Kan Adorno forklare radikalismen i vår tid?

Publisert:

7. februar 2021

Kommentarer:

Samling for partiet Nationaldemokratische Partei Deutschlands i Kiel, 1969. (Kjelde: Wikimedia Commons/Stadtarchiv Kiel CC BY-SA 3.0 DE)

I eit foredrag frå 1967 drøftar Adorno mellom anna strukturelle og psykologiske aspekt ved høgreradikalismen. Men i kva grad er analysene relevante i dag?

Aspekter ved den nye høyreradikalismen var opphavleg eit foredrag som Theodor W. Adorno heldt ved universitetet i Wien april 1967, etter invitasjon frå «Sozialisticher Studenten Österreichs». Bakteppet var framgangen det høgreradikale partiet NPD (Nationaldemokratische Partei Deutschlands) hadde hatt i løpet av dei få åra etter at det var grunnlagt i 1964.1 Men allereie i eit foredrag i 1959, «Hva innebærer bearbeidelse av fortiden?», hadde Adorno utvikla tesen om at høgreradikalismen kunne forklarast ved at dei samfunnsmessige førestnadane for fascismen som førde til den andre verdskrigen, framleis gjorde seg gjeldande. Og sjølv om propaganda og massepsykologi tar mykje plass i Aspekter ved den nye høyreradikalismen, er det dei samfunnsmessige forholda som ligg til grunn i Adorno sin analyse.

Det var først i 2019 at Aspekter ved den nye høyreradikalismen kom ut i bokform på tysk, då med eit etterord av historikaren Volker Weiβ.2 Både foredraget og Weiβ sitt etterord er omsett til norsk av Pål Veiden, som også har skrive eit nytt forord. Dei tre tekststykka utgjer til saman i underkant av 70 sider. På trass av det beskjedne omfanget, og takka vere det solide arbeidet Veiden har lagt ned, opnar boka opp for refleksjon omkring likskapar og forskjellar på utviklingstrekk i fortid, notid og framtid.

Adorno legg for dagen ganske beskjedne ambisjonar for foredraget sitt, når han seier at han vil «… ganske enkelt forsøke å utfylle hva man måtte tenke og vite om disse tingene.»3 Det er ikkje ei systematisk drøfting eller nokon heilskapleg teori Adorno serverer her, men nettopp ulike «Aspekter ved den nye høyreradikalismen». Desse vert diskuterte om kvarandre, og eit tema som kort vert drøfta éin stad kan plutseleg dukke opp seinare i teksten. Samtidig som denne usystematiske stilen kan gjere det vanskeleg å få skikkeleg grep på kva som til ein kvar tid er poenget, får det fram kor samanvovne dei ulike samfunnsmessige, ideologiske, psykologiske, og språklege aspekta ved høgreradikalismen er.

Radikalisme og kapitalisme

Men alt i starten av foredraget presenterer Adorno ansatsen til ein djupare strukturell analyse, når han koplar føresetnadane for fascistiske rørsler til «kapitalens fremherskende konsentrasjonstendenser».4 Her teiknar Adorno opp eit kompleks som består av økonomiske, klassemessige og ideologiske faktorar der framveksten av den nye høgreradikalismen heng saman med ein «tendens» i kapitalismen, som er kjend frå marxistisk tenking: Etter kvart som kapitalismen sin ibuande logikk får utfalde seg, vil kapitalen samle seg på stadig færre hender.

Disse konsentrasjonstendensene innebærer nå som før muligheten for en permanent deklassering av sosiale sjikt, hvis klasseforståelse var gjennomgående borgerlig. De ønsker å opprettholde sine privilegier, sosiale status og helst forsterke denne. Disse gruppene tenderer nå som før til hat mot sosialismen, eller det de kaller sosialisme, hvilket betyr at de legger skylden for deres egen deklassering på dem som ifølge vanlige oppfatninger har vært kritiske til forholdene, ikke til de mekanismene som frembringer deklasseringen.5

Det er altså ikkje tilfeldig at høgreradikalismen oppstår i kapitalistiske samfunn; han ser derimot ut til å vekse ut av kapitalismen sin klassestruktur, og Adorno sin diagnose ber preg av ein kombinasjon av marxistisk samfunnsanalyse med psykoanalytiske forklaringsmodellar, mellom anna. Men Adorno dvelar ikkje lenge ved dette klasseaspektet, og går fort over til å drøfte nasjonalismen som følgjer med den nye høgreradikalismen.

Aspekter ved den nye høyreradikalismen av Theodor W. Adorno. Oversatt og med innledning av Pål Veiden. Cappelen Damm, 2020.

Propaganda og løgn

Adorno meiner at «… såkalte massebevegelser av fascistisk stil har en svært dyp strukturell forbindelse med vrangforestillinger.»6 Forholdet mellom rasjonalisme og irrasjonalisme, og forholdet mellom mål og midlar står sentralt i analysen, og dette ser han i samanheng med det han ser på som «den sivilisasjonsmessige samlede tendens, som jo går ut på en perfeksjon av teknikk og midler, mens de famlede samfunnsmessige formål egentlig blir å feie under bordet».7 På dette punktet er Adorno inne på eit spor som er attkjenneleg frå Frankfurterskulen sin kritiske teori generelt, og boka Opplysnings dialektikk, som Adorno skreiv saman med Max Horkheimer. Her var det fascismen og den andre verdskrigen som skulle forståast, og  konklusjonen vart at begge deler var resultatet av at opplysningstida sin rasjonalitet hadde slått om og blitt irrasjonell i sin teknologiske iver etter å kontrollere natur og samfunn. Dei høgreradikale bevegelsane har ifølge Adorno irrasjonelle målsettingar, men fullt ut rasjonelle og perfeksjonerte propagandiske midlar.8

Mot slutten av foredraget står fornuft og sanning som botemiddelet den nye høgreradikalismen sin propaganda og løgn. På dette punktet les eg nok Adorno litt annleis enn Veiden. I forordet sitt, og med utgangspunkt i Adorno sin tanke om «opplysningens dialektikk», stiller han spørsmål ved om ein kan møte «totalitære politiske bevegelser som høyreradikalisme eller politisk islam» med fornuftsbasert opplysing, og framhevar i staden sosialpsykologien.9 Men her kan det vere nyttig å skilje mellom ideen om opplysning, og måten opplysningstida spelte seg ut. Det Adorno og Horkheimer beskriv i Opplysnings dialektikk er mytene og overtrua som vaks fram omkring ein instrumentell fornuft, som skapte moralske, vitskapleg og tekniske omveltingar, og som med tida undergravde den sjølvreflekterande og sjølvkritiske sida ved fornuftig tenking. Dette stemmer i og for seg dårleg med måten Kant beskreiv opplysning som mot til sjølvstendig bruk av forstanden, slik at ein kan tre ut av sjølvforskyldt umyndigheit. Men det Adorno til sjuande og sist manar til er jo nettopp at dersom ein skal motverke høgreradikalismen så må det skje gjennom ein sjølvstendig tenking, på ein slik måte at ein ikkje blir til offer for propaganda og autoritære massesuggesjon.

Forordet og etterordet

Veiden sitt forord og Weiβ sitt etterord gjev nyttige innfallsvinklar til Adorno sitt foredrag. Den største styrken til forordet er at det får fram særtrekk i Adorno sin tenkemåte, korleis denne spelar inn i analysene hans, og korleis det relaterer seg til andre tenkjarar som Martin Heidegger og Jürgen Habermas. Etterordet sin styrke i å trekke historiske linjer, og refleksjonar om korleis den såkalla «kritiske teorien» som Adorno er ein av dei fremste representantane for, både har gitt viktige bidrag til å forstå høgreradikalismen i strukturelle og sosialpsykologiske termar, og i dag blir diskutert som ein form for «kulturmarxisme».10

Når no Aspekter ved den nye høyreradikalismen har blitt publisert i skriftleg form kan ein spørje seg i kva grad Adorno sine tankar frå Tyskland/Austerrike i 1967 har overføringsverdi til Noreg og verda i 2021. Veiden og Weiβ diskuterer mellom anna i kva grad Adorno sine analyser står seg opp mot dagsaktuelle fenomen som partiet Alternative für Deutschland, politisk islam, venstrefascisme og ytre høgre i USA. Veiden skriv at «Betegnelsene og de politiske retninger voldsmenneskene påberoper seg, varierer. Bak fenomenet kan det fremdeles ligge mange av de same sosialpsykologiske årsakene Adorno antyder i sitt foredrag.»11 Også Weiβ ser ut til å vektlegge det sosialpsykologiske aspektet når han mot slutten av etterordet hevdar at vi i dag har å gjere med ein ny høgreradikalisme og at «Desto viktiger er det igjen å gjøre seg bevisst grunnlaget for facistisk agitasjon og det sosialpsykologiske grunnlaget for dens sukssess.»12 Han påpeiker også at Adorno advarar mot «en enkel kobling mellom høyreradikalismen og økononomiske konjunkturer…».13 Men sjølv om det ikkje er nokon slik enkel kopling handlar Adorno sin analyse i stor grad om forholdet mellom dei materielle og samfunnsmessige føresetnadane i «kapitalens fremherskende konsentrasjonstendens» og den sosiale deklasseringa på den eine sida, og psykologiske og propagandiske «triks» på den andre sida. Så vidt eg kan forstå er det samanhengane mellom dette som kjenneteiknar fenomenet som Adorno omtalar som den «nye høyreradikalismen». Poenget er ikkje berre at det er noko radikalt, men at dei er radikalt på ein heilt spesiell måte som heng saman med kapitalistiske samfunnsforhold, og det borgarlege sjiktet si stilling i samfunnet.

Det er ikkje berre overføringsverdien av enkeltaspekt ved Adorno sin analyse av høgreradikalismen på 1960-talet, som gjer at han framleis er aktuell. Vel så viktig er det at Aspekter ved den nye høyreradikalismen (Veiden sitt forord og Weiβ sitt etterord medrekna) forklarar eit fenomen ei, i for oss, nær fortid, og som lar oss forstå trekk i vår eiga tid i ein større samanheng, der både strukturelle, psykologiske og historiske aspekt er med.

NOTAR

  1. Etterord av Volker Weiβ i Adorno, Theodor W. Aspekter ved den nye høyreradikalismen. (Oslo: Cappelen Damm, 2020), 52.
  2. Teksten vart også publisert i Adorno, Theodor W. Nachgelassene Schriften. Abteilung V: Vorträge und Gespräche – Band 1: Vorträge 1949-1968. (Berlin: Suhrkamp Verlag, 2019).
  3. Adorno, Theodor W. Aspekter ved den nye høyreradikalismen. (Oslo: Cappelen Damm, 2020), 23.
  4. Adorno. Aspekter ved den nye høyreradikalismen, 23.
  5. Adorno. Aspekter ved den nye høyreradikalismen, 23.
  6. Adorno. Aspekter ved den nye høyreradikalismen, 33.
  7. Adorno. Aspekter ved den nye høyreradikalismen, 31.
  8. Adorno. Aspekter ved den nye høyreradikalismen, 30.
  9. Veiden, Pål. «Etterord» i Adorno. Aspekter ved den nye høyreradikalismen, 9.
  10. Weiβ, Volker. «Etterord» i Adorno. Aspekter ved den nye høyreradikalismen, 63.
  11. Veiden, Pål. «Forord» i Adorno. Aspekter ved den nye høyreradikalismen, 19.
  12. Weiβ, Volker. «Etterord» i Adorno. Aspekter ved den nye høyreradikalismen, 69.
  13. Weiβ, Volker. «Etterord» i Adorno. Aspekter ved den nye høyreradikalismen, 61.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Share on email
Share on facebook
Share on twitter

Nyeste artikler

Les også

Vi bruker cookies for å kunne tilby deg en best mulig opplevelse. Les mer…