Solid verk om Kant, staten og menneskeverdet

Publisert:

10. mai 2021

Kommentarer:

Kants rettsfilosofi er relevant for å forstå rettsutviklinga fram til i dag. (Illustrasjon: Skara kommun/Flickr, CC BY 2.0)

I Rettslæra til Immanuel Kant finn Sven Arntzen eit forsvar for tanken om menneskeverd som vilkår for rett. Han har forfatta den første innføringsboka i Kants rettsfilosofi og politiske filosofi på norsk.1

Rettslæra utgjer første del av alderdomsverket Moralens metafysikk (1797), der Kant utviklar sine modne teoriar om rett og dygd. Verket kom ut i ei tid då nye, allmenne tidsskrift og intellektuelle salongar var fylde av diskusjonar om reform, revolusjon og forholdet mellom stat og borgar, og Kant sette sjølv preg på desse diskusjonane med sine idear om ein ibuande rett til fridom og ei plikt til å innordna seg i ei republikansk styreform.2

Seinare har denne delen av tenkinga hans helst stått i skuggen av moralfilosofien – i alle fall utanfor Tyskland – men dei siste par tiåra har det derimot vore teikn til ei fornya interesse for Rettslæra. Fornuft, person, stat: Immanuel Kants rettsfilosofi og politiske filosofi (Vidarforlaget, 2020) av Svein Arntzen, professor i praktisk filosofi ved Universitetet i Søraust-Noreg, kan sest som eit uttrykk for dette: ei brei innføringsbok i Kants rettsfilosofi og politiske filosofi på norsk, retta mot studentar, lærarar og allment interesserte lesarar.3

Fornuft, person, stat: Immanuel Kants rettsfilosofi og politiske filosofi av Svein Arntzen (Vidarforlaget, 2020).

Arntzen hevdar med god grunn at temaet for boka er relevant for å forstå rettsutviklinga fram til i dag. Sentral i lesinga hans av Kant er tanken om mennesket si ibuande verdigheit som vilkår og grense for legitim maktutøving. Dette er reflektert alt i eigenomtalen på smussomslaget: «Kant har foregrepet vår tids tanke om at hensynet til individet er betingelse for rett». Arntzen har elles ikkje berre som ambisjon å formidla; han grip òg inn i faglege debattar i Kant-forskinga, og som eg vil koma tilbake til, skil han seg på fleire punkt frå mange nyare tolkingar.

Frå naturrett til fornuftsrett

Fornuft, person, stat består av fire fyldige tematiske kapittel, ramma inn av ei kort innleiing og avslutning. Det første kapittelet, «Kants rettslære i systematisk og historisk perspektiv», presenterer bakgrunnen for Kants ambisjon om å utvikla ein rettens metafysikk i hans eigen kritiske filosofi og i tidlegare tenking om naturrett.

Kant følgjer i spora til tenkjarar som Hobbes, Grotius og Pufendorf, men som Arntzen peikar på, skil han seg frå forgjengarane på eit avgjerande punkt: Hos dei byggjer naturretten på empiriske førestillingar om mennesket og verda sin natur. Dei forstår også naturretten som gitt av Gud. Kant søkjer derimot eit metafysisk grunnlag for si rettslære, reinska for alt empirisk innhald, og han meiner at dette grunnlaget er å finna i mennesket si reine, praktiske fornuft. Arntzen kallar difor Kants teori for ein «fornuftsrett», som kontrast til «naturrett».

Relevant her er førestillinga om homo noumenon – mennesket som fritt fornuftsvesen, i kontrast til homo phaenomenon, mennesket i sin naturbestemte, sanselege natur. For Arntzen er dette ein nødvendig premiss i prosjektet Kant set seg føre i Rettslæra, og eit band mellom denne og resten av Kants filosofiske system.

Rett og moral, fridom og tvang

Kapittel 2, «Rett, tvang og moral – Kants avgrensing av rett», forklarer nokre grunntankar i Rettslæra. Sentralt her er skiljet mellom rett og etikk. Retten regulerer ifølgje Kant berre ytre handlingar og forhold mellom menneske, ikkje indre målsetting. Retten er difor ikkje avhengig av etisk motivasjon, slik etikken er for Kant. Medan ei etisk plikt er noko du berre kan tvinga deg sjølv til å gjera, er rettsplikt noko du kan tvingast til av andre. Kant summerer opp vilkåra for rett i det allmenne rettsprinsippet: «Enhver handling er rett som i seg selv eller ved sin maksime er slik at viljens frihet hos enhver kan eksistere sammen med enhvers frihet ifølge en allmenn lov.» (Arntzen, s. 91).

Skiljet mellom rett og etikk har fått mange til å plassera Kant innanfor ein klassisk liberalistisk tradisjon. Kants rettsprinsipp kan minna om John Stuart Mills berømte «skadeprinsipp», som seier at samfunnet med rette kan avgrensa individet sin fridom med omsyn til handlingar som skadar andre, men ikkje med omsyn til handlingar som er umoralske på andre måtar.

Mot ei slik tolking av Kant viser Arntzen til omgrepet hans om «indre rettsplikt». Dette er eit krav om å hevda sin eigen verdigheit i omgang med andre, og ikkje «la seg selv bli behandlet av andre på en måte som er uforenlig med ens eksistens som formål i seg selv» (s. 112). Indre rettsplikt inneber for Kant at det er ei grense for kva den enkelte rettmessig kan samtykka til: Ein har til dømes ikkje rett til å gjera seg sjølv til slave, eller til å la seg bruka som seksuelt objekt gjennom prostitusjon.

Sidan dette er eit fornuftsrettsleg krav som blir stilt over individet sin fridom til å følgja eigne lyster, meiner Arntzen det finst eit moralistisk moment i Rettslæra, som har vore oversett i mykje moderne kommentarlitteratur.

Borgar og eigedom

Kapittel 3, «Person, rettigheter, stat», tar for seg Kants forståing av medfødd og tileigna rett, og plikta til å tre inn i eit «borgarleg samfunn» – ein stat – for å verna og respektera desse rettane.

Ifølgje Kant er retten til fridom, forstått som uavhengigheit av andre si tvingande vilje, den einaste retten me har som er medfødd eller ibuande. Han følgjer altså berre av vår natur som fornuftsvesen, uavhengig av nokon bestemt handling. På grunnlag av denne retten kan me så erverva ytterlegare rettar: eigedomsrettar til ting, og kontrakts- og familierettar til andre personar eller deira handlingar. Kant er notorisk vanskeleg å følgja på dette punktet. Arntzen prøver ikkje å glatta over vanskane, men gir ei ryddig framstilling av dei sentrale stega i argumentasjonen og ulike moglege tolkingar.

Viktigast er uansett at omgrepet om tileigna rett hos Kant leier fram til at det er ei plikt å forlata den statslause naturtilstanden og inngå i eit borgarleg samfunn. Han argumenterer for at desse rettane berre kan vera fullt ut legitime innanfor ein stat med felles lover og rettshandheving. Som Arntzen poengterer, er argumentasjonen her ikkje basert på empiriske svakheiter i menneskenaturen, som hos tidlegare naturrettstenkjarar – og eit synspunkt nokon har tillagt Kant, mest på grunnlag av tidlegare skrifter – men eit fornuftsrettsleg resonnement om institusjonelle manglar i naturtilstanden.

Fridom, framsteg og republikk

Det borgarlege samfunnet eller staten blir nærare drøfta i kapittel 4, «Borger og statsmakt», det lengste i boka. Ifølgje Kant er ei «republikansk forfatning» den einaste som kan sameinast med mennesket sin ibuande rett. Ei slik forfatning har eit klart skilje mellom lovgivande, utøvande og dømande makt, og den lovgivande makta ligg hos folket, det vil seia borgarane si sameinte vilje. Arntzen forklarer fint kvifor Kant avviser ein folkets rett til revolusjon, men heller insisterer på stegvis reform mot fornuftsidealet.

Kapittelet endar med ei drøfting av korleis Kant sitt omgrep om fridom kjem til uttrykk i ei republikansk forfatning. Arntzen poengterer at dette mest liknar eit «republikansk» omgrep om fridom som fråvær av vilkårleg makt, framfor eit liberalistisk omgrep om fridom som fråvær av tvang. Slik fridom krev, ifølgje Arntzens tolking, at borgarane sjølve er opphavspersonar til lovene som bind dei, i tråd med fornuftsideen om samfunnskontrakten. Slik er borgaren ikkje underlagt den tvingande viljen til ein annan, men si eiga tvingande vilje som ein del av ein borgarleg fellesskap.

Samfunnskontrakten hos Kant er ikkje ei rein underkastingspakt, som hos Hobbes; heller ikkje kan den enkelte «tvingast til å bli fri», som hos Rousseau. Den ibuande retten til fridom er alltid med som eit rettskritisk moment: «Denne rettighet, som den enkelte har i kraft av sin menneskelighet, er fro Kant en ufravikelig grense, både normativt og logisk, for politisk maktutøvelse. Et flertallets votum kan ikke gjøres gjeldende i strid med den enkeltes iboende menneskelighet» (s. 297).

Kant, hans tid og vår eiga

Arntzen er presis og grundig i omgangen med primærkjeldene, som i tillegg til Rettslæra og andre publiserte verk inkluderer førelesingar, brev og notat som Kant etterlet seg. Han er raus med referansar til tysk, norsk og engelsk sekundærlitteratur og er ryddig og balansert med omsyn til ulike tolkingsretningar. Han krydrar òg framstillinga med historiske eksempel: Blant anna blir Nürnberg-prosessen etter den andre verdskrigen og dagens tyske grunnlov, der menneskeverdet er eit premiss for legitim lovgjeving, brukt som døme på at Kant sine tankar har fått gjennomslag.

Av og til blir Arntzen litt akademisk og detaljert, og den rastlause lesaren kan bli freista til å hoppa over nokre avsnitt. Han kunne med fordel ha sagt meir om forholdet mellom kjønna, og om forholdet mellom nasjonar og folkeslag eller rasar. Dette er tema som har vore mykje drøfta i Kant-forskinga dei siste åra, og som mange studentar og andre lesarar gjerne vil vera interesserte i.

To ambisjonar med boka står i eit visst innbyrdes spenningsforhold, utan at Arntzen sjølv kommenterer dette. For det første vil han visa at Rettslæra er forankra i metafysikken og moralfilosofien til Kant, summert i omgrepet «fornuftsrett». For det andre vil han trekkja ei linje frå Rettslæra til vår eiga tids tenking om sambandet mellom menneskeverd og menneskerettar.

Spenninga ligg i at «menneskeverd» i dagens menneskerettslege diskurs er eit vagt og omstridd omgrep; i den grad folk kan einast om at anerkjenning av menneskeverdet er «grunnlaget for fridom, rettferd og fred i verda», slik det står i den internasjonale fråsegna om menneskerettar, vil ein likevel ikkje kunna einast om nokon djupare teori om kva menneskeverdet er, eller kvar det kjem frå. Det kan hevdast at det snarare er eit produkt av ein «overlappande konsensus».4 Så sjølv om nokon av ideane til Kant har hatt gjennomslag, kan ikkje det same seiast om den «fornuftsrettslege» innpakkinga; mange vil nok heller finna denne upassande i eit pluralistisk demokrati.

Alt i alt er det uansett mykje å læra av Person, fornuft, stat, enten ein brukar boka som ei første innføring i Kants politiske filosofi og rettsfilosofi eller er godt kjend med emnet frå før. Utgjevinga inspirera til at me endeleg kan få ei fullstendig norsk omsetjing av Moralens metafysikk, der Rettslæra inngår.

Noter

  1. I alle fall i moderne tid. Arntzen skriv i forordet at «[e]tter mitt vitende foreligger ingen annen monografi på et skandinavisk språk som i sin helhet er viet Kants rettsfilosofi og politiske filosofi», men det kan argumenterast for at Johan Wilhelm Friedrich Schlegels Naturrettens eller den almindelige Retslæres Grundsetninger (1798) er eit delvis unntak. Sjå mi omsetjing av og introduksjon til eit utdrag av Schlegels Rettslære, lenke: https://filosofisksupplement.no/den-lovmessige-frihets-garanti-omsetting-av-utdrag-fra-j-f-w-schlegels-naturrettens-eller-den-almindelige-retslaeres-grundsaetninger/.
  2. Sjå Reidar Maliks (2015), Kant’s Politics in Context. Oxford University Press. Min omtale i Salongen: https://www.salongen.no/revolusjonens-royst/.
  3. Arntzen går mot trenden når han gir ut ein fagfilosofisk monografi på norsk; han grunngir språkvalet med eit ønske om å fremja norsk som akademisk språk, og om at stoffet skal vera lett tilgjengeleg for eit norsk publikum.
  4. John Rawls (1999), The Law of Peoples. Harvard University Press.

Én kommentar Solid verk om Kant, staten og menneskeverdet/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Share on email
Share on facebook
Share on twitter

Vi bruker cookies for å kunne tilby deg en best mulig opplevelse. Les mer…