av dei klassiske filosofiske problema: Korleis kan me erkjenna at det finst andre medvit enn vårt eige? Ifølgje Wittgenstein botnar problemet i eit uhaldbart skilje mellom «det ytre» og «det indre». Han argumenterer for at erfaringa av andre medvit er like direkte som erfaringa av vårt eige – det er ikkje noko me sluttar oss til gjennom eit rasjonelt resonnement. Når me ser ein person i smerte, ser me smerta i åtferda deira; denne åtferda er ikkje eit skal me må trenga gjennom.

– Kva er det Wittgenstein har gitt oss her? Ikkje så mykje. Han har gitt oss nokon reiskap for å bli kvitt det filosofiske problemet som plaga oss, og ført oss tilbake til den opphavlege erkjenninga – til erfaringa du hadde første gongen du klappa ein hund på hovudet, kommenterer Svendsen, og trekkjer slik lina fram til si eiga bok om å forstå dyr.

Lars Fredrik Svendsen snakker under seminaret. (Foto: Runar Mæland)

Kritikken som forsvann

Svendsen er openbert sympatisk innstilt til Wittgensteins syn på filosofiens mål og metode, men han er ikkje ukritisk. Den kvardagslege erfaringsverda, hevdar Svendsen, er ikkje noko «jomfrueleg reint og klart», slik det kan synast hos Wittgenstein. Rotet i tenkinga vår oppstår ikkje først i og med den abstrakte filosoferinga – det byrjar allereie i kvardagen.

Det freistar å stilla eit meir grunnleggjande spørsmål: Er det i det heile tatt mogleg, etter Wittgensteins syn, å kritisera ei gjeven livsform frå ein normativ ståstad?

– For Wittgenstein er livsforma «rock bottom», men i dei kulturfilosofiske merknadane hans, er han samstundes veldig kritisk til sin eigen kultur, svarar Svendsen, utan å gi nokon nøkkel til å løysa opp i dette tilsynelatande paradokset. Han held fram:

– Sjølv har eg nok større tru på det Charles Taylor kallar «sterke vurderingar» enn det Wittgenstein har, men eg er einig med Wittgenstein i at me må starta med oppfatningane me allereie har. Me kan ikkje starta i eit vakuum.5

Svendsen synest å meina at Wittgenstein hadde rett i at filosofien må vera grunnfesta i den alminnelege erfaringsverda, men at denne erfaringsverda gir større ressursar for konflikt og kritikk enn Wittgenstein erkjente.

Men sjølv om Wittgensteins filosofi skulle gi rom for eit kritisk, normativt perspektiv, brukte filosofen sjølv dette rommet til å kritisera dei autoritære politiske straumane som prega samtida hans – eit forhold fleire av deltakarane peikar på under seminaret. Wittgenstein, som sjølv melde seg frivillig som soldat i den første verdskrigen og som assistent på eit sjukehus i den andre, har påfallande lite å seia om nazismen og kommunismen: Det er som om samtida forsvinn i tekstane hans, som Gabi Gleichmann kommenterer.

– Wittgenstein var politisk naiv, seier Knut Olav Åmås, og teiknar opp ein skarp kontrast med korleis andre intellektuelle i Wien reagerte på det dei såg rundt seg:

Elias Canetti og Karl Popper vart begge vitne til valdelege gatekampar som utspelte seg i Wien i mellomkrigsåra, som bar bod om den framveksande ekstremismen og polariseringa i Europa. Canetti vart inspirert av dette til å utvikla ein teori om masseåtferd som kulminerte i Masse und Macht i 1960; Popper vart inspirert til å utvikla ein liberal og resolutt ikkje-utopisk politisk filosofi som vektla stegvis framgang gjennom prøving og feiling.

– Wittgenstein gjekk rundt i dei same kvartala i Wien på denne tida, men hans svar var å jobba med arkitektur, kommenterer Åmås tørt.

Gaysir eller Modum bad?

Var Wittgenstein eit banebrytande geni, eller berre ein sær eksentrikar? Me får ikkje noko utvitydig svar på dette i løpet av helga på Walaker, men spørsmålet i seg sjølv er kanskje med og forklarer interessa og fascinasjonen for mannen og historia om han. Spenningane i livet hans gjer han til ei lokkande gåte og ein spegel for ei like gåterik og motsetningsfylt tid.

Eit anna spørsmål, som ikkje blir stilt under seminaret, er dess meir spekulativt, men ikkje difor mindre interessant: Kva ville hovudpersonen sjølv ha syntest om samlinga vår på Solvorn? Truleg kan nok alle vera glade for at Wittgenstein ikkje veit noko om seminaret som ber namnet hans; han kom trass alt til Sogn for å få vera i fred, ikkje for å skravla med førti andre menneske om seg sjølv.

Den bakoverskodande interessa for ein død filosof og verda står også i ein viss kontrast til Wittgensteins eiga haldning til fortida. Filosofien hans dreidde seg, som både Åmås og Svendsen er inne på, til ein stor grad om å gjera ende på filosofihistoria, ved å visa at denne baserte seg på mistydingar og forvirringar. Metoden hans for å oppnå dette var ikkje å nærlesingar av tidlegare tiders tenkjarar for å spora brestane deira, men gjennom ei analyse av språket og tenkinga frå eit «arkimedisk punkt» utanfor tradisjonen.

Den manglande vørdnaden hans for historia gjaldt ikkje berre filosofien heller; i 1930 spurte han i notatboka si: «Kva har historia med meg å gjera? Mi verd er den første og einaste!»

For seminardeltakarane på Walaker er derimot Wittgensteins verd både verkeleg og verd å bry seg om. På eit tidspunkt forsøkjer me til og med å knekkja gåta Wittgenstein ved å diskutera kva slags diagnose han hadde, og kva slags behandling han kunne hatt godt av.

– Eg trur Wittgenstein hadde passa bra på Modum bad, meiner ein av psykologane i publikum, som antydar ein diagnose på autismespekteret.

– Det trur eg hadde vore ei ulukke både for han og for Modum bad, svarer ein annan – før ein tredje, med referanse til Wittgensteins livslange einsemd og dårleg skjulte homofile legning, slår fast:

– Wittgenstein skulle hatt ein profil på Gaysir!

Denne interessa for det indre livet til ein annan kan kanskje forsvarast på grunnlag av Wittgensteins overtyding om at indre tilstandar ikkje er segla av frå den fellesmenneskelege erfaringsverda. På den andre sida når ein, stilt overfor gåtefulle menneske som Ludwig, eit punkt der dei berømte sluttorda frå Tractatus Logico-Philosophicus gjer seg gjeldande: «Det me ikkje kan tala om, må me teia om.»

Notar

1 Sitert i Harald Vatne, Wittgenstein i Skjolden, særtrykk 1993.

2 Gleichmann gav elles ei omfattande pensumliste til den som ville dykka djupare inn i wienerkulturen: Mannen uten egenskaper av Robert Musil, Vergils død av Hermann Broch, Stefan Zweigs Verden av i går, Radetzkymarsjen av Joseph Roth, Forblindelsen av Elias Canetti – og sin eigen roman frå 2012, Udødelighetens elixir, som han delte ut gratis til tilhøyrarane.

3 Wittgenstein via seg aldri til filosofien. Etter utgjevinga Tractatus Logico-Philosophicus i 1922 forlét han faget i nesten eit tiår – han hadde jo sagt det som trengte å seiast – og arbeidde mellom anna som gartnar og grunnskulelærar på landsbygda. Under andre verdskrigen arbeidde han frivillig på eit sjukehus. Medan han underviste på Cambridge oppmoda han også studentane sine om å ta seg nyttige, praktiske yrke.

4 Forholdet mellom Wittgenstein og bygdefolket var likevel ikkje berre konfliktfylt, tvert imot. Dei lokale hjelpte mellom anna filosofen med å kjøpa varer på butikken, og rodde dei over vatnet slik at han kunne heisa dei opp til hytta med ein eigen taubane. Han vart også ven med ei kone på ein nabogard, som også dreiv ein gjestgjevarstad der Wittgenstein overnatta fleire gonger. Dei to var mellom anna samde om at dei aldri ville ta livet på noko levande vesen, noko som gav seg utslag i ein stor og stadig veksande flokk kattar på garden (alt dette ifølgje Harald Vatne). På denne garden får me servert mat og sjå rommet der Wittgenstein overnatta.

5 Torgeir Skogen skriv om Charles Taylors hermeneutiske antropologi at mennesket er eit normativt sjølvfortolkande dyr, sosialisert inn i ei verd av meiningar og verdiar og «stadfestet innenfor en moralsk struktur med en viss orientering mot det gode. Slik har vi muligheten til å foreta sterke vurderinger om forhold til som impliserer vesentlige verdisondringer mellom oppfatninger av ‘godt’ og ‘ondt’, ‘verdig’ og ‘uverdig’.» Det er dette Svendsen refererer til. I Jørgen Pedersen (red.), Moderne politisk teori, Pax 2010.

Powered by Labrador CMS