Nyheter

Filmen «The Road» åpner for etisk refleksjon, mener filosof Alfred Fidjestøl. (Kilde: Euforia Film)

Dystopi og etisk refleksjon

Publisert

Er en etikk som bare handler om samhandling med mennesker her og nå tilstrekkelig? Og er dystopien nyttig, fordi det er lettere å bli enige om hva vi ikke vil enn hva vi vil? Den nye filmen «The Road» diskuteres i lys av Hans Jonas’ filosofi i en utmerket artikkel i Klassekampen.

«The Road» tegner et dystert bilde av fremtiden. Verden er døende, og det refereres kryptisk til tiden før katastrofen og «advarslene ingen ville høre på». Det er vanskelig ikke å tenke på dagens miljødebatt og advarslene om klimakrise og apokalypse.

Også i røynda har mennesket store vanskar med å ta inn over seg katastrofar som kan koma i framtida. Likeeins slit vi med å tenkja konsekvensetisk: Vi greier sjeldan radikalt å endra åtferd i dag for å unngå noko fælt eller oppnå noko bra i framtida.

– Kan filosofien hjelpa oss på noko vis her?

– Vi bør nok ikkje setja vår lit til at filosofien kan redda oss frå til dømes miljøkrisa, men Hans Jonas har i alle fall peika ut ein tankefeil som er viktig for desse spørsmåla, seier filosofen Alfred Fidjestøl, som mellom anna har skrive introduksjonsboka «Hans Jonas» på Universitetsforlaget.

– Det Jonas gjer oss merksame på, er at all overlevert etikk frå filosofihistoria er naboetikk og presensetikk: Den gjeld direkte samhandling med folk her og no. Fram til moderne tid har den etikken vore tilstrekkeleg. Slik er det ikkje lenger, hevdar Jonas, fordi vi no, i vår teknologiske tidsalder, er i stand til å gjera handlingar som grip lenger både i tid og rom.

Fidjestøl mener at filmer som «The Road» kan åpne for filosofisk refleksjon.

– Eg meiner det er ein styrke ved filmen at det er uklårt kva katastrofen kjem av. Eg er litt skeptisk til verknadene av miljøpropaganda. Om ein får powerpointane til Al Gore rett i fjeset, er det lett at ein mobiliserer ein forsvarsmekanisme. I tillegg likte eg også at vi får sjå tilbakeblikk på livet før katastrofen. Solfylte bilete av blomar og kjærleik. Det er ei påminning om det umistelege.

«The Road» er ei dystopisk forteljing, og Hans Jonas var oppteken av at nettopp dystopien kunne ha ein positiv funksjon for tanken.

– Dette var eit tilsvar til Ernst Bloch, som var den store tyske marxistiske filosofen i samtida. Bloch var kjend for sine vonfulle utopiske skrifter. Hans Jonas argumenterte for at nettopp det 20. hundreåret hadde vore dei store utopiane sitt hundreår, både i form av kommunismen og nazismen. I staden for å leggja vekt på dei verste scenarioa, hadde ein fantasert om ei strålande utopisk framtid. Det gjekk ikkje vel. Hans Jonas meinte at dystopien kunne verka modererande på ideane til fordel for fatning og ettertanke. Ikkje ulikt det Ottar Brox her heime kalla «Dit vi ikke vil», som var ein freistnad på å førestella seg det verst moglege framtidsscenarioet med framleis stø kurs.

Powered by Labrador CMS