Essay

Då Darwin tenkte det nye

Publisert

I 1859 ga Charles Darwin ut The Origin of Species. Verket etablerte ei ny forståing for biologiske fenomen og for utviklinga av livet på jorda. Her vil eg argumentere for at krafta og radikaliteten i The Origin er mogleggjort gjennom dei litterære verkemidla Darwin nytta, og at den kreative språkbruken er eit trekk ved all etablering av nye forståingsrammeverk. I naturvitskap spesielt og i spekulasjon og forståing generelt.

Av Kristian Starheim. Teksten ble opprinnelig publisert i Replikk 30, 2010.

Korleis skal ein gå fram når ein vil tenkje og beskrive noko nytt, byggje ein ny teori, seie det som før ikkje har vorte sagt eller forstått? Og korleis skal ein overtyde andre om at det nye, det som finn lita eller inga støtte i den etablerte kunnskapsbasen og forståinga, er noko viktig som er verd å ta inn over seg? Dette var problema Darwin møtte då han formulerte sin teori om naturlig seleksjon.

Den største vansken ved å skildra det nye, er at språket ein har tilgjengeleg, det språket som har vore nytta til den tidligare forståinga av fenomen, passar ikkje nødvendigvis til å byggje ei ny forståing. Det eksisterande språket er ofte ladd med føresetnader og meiningar, noko som kan vrengje nytenkingsprosessen vekk frå forsøka på å formulere nye forståingar, og attende mot det som allereie er innarbeida i tidligare forståingar. Nytenkinga kan òg trenge uttrykk og konsept som tidligare ikkje har eksistert. I denne prosessen kan det vere nødvendig å ty til språklege reiskapar som sjeldan blir henta ut av naturvitaren sitt verktyskrin.

Livets tre

I denne prosessen spelar metaforen ei viktig rolle. Metaforen kan seiast å bruke det kjende til å kaste lys over det ukjende. Metaforen får si kraft frå å organisere og arrangere kjende fenomen på nye måtar, og slik etablere nye sambindingar og forståingar mellom fenomen som meir logisk retta tenking ikkje ser.

Darwin teikna sitt første evolusjonstre i midten av juli 1827. (Kjelde: Wikimedia commons)

Ein av metaforane Darwin nyttar er det evolusjonære treet. Det fylogenetiske treet, blir det bærande biletet for å skildre korleis evolusjonen vandrar gjennom tidsdimensjonen. Det fylogenetiske treet låner si kraft frå «livets tre», og slik viser det evolusjonen sine vegval gjennom millenia: Kva greiner som endra seg og vaks for å overleve, og kva greiner som visna hen og døydde. I det fylogenetiske treet prøvde Darwin å kondensere metaforar til verkelege hendingar. Det fylogenetiske treet og «livets tre», treet som uttrykk for evolusjonær organisering, er ein metafor endrar gjennom tid.

For Darwin er det biletet si materialisering, ei kondensering av verkelege hendingar, meint som ei skildring av korleis ting faktisk er – heller enn ein metafor. Og sanninga kjem han altså berre til gjennom nett å bruke ein metafor. Slik enda det evolusjonære treet opp med å bite seg fast i vår felles medvit, gjennom å opne opp for nye meiningar, for nye måtar å organisere og karakterisere fenomen på, gjennom å dra assosiasjonar frå eit felt som det allereie er knytt førestillingar om – det vitale livets tre – til biologien og artsdanninga, der teologien sitt statiske bilete ein gong råda.

Daglegspråk

Metaforen er òg open for tolking – den opnar opp heller enn å lukke eit forståingsfelt. Meininga som skapast av metaforen kan lett destabiliserast, endrast og utvidast. Dette er særleg viktig når nye rammeverk for forståing grunnleggjast: at ein ikkje stengjer for den kreative prosessen på eit for tidlig stadium.

I tillegg til å vere rik på metaforar, er The Origin stort sett skriven i det ein kan kalle eit daglegspråk. Bruken av daglegspråk opna opp for ein brei offentleg debatt om boka. Det gjorde det mogleg for lekfolk å lese verket, og metaforane gjorde det ope for tolkingar. Metaforar som «naturleg utval», «det evolusjonære treet» og «den sterkastes rett» er i dag velkjende omgrep langt utanfor vitskaplige krinsar. Dette kan vere ein viktig grunn til at Darwin sine arbeid framleis debatterast aktivt i det offentlege ordskiftet.

Formuleringa av ein ny teori gir nokre spesielle utfordringar med omsyn til relasjonen mellom delane og heilskapen i teorien. I teorien si spede byrjing er det naudsynt å stabilisere den nok til at den kan brukast til å gi meining til observasjonar. Om teorien ikkje maktar dét, vil den ikkje utvikle seg vidare. På same tid skal teorien dannast på grunnlag av observasjonar. Så ein ender opp med ein hermeneutisk syklus, der delane er bestemt av heilskapen, og heilskapen er bestemt av delane.

Som psykologen Jerome Bruner seier det i sin artikkel «What is a narrative fact»: Fakta systematiserer verda, og fakta vert bestemt gjennom konsept for forståing og narrativ. Narrativa er slik eit viktig aspekt ved vår forståing av verda, av korleis vi gir meining til verda.

Litterære kvalitetar

I dag, 151 år etter utgivinga av The Origin, er evolusjonsteorien feira (kanskje litt ekstra feira i fjor) og debattert over det meste av verda. Det er sagt at det er ein teori som har vorte yngre med åra, kanskje fordi den enorme utvidinga av molekylærbiologisk forståing av biologiske system har evolusjonsteorien som sentral bærebjelke.

Tittelsida i The Origin of Species frå 1859. (Kjelde: Wikimedia commons)

I tillegg til å røre ved noko sentralt i vår forståing av oss sjølve som menneske, er ein av grunnane til The Origin sin aktualitet og evne til å skape debatt nett boka sine litterære kvalitetar.

Eg har her freista å vise at den litterære utforminga av The Origin of Species var eit produkt av verket sin radikalitet og nytenking. Sjølv om evolusjonsbiologi i dag er eit veletablert felt, og evolusjonære analysar er sentrale i store delar av dagens biologi og medisin, så opnar The Origin framleis opp for fleire forståingsmåtar. Inkludert nokre som ikkje lar seg nå så lett av dei meir etablerte vitskapsdisiplinane, nemleg spørsmålet om meining, om kva livet er heller enn korleis det er.

Litteratur

Gillian Beer. Darwins Plots .Cambridge University Press, 2000

Jerome Bruner. «What is a narrative fact?». Annals, AAPSS, nov. 1998

Charles Darwin, The Origin of Species. Signet Classics, 2003

LES OGSÅ: Gud versus Darwin?
Powered by Labrador CMS