Rawls-året 2021: Frå stormen på Kongressen til eit nytt håp?

Publisert:

2. februar 2021

Kommentarer:

Kongressbygget i Washington D.C., 20. januar, 2021, før innsettinga av Joe Biden som president. (Kjelde: Wikimedia commons/ Georgia National Guard)

Joe Biden står overfor ei stor oppgåve med å skapa eit meir demokratisk og rettferdig USA. Hundreårsjubilant John Rawls kan hjelpa med å visa vegen framover – og kvar nokre av dei store utfordringane ligg.

I 2021 er det 100 år sidan filosofen John Bordley Rawls vart fødd, og 50 år sidan han gav ut hovudverket sitt, A Theory of Justice. Ingen har i løpet av desse 100 åra gjort meir for å fornya den politiske filosofien enn nettopp Rawls, og verka hans er framleis rike kjelder til refleksjon over grunnleggjande spørsmål om rett og rettferd i moderne samfunn.

Om nokon skulle vera i tvil om den stadige relevansen av slik refleksjon, vart dette illustrert på mest dramatisk tenkjeleg vis 6. januar, berre få dagar inn i jubileumsåret. Stormen på Kongressen i USA har sett på spissen eit spørsmål Rawls var opptatt av gjennom heile karrieren sin: Korleis er det mogleg å ha eit liberalt demokratisk samfunn som er rimeleg rettferdig og stabilt over tid?1

Rimelege prinsipp om rettferd

Rawls meiner at filosofien kan bidra til å svara på dette spørsmålet, ved å visa at det trass i alt finst eit grunnlag for ei fornuftig semje om politiske prinsipp mellom rimelege borgarar som elles er djupt ueinige om det sanne og det gode. Slik semje kallar Rawls overlappande konsensus. Ein overlappande konsensus er nødvendig for at eit demokratisk samfunn skal vera stabilt av dei rette grunnane: ikkje på grunn av undertrykking eller manipulasjon, men fordi borgarane frå sine eigne, ulike ståstader ser moralske grunnar til å slutta opp om det.

Rawls forsøker å formulera sine eigne føretrekte rettferdsprinsipp slik at dei kan vera gjenstand for ein overlappande konsensus. Det første av desse prinsippa seier at alle borgarar har ein lik rett til eit størst mogleg sett av grunnleggjande sivile og politiske fridomar. Det andre prinsippet seier at økonomiske forskjellar skal knytast til stillingar som er opne for alle under vilkår av rimeleg sjanselikskap, og dei skal vera til størst mogleg fordel for dei dårlegast stilte i samfunnet.

I A Theory of Justice forsvarar Rawls desse prinsippa med at dei stemmer betre med folk sine gjennomtenkte oppfatningar om rettferd enn alternativa, særleg det utilitaristiske prinsippet om mest mogleg lykke for flest mogleg.2

I seinare arbeid vedgår Rawls likevel at det er for utopisk å tru at folk kan bli einige om nøyaktig dei same prinsippa. Han justerer ambisjonen til at det kan finnast ein overlappande konsensus om ein familie av nærskylde konsepsjonar av rettferd. Vilkåret er at dei må sikra alle borgarar grunnleggjande fridomar, kombinert med materielle vilkår som gjer at dei kan gjera meiningsfull bruk av fridomen.3

Utopisten og statsmannen

Utviklinga viser den pragmatiske sida til Rawls. Han meiner at den politiske filosofien må ta form av ein «realistisk utopi», som utforskar grensene for kva som er mogleg å gjennomføra, utan å gå på akkord med menneskenaturen.4

Han knyter i denne samanhengen også an til Immanuel Kant og hans omgrep om Vernunftglaube – fornuftstru eller «reasonable faith». Dette er ei tru som ikkje kan bevisast, men som me likevel ikkje kan gi slepp på, og som filosofien kan gi oss eit grunnlag for å halda fast ved. I Kants teoretiske filosofi høyrer trua på Gud og eit evig liv til i denne kategorien. I den politiske filosofien hans handla det om trua på framsteg; at naturlege og sosiale krefter verkar slik at historia går framover mot eit høgare mål.5

På same måte, men med litt ulikt innhald, såg Rawls på sin filosofi som eit forsvar for den fornuftige trua på at eit stabilt og velordna liberalt demokrati er mogleg.6

Samstundes var han klar på at filosofien ikkje kunne løysa heile dette problemet: verkeleg politisk handling var og er nødvendig for å realisera føresetnadene for eit rettferdig samfunn. Dette går blant anna fram av ein passasje i Folkenes lov:

Det er en oppgave for den som studerer filosofi å artikulere og uttrykke et velordnet samfunns permanente betingelser og virkelige interesser. Men det er statsmannens oppgave å skjelne disse vilkårene og interessene i praksis.7

I den same passasjen seier Rawls dette om statsmannen som ideal og historisk figur:

Statsmenn er presidenter, statsministere eller andre høyere tjenestemenn som gjennom eksemplarisk fremferd og lederskap i sitt embete manifesterer styrke, visdom og mot. De rettleder sitt folk i turbulente og farlige tider. Statsmannsidealet antydes i uttrykket: Politikeren ser frem mot neste valg, statsmannen mot neste generasjon.8

Dette er den store oppgåva som no ligg til Joe Biden, som har tatt over presidentembetet i verdas mektigaste land i det som nettopp er ei turbulent og farleg tid.

Er demokrati mogleg der?

Allereie for 15 år sidan stilte Ronald Dworkin – ein av dei mange som følgde i fotspora til Rawls etter utgjevinga av A Theory of Justice – spørsmålet «Is democracy possible here?». I boka med denne tittelen stilte han følgjande diagnose på den politiske kulturen i USA under George W. Bush:

American politics are in an appalling state. We disagree, fiercely, about almost everything. … These are not civil disagreements: each side has no respect for the other. We are no longer partners in self-government; our politics are rather a form of war.9

Dworkin meinte USA var blitt polarisert, mellom anna på grunn av storkapitalen sin innverknad på politikken og eit fragmentert og partisk medielandskap, og at dei økonomiske forskjellane hadde nådd dimensjonar som sådde tvil om sjølve legitimiteten til statsstyret. Han argumenterte for at ein del av løysinga måtte vera å skapa ein meir sannferdig samfunnsdebatt som gjekk ut frå felles prinsipp, for slik å kunna gjenoppbyggja gjensidig tillit og respekt mellom fløyene.

Det er nok trygt å seia at utviklinga ikkje har gått i retninga Dworkin ønskte. Sjølv om valet av Obama som president gav grunn til håp, vart mykje øydelagd av den republikanske Tea Party-rørsla og gjort verre gjennom valet av Trump i 2016. Og sjølv om Rawls ikkje var einig med Dworkin i alt, delte han i alle fall mykje av samfunnsdiagnosen han stilte.10

Ein skal forresten ikkje forstå Rawls’ vektlegging av konsensus slik at han ser semje som eit mål i seg sjølv uavhengig av innhaldet i semja. Han argumenterer for at det ligg eit ansvar på rimelege borgarar å formulera politiske forslag slik at andre rimelege borgarar kan sjå gode grunnar til å akseptera dei som legitime (om ikkje ideelle). Rimelege personar er kjenneteikna blant anna ved at dei står klare til å tilby rimelege vilkår for sosialt samarbeid mellom likestilte partar, og dei står fast ved desse vilkåra dersom andre også gjer det, sjølv om det ikkje skulle vera til deira fordel.11 Urimelege personar som ikkje aksepterer dette vilkåret, stiller seg utanfor ein mogleg fornuftig konsensus.

No ligg det eit ansvar på Republikanske politikarar i USA å visa at dei er villige til å oppfylla krava til rimeleg medborgarskap i Rawls’ tyding, framfor å lefla med konspirasjonsteoriar og fiendskap mot ulike samfunnsgrupper. I mellomtida må Biden fokusera på å nå ut til fleirtalet av amerikanarar som ønskjer seg mindre ulikskap og betre velferdsordningar, og gjennomføra reformer som kan leggja grunnlaget for ein ny politisk konsensus for framtida.12

Praktiske steg mot eit meir velordna samfunn

Rawls var i høgste grad filosof, ikkje politikar, og det går ikkje an å lesa nokon konkret politisk handlingsplan ut av verka hans. Med inspirasjon frå arbeida hans går det likevel an å peika på nokre viktige overordna retningsval for USA (nokre av dei er Biden allereie i gang med):

  1. Forsterka velferdstenester og sosialt sikringsnett som særleg kjem dei dårlegast stilte til gode, finansiert med auka skattar på dei best stilte for å redusera forskjellane.13
  2. Reformer av politi og rettsvesen som sikrar meir reelt lik rett til fridom, uavhengig av hudfarge og etnisk og sosioøkonomisk bakgrunn, inkludert reform av narkotikalovgiving.
  3. Reformer av det politiske systemet for å sikra meir reelt lik moglegheit til å påverka uavhengig av økonomi og geografi, med mindre innverknad for lobbyistar og «super-PACs».
  4. Ein offensiv klimapolitikk som skapar nye jobbar og større rettferd mellom generasjonar.
  5. Opprydding av patentlover og anna regelverk som hindrar fridom og konkurranse og favoriserer dei rike og mektige.14
  6. Gjenoppbygging av ein felles demokratisk infrastruktur med redaksjonelt og politisk uavhengige medium, og betre regulering av teknologigantar og sosiale medium.15

Ingenting av dette vil vera lett å gjennomføra, sjølv om Demokratane no får kontroll over begge husa i Kongressen i tillegg til Det kvite huset. Men om Biden-styret i alle fall klarer å ta synlege steg i denne retninga, går det an å håpa at det kan gi fleire av borgarane ei tru på at demokrati faktisk er mogleg. Om Rawls’ syn er rett, vil det kunna gi grunnlag for ein sunnare politisk kultur, der borgarar med ulike syn i mindre grad ser kvarandre som fiendar.

Det var eit viktig poeng for Rawls at ein konsepsjon av rettferd ikkje berre skulle eksistera i ein platonsk himmel, men i konkrete politiske institusjonar og i den offentlege politiske kulturen i eit samfunn. Som han uttrykkjer det tidleg i A Theory of Justice: «…a society is well-ordered when it is not only designed to advance the good of its members but when it is also effectively regulated by a public conception of justice»16.

Ein slik offentleg rettferdskonsepsjon må gi uttrykk for eit ideal om borgarane som frie og likeverdige, og om samfunnet som eit rettferdig samarbeidssystem. Ved å ta del i ein politisk kultur der desse ideala kjem til uttrykk, vil borgarane ifølgje Rawls kunna sjå seg sjølve og medborgarane sine i lys av dei. I ei førelesing om Hegel – fjorårets store filosofiske jubilant, som Rawls særleg utover i karrieren blei mykje inspirert av – understrekar han at borgarane ikkje kan ventast å resonnera seg fram til ein slik konsepsjon heilt på eiga hand, utan at dei møter og tar del i ein kultur som oppmuntrar til det.17

Rawls’ teori gir altså ei stor rolle til røynleg politisk handling. Om slik handling viser seg fåfengt – om Biden, til dømes, ikkje skulle få gjennomført nokon av sine vyar – er det grunn til å tru at fleire vil kunna gi opp håpet om at eit demokratisk samfunn er mogleg. Dei vil då kunna spørja slik Rawls spør med Kant i Political Liberalism:

If a reasonably just society that subordinates power to its aims is not possible and people are largely amoral, one might ask with Kant whether it is worthwhile for human beings to live on the earth?18

NOTAR

  1. John Rawls, Political Liberalism, utvida utgåve (New York: Columbia University Press, 2005), s. 4; John Rawls, Folkenes lov og «En reformulering av ideen om offentlig fornuft», oms. Jon A. Evang (Oslo: Libro, 2006), s. 14.
  2. John Rawls, A Theory of Justice, revidert utgåve (Cambridge, Massachusetts: The Belknap Press of the Harvard University Press, 1999), s. 24ff og andre stader.
  3. Rawls, Political Liberalism, s. 450.
  4. John Rawls, Rettferdighet som rimelighet, redigert av Erin Kelly og omsett av Kai Swensen (Oslo: Pax, 2002), s. 55f.
  5. John Rawls, Lectures on the History of Moral Philosophy, redigert av Barbara Herman (Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press, 2000), s. 319ff.
  6. Ibid., s. 101.
  7. Rawls, Folkenes lov og «En reformulering av ideen om offentlig fornuft», s. 106 (omsettinga er justert).
  8. Ibid.
  9. Ronald Dworkin, Is Democracy Possible Here? Principles for a new political debate (Princeton: Princeton University Press, 2008), s. 1.
  10. Rawls, Political Liberalism, s. 449.
  11. Rawls, Folkenes lov og «En reformulering av ideen om offentlig fornuft», s. 188.
  12. Sjå for eksempel Juliana Menasce Horowitz, Ruth Igielnik, og Rakesh Kochhar, «Most Americans Say There Is Too Much Economic Inequality in the U.S., but Fewer Than Half Call It a Top Priority,» Pew Research Center, 09.01.2021. https://www.pewsocialtrends.org/2020/01/09/most-americans-say-there-is-too-much-economic-inequality-in-the-u-s-but-fewer-than-half-call-it-a-top-priority/
  13. Sjå for eksempel Derek Thompson, «Biden Should Go Big, Fast, and Simple,» The Atlantic 20.01.2021, https://www.theatlantic.com/ideas/archive/2021/01/biden-go-big/617737/ 
  14. Sjå Brink Lindsey og Steven M. Teles, The Captured Economy (New York: Oxford University Press, 2018).
  15. Sjå for eksempel Sven Egil Omdal, «Vi har vaksinen mot trumpisme,» Stavanger Aftenblad, 09.01.2021, https://www.aftenbladet.no/meninger/kommentar/i/OQ62bO/vi-har-vaksinen-mot-trumpisme
  16. Rawls, A Theory of Justice, s. 4.
  17. Rawls, Lectures on the History of Moral Philosophy, s. 366f.
  18. Rawls, Political Liberalism, s. lx.

Én kommentar Rawls-året 2021: Frå stormen på Kongressen til eit nytt håp?/

  1. Liv Jensen

    En fin artikkel om Rawls` rettferdighetsteori for stabilitet i demokratiske samfunn.
    Biden har fått en utfordring med å forsøke å skape konsensus blant det amerikanske folket.
    Det er å håpe at han kan bidra med å samle landet om saker som kan øke fellesskapet.
    Noen må kompromisse og møte hverandre på halvveien. Det er vanskelig å se for seg at bare den ene politiske siden vil godta politikk de i utgangspunktet er uenig i.
    I denne perioden er det særlig av betydning at partene ikke lar seg lede av sinne eller hevnmotiv. Hevn fører bare til mer polarisering.
    Kanskje kan det være nyttig å iføre seg Rawls` «slør av uvitenhet» for å oppnå enighet. Dette er Rawls` tankeeksperiment og metode der en tenker seg at en er uvitende om sin sosiale tilknytning. Rawls mener at hans teori er rasjonell på det området å utforme prinsipper.
    Derfor kan det argumenteres for at teorien kan gi håp for fremtiden, og i særdeleshet for USA.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Share on email
Share on facebook
Share on twitter

Vi bruker cookies for å kunne tilby deg en best mulig opplevelse. Les mer…