Religionens livstolkning

BOKMELDING: Idéen med Religionens livstolkning er god. Men boka er blitt meir ein religionsfilosofisk katalog enn ein stringent studie.
Av pater Arnfinn Haram, St. Dominikus kloster, OsloTo prominente norske teologar, Jan-Olav Henriksen og Svein Aage Christoffersen, den eine frå Menighetsfakultetet og den andre frå Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo har gått saman om ein lærebok i religionsfilosofi.

Tydeleg ei lærebok

Arnfinn Haram er pater ved St. Dominikus kloster på Majorstuen i Oslo. (Foto: Ranveig Nordgaard, Krigsropet)

For det dreiar seg om ei lærebok. Det er på sett og vis boka sin veikskap at dette er litt for tydeleg. Framstellinga blir for ordrik, for lite stram i språket, for mange ting som skal med undervegs, for mykje inntrykk av å vere ringperm for brukte førelesingsmanus.

Slik blir noko av driven borte, det som tek lesaren med på ei målretta reise. Det blir for mykje av ein tett jungel med tematikkar og drøftingar som ikkje er heilt fullstendige. Som leseoppleving blir det ein serie med nye startar heile vegen.

Får fram mangfald

Styrken er sjølve grepet på religionsfilosofien som fag – religionsfilosofi som undersøkjing av religionens plass i det forfattarane kallar «livsverda», meir enn som abstrakt definering av religiøse og filosofiske termar. Dermed får ein fram at religion står i eit mangfald av relasjonar til andre samfunns- og kulturfenomen.

Det synleggjer at religion ikkje er noko marginalt og sært, men ein ordinær og ofte dominerande faktor i den menneskelege sivilisasjonen.

Slik får ein også fram dei ulike kontroversane rundt tru og religion utan å måtte setje alt på éin – eller nokre få formlar.

Religion som praksis

Ein drøfter religion og sekularisering, religion og samfunn, religiøs erfaring, religion og språk, verdsbilete og menneskesyn, tilhøvet til etikk, kunst og kultur. Dei meir tradisjonelle tematikkane i religionsfilosofien som gudsomgrep og gudsbevis og det vondes problem, er ein også innom.

På denne måten trer religion fram som praksis og som konkrete tradisjonar og fellesskapsformer. Spørsmålet blir ikkje berre om det finst ein samlande teori for kva religion er, reint prinsippielt. Det handlar like mykje eit om korleis tru og truspraksis kan funksjonere i skiftande tider og samfunnstilhøve.

Aktuell, brei og overflatisk?

Hovudhorisonten er, heilt eksplisitt, kristendomen, men med tydelege utblikk til jødisk og islamsk tru. Særleg med vekt på møtet mellom religion og modernitet i dei vestlege samfunna. Dette gjev teksten aktualitet og breidde og skaper forventing hos lesaren.

I alle fall eg blir litt skuffa, fordi forfattarane ikkje får fram nye vinklar eller ei grunnleggjande forståing som blir ståande att i sinnet når du er ferdig med boka. Samfunnsperspektivet og det fenomenologiske grepet som dei to vedkjenner seg som eigen ståstad, er fruktbart og spennande. Men det blir for mykje overflate og svippturar.

Idéen med Religionens livstolkning er god. Men boka er blitt meir ein religionsfilosofisk katalog enn ein stringent studie.

Jan-Olav Henriksen og Svein Aage Christoffersen
Religionens livstolkning – Innføring i kristendommens religionsfilosofi

Universitetsforlaget 2010

Bok: Religionens livstolkning – Jan-Olav Henriksen og Svein Aage Christoffersen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *