Den amerikanske Hegel-resepsjonen

(Illustrasjon: SXC)

Filosofane Robert Pippin, Terry Pinkard og Robert Brandom får sine Hegel-tolkningar karakterisert med termen «ikkje-metafysisk». Ein ting som samlar desse tre, er at dei rekonstruerer Hegels filosofi utfrå hans sentrale verk – utan å legge til grunn eit metafysisk system.

Det var utgangspunktet for professor Torjus Midtgarden sitt foredrag på Hegel-seminaret i Bergen.

19. oktober vart det arrangert Hegel-seminar i Bergen, i regi av Gruppe for sosialfilosofi og politisk teori. I ein serie innlegg på Salongen, presenterer vi stutte samandrag av foredraga.

Tre filosofar, tre spørsmål

Dei tre amerikanarane sine «ikkje-metafysiske» Hegel-tolkingar kan vurderast utifrå tre generelle kriterier. For det første kan vi spørje korvidt deira tolkingar er konsistente, både eksternt konsistente med Hegels eigne tekster – og internt konsistente med kvarandre. For det andre kan ein spørje korvidt det er brot eller kontinuitet mellom deira tolkingar og tidlegare lesemåtar. For det tredje kan ein spørje om kva samtidsfilosofisk relevans deira tolkingar vil ha.

I høve til det første kriteriet fokuserer vi særleg på intern konsistens: Med utgangspunkt i Åndens fenomenologi legg dei tre Hegel-tolkarane vekt på korleis normativ autoritet blir og er blitt grunngjeve gjennom deltaking i sosiale praksisar. Pippin kritiserer Brandoms omgrep om diskursiv praksis for ikkje å ta høgde for spørsmålet om korleis autoriteten til normer, som historisk situerte deltakarar i sosiale praksisar baserer seg på, vil kunne utfordrast.

Tar feil

Pippin tek likevel her feil når han kritiserer Brandom for ei form for metodologisk individualisme. I høve til det andre kriteriet fokuserer vi særleg på at Pinkard ikkje ser klassisk pragmatisme, eller nypragmatisme, som ein rett arvtakar til Hegel – og med dette heller ikkje pragmatismen som ein forløpar for den «ikkje-metafysiske» Hegel-tolkinga.

Ein finn at denne framstillinga ikkje er dekkande: Slik nyare Dewey-forsking (James Good) har vist, forsvarer Dewey i skrifter frå 1891 og fram til cirka 1908 ei tolking av Hegel, som er konsistent med den aktuelle «ikkje-metafysiske» tolkinga.

Ein viktig skilnad

I høve til det siste kriteriet ser vi at James Bohman nyleg har peika på parallellar mellom Pippins rekonstruksjon av Hegels praktiske filosofi og republikanisme innan politisk filosofi (P. Pettit).

Vi merkar oss likevel ein viktig skilnad: På den eine sida Pippin, Pinkard og Brandom sine tolkingar av Hegels analyse av det moderne (sivile) samfunn. Og på den andre sida korleis Dewey (frå cirka 1915 og framover), den tidlege Frankfurterskulen og Axel Honneth i nyare tid aktualiserer sider ved Hegels sosialfilosofi gjennom integrasjon av empirisk samfunnsforsking.

Hegel-seminaret vart arrangert av Gruppe for sosialfilosofi og politisk teori, som òg har stilt sammendraga til rådvelde for Salongen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *