Anmeldelse

Storminga av Bastillen (Prise de la Bastille), måla av Jean-Pierre Houël (1735-1813). (Kjelde: Wikimedia Commons CC0 1.0)

Revolusjonens røyst

Publisert

BOKOMTALE: Med den franske revolusjonen som bakteppe utvikla Kant den politiske tenkinga si gjennom offentleg debatt med andre intellektuelleg i samtida. Reidar Maliks kastar nytt lys på den store opplysingsfilosofen i boka Kant’s Politics in Context.

Av Runar Mæland

Det er vanskeleg for éin person å bli opplyst på eiga hand, seier Immanuel Kant i det berømte essayet sitt «Om spørsmålet: Kva er opplysing?»: «Men at ei offentlegheit kan opplyse seg sjølv, er meir mogleg – ja, om ho berre får fridom, er det nærmast uunngåeleg.»1 I Preussen hadde Kant fridom til å diskutere politiske spørsmål med andre intellektuelle i salongar, kaféar og allmenne tidsskrift. Den franske revolusjonen i 1789 og kaoset som følgde med forsøka på å etablere eit nytt, stabilt styresett til erstatning for l’ancien Regime gav ny retning og aktualitet til desse diskusjonane.

Dette var òg med på å forme den politiske tenkinga til Kant på vesentlege måtar, hevdar Reidar Maliks, førsteamanuensis i filosofi ved UiO. I Kant’s Politics in Context viser han at Kant ikkje berre var ein distansert akademisk filosof, slik han ofte blir framstilt, men òg eit samfunnsengasjert menneske som – i tråd med si eiga lære – søkte opplysing gjennom å delta i den offentlege debatten.2 Dei politiske synspunkta hans var ikkje berre eit biprodukt av den kritiske filosofien han utvikla på 1780-talet – dei er prega av at han levde i ei tid då spørsmål om politiske omveltingar og styreform i høgste grad var av allmenn interesse.

Kant i kontekst

Eg vil her gi overblikk over nokre viktige tema Maliks tar opp og reise nokre spørsmål til desse, men først nokre ord om den aktuelle konteksten til boka. Den politiske filosofien til Kant har tradisjonelt ikkje fått mykje merksemd og heider; fleire av dei kortare politiske essaya hans er populære og polemiske, men den systematiske rettslæra han utviklar i Moralens metafysikk (1797) er tung å lese og vanskeleg å forstå på bakgrunn av moralfilosofien hans.3 Verket har skuffa mange lesarar (Hannah Arendt kalla det «heller keisamt og pedantisk»4), og blir sjeldan trekt fram som eit av dei viktigaste verka til Kant eller som ein klassikar i den politiske filosofien. Dei siste par tiåra har dette synet blitt meir og meir utfordra i ei rekke nye bøker og artiklar om den politiske filosofien til Kant.

Arthur Ripsteins Force and Freedom (2009) er det største og viktigaste tilskottet til denne litteraturen i nyare tid, i alle fall i den engelskspråklege verda.5 Ripstein gir ei systematisk tolking av Kants syn på rett og politikk, og forsøker å atterreise dette som eit alternativ i aktuelle debattar i politisk filosofi. Med dette målet for auget abstraherer han vekk frå den politiske og intellektuelle konteksten og den gradvise utviklinga av Kants tenking på området. Eit slikt ahistorisk fokus er i seg sjølv legitimt, men det gjer at mykje potensielt interessant stoff forsvinn ut av synsfeltet.

Politisk filosofi er alltid blitt utvikla i eit samspel med hendingar og debattar som finn stad rundt filosofane; å forstå dette samspelet kan opne opp for nye perspektiv både på filosofien og historia. Kant’s Politics in Context passar altså inn i ein trend, men med det kontekstuelle perspektivet fører Maliks noko nytt og verdifullt inn i litteraturen.

I introduksjonskapitlet gir Maliks eit bilete av den politiske og intellektuelle bakgrunnen for diskusjonane Kant tok del i. Han forklarer at Kant høyrte til ei gruppe liberale tenkarar som stod i opposisjon både til den tradisjonelle naturrettsteorien som legitimerte det «opplyste eineveldet» og den konservative ideologien som forsvarte det gamle, tradisjonsbundne standssamfunnet. Denne gruppa, som stod i arv til den klassiske republikanismen, er ifølgje Maliks blitt neglisjert i ettertida, men dei var ei viktig intellektuell kraft i samtida: Dei kritiserte arvelege privilegium og forsvarte den sentraliserte staten, men kravde maktdeling og plasserte suvereniteten hos folket, ikkje kongen.6

Dermed var dei òg på line med dei liberale revolusjonære i Frankrike. Etter revolusjonen fekk dei utfordringa med å forsvare ideala om fridom, likskap og brorskap mot konservative kritikarar som meinte at slike krav måtte føre til tyranni eller anarki, slik dei såg ut til å ha gjort under dei valdelege fraksjonsstridane og i skrekkveldet til Robespierre. Men Maliks forklarer at Kant òg måtte forsvare seg mot meir radikale demokratar, som ville gå lenger enn han i å utvide dei politiske rettane til folket og som legitimerte motstand og opprør mot udemokratiske leiarar. Kant stod altså i ein krysseld og måtte kjempe slag på fleire frontar. Maliks oppsummerer slik:

«Kant’s political philosophy was an attempt to secure the kind of equal freedom defended by the revolutionaries of 1789 within the constitution of a republican state. The philosophy was refined in the crucible of the politically charged debates going on in Germany at the time. Unlike his conservative critics, Kant argued that equal freedom is an innate right, and did not necessarily lead to anarchy even if it did mean the decline of the old estate society. Unlike his radical followers, Kant argued that there were limits to republican freedom: it neither entails direct and inclusive democracy, nor does it justify resistance to an already existing regime.»7

Kjernen i boka består av fire tematiske kapittel, som kvar tar opp ein heit debatt i den prøyssiske offentlegheita etter revolusjonen: fridom og likskap, politiske rettar, motstand og revolusjon, samt krig og fred. Desse kapitla har ein lik struktur. Maliks går først gjennom den intellektuelle og historiske bakgrunnen for debatten. Så gir han ei framstilling av det synet Kant først argumenterer for («Kant’s Initial View») og viser korleis dette synet vart mottatt og kritisert i den offentlege debatten. Til slutt tar han føre seg kva Kant seier om det same emnet i seinare tekstar, med vekt på Moralens metafysikk («Kant’s Final View»), og drøftar korleis og kvifor tenkinga hans har utvikla seg i lys av debatten. I tillegg til desse kapitla, som dekkjer revolusjonsåra 1789-1799, tar Maliks opp tida før revolusjonen og etter Napoleon i eigne kapittel.

Kant blir slik framstilt som ein aktiv deltakar i ei dynamisk meiningsutveksling, og den historiske konteksten gir lesaren ei kjensle av kva som verkeleg står på spel i dei filosofiske diskusjonane. Ei ulempe med framstillingsforma i dei tematiske kapitla er at det kan vere vanskeleg å halde styr på alle årstala, hendingane og personane som blir nemnde når kronologien blir broten så ofte. Eg kjente ofte ei trong til å slå opp i registeret eller i eit nettleksikon medan eg las. Slik er heldigvis enkelt i dag, så dette er ikkje noko stort ankepunkt, men ei historisk tidsline eller liknande kunne likevel ha letta lesinga.

Anarki, stat og utopi

Maliks viser at den franske revolusjonen med ein gong vart møtt med spenning og begeistring i den tyske offentlegheita, men at vinden raskt snudde då ein såg kva opprøret førte med seg av uro og vald.8 Konservative som August Wilhelm Rehberg argumenterte for at utviklinga gav dei rett: Å gi abstrakte moralske ideal om fridom og likskap rang over historisk nedervde institusjonar er å invitere til normoppløysing og uorden. Radikale som Johann Gottlieb Fichte forsvarte revolusjonen og opplysingsprosjektet, og henta inspirasjon frå Kants moralfilosofi: Fordi ingen kan vere forplikta av lover dei ikkje har gitt seg sjølve, kan det ikkje vere ei plikt å underordne seg staten om ein ikkje har gitt si frie tilslutning, hevda Fichte. På eit vis gav han altså dei konservative rett i at prinsippet om fridom fører til anarki om ein følgjer det konsekvent i politikken.

Denne debatten var bakgrunnen for det første bidraget frå Kant i debatten etter den franske revolusjonen: essayet «Om ordtaket ‘Det kan vere riktig i teorien, men dug ikkje i praksis’» («Teori og praksis»), som vart trykt i Berlinische Monatsschrift i september 1793.9 Ifølgje Maliks må me sjå dette essayet som Kants første steg på vegen mot ein eigen politisk filosofi; når han hadde tatt opp spørsmål om rett og politikk i tidlegare tekstar, hadde fokuset først og fremst vore å drøfte vilkåra for moralsk autonomi hos individet.10 I «Teori og praksis» sluttar Kant seg til eit moralsk ideal for staten bygd på ein rett til lik fridom, og han går til åtak på dei som ville gi praksis og erfaring rang over kva fornufta fortel oss om rett og galt. Han avviser dermed at retten kan beskytte arvelege privilegium – som dei konservative hadde forsvart på grunnlag av konvensjonalisme og skeptisisme. Kvar enkelt sin fridom kan berre avgrensast for å sikre lik fridom for alle, og dette er det einaste legitime grunnlaget for retten.11

Samstundes slår Kant med ettertrykk fast at ingen kan velje bort forpliktinga ein har overfor staten. Utanfor staten finst det ingen rett, og difor kan det heller ikkje finnast ein rett til å gjere motstand eller opprør mot statens autoritet – sjølv om staten er svært urettferdig. Kant nemner ikkje Fichte ved namn, men Maliks meiner det er rimeleg å anta at han kjente til Fichtes argumentasjon og ville markere avstand frå han (ibid.). Dette var viktig ikkje minst fordi Fichte tok utgangspunkt i Kants eige omgrep om moralsk autonomi slik han kjende det frå Kritikk av den praktiske fornuft (1788). I «Teori og praksis» baserer Kant seg likevel ikkje på dette omgrepet, men på eit omgrep om reint utvendig fridom til å handle. Fordi min handlefridom alltid kan påverke din fridom og motsett, argumenterer Kant for at me begge er forplikta til å leve under felles rettsreglar i ein stat som reknar oss som likeverdige. Slik unngår han kritikken om at moralsk fridom fører til anarki.

Maliks viser at Kant egga både konservative og radikale kritikarar med «Teori og praksis»-essayet. Dei konservative avviste (ikkje overraskande) prinsippet om lik fridom som grunnlag for politikken og forsvarte arvelege privilegium mot Kants åtak. Rehberg la i sitt svar vekt på sambandet mellom eigedom og handlefridom. Han argumenterte for at sjølv om mennesket har fri vilje i moralsk forstand, er utvendig handlefridom avhengig av eigedom til materielle ting. Og fordi eigedomsrettar er grunnlagt i konvensjonar og kontraktar som er etablert i samfunnet – dei er gitt historisk, ikkje a priori – kan ikkje alle ha lik eigedom og heller ikkje rett til lik fridom.12

Fichte og andre radikale kritikarar meinte på si side at Kant hadde trekt feil slutningar frå prinsippet om lik fridom. Ifølgje Maliks var dei særleg kritiske til at Kant gjekk imot allmenn røysterett og at han avviste ein rett til revolusjon. Kant hadde argumentert for at berre menn med eigedom var skikka til å røyste – ei avgrensing radikalarane meinte var arbitrær, gitt at alle skulle ha rett til lik fridom. Dei meinte òg at det måtte vere ein moralsk rett å gjere opprør mot ein despot som sette seg opp mot folket, og såg det som eit paradoks at Kant, som i moralfilosofien så sterkt vektlagde autonomi, likevel meinte at ein skulle underordne seg tilsynelatande vilkårslaust.13

Fridom, likskap og brorskap

Maliks argumenterer for at måten Kant utviklar den politiske filosofien sin på etter «Teori og praksis» vitnar om at han tok kritikarane sine på alvor, sjølv om han ikkje svarer dei eksplisitt. I Moralens metafysikk skriv han til dømes meir utførlege og sofistikerte teoriar om borgarskap og statens autoritet, og sjølv om han ikkje endrar synet sitt på noko grunnleggjande vis, meiner Maliks at han her svarer på kritikken frå dei radikale ved å vise at innvendingane deira ikkje treff eller ikkje er vektige.

Til demokratane som tok til orde for allmenn røysterett, svarer Kant (ifølgje Maliks) at dei som skal røyste ikkje må tene ein annan herre enn staten. Arbeidarar og kvinner, som er økonomisk eller juridisk avhengige av andre, får difor status som «passive» borgarar utan røysterett, til skilnad frå dei sjølvstendige og røysteføre «aktive» borgarane (eit skilje han overtok frå Emmanuel Joseph Sieyès, ein viktig liberal ideolog i den franske revolusjonen). Å røyste er ikkje i seg sjølv avgjerande for fridom; lovgivarane skal uansett representere heile folket, og alle skal vere sikra lik fridom gjennom rettsstaten. Kant forsvarer seg dessutan med at «passive» borgarar kan arbeide seg opp til statusen som «aktive» (men forklarer ikkje korleis kvinner skal kunne oppnå dette).14

Det er uansett vanskeleg å sjå korleis dette konservative synet på borgarskap heng saman med dei liberale og egalitære prinsippa Kant la til grunn. Den beste forklaringa Maliks finn for at Kant heilt ekskluderer kvinner frå røysteretten, uavhengig av økonomisk og sivil status, er at han meinte dei var ufornuftige.15 Maliks trekk dessutan opp eit meir grunnleggjande problem: Kvifor godtok Kant at kvinner og arbeidarar skulle vere avhengige av andre i utgangspunktet? At dei som er underordna andre ikkje skal ha røysterett, er éin ting, men er ikkje underordninga i seg sjølv i strid med den ibuande retten til lik fridom? Dette finn han ikkje noko godt svar på hos Kant.16

Maliks legg stor vekt på skiljet Kant gjer i «Den evige fred» (1795) mellom ein republikk som eit representativt system med maktdeling, og eit (direkte) demokrati som eit reint fleirtalsstyre.17 Han meiner Kant var oppteken av å presentere det republikanske idealet som noko radikalt anna enn demokratiet for å markere avstand frå jakobinarane i Frankrike (og dei tyske tilhengarane deira) som hadde skapt eit diktatur for å kunne opprette eit radikalt demokrati.18 Til gjengjeld undervurderer Maliks etter mitt syn det demokratiske elementet i republikanismen Kant stod for.

I Moralens metafysikk slår han kategorisk fast at «Den lovgivande makta kan berre tilkome den sameinte vilja til folket», som tyder at lovene som skal gjelde i den rettvise staten må vere lover borgarane sjølve har gitt samtykke til.196 Dette er i seg sjølv ei vesentleg utvikling i Kants modne politiske tenking. Om ein tar dette på alvor, blir det sjølvsagt berre enno vanskelegare å forstå den sterke avgrensinga hans av røysteretten. Det er uansett viktig å forstå at for Kant var det offentlege ordskiftet ei minst like viktig kjelde til politisk legitimitet, og det måtte vere ope for alle, òg dei «passive» borgarane. (Kanskje var det gjennom å hevde sin rett i den offentlege debatten han meinte at kvinner skulle kunne «arbeide seg opp» til ein status som aktive borgarar?)

Kants modne syn på suverenitet og autoritet har derimot meir føre seg, slik Maliks ser det. I Moralens metafysikk held Kant fast på forbodet mot motstand og revolusjon: Politiske framsteg må skje gjennom gradvise reformer. Samstundes gjer han det klart at forbodet gjeld i rettsstatar, og impliserer dermed at det ikkje nødvendigvis gjeld i lovlause og despotiske regime. Ein stat føreset styre ved lov; regime som ikkje lever opp til denne føresetnaden er ikkje eigentleg statar, og dermed kan det heller ikkje vere urett å gjere opprør mot dei. Denne tolkinga, som Maliks deler med Arthur Ripstein og andre, er etter mitt syn svært rimeleg, men det er verdt å merke seg at ho legg stor vekt på det som er implisitt snarare enn eksplisitt i Kants eigne formuleringar.

Kva så med den franske revolusjonen? Til det svarar Kant overraskande nok at det ikkje var nokon revolusjon likevel – Ludvig 16 overførte de facto suvereniteten til folket då han kalla saman stenderforsamlinga i 1789 som ei representativ forsamling. Som suveren makt kunne folket så gjere som dei ville.20 Med dette gjer Kant det klart at avvisinga hans av retten til revolusjon i «Teori og praksis» aldri var meint å råke dei revolusjonære i Frankrike, slik kritikarane hans hadde trudd. Kant, som Rousseau og Sieyès, var opptatt av at suvereniteten måtte vere udelt og ligge hos folket; dei konservative som kritiserte revolusjonen ville derimot avgrense og dele suvereniteten. Dei meinte i prinsippet at motstand og opprør kunne forsvarast om det var grunngitt i ein konvensjon eller ein kontrakt som var broten – men ikkje om det var grunngitt i folkesuverenitet og krav om menneskerettar. Det var eigentleg slike syn Kant hadde argumentert mot, hevdar Maliks.21

Tolkinga Maliks argumenterer for viser at Kants syn på revolusjonen er sofistikert, men kva seier ho om Kant si rolle som offentleg intellektuell? Lesaren får inntrykk av at Kant og kritikarane hans snakka forbi kvarandre: Han hadde ikkje snakka om den same revolusjonen som alle andre i samtida var opptekne av. Trass i Maliks’ sympatiske tolking ser Kant her ut som ein aldrande tenkar som prøvde, men ikkje heilt klarte å henge med i tida.

Meir filosofisk interessant er derimot den originale teorien om eigedomsrett som Kant utviklar i Moralens metafysikk.22 Maliks les denne teorien som eit svar til kritikken frå Rehberg og andre konservative. Kant argumenterer her for at eigedomsretten har eit metafysisk grunnlag i individet sin rett til fridom, men at han likevel berre er legitim i rammene av republikanske institusjonar som fastset offentlege lover og dømer upartisk ved konfliktar. Slik blir eigedomsretten eit viktig bindeledd mellom individet sin rett til fridom og autoriteten til den republikanske staten i Kants filosofi.

Kor rimeleg er det å slutte at denne teorien er motivert av eit ønske om å tilbakevise Rehberg, slik Maliks meiner? Kant hadde lenge planlagt å utarbeide ei rettslære, og ei slik rettslære ville vore ufullstendig om han ikkje tok opp eigedomsretten. Men sjølv om Kant sannsynlegvis hadde utvikla ein teori om eigedomsrett uansett, er det likevel slåande at denne teorien får ein så sentral plass i grunngivinga for den republikanske staten i Moralens metafysikk – i «Teori og praksis» hadde han argumentert for at det var ei plikt å slutte seg til staten utan å nemne eigedom i det heile. Det verkar plausibelt at utviklinga har samanheng med at dette var eit så sentralt ankepunkt i kritikken frå Rehberg, særleg fordi han hadde støtta seg på Kants eigne premiss: Rehberg meinte eigedomsretten viste at det ikkje var nokon samanheng mellom den frie vilja som Kant meinte høyrte til alle rasjonelle vesen, og retten til lik fridom som han meinte skulle gjelde i sivilsamfunnet. Å etablere denne samanhengen måtte difor vere ekstra viktig for Kant.

Tekst og kontekst

Har slike årsakssamanhengar noko å seie? Kva er verdien av kontekstuelle lesingar? Dei kan sjølvsagt hjelpe oss til å forstå korleis Kant nådde fram til synspunkta sine og kvifor dei utvikla seg som dei gjorde, og dette har etter mitt syn ein sjølvstendig filosofihistorisk verdi. Frå ein idéhistorisk synsstad har det òg ein eigen verdi å få innblikk i dei intellektuelle debattane som krinsa rundt eit så viktig vendepunkt i europeisk historie som den franske revolusjonen. Men Maliks synest òg å meine at konteksten kan hjelpe oss til å forstå filosofien til Kant betre. Han sluttar seg til den britiske historiefilosofen R. G. Collingwood, som sa at for å forstå ein tekst, må ein forstå spørsmålet teksten gir svar på: «This book seeks to better understand Kant’s answers by unearthing his interlocutors’ questions and highlighting the political events that caught his attention».23

Kant’s politics in Context av Reidar Maliks, Oxford University Press, 2014.

Eg er usikker. Å vite at Kants teori om eigedomsrettar kanskje var eit svar på ein kritikk frå August Wilhelm Rehberg eller andre hjelper oss ikkje til å forstå denne teorien betre. Det konservative synet hans på røysterett forstår eg berre enno mindre av når eg veit at fleire av dei radikale følgjarane hans hadde påpeikt kor dårleg det hang saman med prinsippet om ein rett til lik fridom.

Dette tar likevel ikkje noko frå verdien av boka. Ein viktig, men meir avgrensa ambisjon for Maliks er å vise at den politiske tenkinga til Kant fekk si endelege form først etter den franske revolusjonen og debattane den utløyste i den prøyssiske offentlegheita. Dette er i strid med det han kallar «The traditional view … that Kant’s legal and political philosophy was settled long before the French Revolution».24 Det «tradisjonelle» synet slår meg som lite plausibelt i utgangspunktet, men i lys av Kant’s Politics in Context verkar det direkte latterleg og umogleg å forsvare. Her har Maliks utan tvil lukkast, og i så måte har han i alle fall bidrege til ei betre forståing av Kants politiske filosofi ved å rydde unna slike misforståingar.

Forståinga av Kant til side: Den franske revolusjonen og debattane som krinsa rundt den har prega det offentlege ordskiftet for all ettertid. Kants Politics in Context gir eit verdifullt blikk inn i desse debattane, og dermed òg eit historisk bakteppe for vår eiga tids debattar om dei evig aktuelle spørsmåla om fridom og likskap, rett og autoritet. Med like delar god historieforteljing og filosofisk analyse har Maliks skrive ei leseverdig bok som me bør håpe snart kjem i ei rimelegare pocketutgåve.

For ordens skyld: Forfattaren av bokomtalen har Reidar Maliks som rettleiar på masteroppgåva i filosofi ved UiO.

Notar

1 Immanuel Kant, «Beantwortung der Frage: Was ist Aufklärung?» (1783), mi omsetting. Engelsk omsetting i Mary Gregor, red., Kant’s Practical Philosophy (Cambridge University Press, Cambridge: 1996).

2 Reidar Maliks, Kant’s Politics in Context (Oxford University Press, Oxford: 2014). Alle referansar i teksten er til denne boka.

3 Rettslæra eller «Die Metaphysische Anfangsgründe der Rechtslehre» utgjer første del av Die Metaphysik der Sitten. Ikkje omsett til norsk. Standardomsettinga til engelsk er Mary Gregors «The Metaphysics of Morals» i Kant’s Practical Philosophy, sjå ovanfor.

4 Hannah Arendt, Lectures on Kant’s Political Philosophy (University of Chicago Press, Chicago: 1982), s. 7, mi omsetting.

53 Arthur Ripstein, Force and Freedom. Kant’s Legal and Political Philosophy (Harvard University Press, Cambridge, Mass.: 2009).

6 S. 6f.

7 S. 15.

8 S. 41ff. I den følgjande gjennomgangen seier eg ingenting om kapittel 5 om krig og fred eller avslutninga som peikar fram mot utviklinga etter revolusjonen.

9 «Über den Gemeinspruch: Das mag in der Theorie richtig sein, taugt aber nicht für die Praxis». Norsk omsetting av Øystein Skar i Lars Fr. Svendsen, red., Liberalisme (Universitetsforlaget, Oslo: 2009).

9 S. 16, 23ff.

11 S. 49ff.

12 S. 55ff. Utover Rehberg trekk Maliks fram Christian Garve, Friedrich Gentz og Justus Möser som konservative kritikarar av Kant.

13 S. 95ff (politiske rettar) og s. 123ff (revolusjon). Utover Fichte trekk Maliks fram mellom andre Friedrich Schlegel, Johann Adam Berk og Karl Heinrich Heydenreich som radikale tilhengarar (og kritikarar) av Kant.

14 S. 101ff.

15 Maliks siterer Kant på at «it is difficult for me to believe that the fair sex is capable of principle», s. 109.

16 S. 109f.

17 «Zum ewigen Frieden». Omsett til norsk av Øystein Skar i Immanuel Kant, Den evige fred (Aschehoug, Oslo: 2002).

18 S. 102f.

19 «Die Metaphysische Anfangsgründe der Rechtslehre», §46. Mi omsetting.

20 S. 133ff. Sjå òg innlegget «Was the French revolution really a revolution?» på bloggen til Oxford University Press, 14.07.2015: http://blog.oup.com/2015/07/french-revolution-bastille/

21 S. 121ff.

22 S. 60ff.

23 S. 2-3

24 S. 3.

Powered by Labrador CMS