Sanningas tidskjerne: Georg Johannesen og metafysikken

Publisert:

9. august 2020

Kommentarer:

Atomsky over Hiroshima. (Kilde: Wikimedia commons)

Seinast sidan den 6. august 1945 har politikken hatt metafysiske dimensjonar. Det er på tide å gjenoppdaga metafysikkens politiske dimensjon. – Det er ingen grunn til å nytta store ord i omtalen av Georg Johannesen. Verket taler for seg sjølv, klårt og tydeleg gåtefullt, og påkallar dermed svar, kommentar og utlegning. Den som spør kva som står på spel i lesinga av det, kan vanskeleg unngå dei store orda. Godt då, at ein har lært å drøfta spørsmål som er for store, som om det ein snakkar om var bøker eller bilete.

Litteraturtidsskriftet Bøygen ved Universitetet i Oslo sitt andre nummer i 2020 hadde filosofi som tema. Utgivelsen var et samarbeid med Filosofisk supplement, og hadde som formål å utforske forholdet mellom filosofi og litteratur. Salongen har gleden av å viderebringe ett av essayene i temanummeret, skrevet av Hans Marius Hansteen, førstelektor i filosofi ved Universitetet i Bergen.

I

Av yrke var Georg Johannesen norsklærar på norsklærarskulen. Yrkesutøvinga hans var utvidande, han var lærarlærar, det vil seia filosof. Filosofi og retorikk er to sider av same sak: Grunnleggjande og vidaregåande morsmålsopplæring, det vil seia didaktikk, som «lærer å læra», det vil seia å lesa, skriva, snakka, lytta, med andre ord: Å tenkja. Med hans eigne ord: «Norsk og filosofi er det samme – dersom norsk er vårt morsmål.»1 Skriftene til Georg Johannesen er, som lærargjerninga hans, av det sokratiske slaget: Han hadde den autoriteten som skal til for å greia seg utan apell til andre autoritetar enn den tenkjeevna eleven eller lesaren sjølv har. Den sette han til gjengjeld store krav til. Kjernepunktet formulert på tre måtar (etter fallande stilnivå): 1. Sapere aude! (Våg å vera klok). 2. Ha mot til å nytta deg av din eigen forstand utan framand leiing. 3. Skjerp deg! 

Sjølvsagt treff Sokrates si skildring av seg sjølv som kleggen, som vil vekkja athenarane, også Georg Johannesen sitt tilhøve til norskingane. Og mange har klaga og klagar framleis Georg Johannesen for villeiing av ungdomen og for å villa innføra framande gudar i landet. Men han nekta å tømma giftbegeret ved friviljug å ta på seg rolla som diktar. Diktarane vert ikkje forvist frå staten, slik Platon ville, det vil seia at det er nettopp det som skjer: Diktinga vert lukka inne i litteraturen og dermed utelukka frå politikken. Ytringsfridom tyder at ein kan seia kva som helst så lenge det ikkje betyr noko. Georg Johannesen siterte gjerne Janis Joplin/Kris Kristofferson: Freedom’s just another word for nothin’ left to lose.

I eit intervju eg gjorde med han i 1990, kommenterte Georg Johannesen framlegget eg gjorde til inndeling av verksemda hans slik: «Dersom du deler GJ inn i tre: 1) forskaren, 2) diktaren og 3) politikaren, omtolkar eg det til inndeling etter tre ulike situasjonar hjå intervjuaren, ikkje hjå GJ.»2 – Hjå meg var dette ei inndeling ut frå den retoriske sjangerlæra: Forskaren dømer om kva som har skjedd, diktaren syner fram det vi er saman om, politikaren kjem med framlegg om kva vi bør gjera. Georg Johannesen høyrde derimot gjenklangen av eit alt for filosofisk skilje mellom den sanne, den skjønne og den gode GJ. Sidan har eg tenkt at eit gjennomgåande trekk ved både tekstene og lærargjerninga hans er ei teoretisk og praktisk motvilje mot å skilja spørsmål om sanning, form og moral frå kvarandre. Dét ville vore ei form for filosofisme i praksis.

«Filosofisme er å fjerne empiri og historisk kontekst fra enhver sak, som dermed i et sirkelbevis blir absolutt tautologi (ånd). Filosofi uten APTUM er filosofisme.»3 Filosofens øving i å sjå det prinsipielle i ei sak, vert ei svakheit når ei kvar sak vert eit døme på allmenne prinsipp. Og omvendt: «Retorikk uten filosofi (sannhetskjærlighet) er uten ethos og logos.»4 Aptum er latin for gresk kairos, på norsk høve. Situasjonsforståinga er avgjerande. Den sviktar når det historiske framstår som utvendig kontekst for ei alt for filosofisk filosofihistorie. Meir nytte er det i å sjå at filosofien trengst når historiske situasjonar utfordrar forståinga.

«Jordskjelvet i Lisboa var nok til å kurera Voltaire frå teodiseen til Leibniz,» heiter det hjå Adorno, «og den overskodelege, første naturens katastrofe, er for ingenting å rekna mot den andre, samfunnsmessige, som dreg seg unna menneskeleg førestillingsevne, idet den skipar det reelle helvetet av menneskeleg vondskap.»5 Situasjonen er eit skòrfeste (ei stode utan utvegar, ein apori). Etter katastrofen er evna til metafysikk lamma: Det utenkjelege er eit faktum. Mange veit at Adorno ein gong hevda at det er uråd å skriva dikt etter Auschwitz. Færre har fått med seg at han sjølv modifiserte utsegna:

Den vedvarande lidinga har likså mykje rett til uttrykk som den torturerte har til å skrika; difor kan det ha vore galt å seia at det ikkje let seg gjera å skriva dikt etter Auschwitz. Men det er ikkje galt å stilla det mindre kulturelle spørsmålet, om det enno let seg gjera å leva etter Auschwitz, om den heilt kan tillata seg det, som tilfeldigvis unnslapp og med rette skulle vore drepen.6

Metafysikkens sol er eit svart hol: Det gravitasjonssentret som òg forfattarskapen til Georg Johannesen krinsar om. Det er verd å merka seg at halvparten av dei diktbøkene han gav ut har titlar som siterer klassiske oppfatningar av filosofi: Ars Moriendi eller de syv dødsmåter (1966) og Ars Vivendi eller de syv levemåter (1995).

Lenge før ein bibliotekar eller redaktør fann opp ordet, som nemninga for den boka som kom etter fysikken (meta ta physica) i skriftene til Aristoteles, var metafysikken knytt til det politiske, nærare bestemt til den historiske konteksten for det som vert kalla overgangen frå mytos til logos, det vil seia til den greske tragedien. Tragedien var ikkje ei teaterframsyning for eit publikum. Dei som var til stades ved framføringane var deltakarar i eit ritual som typisk feira bystatens mytiske opphav. Den symbolske einskapen som slik vart skapt, var synleg for eit blikk utanfrå, nemleg for den sendemannen annanstads frå som vart kalla theoros – skodar eller tilskodar – og som er opphav til omgrepet teori. Det er innstillinga hans som gjer overgongen frå mytos til logos mogleg: Metafysikken har utgangspunkt i mytologien, det vil seia i utlegninga av myten med omsyn til sanninga i det som utspelar seg for augo til teoretikaren.

Slik bystaten stadfestar einskapen sin gjennom gjentakinga av opphavsmyten, skodar filosofen eit makrokosmos som speglar seg i mikrokosmos. Verdsordninga gjentek seg i ordninga av fellesskapen, og statens ordning i sjela til den einskilde. Oppsummert av Jürgen Habermas: «Teorien går over i livspraksis via sjelens tilpasning til kosmos’ ordnende bevegelser – teorien preger sin form inn på livet, den reflekterer seg i holdningen til den som har underkastet seg dens tukt, i ethos.»7 Kunsten å døy og kunsten å leva er to sider av same sak, det som frå gamalt vart rekna som filosofiens eigentlege emne: Læra om det rette livet. Metafysikken dreier seg om dygd og naudsyn. «Å leve er nødvendig, men neppe nok.» Filosofien høyrer til paideia, den greske oppsedinga, på latin humaniora, som er komparativsforma av human, og tyder ‘meir menneskeleg’. Såleis er studia humaniora først og sist ikkje eit fagfelt, men ei oppgåve: strevet etter å bli meir menneskeleg. Dei avgjerande spørsmåla er mindre kulturelle enn etiske: Å undersøkja vilkåra for at livformer er moglege, ved å etterspora tilhøvet mellom overleving og livførsle.

II

Den typiske norske filosofen er, som underteikna, lærar ved examen philosophicum. Såleis vert vi løna for mellom anna å overtala sakeslause studentar til å tru at sofistane var nokre luringar ettersom dei dreiv med tvilsam overtalingskunst og det attpåtil mot betaling. Vi veit alle at dette er ei forenkling, men også – om vi les det studentane skriv – at det er dette som festar seg. Standardframstillinga av Platons meiningar gjev inga innsikt, men stadfestar ein moderne fordom: At retorikken ikkje er verd å akta på. Platon sjølv, derimot, tok retorikken på alvor, både i teori og praksis, og er såleis det første motdømet. Som det heiter hjå Cicero: Platon var den største talaren då han kritiserte talarane.

I norsk samanheng var ikkje Georg Johannesen den minste filosofen då han kritiserte filosofane. I tråd med prinsippet om at kritikk = anerkjenning, skjedde det helst med namns nemning, som i merknadene til Hans Skjervheim – under overskrifta «Synonymia Magna» – i Rhetorica Norvegica. Georg Johannesen interesserte seg for positivismekritikken ettersom den var på sporet av samanhengane mellom språkbruk, kunnskapsformer og herredøme, men peikte på at Skjervheim låg under for ein alt for filosofisk hang til det allmenne. På sitt beste var Skjervheim «på språkets side mot scientismen», skreiv GJ, og heldt fram: «Men som de fleste kantianere har han uendelige mengder av god tid. FILOSOFISME = Evig Voss 1944. Psykologisme = biologisme = objektivisme = positivisme = faktisisme. Osv. Osv. HS driv ikkje seminarisme, men filosofisme. Han er alltid på same tidlause seminar med Vossakorv.»8

Det er ei form for platonisme som spøkjer i bakgrunnen der den moderne filosofien dreier seg om det prinsipielle: Det som går att, er tanken om at det sanne er det evige – ettersom det varige er betre og meir verkeleg enn det flyktige.

Georg Johannesen var ikkje motstandar av filosofien, men han held på ein annan tradisjon, ein motstraum: Heraklit heller enn Parmenides. Protagoras og Gorgias heller enn Platon. Vico heller enn Descartes. «Klassisk retorikk godtek berre eit a verbo genreomgrep: Tre moglege verbaltider og tre moglege kommunikasjonssituasjonar gjev tre moglege talegenrar: 1) juridisk tale, retta mot fortida, 2) epideiktisk tale, retta mot notida, 3) deliberativ tale, retta mot framtida. Genrer er talemåtar, ikkje former. Dei er funksjonar, ikkje substansar.»9

Då Georg Johannesen sa dette til meg, heldt vi oss innafor det han stundom omtalte som den fjerde sjangeren: Undersøkinga av vilkåra for talen – den allmenne språkbrukslæra, som heller ikkje er ein substans, men ein funksjon av den situasjonen som på gresk heitte schole, fritid, og som er opphavet til ordet skule. Øving i grammatikk, retorikk og dialektikk, altså i kunsten å tala rett, godt og sant, kan gje grunnlag for vidaregåande opplæring, om og når situasjonen ligg til rettes for å spørja om kva ein situasjon er, og kva som kan vera høvelege svar på situasjonens krav. Dette er også essayistikkens funksjon: «Essayet er et fritidsundervisningstilbud med en oppdiktet aristokrat som avsender. Essayets diskursive bruddstil gir en romlig fiksjon, en interiørsituasjon i en salong eller i et oppdiktet rettslokale i pausen mellom avgjørelser av reell betydning.»10

Det er ikkje berre innhaldet i dei førestillingane vi gjer oss om sanninga som er historisk foranderlege, men også forma: Førestillinga om at det uforanderlege er eit vesenstrekk ved sanninga som såvoren. Sanning er å seia om det som er at det er og om det som ikkje er at det ikkje er, skal Aristoteles ha sagt. I så fall kan vi seia at spørsmålet etter sanninga handlar om den språklege artikulasjonen av det verande, og tale er eit tidsleg fenomen. Nokon seier noko om noko til nokon, men kva det vil seia å tale, kan ein ikkje seia noko om uavhengig av tid og stad. Tid og rom er ikkje berre vilkår for at åskodinga er mogleg, men òg for all språkbruk.

Sanninga har ei tidskjerne, heiter det fleire stader hjå Adorno. For å skjøna kva det kan tyda, kan vi sjå på kva Georg Johannesen skriv om hermeneutikk i Rhetorica Norvegica, under overskrifta «Lyttekunsten»:

Bibelen har fire – 4 – MENINGSPLAN. Døme: JERUSALEM.
HISTORIA: En by, historisk-geografisk mening.
ALLEGORIA: KIRKEN, en kjempende kirke, åndelig mening.
TROPOLOGIA: SJELEN, moralsk betydning, den troende sjel.
ANAGOGIA: HIMMELEN, Gudsrikets komme, seirende KIRKE.11

Som det òg har vore sagt: Historia fortel kva som har skjedd, allegorien fortel kva du skal tru, tropologien fortel kva du skal gjera, og anagogien kvar du skal åt. Kunsten å lytta eller lesa på fire plan gjev tilgang til fire aspekt av tilhøvet mellom sanning og tid. Å tala sant er for det første å artikulera det som er tilfelle, å gjera bruk av språkets evne til å halda fast ved det som har skjedd og slik gjera fortida nærverande. For det andre dreier det seg om kva det har å seia at vi veit at dette er tilfelle, altså kva det tyder for den forståinga av verda vi kan danna oss etterpå. For det tredje handlar dét å tala sant om å artikulera ei riktig sjølvforståing, om på grunnlag av det vi veit å kunne svara på spørsmål om kva som no er på tide. For det fjerde: Denne situasjonsforståinga artikulerer ei oppfatning av framtida, ut over ditt eige liv.

III

Om du i staden for Jerusalem i sitatet set inn Auschwitz eller Hiroshima, kjem ein historiefilosofi til synes, som òg er ei øving i metafysisk meditasjon. Historia: Industriell masseutrydding er bestemt mogleg. Allegoria: Vi lever under det utsette despoti. «Fred med rett til førstegangsbruk av atomvåpen er den utsatte terrors flate struktur og styringsform.»12 Tropologia: At ingenting kan gjera opp for det som har skjedd, gjer ansvaret til dei overlevande desto større. Den som veit dette, må «gå til en gjerning / som er nyttig og forgjeves / eller bare forgjeves / men som er stor nok til / den kraft som er en arv».13 Å hugsa er den eigentlege moral. Anagogia: Å frykta døden er i dag å frykta det som er verre enn døden.14 Verre enn døden er døden før døden (leiren) eller den døden som gjer eit framhald uråd (bomba).

Mellom dikting og filosofi er det ein djup slektskap. I tråd med Georg Johannesens «Opplysninger» til vekedagane i Ars vivendi, kan dei seiast å vera verksemder som høyrer laurdagen til: «Lørdag er vaske- og sovedag i grav eller seng, med besøk i dødelandet, syner og mareritt før soloppgang. Lørdag er den aktuelle situasjonen (diktets kairos) som varig kritisk tilstand mellom fredagenes to Venus-ikoner og den klassiske hviledagens lære om sinnsro (ataraxia) og selvomsorg. / Søndag er en tenkt oppstandelse til et nytt liv i frihet fra gudsfrykt og krigsangst, en ukentlig overgang til en intertekst av sitater og allusjoner.»15

Såleis er det både høveleg og høvisk at det som her er skrive først vart framført på ein laurdag, nærare bestemt på pinseaftan 2009, under Georg Johannesen-seminaret i Menighetshuset, Kirkegaten 1 i Risør. Då som no gjeld det å halda fast på ein vedvarande kritisk tilstand, ei tenking som er solidarisk med metafysikken i augneblinken for dens fall.


Noter

  1. Om den norske skrivemåten, 1981, s 192.
  2. «Skiljet mellom forskar og diktar er skapt av ein dum forskar», i Gjerdåker/Skarheim (red.) Samtaler på universitetet. 19 faglige møter mellom lærer og student. Oslo, Universitetsforlaget, 1991, s 69.
  3. Rhetorica Norvegica, 1987, s 276.
  4. Retorikkens tre ansikter, 1992, s 65.
  5. Theodor W. Adorno: Negative Dialektik [1966], Frankfurt am Main, Suhrkamp 1992, s 354, omsett her.
  6. Op.cit. s 355.
  7. «Erkjennelse og interesse» [1965], i Habermas: Vitenskap som ideologi, oversatt av Thomas Krogh og Helge Vold. Oslo, Gyldendal 1969, s 3f.
  8. Rhetorica Norvegica, 1987, s. 276.
  9. «Skiljet mellom forskar og diktar er skapt av ein dum forskar», i Gjerdåker/Skarheim (red.) sst.
  10. «Litt om essayet» [1978] i: Moralske tekster, 1994, s 60.
  11. Georg Johannesen: Rhetorica Norvegica, 1987, s 159.
  12. Ars vivendi. «Opplysninger» (fredag).
  13. «Prolog til en utstilling», Nye dikt.
  14. Adorno, Negative Dialektik, s 364.
  15. Ars vivendi, «Opplysninger» (lørdag/søndag).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Share on email
Share on facebook
Share on twitter

Nyeste artikler

Relaterte artikler

Vi bruker cookies for å kunne tilby deg en best mulig opplevelse. Les mer…