Anmeldelse

(Kilde: Wikimedia Commons)

Dworkins religiøse ateisme

Publisert

BOKOMTALE: Religion er djupare enn gud, skriv Ronald Dworkin i Religion without God: Religiøs overtyding handlar djupast sett om at livet og universet er fylt med overskridande meining og verdi, som verken kan vera grunna i naturlege eller overnaturlege fakta. Difor kan òg ateisten vera religiøs.

Av

Kva er meininga med livet? Spørsmålet inviterer umiddelbart til oppfølginga: Kan det finnast eit ålmenngyldig svar på eit slikt spørsmål, og kven kan i så fall bestemma dette svaret? Mange, både ateistar og truande, har tenkt at berre ein religion kan svara, og at om det ikkje finst ein gud som kan bestemma ei meining for oss, så er det berre den subjektive meininga me sjølve gir livet som gjeld. Om me ikkje er ein del av ein kosmisk plan fastsett av ein allmektig, allvetande gud, så er me i den store samanhengen ingenting, og når me døyr, er det over, uansett. Den kjente kristne filosofen og apologeten William Lane Craig uttrykkjer det slik: «If life ends at the grave, it makes no difference whether one lives as a Stalin or as a saint. … Given the finality of death, it really does not matter how you live» (Craig 1997).

Som Ronald Dworkin påpeiker innleiingsvis i Religion without God (2013c:1; frametter RWG), er det utvilsamt ein viktig del av appellen til religionane at dei kan gjera livet mindre absurd og universet mindre einsamt. Trua på at tilveret og kosmos må ha ei meining som er større enn våre eigne, subjektive preferansar er i følgje Dworkin eit uttrykk for ei grunnleggjande religiøs haldning, men ei tru på ein gud er berre eitt mogleg utslag av denne haldninga. Ateistar kan, like mykje som teistar, tru på at me har eit ansvar for å leva godt, og at eit godt levd liv har objektiv, ibuande meining og verdi. Ja, sjølv om det skulle finnast ein gud så kan ikkje denne guden heilt av seg sjølv bestemma kva som er eit meiningsfullt liv: Me kan ikkje tru at me har levd godt fordi me har levd slik Gud vil med mindre me forstår guds vilje som ei (guddommeleg) innsikt om kva som verkeleg er godt. Men i så fall er det gode sjølv uavhengig av Gud.1

Ronald Dworkin: Religion without God (Harvard University Press, 2013)

Ateisten trur sjølvsagt, i motsetnad til teisten, at me er daude når me døyr, både materielt og mentalt. Men i motsetnad til Craig meiner Dworkin at kan livet likevel ha eit føremål som går utover denne horisonten. Han uttrykte det slik i sluttordet til den førre boka hans, Justice For Hedgehogs:

«Without dignity our lives are only blinks of duration. But if we manage to live a good life well, we create something more. We write a subscript to our mortality. We make our lives tiny diamonds in the cosmic sands.» (Dworkin 2011:423)

Å handla ut frå ei sunn etisk overtyding og å behandla andre med respekten og omtanken som den overtydinga krev er å skapa noko av uendeleg verdi, slik me seier at kunstnarar kan skapa verk som vil leva evig i kraft av sine kunstnariske kvalitetar (RWG:157–158). Denne verdien, meiner Dworkin, er like ekte som planetar og partiklar, men han er ikkje påviseleg eller mogleg å forklara vitskapeleg, og er heller ikkje grunna i noko anna som er det. Overtydinga om at eit liv godt levd har verdi er nettopp ei urokkeleg overtyding eller ei tru – ei tru som peikar utover det timelege og endelege ved livet vårt. «That is a religious conviction if anything is», konkluderer han i den aller siste boka si (RWG:159).

Dworkin (1931–2013) byrja karriera som jurist og rettsfilosof, og er kanskje særleg kjend for å ha argumentert mot rettspositivismen og for tesa om at det finst rette svar på alle rettslege spørsmål. I seinare år kom han meir og meir på bana som moralfilosof, og argumenterte då mot ulike former for skeptisisme og for at det finst rette svar òg på spørsmålet om korleis me bør leva. I Religion without God , ei kort bok utgitt posthumt basert på Einstein-førelesingane forfattaren heldt ved Universitetet i Bern i 2011,2 tar han opp forholdet mellom religion og gudstru, samt kva rolle religiøs overtyding speler og bør spela i liva våre og i samfunnet. Religion without God er eit engasjert og velskrive essay som viser korleis ein av dei fremste liberale filosofane av sin generasjon oppdaga, då livet nærma seg slutten, at det fanst ei form for religiøsitet han sjølv kunne vedkjenna seg. Boka handlar likevel ikkje om hans eiga reise i trua, men om den større filosofiske, moralske og politiske samanhengen han ser religiøsiteten i, og det er dette perspektivet eg òg vil nærma meg boka frå.

Den religiøse haldninga

Bodskapen i Religion without God er altså meir original enn at uttrykket «religion» kan nyttast på ein meiningsfull måte om livssyn, tradisjonar eller institusjonar som ikkje er essensielt teistiske; dette er velkjent frå religionsvitskapen.3 Hovudpoenget hans er, som han seier, at «religion er djupare enn Gud» (RWG:1), og han meiner dette som ein påstand om all religion, ikkje berre om visse særtilfelle av ikkje-teistiske religionar: Sjølv innan tradisjonell, teistisk religion er ikkje trua på gud så fundamental som ho vanlegvis blir oppfatta som. Den eigentlege kjernen i all meiningsfull religion er i følgje Dworkin å finna i ei grunnhaldning eller livsinnstilling som, for det første, avviser reduktiv naturalisme (synet som seier at ei komplett naturvitskapleg skildring av røynda vil vera uttøymande for alt som er verkeleg), og, for det andre, seier at menneskelivet så vel som naturen er fylt med meining og verdi. Denne haldninga ligg i følgje Dworkin til grunn for mange menneske si religiøse søking og tilknyting, og leier mange til å akseptera ein teistisk religion. Men haldninga i seg sjølv tar ikkje stilling til om det finst ein gud, og ho er like tilgjengeleg for ateistar som teistar. Difor er ikkje-teistisk religion meir enn eit unntak frå ein regel: Religion er i det heile tatt ikkje grunnleggjande teistisk.

Her er Dworkins mest konkrete og utfyllande karakteristikk av den religiøse haldninga:

«What, then, should we count as a religious attitude? I will try to provide a reasonably abstract and hence ecumenical4 account. The religious attitude accepts the full, independent reality of value. It accepts the objective truth of two central judgments about value. The first holds that human life has objective meaning or importance. … The second holds that what we call ‘nature’ – the universe as a whole and in all its parts – is not just a matter of fact but is itself sublime: something of intrinsic value and wonder. Together these two comprehensive value judgments declare inherent value in both dimensions of human life: biological and biographical.» (RWG:10)

Dette synet på religion er idiosynkratisk, men ikkje utan forankring i allmenn praksis. Eg har sjølv høyrt folk seia til dømes at dei er kristne fordi dei trur på mennesket; og som eg vil koma tilbake til, viser Dworkin til mange fleire døme på at religionsomgrepet faktisk blir brukt på ein måte som peikar mot karakteristikken han gir. Det ville difor vore ein feilslutning å avfeia Dworkin med at han berre har funne opp ei ny tyding av «religion» og dermed endra temaet meir enn han har sagt noko nytt om eit gamalt tema, slik ein kunne vore freista til. Det er verdt å ta karakteristikken til Dworkin på alvor. Då må me spørja: Kva er det som gjer den «religiøse haldninga» Dworkin skisserer til nettopp religiøs?

Eitt svar er at haldninga, som nemnt, avviser naturalismen (RWG:12). Trua på at verdiar verkeleg finst tvingar oss utover rammene av ei naturvitskapleg skildring av verda: Same kor mykje vitskapen fortel oss om Hardangerfjorden, eller om kva respons synet av Hardangerfjorden vekkjer i hjernen vår, kan han ikkje fortelja oss at denne fjorden verkeleg er vakker. Synet på verdiar som me finn i den religiøse haldninga kallar Dworkin «ugrunna realisme» (RWG:15), fordi det seier at det normative ikkje er grunna i det deskriptive, men likevel er verkeleg og objektivt. Detaljane i dette synet er uklare, og kan sjølvsagt diskuterast (Dworkin seier meir om det i Justice for Hedgehogs, utan at han bruker namnet «ugrunna realisme» der). Dworkin har i alle fall eit poeng i at det er ein djup motsetnad mellom naturalisme og religion, og gitt at det å avvisa naturalismen ikkje nødvendigvis inneber å vedkjenna seg ein gud, er det rimeleg at det òg kan finnast ateistisk religion.

Denne teksten ble opprinnelig publisert som et lengre bokessay i Filosofisk supplement 1/2014.

Eit anna, relatert svar er at det kan seia noko om sjølve haldninga å kalla henne religiøs. Uttrykket «ugrunna realisme» peiker mot eit religiøst aspektet ved haldninga, nemlig at verdiar er noko ein må tru på sjølv utan handfaste prov. Det finst sjølvsagt argument for at noko kan vera objektivt godt eller vondt, akkurat som at det finst argument for Guds eksistens – det er ikkje dét Dworkin vil nekta for. Det han peikar på, er at det likevel handlar mest om rå overtyding kva side ein landar på i desse spørsmåla. Realisme, som teisme, botnar ofte i ei oppleving av at «det berre vera slik», og denne opplevinga forklarer kvifor argumenta for antirealisme og ateisme sjeldan overtyder dei som trur frå før.

Som Dworkin peiker på, er situasjonen i éin forstand den same når det kjem til logikk, matematikk og naturvitskap: Dei er alle avhengige av ei slags tru. Den vitskaplege metoden kviler på føresetnadene om at alt som hender har ei årsak og at observasjonane våre er verknader av faktiske hendingar i den ytre verda, noko som ikkje kan provast verken vitskapleg eller på annan måte. Sameleis er aksioma i logikken og matematikken berre grunngitt av korleis dei bidrar til å oppnå resultat innanfor vitskapen, ikkje av noko meir grunnleggjande . Difor er det verken unikt eller overraskande at ein ikkje kan grunngi verdiar utan å føresetja at det finst verdiar, noko som sjølv er eit spørsmål om tru . Men det er i følgje Dworkin ei sterkare form for tru som er involvert i den religiøse haldninga – ei tru som er djupare, meir personleg og emosjonell:

«Our convictions about value are emotional commitments as well and, whatever tests of coherence and internal support they survive, they must also feel right in an emotional way. They must have a grip on one’s whole personality.» (RWG:19)

Dworkin knyter her an til den tyske teologen Rudolf Otto og omgrepet hans om «det numinøse» – erfaringa av det heilage, det overskridande, das ganz Andere, ei erfaring han meinte var sui generis og ikkje kunne reduserast til andre mentale tilstandar. Den som ikkje har hatt nokon slik erfaring, seier Otto, kan ikkje eigentleg forstå kva religiøsitet er (Otto 1931:7–8). På liknande vis seier Dworkin at den som ikkje deler opplevinga at verdiar er verkelege, vanskeleg kan overtydast til å godta den religiøse haldninga (RWG:21). Opplevinga Dworkin kallar numinøs – at universet verkeleg er fantastisk, og at livet verkeleg er meiningsfullt – bringer tankane til Kants berømte utsegn om korleis stjernehimmelen og morallova stadig på nytt kunne fylla han med age og undring: Meir enn ei reint teoretisk erkjenning er dette ei oppleving som kan vera med og forma eit heilt liv, slik ei religiøs erfaring i tradisjonell forstand gjer.

Religion i rettssalen, laboratoriet og livet

Dworkin har, som nemnt, eit vidare svar på kvifor haldninga han skildrar nettopp er religiøs: Han vil fanga inn ein måte religionsomgrepet blir brukt på i ulike samanhengar, som ikkje blir fanga inn av ein karakteristikk som gjer teisme essensielt for religion. På den eine sida viser han til korleis «religion» er blitt tolka i ein juridisk kontekst, på den andre sida til korleis vitskapsmenn og diktarar har uttrykt sine eigne overtydingar.

Den juridiske konteksten dreier seg om retten til religionsfridom som finst i dei fleste lovtekstar. Mange domstolar, først i rekkja amerikansk høgsterett, har tolka denne retten slik at han vernar overtydingar som ikkje involverer nokon slags gudstru. Eit døme frå Noreg er finn me i saka om den sekulære, livssynshumanistiske privatskulen Humanistskolen, som etter mykje om og men har fått godkjent søknaden sin om offentleg støtte denne våren. Grunnlaget for godkjenninga var at privatskulelova opnar for privatskular med eit religiøst grunnlag; den Europeiske menneskerettsdomstolen har nemlig slått fast alle overtydingar som har «a certain level of cogency, seriousness, cohesion and importance» må kunna reknast som religiøse i rettsleg samanheng, anten dei er teistiske eller ateistiske, og at eit humanistisk livssyn difor ikkje kan diskriminerast i eit lovverk som skal sikra religionsfridom.

Dei mange tenkjande menneska som har kalla seg sjølve religiøse trass i at dei ikkje trudde på nokon gud utgjer den andre konteksten Dworkin viser til som støtte for si religionsforståing. Det viktigaste dømet i så måte er Albert Einstein, som førelesingane boka byggjer på var tileigna. Einstein trudde ikkje på nokon gud, og då han sa at Gud ikkje trillar terning med universet, var dette eit metaforisk uttrykk for overtydinga hans om at det måtte vera ein harmoni og orden i kosmos; det fundamentale nivået av røynda kunne ikkje vera så vilkårleg som kvantemekanikken skildra det. Han såg likevel denne overtydinga som eit utslag av eit religiøst sinnelag, og sa mellom anna: «To sense that behind anything that can be experienced there is a something that our minds cannot grasp, whose beauty and sublimity reaches us only indirectly: this is religiousness. In this sense I am religious» (Einstein 1932). Slike religiøse vedkjenningar er ikkje vanlege blant teoretiske vitskapsfolk. Dworkin ser likevel overtydinga til mange fysikarar og kosmologar om at universet må vera harmonisk og ordna, og at ein teori om universet må reflektera desse kvalitetane, som uttrykk for ei religiøs haldning (RWG:47–50). Med denne forståinga av religion kan me såleis sjå dei storslagne vitskaplege prosjekta i vår tid som religiøst motiverte.

Her òg kan me finna eit anna døme på den same tendensen i vår heimlege sfære. Arne Garborg gjorde ei kompleks religiøs reise, men i alle fall på eitt tidspunkt meinte han å ha funne fram til «den moderne religiøsitet, – således som jeg tror, den må begrundes» (Garborg 1895:83). Kjerna i denne religionen ligg i «troen på livet»: overtydinga om at livet, trass i all tilsynelatande meiningsløyse og tomheit, likevel må ha ein djupare grunn og eit høgare mål. Førestillinga om ein gud kan likevel i høgda vera eit metaforisk uttrykk for denne trua på ein meiningsgivande grunn i tilveret: «Vi kalder vort mysterium ‘livet’, i mangel af et bedre ord. Har vi trang til at personificere, siger vi Gud» (Garborg 1895:83–86). Trua på at ein i livet kunne finna ein samklang med noko mykje større enn mennesket var altså, for Garborg som for Dworkin, open òg for nokon som ikkje trudde på Gud. Slik eg tolkar han her, delte Garborg det som er ein hovudbodskap for Dworkin: at ei gudstru berre er eitt mogleg uttrykk for ei religiøs overtyding som aller mest handlar om at livet ikkje kan vera berre meiningslaust, djupast sett.

Dworkins testamente

Ronald Dworkin gjekk bort 14. februar 2013, og eg vil slutta i eit meir nekrologisk toneleie. Før jul arrangerte Salongen ein paneldebatt på Blindern med temaet «Analytisk vs. kontinental filosofi». Dei kontinentalfilosofisk orienterte paneldeltakarane retta særleg to skuldingar mot den analytiske, angloamerikanske tradisjonen: Dag Østerberg hevda at analytiske filosofar ikkje tenkjer i heilskapar og (difor) ikkje kan «frembringe en … livsanskuelse» (Østerberg 2013), medan Remi Nilsen hevda at analytiske filosofar «virker uinteressert i å innta en kritisk rolle i samfunnet» (Nilsen 2013). Om Dworkin falsifiserer desse generaliseringane, eller berre er eit unntak som stadfestar regelen, skal eg overlata til lesaren å fella ein dom over: I alle fall er han eit utvitydig døme på ein analytisk filosof5 som både tenkte omfattande og heilskapleg og som intervenerte i samfunnet han var ein del av. Til vitne om det førstnemnte står ikkje minst dei to siste bøkene hans, som tar opp alt frå sanning, vitskap, fortolking og omgrepsteori til moral, fri vilje, meininga med livet og altså religion; til vitne om det sistnemnte står mellom anna over 100 populære artiklar og essay han skreiv til New York Review of Books om aktuelle samfunnsspørsmål frå 1968 til 2013. Han såg ein nær samanheng mellom desse to sidene ved verksemda hans:6 Nettopp for å kunna gi innsiktsfulle bidrag til debattar om grunnlovstolking og helsereform måtte han kunna støtta seg på større teoriar om rettferd og objektivitet, samstundes som desse teoriane sjølve var lite verdt om dei ikkje kunne bidra til kritisk refleksjon over rådande forhold. I så måte hadde han, som Thomas Nagel har sagt, platonske ambisjonar (Nagel 2013), men han var like mykje ein sokratisk klegg.

Begge desse sidene er sterkt til stades i Religion without God : Han ville bidra til å dempa dei kulturelle konfliktane mellom religiøse fundamentalistar og sekularistiske «ny-ateistar», men for å kunna gjera det, måtte han kunna seia noko generelt både om kva religion er og om kva vitskap og moral er . Og for å kunna gjera det, las han alt frå Paul Tillich og Baruch Spinoza til Steven Weinberg og Stephen Hawking, og grunna over spørsmål som om omgrepet om ein ikkje-personleg gud er koherent og kva som gjer at symmetri er ein ettertrakta eigenskap både i estetiske objekt og vitskaplege teoriar. Denne intellektuelle nyfikna og openheita er, saman med det gode språket, det som aller mest gjer Religion without God engasjerande og lesverdig. Men det gjer ikkje berre boka god: Det minner oss om kva rolle filosofien kan spela i eit meiningsfullt liv. I så måte er Religion without God ei verdig avrunding av Dworkins livsverk.

Litteratur

  • Craig, W. L. 1997, «The Indispensability of Theological Meta-Ethical Foundations for Morality», Foundations, 5, 9–12. Tilgjengeleg her [03.02.14]
  • Dworkin, R. 2011, Justice For Hedgehogs, Harvard University Press, Cambridge, Mass.
  • ——. 2013a, «Law From the Inside Out». New York Review of Books, 60, 17. Tilgjengeleg her [03.02.14]
  • ——. 2013b, «Religion Without God», New York Review of Books, 60, 6. Tilgjengeleg her [03.02.14]
  • ——. 2013c, Religion Without God, Harvard University Press, Cambridge, Mass.
  • Einstein, A. 1932, «My Credo». Tilgjengeleg her [03.02.14]
  • Garborg, A. 1895, «Troen på livet (Et stykke religiøs udvikling)», i A. Garborg, 1980, Artiklar og essay II, Aschehoug, Oslo, 78–86.
  • Nagel, T. 2013, «Ronald Dworkin: The Moral Quest», New York Review of Books, 60, 18. Tilgjengeleg her [03.02.14]
  • Nilsen, R. 2013, «Kritikk og selvkritikk», Salongen. Tilgjengeleg her [03.02.14]
  • Otto, R. 1931, The Idea of the Holy, Harvey, J.W., (oms.), 6. utg, Oxford University Press, Oxford.
  • Østerberg, D. 2013, «Fra analyse til syntese», Salongen. Tilgjengeleg her [03.02.14]

Notar

1 Dworkin støttar seg her på Humes «lov» om at ein ikkje kan slutta frå er til bør: Normative konklusjonar kan aldri utleiast frå berre deskriptive premiss. Teologiske påstandar er nødvendigvis deskriptive, og om dei skal kunna ha ein plass i etisk argument må det difor vera eit uavhengig, normativt premiss som grunngir kvifor dei er relevante, meiner Dworkin. Han viser og til det såkalla Euthyfron-dilemmaet, kjent frå dialogen av Platon der Sokrates spør Euthyfron om det er fordi gudane gler seg over det at noko er fromt, eller om det er fordi noko er fromt at gudane gler seg over det.

2 I forordet opplyser utgjevaren at Dworkin planla å utvida manuskriptet frå førelesingane vesentleg før han gav dei ut i bokform. Diverre rakk han berre å gjera små revisjonar før han døydde av sjukdom i februar i fjor. Eit utdrag frå boka kan lesast på nettsidene til New York Review of Books (Dworkin 2013b).

3 Fleire austlege religionar, som buddhismen, jainismen og visse retningar innan hinduismen, krinsar til dømes ikkje rundt nokon guddom. Det same gjeld nyare, alternative religiøse retningar med austleg inspirasjon. I den grad slike religionar inkluderer gudsførestillingar i det heile tatt, blir desse tolka symbolsk. Auguste Comtes religion de la humanité og den positivistiske kyrkja han grunnla er òg eit døme på religion utan Gud.

4 Dworkin nyttar her uttrykket «ecumenical» i ein utvida forstand. I Nynorskordboka er «økumenisk» definert som «allmennkyrkjeleg», og det står at ei økumenisk rørsle er ei rørsle som «freistar å samle kyrkjesamfunna om det dei har felles». Hos Dworkin må me heller lesa «økumenisk» som «allmennreligiøst»; han freistar å samla alle religionar om det dei har felles.

5 Eller er han ikkje ein analytisk filosof, nettopp fordi han tenkjer i heilskapar og har inntatt ei kritisk rolle i samfunnet? I så fall er kritikken av den analytiske filosofien trivielt sann, men substansielt uinteressant: Målet blir berre flytta dit pila treff. Om ikkje Dworkin kan reknast som ein analytisk filosof (om enn atypisk), så er det ikkje mange moralfilosofar og politiske filosofar frå dei siste tiåra som kan det.

6 Dworkin sjølv reflekterer over den intellektuelle utviklinga si i Balzac-førelesinga han heldt i Roma få månader før han døydde, og seier det slik: «I took up steadily more abstract philosophical issues only because the more practical and political issues that first drew my attention seemed to me to demand a more philosophical approach to reach a satisfactory resolution» (Dworkin 2013a).

Bok: Religion without God – Ronald Dworkin
Powered by Labrador CMS