Essay

Evna til å forme seg om i ljos av aktivitet og handling er avgjerande for hjernen sin funksjonsevne, og forklarar kvifor ein kan sjå merkbare skilnader på individuelle hjernar, skriv Rasmus Sandnes Haukedal. (Kjelde: Wikimedia Commons)

PLASTISITET OG MOTSTAND

Filosofien kring nevrovitskapen og korleis vi skal forstå funna den kjem med er enno i startfasen, og det er i stor grad ope korleis ein best skal gripe hjernen si tyding. Det er difor avgjerande at ogso kontinentalfilosofar kjem på bana. Catherine Malabou sin plastiske tilnærming kan gje ein peikepinn på korleis.

Publisert Sist oppdatert

Korleis skal ein forstå samanhengen mellom sinnet, hjernen og omverda – og korleis gripe hjernen som eit historisk utvikla produkt? Dette er presserande spørsmål, ikkje berre innanfor nevrovitskap, men ogso innanfor humaniora og samfunnsvitskapane. Særskild har fenotypisk og/eller nevral plastisitet (som gjeld det omformelege/formbare) fått mykje merksemd. Dette omfattande fenomenet tener gjerne som eit slags prov mot strikt determinisme, gjennom å bringe det komplekse samspelet mellom arv og miljø fram på eklatant vis. Vidare syner det korleis det finst «manøvreringsrom» ogso innanfor eit determinert univers – noko som impliserer at vi må utvide råmene for korleis vi skal gripe menneskeleg utvikling.

I denne teksten vil eg syne korleis ein kan forstå individet sin formingsprosess som plastisk, og kople dette til (vane)danning og fridom og Catherine Malabou – ein fransk filosof som (blant anna) har kome med gjevande innspel til korleis ein skal fatte tilhøvet mellom filosofi og naturvitskap – si særeigne forståing av plastisitet. Eg byrjar med ein kort presentasjon av danningsomgrepet og den nærliggande skulpturmetaforen; dinest vil eg gjere reie for Malabou sitt syn på utvikling, destruksjon og konstruksjon, før eg kjem attende til danning og koplinga mellom danning og vanedanning. Eg kan diverre ikkje syne argumentasjonen bak teoriane på fyllestgjerande vis, då eg hovudsakleg vil gje eit riss av akademiske tendensar.

Danning

Fyrst noko om danning: Det tyske ordet for danning, Bildung, er etymologiske kopla opp mot dei latinske omgrepa imago (bilete), imitatio (etterlikning), forma (gestalt) og formatio (det å gje noko form), og syner soleis til ei kompleks samling av idear, som det er krevjande å omsetje på eintydig vis. Til dømes er «modning», «karakter», «kultivering», «vekst» og «utvikling» nytta i omsettingar. Dette kan skuldast at nemninga både syner til danningsprosessen og produktet av denne. Produktet, det modne individet, er (kort sagt) tenkt å ha attendeverkande kraft på prosessen, og soleis gje dei føregåande hendingane samanheng (og meining) i retrospekt.

G.W.F. Hegel sin versjon av danning tangerer fleire av desse tydingane, men skil seg ogso, då han ikkje berre legg vekta på korleis enkeltindividet vert danna, men framhev korleis menneske som art og individ gjennomgår ein danningsprosess parallelt – og i samspel. Han er soleis oppteken av å syne korleis subjektiv utvikling alltid er relatert til den historiske utviklinga av samfunnsmessige tilhøve som individet uavlateleg er ein del av. Eg vil argumentere for eit liknande syn.

Lik ein skulptør er vi heile tida engasjert i vår eiga utvikling; altso er vi ikkje berre eit objekt som passivt tek imot form, vi er ogso involvert i vår eiga sjølvformasjon, som handlande subjekt. Denne forminga – mellom anna læringsdriven styrking og svekking av hjernekoplingar og synaptiske potensial (sokalla langtids-potensering og langtids-depresjon) – er kanskje enklast forklart gjennom nevrovitaren Donald Hebb si velkjende formulering: «Neurons that fire together, wire together.» Kort sagt: jo meir ein nyttar særskilde hjernekoplingar, jo sterkare vert dei – jo enklare er det å aktivere dei. Likeins er det med dei vi ikkje nyttar; dei vert svekkja gjennom mangel på aktivitet. Evna til å forme seg om i ljos av aktivitet og handling er avgjerande for hjernen sin funksjonsevne, og forklarar kvifor ein kan sjå merkbare skilnader på individuelle hjernar. Det ein vel å nytte tida si på har materielle konsekvensar på hjernen sin struktur. Det er dette ein kallar nevroplastisitet.

Men kven er dette subjektet som formar seg sjølv samstundes som det vert forma utanfrå? Er det noko anna/meir enn hjernen som mogleggjer det?

Ein tenkjer gjerne at skulptøren formar stoffet utifrå ein representasjon, eit mentale bilete av kva som skal utmeislast. Men dette biletet kan vel ikkje vere noko reint individuelt i tydinga «indre», og difor ikkje berre mentalt. I den grad det er fruktbart å tale om representasjon overhovudet held eg at ein særskild representasjon ikkje kan vere isolert frå omverda. Ein representasjon er ikkje noko som finst i hjernen/sinnet og der åleine (og som kan lesast av som hjerneaktivitet i hjerneskannarar). Ein representasjon er ikkje ein funksjon av eit system som opererer i isolasjon. Skulptøren er t.d. del av ein kultur og eit samfunn – omstende som formar alle «individuelle» representasjonar. Vidare er det ikkje berre snakk om at noko tenkt vert utført gjennom handling, at ein (lineært) ut-agerer eit gjeve tankeinnhald. Dette innhaldet (som strengt tatt ikkje berre er noko indre, eit reint inn-hald) vert sjølv endra gjennom møtet med stoffet. Alle tankar og idear vert altso revidert i og med – og som ein konsekvens av – interaksjon med omverda. Dette er då heller ikkje eit møte mellom to klårt åtskilde størrelsar, men eit konstitutivt samspel mellom tanke og handling som går begge vegar.1

I ljos av dette er det kanskje høveleg å spørje, som Don Delillo gjer i Zero K, «[a]re we anything without others?»

Positiv og negativ plastisitet

Malabou nærmar seg nevrovitskapen sine funn med nokre atterhald, og kritiserer den gjengse oppfatninga av nevroplastisitet. Kvifor? Ifylgje Malabou er vekta i for stor grad lagt på plastisitetens positive aspekt, mellom anna synapsar og nevronar si evne til å reparere seg sjølv etter traumatiske hendingar (i vid forstand) – og korleis hjernen er i stand til å forme seg om, slik at ein kan utføre dei same oppgåvene sjølv om nokre hjernedelar er fjerna. Dette er klåre døme på at hjernen sine funksjonar ikkje er i eit éin-til-éin-tilhøve til hjernen si struktur, og syner til avgjerande eigenskaper for hjernen si funksjonsevne. Men: med einsidig fokus på desse aspekta av plastisitet endar ein opp med å redusere plastisitet til grenselaus fleksibilitet – kvar vi passivt tek imot form utanfrå, utan at vi kan yte motstand mot forminga.

Malabou skuldar hjerneforskarar for å vere blinde for korleis oppløysing ogso er å rekne som formativt, dvs. korleis negativ plastisitet er ein form for plastisitet i si eiga rett, ikkje berre eit moment i den oppbyggande forma for plastisitet. Vi må difor akte vår evne til opprør mot forma vi innehar og til å endre oss sjølve ned på eit nevralt nivå.2 Hjernen er underutvikla i somme høve og må difor etablere koplingar til andre system for å fungere optimalt. Den kan umogleg vere eit lukka (og/eller sjølvtilstrekkeleg) system. Likevel tenderer nevrovitarar mot å sjå den som lukka og genetisk determinert, av di dei ikkje betraktar hjernen sin interaksjon med omverda som kausalt relevant.

Kva so med høve der forma ein har oppnådd vert øydelagd i so stor grad at ein ikkje kan rekne seg sjølv som den same personen lenger, og kvar ein ikkje kan tale om reperasjon attende til ein normaltilstand? Kan ein passivt ta imot omverda på same vis som før eller må ein forme seg om, skape ein annan eksistensform, etablere ein ny normaltilstand?

Det positive aspektet av plastisitet omfattar passiv mottaking og tildeling av form; det negative aspektet gjeld evna til aktiv motstand mot å verte forma og underkaste seg krav (det vere seg kulturelle, institusjonelle, økonomiske etc.) frå omverda. Båe aspekta gjeld produksjon av form, ifylgje Malabou – noko som undergrev tanken om plastisitet som evna til å returnere til ei opphavleg tilstand. Innanfor denne modellen er traumatiske hendingar, som hjernelesjonar eller sosial framandgjering, teke på alvor som konstruktive fenomen, då Malabou vil syne korleis den oppløysinga av form som traume ofte ogso etablerer ei form, eit særskild tilvere. Ein kan difor ikkje berre fokusere på reperasjon og re-integrasjon av menneskje som vert utsett for traume, som om menneske har ein essens som vert verande uforandra. Ein må ogso opne for at ein kan verte eit radikalt nytt subjekt gjennom denne prosessen, eit subjekt som må opprette og stabilisere nye koplingar til omverda.

Skulpturen eksemplifiserer korleis danning er plastisk i ein særskild forstand, som ikkje berre legg vekt på den additive eller oppbyggande forma for danning, men som syner korleis omforming gjennom oppløysing utgjer kritiske moment i danningsprosessen. Den vert til gjennom at ein tek bort materiale. Forminga er difor irreversibel, noko som inneber at måten materialet har vorte forma på legg føringar for vidare forming. Denne motstanden i materien, som gjer at den stadig er i emning utan å verte fullført, er ein differensieringsprosess utan «objektivt» endemål – utan eit latent (i tydinga «fiksert») potensial som speler seg ut. Negativ plastisitet markerer soleis ei avgrensing av plastisitet, eit knekkpunkt kvar ein kan gå i oppløysing.

Negativ plastisitet, aktiv konstruksjon og motstand mot å verte forma grenselaust, peiker mot ein modell der hjernen korkje er rigid bestemt eller fullstendig fleksibel. Hjernen vår gjer i stand til å stå imot ytre og indre hendingar, samstundes som den hindrar fullstendig omforming av verknadane av desse hendingane. Dette skjer ikkje gjennom éin bestemmande kontrollmekanisme – t.d. hjernen som ein sentralmakt som kontrollerer og generer all åtferd (om enn noko avhengig av omgjevnadane som «utløysar» av dette programmet) –, men gjennom at vi koplar oss saman med omverda og oss sjølve, utan at det finst noko permanent sentrum (eller «styringsorgan») i denne strukturen av relasjonar.

Destruksjon og konstruksjon

Destruktiv plastisitet – ei forsterking av negativ plastisitet – gjeld radikale brot med den forma ein tidlegare var, og overgangar til nye formar for eksistens; slike brot kjem tydelegast til syne i tilfelle av hjernelesjonar eller aldringsprosessar, men dei er heile tida i spel.3 Denne forma for plastisitet set vår negative plastisitet i relieff, då den syner til høve kvar ein har bikka over knekkpunktet. Ifylgje Malabou er destruktiv plastisitet likevel med på å halde ved like eit (relativt) kontinuerleg subjekt – ved å mogleggjere motstand og hindre at det lèt seg påverke passivt av omgjevnadene det er del av. Men destruktiv plastisitet avslører korleis negativ plastisitet er eit tvitydig fenomen – stabiliserande samstundes som det kan medføre at ein vert ein radikalt annan. Då det likevel er snakk om ei form for differensiering, er det ikkje frå eit programmert potensial, men i og gjennom relasjonane vi dannar med omverda – der båe partar vert konstituerte gjennom samspelet dei imellom. Differensieringa verkar difor attende på potensialet det vert differensiert frå. Potensialet finst berre som noko distinkt etter at det har vorte realisert; samstundes er det ikkje etablert ein gong for alle etter denne realiseringa, då einkvan realisering ber med seg ei skugge av det ikkje-aktualiserte. Dette negative skuggebildet eksisterer ikkje som noko handgripeleg (positivt eksisterande); det er ein tom behaldar som inneheld ein ubestemt (og difor i prinsippet ogso uendeleg) mengde moglegheiter, som so vert forma av våre handlingar.

Det er ikkje tenleg å rekne plastisitet (berre) som reperasjon av noko som føreligg på førehand av hendinga. Ein må ogso ta konstitutiv destruksjon – dvs. destruksjon som dannar nye individ, kopla frå den ein tidlegare var – med i skildringa. I tråd med dette kritiserer Malabou nevrovitarar for manglande omsyn for vår motstandskraft – eit omgrep som for Malabou peiker mot korleis ein kan «endre forskjellar», korleis ein t.d. kan transdifferensiere seg sjølv, dvs. korleis ein kan forme seg sjølv om i møte med krevjande og traumatiske indre og/eller ytre omstende og verte ein annan. Denne evna er mest påtakeleg i patologiske høve, som krev at ein maktar å stabilisere ei radikalt anna form for tilvere, ein ny normalitet. Om dette er mislukka vert ein rigid, motstanden vert for stor, sjukdom vert den nye normaltilstanden. Dette er å forandre måte forandring verkar på, av di forandringa ikkje lenger verkar på det same individet (for å uttrykkje det enkelt).

«Tenkjaren» av Auguste Rodin (1840–1917). (Kjelde: flickr/Jean David & Anne-Laure)

Den dialektiske innsikta her er at einkvan oppløysing er ogso ein konstruksjon. Vi er heile tida splitta mellom ynsket om å oppretthalde stabilitet og moglegheita for å verte utsett for ytre og/eller indre hendingar og ulukker som kan rokke ved denne stabiliteten. Sårbarheita for øydelegging er ein kreativ kraft, ifylgje Malabou – for berre gjennom å stå imot påverknader frå omstenda – samstundes som vi tileignar oss nye evnar gjennom denne interaksjonen – kan vi verte individ (vi kjem attende til dette). Men motstanden mot påverknad kan ogso verte for stor. Ingen av ytterpunkta er ynskjelege, då spenninga skapt gjennom motstanden mellom stabilitet og skaping mogleggjer aktiv transformasjon, i motsetnad til passiv tilpassing.

Opprivande overgangar, konflikt og brot i den lineære progresjonen, er avgjerande for utviklinga av menneskeleg autonomi. Utviklinga er ikkje-lineær av di det ikkje er snakk om programmerte og sjølvtilstrekkelege system som ganske enkelt viklar seg ut, men om disposisjonar som treng koplingar til andre system for å gjere seg gjeldane, utan at det er bestemt på førehand kva som eventuelt vil utløyse den særskilde funksjonen. Nye koplingar mellom (ufullstendige og opne) system er strukturelt knytt til nye formar for tilvere, i det som er å rekne som ein syklisk utviklingsprosess (sjå Chemero, 2009).

Plastisitet og danning

Her kan vi skissere tilhøvet mellom negativ plastisitet og danning: Vi formar omverda samstundes som vi vert forma av den. Dynamiske system kan bringe fram nye funksjonar og åtferd, og utviklinga kan ikkje seiast å vere strengt programmert, då systema er tett bunde saman. Utvikling er ein konsekvens av konstitutiv interaksjon mellom system. Dette tyder at ingen av systema kunne produsert utfallet i isolasjon. Det er avgjerande å merke seg (sjølv om eg berre kan nemne dette en passant) at den «effektive plastisiteten» til eit individ ikkje er ein funksjon av individet sine handlingar åleine, men av samspelet mellom fleire plastiske system.

Negativ plastisitet er difor noko som gjennomsyrar positiv plastisitet, som den etablerte forma si manglande stabilitet. Her er det difor verdt å trekkje inn sokalla metaplastisitet, knytt til korleis plastisitet alltid er eit relasjonelt fenomen. Betrakta på ein snever måte er dette eit omgrep som gjeld «synaptisk plastisitet si plastisitet», dvs. korleis særskilde synapsar si historie påverkar evna den har til å verte forma om ytterlegare. Kort sagt: Aktivitetshistoria formar synapsen sin noverande tilstand (jf. Hebbs formulering). Forstått på ei brei måte er det historiske aspektet enno klårare, samstundes utvidar ein omgrepet til å gjelde meir enn intern hjerneaktivitet. Det gjeld den handlingsmessige samankoplinga mellom plastiske system, som t.d. ein plastisk kultur og plastiske individ (Malafouris, 2015).

Sistenemnde definisjon er mest relevant i denne samanhenga (sjølv om det er lite truleg at ein kan skilje desse frå kvarandre i praksis), og ein kan hevde at negativ plastisitet og metaplastisitet (både breitt og snevert betrakta) må tenkast saman: negativ plastisitet markerer nemleg mangelen på stabilitet på eit overordna nivå, dvs. mangel på stabile tilhøve mellom prosessar og system. Det er difor ikkje nokon grunnleggande skilnad mellom dei ulike formane for plastisitet; dei er alle tvitydige – engasjert i ein oppløysande konstruksjon. Det er ein strukturell årsak til at det er slik: positiv plastisitet krev at noko vert øydelagt – ikkje med naudsyn noko ein kan gripe fast, men snarare snakk om moglege utviklingsbaner som ikkje vert innløyst. Skilnaden mellom momentan og graduell negasjon står dimed ogso for fall: det er klårt at momentane oppbrot av den ein er framhev ein tendens som heile tida gjer seg gjeldane, sjølv utan plutselege sjokk som hjernelesjonar. Ein er heile tida i oppløysing, og ein medverkar skilnader i korleis ulike system fungerer saman. Soleis opprettar og oppløyser ein relasjonar med omverda.

(Meta)plastisitet gjeld difor eit flyktig fenomen – ein oppløysande prosess – som alltid syner utover seg sjølv til koplingar på tvers av system.

Distribuert individualitet

Vi formar hjernen gjennom vår aktivitet og livsførsel utan at vi er (eller kan vere) klår over det i særskild grad; utan evne til å oppløyse forma vår ville vi ikkje ha individualitet. Vi vert individ gjennom å bryte med forma vi vert tildelt, gjennom eit (immanent) opprør mot determinisme. Vår negative «kraft» til å radikalt omstrukturere oss sjølv er å rekne som differensiering, men ikkje (som vi har sett) frå eit potensial som ligg latent i oss. Differensieringa verkar attende på potensialet det vert differensiert frå – fylgjeleg kan det ikkje føreliggje før denne forminga skjer. Hjernekoplingar er ikkje faste potensial på den måta at dei ventar på ein særskild stimulus, ein «trigger» som utløyser det gjevne potensialet, liksom nedskrive i eit tablå på førehand. – Det er snarare snakk om ein formingsprosess der ein ikkje berre vert tildelt ei gjeve mengde moglegheiter som ein kan realisere; ein er sjølv med på å forme moglegheitene som ein aktualiserer, utan at ein kan seie at ein nokosinne kan uttømme potensialet, eller (eventuelt) ha ei erfaring av denne uttømminga.

Ut i frå dette kan vi forstå kvifor Malabou tek til orde for ein modell kvar «naturen» i nokre omstende er under-determinert, eller «determinert til å ikkje vere determinert». Det finst slingringsmonn i den determinerte naturen (utan at dette gjer at den ikkje lenger er determinert), plastisitet er eit vitnesbyrd på determinert opning for å verte forandra gjennom læring og utvikling. Plastisitet fyl inn gapet genane ikkje har avgjort på førehand. Eg kan ikkje argumentere særleg for dette no. Det må halde å nemne korleis det (t.d.) ikkje finst særskilde genar for einkvan funksjon i hjernen, dvs. korleis alt for få genar til å hevde at dei er fullstendig determinerande for hjernen sin struktur (sjå Malabou, 2016).

Pasientar med hjerneskadar er (venteleg) høvelege kasus på determinert slingringsmonn: eg nemnde ovanfor at dersom ein hjernedel vert øydelagd, vil funksjonen ofte vere til å redde dersom ein annan del av hjernen tek på seg oppgåva (denne omforminga har sjølvsagt ei grense (sjå Malabou, 2009)). For å utvide perspektivet er evolusjonsbiologen Stephen Jay Gould sitt omgrep eks-aptasjon tenleg å trekkje inn: i motsetnad til adaptasjonar (tilpassingar), som er selektert til ei særskild rolle, gjeld eks-aptasjonar høve kvar tilpassinga vert funksjonert om til å spele ei ny rolle, som i neste omgang kan føre med seg nye adaptasjonar som passar den nye funksjonen (Gould & Vrba, 1982).4

Soleis endrar strukturen seg i ljos av attendeverkande hendingar, endringar i «feed-back-loopen». Den same type forandring kan vi bringe fram gjennom å endre omgjevnadane våre – det ein kallar nisjekonstruksjon.5

Dette er i tråd med tanken at individualisering skjer gjennom å integrere ytre forstyrringar utan å gå i oppløysing – samstundes som ein lét seg merke av dei. Paradoksalt nok vert vi difor konkrete individ (som tyder «udeleleg») berre gjennom å dele oss sjølv opp, dvs. gjennom å differensiere og distribuere oss sjølve. Vi er ikkje aristoteliske substansar eller isolerte atom; snarare er vi alltid del av større system som vi ikkje kan lausrive oss (fullstendig) frå, då dette intrikate nettverket av relasjonar dannar basisen for einkvan lausriving.

Vanedanning

Endeleg kjem vi til vane: Vanedanning er gjerne rekna som noko negativt i tydinga «hemmande» innanfor moderne tenking – som automatisert og tankelaus åtferd. Medan vanedanning er passivt og difor ikkje ein konsekvens av eit medvite og fritt val, er danning noko ein tileignar seg medvite og er difor uttrykk for fridom. Vanar er dimed knytt til rigide, umedvitne handlingsmønster. Samstundes er vanedanning, som danning, i all hovudsak rekna som ein prosess, ikkje eit produkt. Skilnaden mellom vane som prosess og produkt er difor utydeleg. Der er ei spenning mellom desse måtane å gripe vane på. Eg hevdar at vanedanning ikkje kan koplast frå medvitne avgjersler, men har å gjere med prosessar som er med på å forme avgjersler gjennom å forme individa som tek avgjerslene. Ei konkret avgjersle er i dette perspektivet ei aktualisering av allereie tileigna vanar, samstundes som det er ei modifikasjon av desse vanane. Vi er soleis i ein permanent tilstand mellom eksistens og ikkje-eksistens, som den negative (i tydinga «oppløysande») rørsla som strekk seg mot seg sjølv (les: imago) og vert forandra gjennom denne rørsla.

Vanane vi har tileigna oss utgjer ein tendens, og vår kraft til å motstå forming og til å forme oss sjølv aktivt er avhengig av retninga til denne tendensen. Soleis kan vi sjå at vanar er noko negativt i ein annan forstand enn den vi nemnde ovanfor. Vanar er ikkje hemmande i seg sjølve, men dei kan heller ikkje garantere fridom. Snarare er vanedanning ein prosess kvar vi oppløyser, negerer, våre naturlege anlegg, og kultiverer ein andre natur som samstundes er knytt til og kopla frå vår fyrste natur (Barad, 2010). Dette er ein mogleggjerande negasjon som skapar rom for andre kognitive prosessar – som t.d. å ta adekvate avgjersler i tvitydige situasjonar.

Med andre ord kan vi ikkje kome til ei oppfatning om kva som var/er vår fyrstenatur utanom gjennom å verte autonome vesen, noko som berre hender gjennom at vi kansellerer denne naturen.6 Vane er altso namnet på vår andrenatur – som vi ikkje kan skilje klårt frå vår fyrstenatur utan å ende i ei form for essensialisering. På denne måta ser vi at vi berre kan skimte fyrstenaturen i oppløysing, då rørsla som gjer oss i stand til å gripe oss sjølve forandrar det vi skal gripe. Som Minervas ugle fyrst flyr i skumringa, kjem vi alltid for seint til å innfange «biletet» vi har av oss sjølve.

Korleis passar dette med skulpturmetaforen? Har ikkje steinen ein nyttar for skape skulpturen eit fast potensial, har ikkje den rigid avgrensa (latente) moglegheiter? Det kan verke sånn; samstundes går det, som vi har vore inne på, i prinsippet ikkje an å avgrense dei moglege formane ein kan gje steinen på førehand på ein uttømmande måte – då dette ville krevje eit omgrep om når ei fullstendig skildring (av alle faktorar) er gjeve. Steinen syner sitt potensiale baklengs, gjennom skulpturen som vert til gjennom den. Ein kan difor ikkje tale om eit materiale som noko objektiv gjeve. Materialet vert i ein viss forstand til gjennom måta vi nyttar det på. Sjølv om materialet avgrensar kva moglegheiter ein har, er det for enkelt å seie at materialet ligg fast føre forminga av det. Det gjev somme avgrensingar (på same måte som hjernen og vår genetiske utrustning), men vi står relativt fritt til å endre (t.d. funksjonere om) verknaden av desse avgrensingane. Vi kan forme om steinen til å verte noko ein ikkje kunne ha føregripe; samstundes er det ikkje mogleg å vite om utmeislinga kjem til å kome i mål, eller om vi kjem dit vi ynskjer. Skulptøren kan ikkje skode den fullstendige meininga med det han/ho gjer.7 Dessutan kan steinen verte øydelagd.

Vår evne til å negere eksistensformer utgjer moglegheitsføresetnaden for at vi skal kunne utvikle oss til danna menneskje, og vanedanninga mogleggjer kroppsleggjeringa av desse forandringane. Soleis er vanedanning ein (plastisk) mekanisme for plastisiteten som ligg til grunn for danning. Vanar kan leie til at ein vert mindre plastisk: ein kan leggje til seg vanar som hemmar evna til å forme seg om eller gjer at ein passivt lar seg kontrollere av indre og ytre makter. Vi kan forme oss sjølve og omverda vår etter eit bilete/ideal som gjer oss ufrie.8 Vanedanning er dimed berre ein naudsynt, ikkje ein tilstrekkeleg føresetnad for danning, då danningsomgrepet ikkje vert uttømt i tanken om tilpassing til nye former.

Dynamisk danning

Som Hegel legg Malabou vekta på at danning ikkje berre kan vere noko individuelt, men krev at ein ogso endrar omstenda som påverkar individet. Danning handlar ikkje om adaptasjon tenkt som ein einvegsprosess, men er ein dynamisk (for ikkje å seie «dialektisk») prosess kvar ein ikkje – i særleg grad – kan påpeike enkle eller monokausale relasjonar mellom struktur og funksjon. Her er negativ plastisitet implisert, då den syner vår motstand mot passiv tilpassing og mogleggjer radikale brot med eins tileigna form – noko som er avgjerande for læring (og danning), av di den mogleggjer overskriding av «naturlege» apparat og funksjonar. Dette verkar soleis attende på vår fyrstenatur på ein slik måte at det ikkje lenger er teoretisk fruktbart å tale om nokon «rein» fyrstenatur. For å uttrykkje det noko patetisk: Det finst ingen natur for naturen.

På tide å samanfatte: dersom ein legg seg til vanar som hemmar evna ein har til å bryte ut av forma ein har oppnådd, vil ein ogso kunne hindre danning. Vanar er ein måte å stabilisere overgangar frå ei form til ei annan, men dei kan ogso undergrave denne prosessen. (Det var dette eg omtala ovanfor som å etablere ein ny normaltilstand.) Dei utgjer ikkje positive størrelsar (som «mentale representasjonar»), men transitive prosessar utan permanent eksistens. Vi har å gjere med disposisjonar som forandrar korleis vi reagerer på forandring; men dette er forandringar vi berre kan fatte i retrospekt: Vi er heile tida anten for tidleg ute eller for seine for å gripe korleis våre disposisjonar formar handlingane våre. Samstundes er dei (og forminga av dei gjennom handling) alltid utkast til framtida. Vanar er difor noko mellomliggande – noko ein for so vidt «har» som eit slags bilete, men hovudsakleg noko ein gjer, ein prosess som syner utover seg sjølv. Vanedanning er ei måte å sikre stabilitet på, ogso fordi vår mangel på refleksjon kring våre vanar mogleggjer andre handlingar gjennom å minske den kognitive lasta. Vanar utgjer umedvitne prosessar som mogleggjer medvitne handlingar og dimed utvidar handlingsrommet vårt.

Vår åtferd, våre handlingar og omverda vi formar, er reflektert i hjernen vår som eit historisk «produkt», som heile tida vert forandra (noko som syner at produktet er ein prosess) gjennom vanar og brot med vanar p.g.a. vår ibuande plastisitet. Det er difor hjernen er eit gjevande studieobjekt: ikkje fordi vi kan påpeike særskilde fenomen sin rette stad i vår fysiske utrustning, men av di hjernen vår alltid syner utover seg sjølv til organismen og omverda som den er ein del av. Hjernen er naudsynt, (alle psykiske fenomen er ogso fysiske), men ikkje tilstrekkeleg for medvit, persepsjon eller handling; til dette treng hjernen kultivering – den må knytte band til materielle omstende utanfor sine fysiske grensar. Hjernen vår (for å antropomorfisere) er difor ein grenseoverskridar par excellence, og difor kan ein i ein viss forstand hevde hjernen vår ikkje (berre) er i hjernen vår, på same måte som sinnet vårt ikkje er det. Den krev å verte teke på alvor som soleis.

Litteratur

Barad, K. (2010). Quantum Entanglements and Hauntological Relations of Inheritance: Dis/continuities, SpaceTime Enfoldings, and Justice-to-Come. Derrida Today, 3(2), 240–268. http://doi.org/10.3366/drt.2010.0206

Chemero, A. (2009). Radical embodied cognitive science. MIT Press. Retrieved from https://books.google.no/books/about/Radical_Embodied_Cognitive_Science.html?id=mmUoBc6JoAYC&redir_esc=y

Gould, S. J., & Vrba, E. S. (1982). Exaptation—a Missing Term in the Science of Form. Paleobiology, 8(1), 4–15. http://doi.org/10.1017/S0094837300004310

Malabou, C. (2009). Ontology of the Accident: An Essay on Destructive Plasticity. Polity Press.

Malabou, C. (2016). Before Tomorrow: Epigenesis and Rationality. Polity Press.

Malafouris, L. (2015). Metaplasticity and the Primacy of Material Engagement. Time and Mind, 8(4), 351–371. http://doi.org/10.1080/1751696X.2015.1111564

Menary, R. (2014). Neural Plasticity, Neuronal Recycling and Niche Construction. Mind and Language, 29(3), 286–303. http://doi.org/10.1111/mila.12051

Smail, D. L. (2008). On Deep History and the Brain. University of California Press.

Notar

1 Kanskje forklarar ideen skildra ovanfor – om at representasjon er noko individuelt og indre avgrensa – kvifor vi er so fascinerte av bilete av hjernen fryst i tid og rom? Denne «snapshot»-versjonen av sinnet – lausrive bileta knytt til tanken om eit statisk potensial (program) som vi røynleggjer – har i alle høve festa grepet på den populære forståinga av nevrovitskap. Hjernen er her ikkje rekna som ein instans som kan verte radikalt endra gjennom våre handlingar (over lengre tidsrom), men som noko fastfryst i tid og rom.

2 Denne tolkinga har ogso politiske implikasjonar: gjennom skildre og rekne oss sjølve som fleksible vesen – tøyeleg i alle slags retningar – passar vi perfekt i rolla som individet har i den moderne marknadsøkonomien: passive konsumentar som vert forma av marknaden påbod, men dette er ikkje mitt fokus no.

3 Det er verdt å nemne at Malabou ikkje ser nokon kategorisk/kvalitativ skilnad mellom desse instansane av negasjon, sjølv om det er klårt at tidsaspektet er ulikt.

4 Det vanlegaste dømet er gjerne språket vårt, som nok ikkje tente ein særskild funksjon utover å vere eit informasjonsmiddel, inntil det – satt inn i eit nytt miljø, ei ny «kognitiv nisje» (som det ogso er med på å forme) – vert sjølve motoren i menneske si ekspansjon som art, då det er med på å forme den sokalla kognitive revolusjonen. Her må eg leggje til at boktrykkjarkunsten, som sat i gang ei uoverskodeleg mengde hendingar, er ein form for eksternalisering av denne eks-aptasjonen som verkar attende på menneskja og dannar jordsmonn for den moderne verda, på same måte som ulike rusmidlar og «daglegvarer» som kaffi og tobakk andre, samt andre «varer» som sosiale media, gambling etc., med potensial for avhenge (sjå Smail, 2008).

5 Dette er ein term – knytt til eksaptasjon – som so å seie opererer i bakgrunnen i denne artikkelen. Det er eit vidt omgrep som refererer til (i prinsippet) alle forandringar som organismen kan påføre omverda. Ei velbrukt døme på nisjekonstruksjon er beveren, som forandrar økosystemet den er del av drastisk gjennom å byggje dammar. Desse endringane vert dinest overlevert til neste generasjon. Nisjekonstruksjon gjeld dimed korleis organismar ikkje berre arvar eit sett med genar som dei lev ut; dei arvar ogso ei økologisk nisje. Konstruksjonen endrar miljøets seleksjonspress og påverkar dimed evolusjon, utan at eg kan utdjupe no.

6 Å kansellere er ikkje det same som å utradere; ein kan snarare tenkje det som ein form for omfunksjonering, jf. Gould ovanfor.

7 Det er t.d. ikkje mogleg å føregripe korleis mottakinga vil vere eller korleis kunstverket vil passe inn i kunsttradisjonen på utfyllande vis. Kunstnaren har ikkje eigedomsrett på kunstverket si meining.

8 Men dette biletet er sjølvsagt ikkje skapt i isolasjon, eller i eitt system åleine. Det er eit relasjonelt og materielt fenomen. Sjå (Menary, 2014)

Powered by Labrador CMS