Nyheter

Lasse Thoresen (til venstre) og Peder Christian Kjerschow i dialog. Foto: Mats Andreas Nielsen (©)

Tanke og tone

Publisert Sist oppdatert

AKTUELT: Kva slags filosofiske innsikter kan musikk formidle? Under Salongens musikkdialog viste musikken sitt meiningspotensiale seg frå ulike perspektiv.

Sjølv om dei aller fleste nok vil meine at dei har eit nært forhold til musikk er det kanskje ikkje like mange som har reflektert over kvifor musikken fenger oss slik som han gjer. Men er musikk eigentleg noko meir enn underhaldning, og kan det å lytte til musikk, og reflektere over dei vesentlege trekka ved musikkerfaringa, gje oss filosofiske innsikter?

Nyleg inviterte Salongen til musikkfilosofisk dialog i Oslo for å utforske desse problemstillingane. Komponist og musikkteoretikar Lasse Thoresen og filosof Peder Christian Kjerschow drøfta ulike sider ved meiningspotensialet i musikk. I tillegg framførte Ingfrid Breie Nyhus si særeigne tolking av Thoresen sin klaverkomposisjon Solspill. Fekk du ikkje med deg arrangementet? Her får du ei oppsummering av kvelden.

Redusert lytting

Thoresen gav ei framstilling av teorien og analysemetoden «auditiv sonologi», som han har vore ein sentral figur i utviklinga av sidan 1970-talet. I fjor kom boka Emergent Musical Forms – Aural Explorations der Thoresen gav ei heilskapleg framstilling av sonologien, med eksempel på konkrete analyser av mellom anna Solitaire av Arne Nordheim og La colombe av Olivier Messiaen.

Lasse Thoresen meinte at han ved å jobbe med musikk har blitt «kasta ut av edens hage» og ikkje lenger kan ha eit uskyldig forhold til korleis musikk kan og bør høyrast ut. Foto: Mats Andreas Nielsen (©)

I føredraget sitt fokuserte Thoresen på korleis vi lyttar til tone og klang, og det som i sonologien er kjend som lydobjekt (sound objects), altså dei minste meiningsfulle einingane i musikken. Sonologi som både teori og metode tar utgangspunkt i «musikk som høyrd». Det vil seie at sonologien går ut frå at ein «nullstiller» lyttinga, og dermed blir klar over ein orden og struktur ibuande i lyden som lyd. Strukturen det her er snakk om skil seg frå lest struktur, som ein finn i til dømes eit partitur, og som ikkje utfaldar seg i tid på same måte som det klingande vi oppfattar med øyret. Å oppfatte lyd som lyd betyr altså å «redusere» lyttinga slik at ein blir merksam på kvalitetane i lyden, og ikkje for eksempel kva instrument han kjem frå eller at det han har ei tonehøgde som inngår i eit bestemt musikkspråk. Derimot kan ein analysere anslaget, resonansen, energiforløpet osb. i den enkelt tone.

Med dette teoretiske bakteppet forklarte Thoresen korleis vår vestlege musikk har gjort eitt aspekt ved lyden til det sentrale, nemleg tonehøgda. Denne har såleis har blitt den vesentlege byggesteinen i konstruksjonen av dei musikalsk strukturane vi er vande med. Ved å sette dette opp mot musikkuttrykk frå ulike kulturar, inkludert vår eigen tradisjonelle folkemusikk, let Thoresen publikum få kome på sporet på ein utvida måte å lytte til musikk og lyd på.

Musikken og det skjønne

«Språket er ikkje først og fremst ei samling termar og omgrep som viser til enkeltfenomen, men ei grunnleggande forståing for, og lengsel etter, samanheng», sa Kjerschow og tematiserte samanhengen mellom musikkerfaring og den menneskelege måten å orientere seg i verda på. Overtonerekka kan tenkjast å utvise ein einskap i eit mangfald: Det vi oppfattar som ein enkelt tone består faktisk av ein samklang av mange tonar. Her er det mogleg å sjå ein parallell til korleis det til grunn for språkleg omgrepsdanning må finnast ei evne til å oppfatte og gripe samanhengar som går forut for språket.

Peder Christian Kjerschow søker etter ny musikk som kan gi nye samanhengar , samtidig som han heldt fast på at overtonerekka har ei særstilling i musikkerfaringa. Foto: Mats Andreas Nielsen (©)

«Toneverda eksemplifiserer dette betre enn noko anna», hevda Kjerschow. «Når vi først lyttar til tonen vil han framstå som ‘ein’, men lyttar vi nøyare etter vil vi oppdage dei andre tonane som kling med, og det betyr at tonekvaliteten til ei stemme eller eit instrument er avhengig av korleis mangfaldet i einskapen er sett saman. Vidare kan det tenkjast at tonane som slektar på grunntonen utgjer eit hierarki av tonar, eller eit felt tonar, som høyrer til grunntonen.» I dette ligg musikken sitt meiningspotensiale. Når vi høyrer på eit musikkstykke kan vi oppleve at merksemda vår lar seg fange av musikken, og merksemda er enn så lenge heilt gripen av det ho lyttar til. Etterpå kan vi reflektere over og forstå det vi har opplevd, ved hjelp av språklege kategoriar, for eksempel om musikken var stygg, fin osb.

Ein parallell let seg dermed trekke til Platon, og hans tankar om skjønnheit; at noko er skjønt er nettopp det at det gir oss ei aning av meining og heilskap, som det er verd å forfølgje.

Denne «aninga» let seg observere hos små barn, som når dei høyrer musikk kan bli fullstendig merksame og gløyme alt anna omkring seg. Det er i denne merksemda noko kan framstå som meiningsfullt, og dermed legge grunnlaget for ei språklege forståing av fenomena vi opplev. Musikken er altså ikkje berre eit hyggeleg tidsfordriv, men set oss på sporet av djupe filosofiske og eksistensielle erkjenningar.

INTERVJU MED KJERSCHOW: Den lyttande tenkning

Den problematiske musikken

Pianist Ingfrid Breie Nyhus framførte si tolking av Thoresen sitt klaververk Solspill (1983), og illustrerte i praksis mange av tankane som Kjerschow og Thoresen diskuterte.

Solspill baserer seg på ein nokså enkel melodi som kan minne ein om noko ein ville høyrd i norsk folkemusikk. Utover i stykket blir melodien broten opp og oppløyser seg i ei meir abstrakt form, som mot slutten blir gjenkjenneleg att. Nyhus si tolking ber preg av eit langsamt tempo som tvingar tilhøyrarane til å lytte til klangen i pianoet.

Foto: Mats Andreas Nielsen (©)

Kva er det eigentleg som skjer når eit publikum lyttar til eit stykke musikk i lag? Høyrer alle det same, eller har alle kvar si heilt subjektive oppleving? Kjerschow problematiserte det faktum at ofte klarar lyttaren ikkje å henge med på musikken han høyrer, som rett nok kan vere gitt ein struktur av komponisten, men likevel ikkje verkar meiningsfull når vi lyttar. Thoresen påpeikte at sonologien vart utvikla delvis som ein reaksjon på at mykje musikk utvikla seg i ein retning der konstruksjonen vart viktigare enn korleis musikken faktisk høyrdes ut. I staden for å ta ei reint vitskapleg haldning, der ein på eit vis ikkje kan gå ut frå at ein veit kva musikk er, kan ein innstille seg på at musikkoppfatninga vår har ein «morsmålskvalitet». Dette betyr at vi ved hjelp av øyret kan høyre om noko er «feil», på same måte som når orda stokkar seg i ei setning. Noko av det mest vesentlege musikken evnar å gjere er å synkronisere tidsoppfatninga til alle dei som saman høyrer på eit stykke, for eksempel Solspill, der tida er eit vesentleg element.

Thoresen påpeikte at til og med pianoet og måten det i dag blir stemd på er ein konstruksjon, som ikkje er fullstendig bestemt av matematiske forhold, og at måten vi høyrer musikk på er ein blanding av natur og kultur som er historisk betinga.

I den tidlege klassiske musikken vart den klingande musikk som tilhøyrde i folkemusikken sett ned på. Dette fordi han vart rekna for å vere sanseleg, medan den akseptable musikken skulle bestå av matematiske proporsjonar. Desse skulle gjerast om til klingande analogiar til kosmos. «Musikk frå andre kulturar operer ikkje med reine, statiske tonar eller den teljande tidsoppfatninga vi har», sa Thoresen og med det utfordra han den vestlege musikken, som bygger på harmonikk og treklang, ved å hevde at det er eit særtilfelle av kva musikk er og kan vere.

Foto: Mats Andreas Nielsen (©)

Til dette svarte Kjerschow at den funksjonelle harmonikk, som spelar på forholdet mellom tonane i overtonerekka er noko alle kan oppleve som einskapleg, i kontrast til dissonerande intervall som dei fleste vil oppfatta som «problematiske», og at dette er noko vi intuitivt oppfattar når vi lyttar: «Dette kan det ikkje vere berre kultur som har lært oss, at noko blir opplevd som meir meiningsfullt enn noko anna». Thoresen var einig at dette kan stemme, men berre innanfor visse grenser.

Høyr opptak frå samtalen mellom Lasse Thoresen og Peder Christian Kjerschow her:

Lydavspiller
Powered by Labrador CMS