Av eit så krokete treverk som mennesket er laga av, er det ikkje mogleg å tømre noko rett, skriver Kant

IDÉ TIL EI ALLMENN HISTORIE I VERDSBORGARLEG HENSIKT1,2

I denne teksten, først publisert i 1784, drøftar Kant spørsmålet om vi kan sjå føre oss framgang i mennesket si moralske og samfunnsmessige utvikling, og kva rolle historie, fornuft, krig og konflikt spelar i denne samanhengen. Alexander Myklebust har omsett teksten til nynorsk og er dermed (så vidt Salongen bekjent) første gongen denne, eller nokon annan tekst av Kant, har blitt omsett til nynorsk.

Publisert Sist oppdatert

Kva enn ein vil gjere ut av eit omgrep om viljen sin fridom i metafysisk hensikt, så er fridomen sine tilsynekomstar, dei menneskelege handlingane, slik som alle andre hendingar i naturen, bundne av allmenne naturlover. Historia, som syslar med forteljinga om desse tilsynekomstane, uansett kor godt skjulte årsakene deira måtte vere, gjer det likevel mogleg å håpe at når ho i det store og heile betraktar fridomen sitt spel i den menneskelege viljen så kan ho avdekke ein regelmessig gang i dette spelet. På den måten kan det som ser rotete og regellaust ut i det enkelte subjektet likevel bli forstått som ei stadig, om enn langsam, framoverskridande utvikling av arten sine opphavlege anlegg.

Idee zu einer allgemeinen Geschichte in weltbürgerlicher Absicht er et essay fra 1784 av den prøyssiske filosofen Immanuel Kant (1724-1804)

Slik synest ekteskapa, dei påfølgjande fødslane, og dødsfalla, som mennesket sin frie vilje har så stor påverknad på, ikkje å bli leia av ein regel som ein kan rekne seg fram til på førehand. Dette på trass av at dei store landa sine årbøker viser at til og med desse hendingane opptrer i tråd med stabile naturlover. Det er som med det omskiftelege vêret: ein kan ikkje slå fast kva som vil skje på førehand. Vêret feilar likevel ikkje i å oppretthalde plantene sin vekst og elvene sine løp, og andre naturfenomen, i eit ubrote framhald. Enkeltmenneske, til og med heile folk, tenkjer lite på det at når dei forfølgjer sine eigne hensikter, kvar og ein etter sitt eige skjønn og ofte i konflikt med kvarandre, så forfølgjer dei naturhensikta som er ukjend for dei. Det er som om dei følgjer ein leietråd, men utan å legge merke til det, og arbeider for å fremje naturhensikta. Sjølv om denne hensikta var kjend for dei ville dei hatt lita nytte av ho.

Fordi menneska i strevet sitt, ikkje berre instinktivt som dyra, men heller ikkje som fornuftige verdsborgarar i det store og heile går fram etter ein avtalt plan, så ser heller inga planmessig historie (slik som for til dømes biene eller beverane) ut til å vere mogleg for dei. Ein kan ikkje motstå ein viss uvilje, når ein ser korleis menneska fer seg åt på den store verdsscena. I dette kan ein sjå ein tilsynelatande visdom her og der, men ein finn stort sett ein vev av dumskap, barnaktig forfengelegheit, som ofte også er fletta saman med barnaktig vondskap og øydeleggingshunger. Av dette veit ein til slutt ikkje kva omgrep ein skal gjere seg om arten vår, som er innbilsk om sine eigne fortrinn. Her har filosofen ingen annan utveg enn å forsøke å avdekkje ei naturhensikt i den meiningslause gangen i menneskelege ting, ettersom at han ikkje kan føresetje noka fornuftig eiga hensikt i menneska og spelet deira i det store biletet: om det kan vere mogleg med ei historie som er i tråd med ein bestemt naturplan, for skapningar som ikkje forfølgjer nokon eigen plan. – Vi vil sjå om vi kan lykkast i å finne ein leietråd til ei slik historie, og vil då overlate til naturen å skape mannen, som deretter er i stand til å forfatte denne historia. Slik skapte naturen ein Kepler, som på ein uventa måte gjorde planetane sine eksentriske banar til gjenstand for bestemte lover, og ein Newton som forklarte desse lovene ut frå éin allmenn naturårsak.

Første tese

Alle dei naturlege anlegga til ein skapning er skjebnebestemte til ein gong å utvikle seg fullstendig og formålsteneleg. Dette blir bekrefta gjennom dei ytre, så vel som dei indre eller dissekerte, observasjonane av alle dyr. Eit organ som ikkje skal brukast, ei innretning som ikkje oppnår formålet sitt, er ei sjølvmotseiing i den teleologiske naturlæra. For dersom vi går vekk frå dette grunnprinsippet, då har vi ikkje lenger ein lovmessig, men ein formålslaust leikande natur, og den trøysteslause omtrentlegheita tar plassen til fornufta sine leietrådar.

Andre tese

I mennesket (som den einaste fornuftige skapningen på Jorda) skulle eit kvart naturleg anlegg som har bruken av fornufta som mål berre bli fullt utvikla i arten, ikkje i individet. I ein skapning er fornufta ei evne til å utvide reglane og hensiktene for bruken av alle kreftene skapningen har til langt utover naturlege instinkt. Fornufta kjenner ingen grenser for utkasta sine. Men fornufta verkar ikkje instinktivt. Ho treng forsøk, øving og opplæring, for stadig gradvis å stige frå eitt innsiktsnivå til eit anna. Dermed måtte eit menneske ha levd usedvanleg lenge for å lære korleis det skulle kunne gjere fullstendig bruk av alle dei naturlege anlegga sine. Eller dersom naturen hadde avgrensa livet til ei kort lengd (slik som verkeleg har skjedd), så hadde ho kanskje kravd ei uoverskodeleg rekke av generasjonar.

For dyr kan ein sjå føre seg ei planmessig historie. Det gjeld ikkje for menneska

Kvar generasjon måtte ha overlevert opplysinga si til den neste, for til slutt å føre kimen i arten vår til det utviklingsnivået som er fullt ut høveleg for naturen si hensikt. Og dette tidspunktet må vere målet for mennesket sitt strev, i det minste for idéen om mennesket. Elles ville dei naturlege anlegga for det meste måtte reknast som forgjeves og formålslause. Dette ville oppheva alle praktiske prinsipp og dermed ført til ein mistanke om at naturen, når det kom til mennesket, berre dreiv med ein barnleg leik, samstundes som naturen sin visdom må fungere som grunnprinsipp i vurderinga av alle andre ordningar.

Tredje tese

Naturen har villa at mennesket, når det gjeld det som går ut over den mekaniske innrettinga av mennesket sin dyriske eksistens, ikkje skulle ta del i noka anna lykke eller fullkommenskap, enn det har skaffa frå seg sjølv, fritt frå instinkt og gjennom eigen fornuft. Naturen gjer nemleg ikkje noko unødig og sløser ikkje i bruken av middel for å nå måla sine. I og med at han gav menneska fornuft og dermed grunnla viljesfridomen, så var dét allereie eit tydeleg teikn på hensikta til mennesket med tanke på korleis det var utrusta. No skulle mennesket nemleg ikkje la seg leie av instinktet, eller bli forsørga og instruert av medfødd kunnskap. Det skulle heller skape alt ut frå seg sjølv.

Menneska gjer strevsomt arbeid for seinare generasjonar.

Oppfinninga av mennesket sine næringsmiddel, klede, ytre tryggleik og forsvar (som naturen berre gav mennesket hender for, og ikkje oksen sine horn, eller klørne til løva, og heller ikkje hunden sine tenner) skulle fullt ut vere mennesket sitt eige verk. Det gjeld også alle gode som kan gjere livet behageleg, sjølv mennesket sin innsikt og klokskap, og til og med det godarta i mennesket sin vilje. Naturen ser ut til å ha teke glede i å utvise ei største nøysemd i å tildele den dyriske innretninga akkurat det som er høgst nødvendig for ein byrjande eksistens. Dette gjorde naturen fordi han ville at mennesket berre skulle kunne takke seg sjølv for fortenesta å ein dag ha jobba seg ut av den største råskapen til den største dugleik, indre fullkommenskap av tankesett, og (så langt som det er mogleg på Jorda) opp til lykke. Det er som om naturen har lagt meir vekt på mennesket si fornuftige sjølvvurdering enn velvære, ettersom det ventar mykje slit i denne gangen i menneskelege saker.

Det verkar tvert om som at naturen ikkje har noko med å gjere om mennesket lever godt, men heller at mennesket sakte men sikkert arbeider seg så langt fram at det kan gjere seg verdig livet og velværet. Det er stadig vekk merkeleg at dei tidlegare generasjonane berre ser ut til å utføre det strevsame arbeidet sitt for dei seinare generasjonane. Dei arbeider nettopp for å førebu eit stadium der byggverket, som naturen har som hensikt, kan bli gjort høgare. Berre dei siste skal ha gleda av å bu i denne bygnaden som ei lang rekke av forfedrane (sjølv om det ikkje var hensikta deira) arbeidde for utan likevel sjølv å kunne ta del i den lykka som dei førebudde. Enn så gåtefullt dette er så er det likevel nødvendig når ein går ut frå at ein dyreart skal ha fornuft, og som klassen av fornuftige vesen skal oppnå ei fullstendig utvikling av anlegga sine. Medan kvar og ein døyr er slekta udøyeleg.

Fjerde tese

Middelet som naturen brukar for å føre utviklinga av alle anlegga sine i stand er antagonismen mellom dei i samfunnet, gitt at desse til slutt sjølv fører fram til ein lovmessig orden. Med antagonisme meiner eg her menneska sin usosiale sosialitet, altså hangen dei har til å tre inn i eit samfunn, som samtidig er bunde saman i ein gjennomgåande motstand, som stadig truar med å splitte samfunnet. Anlegget for dette ligg openbart i den menneskelege natur. Mennesket har ein dragnad mot å sosialisere seg, fordi det på den måten føler seg som meir enn menneske. Det vil seie at det føler utviklinga av dei naturlege anlegga sine.

Menneske har båe ei dragning mot sosialisering og isolering.

Men mennesket har også ein sterk hang til å individualisere seg (isolere seg), fordi det har i seg den usosiale eigenskapen å ville rette alt etter eiga oppfatning. Dermed forventar mennesket å møte motstand overalt. For det veit med seg sjølv at det på si side har ein dragnad mot å yte motstand mot andre. Det er denne motstanden som vekkjer alle mennesket sine krefter, som får det til å overvinne hangen det har til dovenskap. Driven av æresjuke, herskesjuke eller grådigskap forsøker mennesket å skaffe seg ein rang mellom sine jambyrdige, som det ikkje gjerne kan utstå, men som det heller ikkje kan forlate. Dermed skjer dei første verkelege stega vekk frå råskap mot kultur, som eigentleg består i mennesket sin samfunnsmessige verdi: For då blir alle talent utvikla steg for steg og smaken blir danna. Gjennom stadig opplysing oppstår til og med byrjinga på ei grunnlegging av ein tenkjemåte som med tida kan forvandle det grove naturlege anlegget for moralske skilje til bestemte praktiske prinsipp, og med det forvandle ei patologisk påtvungen samstemming til eit samfunn som utgjer ein moralsk heilskap. Utan desse ikkje akkurat elskverdige eigenskapane ved usosialiteten som motstanden spring ut frå, og som kvar og ein må treffe på i si eiga sjølvhevding, ville alle talent vere evig gøymde i kimen sin. I så fall ville ein berre levd eit landleg gjetarliv med fullkommen semje, nøysemd og gjensidig kjærleik. Menneska, gode som sauane dei har på beite ville knapt tilføre eksistensen sin ein større verdi enn den husdyra deira har. Dei ville ikkje utfylle skaparverket sitt tomrom med tanke på formålet deira som fornuftig natur.

Altså, takk vere naturen for ufordragelegheita, for den ugunstig misunnelege forfengelegskap, for det umettelege begjæret etter å eige eller til og med å herske, som det ikkje er mogleg å tilfredsstille! Utan alt dette ville alle fortreffelege naturlege anlegg i menneskeheita evig sove uutvikla. Mennesket vil ha semje. Naturen veit betre kva som er godt for arten: naturen vil ha usemje. Mennesket vil leve komfortabelt og tilfreds. Naturen vil at mennesket skal styrtast ut av dovenskap og tiltaksløyse, og inn i arbeid og slit, men også at det gjennom det skal finne fram til middel for klokeleg å kome seg ut av dette. Dei naturlege drivfjærene for dette, kjeldene til usosialitet og den vedvarande motstanden fører til mykje vondt. Men dei var også det utviklinga av nye krefter sprang ut frå. Derfor fører drivkreftene fram vidare utvikling av naturlege anlegg. I tillegg avslører dei ordninga til ein vis skapar, og ikkje handa til ei vond ånd som av sjalusi forsøker å øydelegge naturen si herlege innretning.

Femte tese

Menneskeslekta sitt største problem, som naturen tvingar oss til å løyse, er å oppnå eit borgarleg samfunn som allment forvaltar retten. For det er berre i samfunnet, og særleg i det som har den største fridom, altså det som har ein gjennomgåande antagonisme mellom medlemmane og samtidig den mest presise avgrensinga og sikringa av grensene for denne fridomen, at denne fridomen kan eksistere saman med fridomen til andre: For det er berre i eit slikt samfunn at naturen sitt høgste formål, nemleg utviklinga av alle naturlege anlegg i menneskeheita, kan bli oppnådd.

Naturen vil også at menneskeheita skal klare dette sjølv, slik som det skal klare å oppnå alle dei andre formåla dei er bestemte til. Slik må den høgste oppgåva for menneskearten vere eit samfunn der ein i størst mogleg grad møter på fridom under ytre lover, knytt saman med uimotståeleg makt. Det vil seie ei fullkomen rettferdig borgarleg forfatning, sidan det berre er ved å løyse og fullføre denne oppgåva at naturen kan oppnå dei andre hensiktene han har for arten vår. Nøda tvingar mennesket, som er så gripen av den ubundne fridomen, inn i denne tvangstilstanden. Dette er den største nøda av alle, altså den som menneska sjølv påfører kvarandre. Denne hangen gjer til at dei ikkje kan leve med kvarandre i vill fridom lenger. Berre i den borgarlege samanslutninga si innhegning fører den same hangen til den beste verknaden.

Berre i den borgarlege samanslutninga si innhegning fører den same hangen til den beste verknaden

Dette er som når eit tre i ein skog forsøker å ta luft og sol frå eit anna tre blir det nødvendig for begge å søke over det andre. Dette gjer at dei får ein vakker rett vekst. Dette står i motsetnad til dei trea som i fridom og skilde frå kvarandre får gro greiene sine etter eige velbehag. Dei blir forkrøpla, skeive og krumme. All kultur og kunst som prydar menneskeslekta, og dei vakraste samfunnsmessige ordningane er frukter av det usosiale, som gjennom seg sjølv blir nøydde til å disiplinere seg og gjennom ein tvungen kunst å utvikle naturen sine kimar fullt ut.

Sjette tese

Dette problemet er samstundes det vanskelegaste og det siste menneskearten vil løyse. Vansken som sjølve idéen om denne oppgåva legg fram for oss er denne: mennesket er eit dyr som når det lever saman med andre av sin eigen art, må ha ein herre. Dette er fordi mennesket sikkert og visst misbrukar fridomen sin overfor artsfrendane sine. Og om det som fornuftig skapning ønskjer ei lov, som set alle slags innskrenkingar for fridomen, så blir det villeia av den sjølvhevdande dyriske hangen til å gjere eit unntak for seg sjølv når det kan. Mennesket treng altså ein herre, som knekk eigenviljen, og tvingar det til å lyde ein allmenngyldig vilje, som gjer at alle kan vere frie. Kor finn mennesket denne herren? Hos ingen andre enn menneskeslekta. Men dei er jo nettopp også dyr, som treng ein herre. Mennesket kan altså byrje det slik det vil: det er ikkje mogleg å sjå korleis mennesket skal skaffe seg eit overhovud for den offentlege rettferda, som sjølv er rettvis. Mennesket kan berre leite etter dette i éin enkelt person, eller i ein fellesskap av fleire personar som utvalde til dette. Dette er fordi kvar og ein av dei alltid misbrukar fridomen sin dersom dei ikkje har nokon over seg, som lovleg kan utøve makt over dei.

Mennesket treng altså ein herre, som knekk eigenviljen, og tvingar det til å lyde ein allmenngyldig vilje, som gjer at alle kan vere frie

Men det høgste overhovudet skal vere rettferdig i seg sjølv og likevel vere eit menneske. Denne oppgåva er derfor den vanskelegaste av alle. Ja, den fullkomne løysinga på denne oppgåva er umogleg: av eit så krokete treverk som mennesket er laga av, er det ikkje mogleg å tømre noko rett. Naturen har berre pålagt oss å nærme oss denne idéen.3 At det også er denne idéen som sist blir sett i verk følgjer vidare også frå dette: at det krev eit riktig omgrep om naturen for ei mogleg forfatning, store mengder erfaring oppøvd gjennom mange verdsforløp, og framfor alt ein god vilje som er villig til å godta dette. Men det er svært vanskeleg å finne alle desse tre delane samstundes. Og dersom det skjer, så skjer det først veldig seint, etter mange mislukka forsøk.

Sjuande tese

Problemet med å danne ei fullkomen borgarleg forfatning heng saman med og kan ikkje løysast uavhengig av å løyse problemet med eit lovmessig mellomstatleg tilhøve. Kva hjelper det å arbeide for ei lovmessig borgarleg forfatning mellom enkeltmenneske, det vil seie for ei fellesskapsordning? Den usosialiteten, som hittil har vore nødvendig for menneska, er også årsaka til at eit kvart fellesskap i ytre tilhøve, det vil seie som ein stat i forhold til statar, står i ubunden fridom og følgjeleg må forvente av kvarandre den same vondskapen som enkeltmenneske påfører kvarandre. Dette tvingar dei til å tre inn i ein lovmessig borgarleg tilstand. Naturen har altså igjen brukt ufordraglegheita til menneska, og til og med ufordraglegheita til desse skapningane sine store samfunn og statslekamar som middel for å finne fram til ein tilstand av ro og tryggleik i den uunngåelege antagonismen mellom dei.

Det vil seie at gjennom krigane, gjennom dei vedvarande og på ingen måte minkande førebuingane til desse krigane, og gjennom nøda som ein kvar stat på grunn av dette til sist må føle internt sjølv i fredstid, kjem naturen etter mange mislukka forsøk til slutt, etter mange øydeleggingar, omveltingar og til og med gjennomgåande indre utmatting av kreftene sine, fram til det som fornufta også kunne ha sagt utan så mange sørgjelege erfaringar, nemleg: å stige ut av dei ville sin lovlause tilstand og tre inn i eit folkesamband.

Slik kunne alle, også den minste stat, forvente at tryggleiken og retten deira ikkje kom frå eiga makt eller eigen rettsleg domfelling, men berre frå dette store folkesambandet (Foedus Amphictyonum), frå ei sameina makt og frå domfelling etter den sameina viljen sine lover. Uansett kor svermerisk denne idéen enn ser ut til å vere, og kor mykje han minner om det som Abbé von St. Pierre eller Rousseau vart latterleggjorde for (kanskje, fordi dei trudde at utføringa av idéen var nært føreståande), så er det jo den uunngåelege utgangen frå nød som menneska påfører kvarandre, som statane si avgjerd (så vanskeleg det enn er for dei) om å tvinge mennesket til nettopp det som det ugjerne blir tvungne til, nemleg å gje opp den dyriske fridomen sin og søke ro og tryggleik i ei lovmessig forfatning. – Alle krigar er altså stadig nye forsøk (ikkje i menneska si hensikt, men i naturen si hensikt) på å bringe i stand nye tilhøve mellom statar, og gjennom øydelegging, i det minste gjennom oppdeling som råkar alle, å danne nye statslekamar, som rett nok ikkje kan oppretthaldast anten i seg sjølv eller mellom kvarandre, og dermed må dei lide nye liknande revolusjonar.

Til slutt ein gong blir det oppnådd ein tilstand som liknar på eit borgarleg fellesskap, som kan oppretthalde seg sjølv slik som ein automat. Dette skjer delvis gjennom den beste moglege indre ordninga av den borgarlege forfatninga, og delvis gjennom ein ytre felles avtale og lovgjeving.

Til slutt ein gong blir det oppnådd ein tilstand som liknar på eit borgarleg fellesskap, som kan oppretthalde seg sjølv slik som ein automat.

Skal ein no forvente eit epikureisk samløp av verkande årsaker: Slik som dei små støvkorna av materie ville statane gjennom tilfeldige samanstøyt prøve ut alle moglege danningar. Men dei danningane ville bli øydelagde av nye samanstøyt. Til slutt ville ei danning tilfeldigvis lykkast i å oppretthalde forma si (eit lykketreff som vel knapt finn stad!). Eller skal ein gå ut frå at naturen her følgjer ein regelmessig gang: Naturen fører slekta vår frå dei lægre dyriske nivåa gradvis til det høgste menneskelege nivået. Dette på trass av at det skjer med kunsten som har blitt tvungen ut av menneska, og utviklar dermed i desse tilsynelatande ville ordningane regelmessig eit kvart opphavleg anlegg. Eller, om ein heller vil, at det i det store og heile ikkje skal kome noko ut av alle mennesket sine verknadar og motverknadar: I det minste ikkje noko klokt, men at det blir slik som det alltid har vore, og at ein ikkje kan seie noko på førehand om ikkje striden, som er så naturleg for slekta vår, førebur eit helvete av vondskap i ein aldri så sømmeleg tilstand. Dette fordi naturen sjølv stadig vekk fornektar denne tilstanden, og alle framstega som kulturen så langt har oppnådd, gjennom barbariske øydeleggingar (ein skjebne som gjer at ein ikkje kan vere underlagd den blinde vilkårlegheita sitt styre, som er det same som lovlaus fridom, dersom ein ikkje gjer ho til gjenstand for ei i visdom løynd tilknyting til naturen sin leietråd!).

Rousseau tok ikkje så veldig feil

Alt dette utgjer omtrent det same spørsmålet: om det er fornuftig å anta formålstenelegheit i dei enkelte delane av naturen sin orden, og samtidig anta at det ikkje finst formålstenelegheit 4 i heile historia til mennesket. Den barbariske fridomen i dei nyleg skipa statane gjer nemleg som den formålslause tilstanden til villmennene som heldt tilbake alle dei naturlege anlegga til slekta. Men, til slutt, gjennom vondskapen som denne tilstanden medførte vart dei tvungne til å tre ut frå denne tilstanden og inn i ei borgarleg forfatning. Der kunne alle kimane til anlegga deira bli utvikla. Den formålslause tilstanden gjer til at framgangen av den fullstendige utviklinga av dei naturlege anlegga deira blir hemma fordi alle fellesskapet sine krefter blir brukte på opprusting, av øydeleggingane som krigen fører til, og i endå større grad av nødvendigheita av stadig å vere i beredskap. Men er det ikkje heller slik at vondskapen som spring ut av dette tvingar arten vår til å finne fram til ei likevektslov og eit sameint styresett for den i seg sjølv sunne motstanden mellom statane, som fridomen deira spring ut frå, som legg vekt på denne lova. Dermed blir det innført ein verdsborgarleg tilstand for den offentlege statstryggleiken. Dette er ikkje utan ein viss fare, ettersom menneskeheita sine krefter jo ikkje må sovne, men heller ikkje må vere utan eit likskapsprinsipp om gjensidig verknad og motverknad, som gjer at dei ikkje øydelegg kvarandre. Før dette siste skrittet (nemleg statssamband) skjer, altså nesten berre halvvegs i utforminga av eit slikt statssamband, må den menneskelege naturen lide seg gjennom dei hardaste vondskapane under det bedragerske skinet av ytre velferd.

Og Rousseau tok ikkje så veldig feil då han føretrekte villmennene sin tilstand, dersom ein ikkje tek omsyn til dette siste nivået, som slekta vår har til gode å stige opp til. Vi er i høg grad kultiverte gjennom kunst og vitskap. Vi er i overkant siviliserte av all slags samfunnsmessig lystigheit og anstendigheit. Men det manglar mykje for å kunne rekne oss for allereie å vere moraliserte. Dette er fordi idéen om moralitet høyrer til kultur, medan bruken av denne idéen, som har å gjere med det som liknar på seder i det ærekjære og den ytre anstendigheita, utgjer berre sivilisering. Men så lenge statar brukar alle kreftene sine på dei forfengelege og valdelege utvidingsføremåla sine, og på den måten hemmar den langsame umaken borgarane deira gjer for den indre danninga av tenkjemåtane sine, og statane unndrar all støtte til dette målet, er ikkje anna å forvente av denne arten. For det krev ei langvarig indre omarbeiding av eit kvart fellesskap for danninga av statane sine borgarar. Men alt godt, som ikkje er poda inn i eit moralsk-godt sinnelag, er ikkje anna enn reint skin og skimrande elende. I denne tilstanden blir vel menneskearten verande til han, på den måten som eg har sagt, har arbeidd seg ut av den kaotiske tilstanden i statstilhøva sine.

Åttande tese

Ein kan sjå på menneskearten si historie i det store og heile som fullføringa av ein skjult naturplan om å få i stand ein indre, og for dette formålet også ei ytre, fullkomen statsforfatning, som den einaste tilstanden der menneskeheita kan utvikle alle anlegga sine fullt ut. Denne tesen følgjer av den førre. Ein innser at filosofien også kan ha ei tru på eit tusenårsrike 5, men berre ei slik som kan vere nyttig for å realisere filosofien sin idé, sjølv om det berre er på lang sikt, og altså ikkje er mindre enn svermerisk. Det kjem berre an på om erfaringa avdekker noko som liknar på ein slik gang av naturhensikt. Eg seier: erfaringa avdekker litt; fordi dette krinsløpet viser seg å trenge så lang tid på å slutte seg at ein ut frå den vesle delen som menneskeheita har tilbakelagt i denne samanhengen, berre kan slå fast bana si form og forholdet mellom delane og heilskapen, like usikkert som ein kan slå fast krinsløpet til sola, og heile hæren hennar av satellittar i det store systemet av fiksstjerner.

Sjølv om ein ut frå den allmenne grunnen for den systematiske forfatninga av universet og det litle ein har observert tilforlateleg nok kan trekke slutninga om at eit slikt krinsløp finst. Samtidig er det slik med den menneskelege naturen at dersom han ikkje skal vere likegyldig overfor sjølv den fjernaste epoken som arten vår skal møte, må han med visse rekne med at denne epoken kan forventast å kome. I vårt tilfelle kan vi i desto mindre grad vere likegyldige då det viser seg at vi, med dei fornuftige anlegga våre, kan framskynde eit slikt lykkeleg tidspunkt for etterkommarane våre. Av den grunn blir sjølv det minste spor av ei tilnærming mot dette svært viktig for oss. I dag står statane allereie i eit så kunstig forhold til kvarandre at ingen kan la den indre kulturen sin spakne, utan å miste makt og påverknad overfor dei andre. Altså er, om ikkje framsteget, så i alle fall oppretthaldinga av dette naturformålet rimeleg godt sikra gjennom statane sine ærekjære hensikter. Vidare: ein kan ikkje krenke borgarleg fridom utan at ulempene ved å gjere det gjev seg til kjenne i alle næringar, særleg i handelen. Dermed minkar staten si kraft i ytre forhold. Denne fridomen går ikkje desto mindre framover steg for steg.

Dersom ein hindrar borgarane i å søkje velferda si på alle dei måtane som måtte passe dei og som berre kan bestå i lag med andre sin fridom, då hemmar ein livskrafta i all verksemd og dermed krafta i heilskapen. Av den grunn blir dei personlege innskrenkingane overfor det borgarane driv med i stadig større grad oppheva, og den allmenne religionsfridomen blir innrømd. Slik veks opplysinga gradvis fram, saman med vrangførestillingar og innfall, som eit stort gode som menneskeslekta til og med må frårøve herskarane sine sjølviske hensikter, dersom ho forstår sitt eige beste. Men denne opplysinga, og med denne også eit visst hjarte for det gode som det opplyste mennesket forstår fullt ut og ikkje kan fornekte, må litt etter litt nå fram til trona og sjølv ha påverknad på grunnprinsippa for styre og stell. Sjølv om til dømes verdsleiarane våre ikkje har nokon pengar til overs til dei offentlege oppdragingsinstitusjonane og i det heile tatt til det som er til det beste for verda, fordi alt allereie er blitt rekna til å gå med til den framtidig krigen, så finn leiarane det i sin eigen fordel å i det minste ikkje forhindre folket sitt strev, om enn svakt og langsamt, i denne samanheng. Til slutt blir sjølv krigen gradvis ikkje berre svært kunstig, svært usikker i utfallet for begge sider, og gjennom etterspelet som staten opplev som ei stadig veksande gjeld (ei ny oppfinning) som det tar uoverskodeleg lang tid å betale, ei svært farleg verksemd. I tillegg blir krigen svært påfallande fordi ei kvar skaking i éin stat påverkar alle andre gjennom næringane som knyter dei alle saman.

På grunn av farane dei blir utsette for blir statane tvungne til å tilby seg å vere dommarar, sjølv om dei manglar lovmessige vørdnad.

På grunn av farane dei blir utsette for blir statane tvungne til å tilby seg å vere dommarar, sjølv om dei manglar lovmessige vørdnad. Saman med alle andre dannar dei ein framtidig stor statslekam som verda ikkje har sett noko liknande til tidlegare. Sjølv om denne statslekamen no berre finst som eit svært uferdig utkast, så dannar det seg likevel samtidig allereie ei kjensle i alle ledd, som motiverer alle til å oppretthalde heilskapen som dei er del av. Dette gjev håp om at etter dei mange omkalfatrande revolusjonane vil ein dag det naturen har som høgste hensikt, ein allmenn verdsborgarleg tilstand som livmora der alle dei naturlege anlegga til menneskeslekta kan få utvikle seg, kome i stand.

Niande tese

Eit filosofisk forsøk på å arbeide fram ei allmenn verdshistorie i tråd med ein naturplan, som siktar mot den fullkomne borgarlege sameininga av menneskeslekta, må sjåast som mogleg og som å framskunde denne naturhensikta. Det er rett nok merkeleg og tilsynelatande meiningslaust å ville forfatte ei historie etter ein idé, som verdas gang må følgje dersom ho skal svare til visse fornuftige formål. Det ser ut til at i ei slik hensikt kan berre ein roman kome i stand. Dersom ein i dette går ut frå at naturen, i spelet om den menneskelege fridomen sjølv ikkje går fram utan plan og endemål, så kunne denne idéen likevel godt ha vore brukbar. Om vi er for kortsynte til å gjennomskode den hemmelege mekanismen i naturen sine ordningar, så kan denne idéen vere som ein leietråd vi kan bruke for å framstille eit slikt planlaust aggregat av menneskelege handlingar, i det minste i heilskapen, som eit system. For dersom ein byrjar frå den greske historia – som er den som alle andre eldre eller samtidige historier har blitt overlevert eller i det minste bekrefta gjennom6 – dersom ein forfølgjer den same påverknaden på danninga og misdanninga av det romerske folket sin statslekam, som slukte den greske, og romarane sin påverknad på barbarane, som likevel til slutt øydela dei, til vår tid; og samtidig legg til andre folk sine statshistorier episodisk, så langt kjennskapen til desse opplyste nasjonane gradvis når oss: då kan ein avdekke ein regelmessig gang i forbetringa av statsforfatninga i vår verdsdel (som sannsynlegvis ein dag vil gje lover til alle andre).

Dersom ein byrjar frå den greske historia, kan ein avdekke ei regelmessig gang i forbetringa av statsforvaltinga.

Ved at ein i størst grad berre har for auget den borgarlege forfatninga med lovene hennar, og statstilhøvet, gitt at begge gjennom det gode som dei inneheld i ei tid hevar opp og forherlegar folk (med dei også kunstar og vitskap), men at dei likevel blir styrta av det feilaktige som heng ved dei, slik at det alltid blir rom for ei opplysing som utviklar seg gjennom ein kvar revolusjon, slik blir eit påfølgjande endå høgare nivå av forbetring førebudd. Slik blir det, trur eg, avdekt ein leietråd, som ikkje berre kan tene til å forklare det forvirra spelet av menneskelege ting, eller som politisk sannsigarkunst om framtidige statsendringar (ein bruk, som ein allereie har nytta på mennesket si historie, sjølv når ein ser på ho som usamanhengande verknadar av ein regellaus fridom!). Ho gjer også til at (noko ein ikkje med god grunn kan håpe på utan å føresetje ein naturplan) det opnar seg ei trøystande utsikt inn i framtida. Menneskeslekta blir førestilt lenger fram i tid, slik at ho til slutt arbeider seg opp til tilstanden der alle kimar som naturen la i ho kan utvikle seg fullt ut, og skjebnen deira her på Jorda kan skje fyllest. Ei slik rettferdiggjering av naturen – eller betre, forsynet – er ei ikkje uviktig drivkraft for å velje eit utsiktspunkt å skode verda frå. For kva hjelper det å prise herlegdomen og visdomen i skaparverket i eit fornuftslaust naturrike, og å tilrå ettertanke, dersom delen av den største visdomen sin store skodeplass som inneheld formålet for alt dette – menneskearten si historie – derimot alltid skal vere ei innvending mot ei planmessig historie. Utan eit slikt synspunkt ville vi uvillig måtte vende auga våre vekk frå dette formålet, og fortvilinga over at vi aldri nokon gong får møte ei fullstendig fornuftig hensikt ville få oss til å berre håpe på dette i ei anna verd.

Det ville vere ei feiltolking av hensikta mi å meine at eg, med denne idéen om ei verdshistorie som på ein måte har ein leietråd a priori, ville fortrenge utarbeidinga av den reint empirisk skrivne historia. Det er berre ein tanke om noko som eit filosofisk hovud (som i tillegg måtte vere svært historiekunnig) også kunne forsøke ut frå eit anna standpunkt. Vidare må den prisverdige grundigheita som ein i dag skriv vår tids historie med, på ein naturlig måte medføre ei uro om korleis dei seinare etterkommarar skal byrje å forstå lasta frå historia som vi vil etterlate til dei etter nokre hundreår. Dei vil utan tvil berre vurdere den eldste tida, medan oppteikningane frå denne tida for lengst vil vere øydelagde, ut frå det synspunktet som interesserer dei, nemleg kva folk og regjeringar har gjort til skade eller til gagn overfor ei verdsborgarleg hensikt. Å ta omsyn til dette og samtidig til ærgjerrigheita til statsoverhovuda og tenarane deira, for å rette dei inn på det einaste middelet som kan føre det prisverdige minnet om dei til den seinaste tida: det kan endå gje ein liten motivasjon for forsøket på ei slik filosofisk historie.

Notar

  1. Enkelte stader i dei korte notisane i det tolvte stykket i Gothaisschen Gel. Zeit. dette året, som utan tvil vart tekne frå mine samtalar med ein gjennomreisande lærd, gjer det nødvendig for meg å gjere desse tillegga, for utan desse hadde dei ikkje hatt noka forståeleg meining.
  2. Omsettaren sin kommentar: Takk til Camilla Flodin, Håvard Løkke, Steinar Mathisen, Bjørn Myskja, Sigurd Tenningen og Jørgen Aarnes for kommentarar til ulike utkast av denne omsettinga. Alt ansvar for eventuelle feil og unøyaktigheiter ligg hos omsettaren.
  3. Mennesket si rolle er altså svært kunstig. Korleis det er med innbyggjarar på andre planetar og deira natur, veit vi ikkje; men dersom vi utfører dette oppdraget vi har fått frå naturen på ein god måte, så kan vi vel smigre oss med at vi kan påberope oss ein ikkje låg rang mellom naboane våre i universet. Kanskje kan kvar av dei oppfylle skjebnen sin i løpet av livet sitt. Men for oss er det annleis; berre slekta kan håpe på dette.
  4. Zwecklosigkeit
  5. Omsettaren sin kommentar: Kant brukar ordet «chiliasmus» (norsk: kiliasme).Berre eit lærd publikum, som har vart uavbrote frå byrjinga si og fram til oss, kan stadfeste den gamle historia. Utover dette er alt terra incognita; og historiene til folka som lev utanfor denne kan berre byrje på det tidspunktet då dei gjekk inn i ho. Dette skjedde med det jødiske folket i ptolomearane si tid gjennom den greske bibelomsettinga. Utan det ville ein hatt lita tiltru til dei isolerte fråsegnene deira. Frå då av (dersom denne byrjinga først vart høveleg avgjort) kan ein følgje forteljingane deira framover. Og slik med alle andre folk. Det første bladet i Thukydid (sa Hume) er den einaste byrjinga på all sann historie.
Powered by Labrador CMS