Russisk fortid og framtid

Pramdragarar ved Volga eller Burlaki (Burlaki na Volge, Бурлаки на Волге) måla av den russiske målaren Ilja Repin. Bilete blei laga i 1870-73 og visar elleve arbeidarar som trekk ein fraktebåt motstraums opp langs Volga si bredd. Dei er nesten i ferd med å kollapse av utmatting og bildet kan sjåast som ei hylling til arbeidaranes verdigheit i møte med lidinga. (Kilde: Statlige russiske museet i St. Petersburg/ Wikimedia Commons)

BOKOMTALE: Denne våren har vi fått noko så uvanleg som ei norsk omsetjing av ei klassisk russisk framstilling av russisk tenking: Nikolaj Berdjajevs Den russiske idé: Grunnleggende problemer i russisk tenkning på 1800-tallet og begynnelsen av 1900-tallet. I Torgeir Bøhlers omsetjing er boka medrivande lesnad, men forfattarens stadige spekulative drypp kan verka framande og forvirrande for lesarar i dag.

Av Kåre Johan Mjør, postdoktor ved Universitetet i Uppsala.

Den russiske idé kom ut første gong i 1946 på det russiske emigrantforlaget YMCA Press i Paris, der Berdjajev hadde budd sidan 1920-talet. Saman med ei rekkje andre intellektuelle hadde han blitt sendt i eksil av den nye bolsjevikmakta i 1922. På dette tidspunktet var han allereie godt etablert i heimlandet som ein offentleg intellektuell, noko han heldt fram som i det vitale russiske emigrantmiljøet i mellomkrigstidas Paris fram til han døydde i 1948.

Både av utdanning og sjølvforståing var Berdjajev først og fremst filosof, men han var frå tidleg av oppteken også av historia til russisk tenking. Han var overtydd om at det fanst ein særskilt russisk tradisjon innanfor filosofien, og som vi kan sjå fleire stader i Den russiske idé, situerer han jamvel seg sjølv aktivt innanfor denne tradisjonen.

Eit idéhistorisk verk?


Nikolaj Berdjajev (1874–1948) var først og fremst filosof, men han var frå tidleg av oppteken også av historia til russisk tenking. (Kilde: Wikimedia commons)

Den russiske idé er altså mellom hans siste bøker. Kjennarar av Berdjajev vil lett sjå at ho gjentar mange poeng og analysar frå tidlegare tekstar – han skreiv tilsynelatande kontinuerleg, men det var også karakteristisk for han å resirkulera eigen tekst. Samstundes får vi mot slutten også ein refleksjon over den nye geopolitiske situasjonen etter 1945. Tida for germansk hegemoni er over, kjem det fram her; framtida vil bli prega av «russiske idear». Rett nok hadde han sett fram ein tilsvarande spådom under første verdskrigen (jf. boka Russlands lagnad, 1918), men utfallet av den andre verdskrigen har no gjeve nytt liv til dei same tankane. Som tilfellet var for fleire andre russiske emigrantar i mellomkrigstida, var det ikkje lenger så lett å forhalda seg utelukkande negativt til det totalitære regimet som hadde sendt dei i eksil og undertrykt den kulturen dei var del av og hadde vore med og skapt. Sovjetunionen hadde jo no vunne over eit anna totalitært regime og slått nazismen attende.

Den russiske idé er med andre ord ikkje ei «rein» historiebok. Ikkje berre handlar ho om det som for Berdjajev er det sentrale temaet i russisk idéhistorie, nemleg historia sitt mål og ibuande meining – Berdjajev spekulerer også sjølv over dette. Og allereie i opningsavsnitta blir lesaren konfrontert med ein tekst som står i tilsynelatande motsetnad til den meir edruelege lovnaden i undertittelen til boka, nemleg om å gje ei innføring i «grunnleggende problemer i russisk tenkning». Berdjajev skriv nemleg her at han ikkje primært fokuserer på «spørsmålet om hva Russland har vært og er rent empirisk, men heller spørsmålet om hvilke intensjoner Skaperen har hatt med Russland» (s. 23).

Russisk messianisme

Etter nokre sider med spekulasjonar over Russlands sjel glir likevel Berdjajev over mot ei etter måten meir nøktern historisk framstilling av russisk mentalitet i seinmiddelalderen, rett nok presentert i hans karakteristiske assosiative stil. Samstundes gjer han her ei tematisk innsnevring som er viktig for å forstå den vidare logikken i teksten: Hovudkomponentane i russisk mentalitet blir hevda å vera liding og eskatologi. Eskatologi hjå Berdjajev tyder ei orientering mot det hinsidige og framtidige, og er samstundes å forstå som ein respons på det uuthaldelege tilveret her og no, dvs. i det moskovittiske tsardømet. «Og en uvanlig egenskap i det russiske folk ble avdekket – evnen til å utholde lidelse, samt en higen etter det hinsidige, etter de ytterste ting» (s. 39). I tillegg karakteriserer Berdjajev dette trekket som eit «messiansk medvit», og det einaste folket russarar dermed kan samanliknast med, er det jødiske – eit poeng han gjer gjentekne gonger. Derimot utgjer dei europeiske folka ein markert motsetnad, då desse finn seg vel til rette «i midten». Dette vitnar om deira «borgarlege» sinnelag, noko Russland «aldri» har hatt.

Førsteutgåve av m.a. Den russiske idé, utgjeve i 1946 på det russiske emigrantforlaget YMCA Press i Paris

Denne mentalitetshistoriske innføringa dannar i sin tur ein bakgrunn for det som er hovudtemaet i boka: hovudtendensar i russisk tenking på 1800-talet. (Byrjinga på 1900-talet, jf. undertittelen på boka, kjem først i siste kapittel.) Med unntak av det første og siste kapitlet er boka i hovudsak tematisk og ikkje kronlogisk organisert. Det er likevel eitt tema som er viktigare og meir overgripande enn alle andre og som går igjen i samtlege kapittel, og det er nettopp det historiefilosofiske, eller eskatologiske. Her ligg då også den meiningsberande parallellen mellom det russiske folket og den russiske intelligentsiaen som boka er bygd opp rundt. Berdjajev framstiller begge som kontinuerleg søkande – etter eit anna og betre liv, etter å omforma verda.

Russisk filosofi blir med andre ord tolka som ei spegling av ein meir generell nasjonal mentalitet. Det seier seg sjølv at forteljinga til Berdjajev dermed blir høgst selektiv – ikkje berre med tanke på kva aspekt hjå ein «russisk filosof» som blir framheva, men også kven som kjem med. Til dømes får ulike former for russisk liberalisme liten plass i denne boka, dei er truleg ikkje «russiske» nok.

Berdjajevs hagiografi

Likevel er historia til Berdjajev meir inkluderande enn ein i og med dette utgangspunktet skulle tru. Side om side med djupt ortodokse figurar opptrer nemleg dei mest antireligiøse tenkjarar i russisk historie: dei radikale materialistane frå midten av 1800-talet (kritikar og filosofar som Vissarion Belinskij, Aleksandr Herzen, Nikolaj Tsjernysjevskij og Nikolaj Dobroljubov). Som utopistar var også desse «eskatologiske». I tillegg framhevar gjennomgåande Berdjajev det «asketiske» sinnelaget og det sjølvpåførte «martyriumet» deira, som framfor alt viser seg gjennom ei evne til med-liding med det lidande folket. Berdjajev kallar då også innleiingsvis historia til den russiske intelligentsiaen for eit «martyrologium» (s. 46). Dette utdjupar han litt seinare som følgjer: «man trer ut av en verden preget av ondskap, hengir seg til askese, samtidig som man har evnen til å ofre seg og utholde sitt martyrium» (s. 56).

Berdjajev gjer med andre ord gjennomgåande nytte av ein kristen biletbruk for å gje meining til russisk idéhistorie, der aktørane på ulikt vis blir representerte som martyrar, asketar, skuldmenn og sonarar. I si sjølvpåførte liding står dei fram som Kristus-imitatorar: Dei tek på seg lidingane i denne verda – om enn hovudsakleg i symbolsk forstand (sjølv om nokre av dei også blei forfølgde av staten). I tråd med den hagiografiske retorikken som såleis blir aktivert i framstillinga, blir russisk «medlidenhet med de falne og fornedrede» (s. 337) kjelde til ein imaginær guddomleg transformasjon av folk så vel som intelligentsia.

Dermed blir det også mogeleg for Berdjajev mot slutten å faktisk formulera eit svar på «hvilke intensjoner Skaperen har hatt med Russland»: «Det nye Jerusalem er ikke løsrevet frå den enorme russiske jord, det står i forbindelse med denne jorden, og jorden er en del av det nye Jerusalem» (s. 338). Russiske tenkjarar har gjennom sine idear og handlingar lagt grunnlaget for «Den hellige ånds epoke», som Berdjajev i tråd tidlegare messianistar (Joachim av Fiore på 1100-talet, August Cieszkowski på 1800-talet) kallar den føreståande tida.

Ideen om Russland

Bok: Den russiske idé – Nikolaj Berdjajev

Kva meiner så Berdjajev med omgrepet om «den russiske idé»? Det er ikkje umiddelbart heilt eintydig. Nokre stader skriv han om «typiske russiske idear» (t.d. eskatologi eller førestellingar om fellesskap). Oftare ser det ut til å stå for «russisk tenking» meir generelt, men samstundes med vekt på det som er karakteristisk for denne (ein eskatologisk tenkjar «inngår i den russiske idé»). Endeleg tyder også «den russiske idé» rett og slett ein «idé om Russland», dvs. er eit uttrykk for «Skaparens intensjonar med Russland». Berdjajev er gjennom heile boka oppteken både av kva som kjenneteiknar russisk tenking og av kva som er Russlands kall, og han har skrive ei historie om førstnemnde for å setja ord på sistnemnde. Til dømes er «kommunitarisme» på den eine sida noko han reknar for ein typisk «russisk idé» og på den andre noko russarar har som guddomleg kall å openberra for resten av verda.

Den russiske idé er dermed ein tekst som pendlar mellom eit historisk og spekulativt modus. Sjølv om førstnemnde dominerer i brorparten av teksten, medan sistnemnde primært pregar opninga og slutten, finn vi stadige fluktueringar undervegs. Når Berdjajev fleire stader skriv at russarar er «et endetidens folk», er dette nettopp eit karakteristisk døme på hans tostemmige skrift, der han framstiller russarar både som intenst oppteken av endetida og (meir implisitt) som det folket som vil prega endetida i særleg grad.

Vidare lesetips

  • Nikolaj Berdjajev, Vägar til självkännedom, oms. Stefan Borg, Skellefteå: Artos 1994.
  • Gary M. Hamburg & Randall O. Poole (red.), A History of Russian Philosophy: Faith, Reason, and the Defense of Human Dignity, Cambridge: Cambridge University Press 2010.
  • Kåre Johan Mjør, Reformulating Russia: The Cultural and Intellectual Historiography of Russian First-Wave Émigré Writers, Leiden & Boston: Brill 2011.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *