Anmeldelse

(Kilde: Wikimedia Commons)

Kritikk av den reine økonomi

Publisert

BOKOMTALE: Ideen om at økonomisk vekst er eit gode i seg sjølv har historiske røter i OECD, den kalde krigen og vitskapleggjeringa av økonomien.

Av , redaktør for Salongen

Tanken om at økonomisk vekst er eit gode i seg sjølv blir stadig utfordra, og særskilt gjer klima- og miljøkriser det vanskeleg å halde den uendelege veksten i hevd. Men også sosiale problem knytt til aukande økonomisk ulikskap, maktkonsentrasjon og globalisering ser ut til å henge saman med ein utemd vekstøkonomi. Likevel er det lite som tyder på at vi vil kvitte oss med veksttanken med det aller første, då han er djupt forankra i både dei økonomiske institusjonane våre, og set grensene for kva vi er i stand til å sjå for oss som ei ønskeleg og velfungerande samfunnsutvikling. Men kvifor har denne måten å tenke økonomi på fått ei slik stilling?

Med boka The Hegemony of Growth undersøker Mathias Schmelzer korleis den vekstorienterte tankegangen i politikk og økonomi har oppstått og utvikla seg, med Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) som utgangspunkt (16). Gjennom dei 9 kapitla i boka tar han lesaren med gjennom organisasjonen si historie, frå då han vart oppretta etter andre verdskrigen (då som Organisasjonen for europeisk økonomisk samarbeid (OEEC)), og fram til 2011. Framstillinga er lagt opp nokså strengt kronologisk, men forfattaren har samtidig delt historia opp i ulike epokar som han definerer ut frå bestemte tema og tendensar: 1) den parallelle vitskapleggjeringa og politiseringa av økonomien; 2) den nære samanhengen mellom veksttanken si institusjonelle forankring og framvekst og den kalde krigen sine utfordringar, og; 3) vekstideen som både årsak og mogleg løysing på dagens mange kriser.

Økonomien blir til

Eit av hovudpoenga i The Hegemony of Growth er at veksttankegangen oppstod i samanheng med ein ny måte å forstå økonomi på, nemleg; «as a self-contained totality of monetary flows forming the relations between production, distribution, and consumption within national boundaries.» (13) Denne nye forståinga, skriv Schmelzer, opna opp for at økonomien kunne vekse i prinsippet utan ende. Det var ikkje mogleg all den tid ein forstod økonomiske prosessar som å vere uløyseleg knytt til heilt konkrete ressursar, materielle goder og energi. No kunne ein definere økonomien som eit eige felt, som har sine eigne interne prosessar. Her vart omgrepet brutto nasjonalprodukt sentralt, då det spelte rolla som det objektive måleeininga som både økonomiske aktørar, økonomiske fagfolk og politikarar kunne einast om.

The Hegemony of Growth – The OECD and the Making of the Economic Growth Paradigm, av Mathias Schmelzer. Cambridge university Press, 2017. £ 64.99

Behovet for eit objektivt mål som kunne gjere det mogleg å samanlikne den økonomiske utviklinga i ulike land sprang ut av gjenoppbygginga av Europa i etterkrigstida. (110) Etter den andre verdskrigen sette USA i gang Marshallhjelpa, som var ei rekke omfattande økonomiske hjelpetiltak retta mot fleire vest-europeiske land. For å koordinere det kompliserte arbeidet med å fordele hjelpa mellom dei enkelte vart OEEC til. Men sjølv om OEEC altså først og fremst hadde rolla som mellominstans i forholdet USA-Europa skulle organisasjonen snart spele ei hovudrolle i utviklinga av økonomisk tenking i både politiske og samfunnsvitskaplege miljø. For effektivt å gjere jobben sin var det nødvendig for den unge organisasjonen å finne måtar å nøyaktig måle den økonomiske tilstanden til kvart enkelt land. Det interessante med Schmelzer sin gjennomgang er at han skildrar korleis ideen om «økonomien» vaks fram av dette. Sjølvsagt snakka ein om «økonomi» før andre verdskrig også, men det som blir poengtert i The Hegemony of Growth er at ein i løpet av 50-talet institusjonaliserte idéen om at økonomien er sjølve pengeflyten. På den måten vart økonomien til noko som meir eller mindre eksisterte på eit eige plan, men som kunne målast i form av brutto nasjonalprodukt (BNP). Schmelzer gjer eit poeng ut av at mykje av tillita som BNP har hatt, og framleis har, er at det gjerne blir oppfatta som «[…] objective, timeless, universally applicable, and politically neutral tools for economic analysis and policy-making […]». (116) Dette poenget spelar Schmelzer opp mot det faktum at bakgrunnen for utviklinga av dei analytiske verktøya som høyrer til BNP blei skapt ut frå interesser som visse land hadde i ein viss situasjon; nemleg på den eine side å bygge opp det som hadde blitt øydelagt under andre verdskrig, og på den andre sida skape eit stabilt økonomisk system som skulle vere kommunismen overlegen.

Ved at både politiske styringsinteresser og vitskaplege metodar og analyser blanda seg inn i den økonomiske sfæren vart økonomien paradoksalt nok i større grad enn tidlegare sett på som eit sjølvstendig område av samfunnet, med sine eigne interne mekanismar, som kunne skildrast på ein særeigen måte. Men samtidig med at politikarane og forskarane kasta seg over økonomien skulle økonomien kome til å forme politikken og vitskapen si sjølvforståing. Særleg interessant er Schmelzer si betraktning om at «national income accounting powerfully reincorced the nation state and its boundaries as the most fundamental units of the economy». (112) Frå å vere eit middel i ein politisk-ideologisk kamp mot kommunisme generelt og sovjetunionen spesielt vart økonomisk stabilitet og vekst til eit mål i seg sjølv for politikarane; samfunnsvitarane vart økonomien til den delen av samfunnet som gav dei legitimitet, i form av praktisk omsetting av kunnskap, for å møte dei ulike statane sine behov i form av etterspurnad på marknaden.

Noko av det som gjer veksthegemoniet, som Schmelzer kallar det, til nettopp eit hegemoni, er at veksten har fått status som nærast eit moralsk påbod, som hadde som mål å avhjelpe det fundamentale problemet med å skape produktivitetsvekst i Europa. (132–133) Det som veks når vi snakkar om økonomisk vekst er altså produktiviteten. Når det å stadig forstørre økonomien vart det sentrale politiske målet i dei vestlege landa var det, påpeiker Schmelzer, ikkje først og fremst for å auke levestandarden, men å skape ein sosial stabilitet som skulle forhindre innverknaden frå venstreorienterte parti og arbeidarrørsla.

Kald krig

Bakgrunnen for Schmelzer sin gjennomgang av historia til vekstparadigmet og OEEC/OECD er den kalde krigen. Sjølv om den kalde krigen meir var ein implisitt faktor i tida då organisasjonen heitte OEEC, vert han i større grad påtrengjande med namnebytet til OECD i 1960. I OEEC-tida var det nettopp det kjølige forholdet mellom aust og vest som gjorde at amerikanarane tilbydde Europeiske statar hjelp. Ved inngangen til 1960-talet var Marshallhjelpa si tid forbi, og OEEC hadde såleis ikkje noko opplagt praktisk føremål lenger. I staden for å legge ned vart organisasjonen skjedde det ei omstrukturering og omdøypt til OECD. For Schmelzer markerer det starten på veksthegemoniet si stordomstid.

I etterkrigstida brukte USA marshallhjelpa som eit ledd i den ideologiske kampen mot Sovjetunionen. Illustrasjonen er ein amerikansk plakat frå 1950. (Kjelde: Wikimedia Commons)

Vekstideologien var ikkje berre eit verktøy for å hindre at venlegsinna statar skulle la seg friste av kommunisme. I kampen mot den globale kommunismen vart altså sjølve det økonomiske systemet til eit ideologisk våpen; dersom ein klarte å sikre økonomisk vekst og velstandsauke i dei landa som høyrde til den liberale og kapitalistiske verda, ville det i seg sjølv vere overtydande om at dette systemet var det overlegne.

Det er i Schmelzer si framstilling, verdt å merke seg at veksthegemoniet ikkje berre sprang ut frå betre vitskaplege metodar og verktøy som gjorde det mogleg å definere og måle økonomisk aktivitet betre, men at utviklinga også skjedde i nær samanheng med dei politiske interessene som var gjeldande etter andre verdskrig. Men sjølv om den kalde krigen var over ved overgangen til 1990-talet, sit tankegangen og institusjonane som vaks fram i tiåra før framleis igjen. Å forstå jordsmonnet veksthegemoniet vaks opp av er viktig dersom ein ønsker å forstå kvifor det framleis heng ved oss. Er det kanskje slik at vi framleis sit fast i ein måte å sjå verda på som høyrer den kalde krigen til? Kva konsekvensar får det i så fall når det ikkje lenger finnast éin stor fiende? Sjølv om Schmelzer først og fremst drøftar korleis visse økonomiske tenkemåtar oppstod i visse historiske samanhengar, ser han ikkje på veksthegemoniet som berre ein tenkemåte, men at det spelar ei rolle i kapitalismen sin ibuande veksttrang, og mot slutten av boka trekk han linjer tilbake til industrialiseringa som starta på 1700-talet. (342 – 343) Sjølv om vekstteoriar gjorde seg gjeldande mykje tidlegare, var det først med det spesielle føresetningane som etterkrigstida/den kalde krigen stod for som let veksthegemoniet slå fullstendig gjennom.

Vekst og krise

Sjølv om OECD får rolla som ein sterk pådrivar for økonomisk vekst i The Hegemony of Growth, både som ideal og realitet, viser han også korleis organisasjonen heilt sidan inngangen til 70-talet har vore merksame dei uheldige verknadane av økonomisk vekst, i ein debatt om «problems of modern society». (247) Schmelzer fokuserer på tenketanken Club of Rome, som vart grunnlagd i 1968, og gav ut boka Limits to Growth i 1972, som han viser at sprang ut frå OECD. Dei to som Scmelzer peiker ut som pådrivarar for den meir vekstkritiske tankegangen innad i OECD var Alexander King og generalsekretær Thorkild Kristensen. Bekymringane om utviklinga i det moderne samfunnet hadde bakgrunn i 68-generasjonen sin ungdomskultur og studentopprør. (256) Sjølv om dei høge herrar i OECD ikkje såg på verda på same måte som ungdomen skjedde det i alle fall ei endring som gjorde at dei innsåg at det ikkje var nok å berre la økonomien vekse. Ein måtte også ta inn over seg verknadane veksten kunne få på andre delar av samfunnet. Resultatet vart at fokuset på kvantitativ vekst på 60-talet var omforma til eit systemperspektiv der alle dei ulike problema som veksten førte til også skulle kome til syne. Resultatet av dette vart at ein gjekk vekk frå eit ønske om mest mogleg vekst, til eit ønske om å skape den veksten som var optimal for sosialt velvære (258–260)

Det var i perioden 1968 – 74 at diskusjonen i OECD skifta frå korleis ein kunne få til mest mogleg vekst, til å drøfte dei uheldige verknaden av han. Men med oljekrise i 1973 og «stagflation» skjedde det ei vending mot det kvantitative igjen, fordi ein no fekk nye prioriteringar på kort sikt, men «with the concept of ‘qualitative growth,’ the OECD was able to superficially incorporate the social and ecological critique of growth without dismissing the core of the growth paradigm». Sjølv om ein altså ikkje var villig til å sette ei faktisk grense for vekst, skulle veksten bli kvalitativ, noko som førte til eit behov for å kvantifisere (livs)kvalitet. (290) Men like viktig som tanken på at vekst og berekraftig velferds- og miljøpolitikk kunne gå overeins, var tesen om at denne typen politikk kunne spele tilbake på økonomien i form av nye innovasjonar, som dermed kunne bidra til å halde kapitalismen i live. (300)

Men kvifor bør vi bry oss om korleis idéen om økonomisk vekst oppstod? Det viktigaste bidraget til bøker som The Hegemony of Growth er at dei seier noko om kvifor det er så vanskeleg å endre på, og snu retninga til tendensar i tida, og ikkje minst institusjonane våre, sjølv når verda er ei ganske annan enn det ho var for berre nokre tiår sidan. For sjølv om The Hegemony of Growth er ei bok som handlar om fortida, evnar ho som alle gode historiebøker gjer, å gi oss ei betre forståing av samtida. I boka sin konklusjon reflekterer Schmelzer omkring dagens økonomiske kriser og spådommar om at vekstperioden er over. (336) Han slår fast at veksttanken har blitt problematisk på grunn av samanhengen mellom globale klimaendringar, aukande sosial og økonomisk ulikskap på den eine sida, og økonomisk vekst på den andre:

Whereas a focus on economic growth was quite understandable given the circumstances of the mid-twentieth century – and the book has focused on these underlying reasons and on what policy experts were trying to do by stimulating growth – these circumstances have changed drastically today. (342)

Det Schmelzer får fram her, og elles i boka, er at omgrep og idéar som BNP og produktivitet og ikkje minst «økonomien» forstått som ein meir eller mindre sjølvstendig og objektiv størrelse, ikkje berre er livlause idear, men faktisk definerer og avgjer kva som er mogleg politisk og økonomisk i dag. Måla vi har på økonomisk utvikling og velstand vart utvikla for å møte eit set med behov, men sjølv om desse behova i mindre grad trenger seg på, er språket, tankesettet og institusjonane våre framleis innstilte på å møte gårsdagen sine problem. At så er tilfelle viser seg mellom anna i dei mange diskusjonane om kva som er den mest gunstige måten å måle velferda i eit land; bør vi for eksempel legge meir vekt på subjektive mål som lykkekjensle, heller enn å berre måle rein økonomisk produktivitet? Sjølv med all verdas gode hensikter avslører slike diskusjonar ein hang til å tenke om politikk og velferd i form av kvantifiserbare storleikar som kanskje ikkje var mogleg forut for vekstparadigmet. Slik sett tar ikkje diskusjonar om alternativ til BNP opp dei mest grunnleggjande sidene ved det å faktisk la eit meir eller mindre objektivt mål vere styrande for politiske målsettingar.

Finst det alternativ til nyliberalismen?

Dagens kapitalismekritikk kjem ofte i form som nyliberalismekritikk, der nyliberalismen er eit sekkeomgrep som omfattar både politiske og økonomiske tendensar, globalisering, målstyring og aukande skilje mellom fattig og rik. Sjølv om nyliberalisme berre blir omtalt i forbifarten i Thr Hegemony of Growth og ikkje ser ut til å vere sentralt for Schmelzer trur eg nok det han fortel om er av relevans for å forstå mange av fenomena som blir tillagt nyliberalistisk ideologi og praksis. Ein kan ikkje berre forstå nyliberalisme som noko som er ein årsak til globalisering og underordning av vitskap og teknologiske nyvinningar til kapitalismen sitt ibuande vekstbehov. Det er vel så viktig å ha auge for at nyliberalistisk politikk og tankegang har grobotn i ei tid då globalisering og utdifferensieringa av politikk, økonomi og vitskap skaut fart:

Even if the rise of neoliberal thought and policies has tended to push active growth policies through government regulations to the background, the growth discourses of the postwar period constituted a key foundation for the market orthodoxy of the neoliberal era. (346)

Når Schmelzer skildrar korleis «økonomien» oppstår i etterkrigstida gjer han ikkje det som om det var ein eineståande prosess. Økonomien er kopla saman med at samfunnsvitskapane og politikken som gir økonomien legitimitet, samtidig som dei trekk seg unna økonomien, og lar dei økonomiske prosessane bli retningsgivande. Paradoksalt nok blir økonomien meir sjølvstendig ved at han blir gjort til gjenstand for vitskapleg måling og at auka vekst blir den fremste ambisjonen for politiken. Slik sett er ikkje veksttanken berre ein idé som lett kan erstattast med andre idear eller prinsipp, for å tilpasse økonomien til ei tid der klimaendringar og økonomiske forskjellar blir stadig meir påtrengande. Schmelzer kjem då også i epilogen til The Hegemony of Growth inn på at OECD i seinare tid både opnar opp for å tenke på nye måtar om økonomisk vekst for å handtere klimaproblematikken samtidig som organisasjonen ser for seg at BNP på verdsbasis vil firdoble seg innan 2050. (335) Det gjer det tydeleg at det å innsjå at evig vekst er problematisk ikkje er nok til å snu skuta. Vittig nok skildrar Schmelzer forholdet vårt til vekst som ei avhengigheit som er nytelsesfull i starten, men som er vanskeleg bli kvitt seg med når det begynner å koste meir enn det smakar. (342) Å utfordre veksthegemoniet er ikkje berre vanskeleg innanfor økonomien sitt område, men også innanfor politikken, som i fleire tiår har hatt vekst som mål og føresetnad for sin eigen stabilitet. At stabiliteten i dei politiske institusjonane er heilt avhengige av at økonomien får vere meir eller mindre fri er dei sosiale og politiske urolegheitene i etterkant av finanskrisa tydelege døme på. Sjølv om ein kan vere einig i at veksthegemoniet bør utfordrast, må det vere med ei merksemd på at ein ikkje-vekstøkonomi vil utgjere ei vesentleg endring i kva spelerom politikken har. Og korleis politikken vil tilpasse seg denne endringa er det vanskeleg å vite noko om på førehand.

Eg synest Schmelzer er inne på mange velfunderte kritiske merknadar mot veksthegemoniet og den tilhøyrande vekstideologien, samtidig som eg synest kritikken blir noko uforløyst. For, greitt nok at BNP og liknande omgrep ikkje fangar inn alle relevante sider ved økonomi og velferd; og greitt nok at det ligg heilt bestemte interesser bak oppstoda og bruken av dei; men må ikkje dét vere tilfelle med ein kvar måte å tal- og omgrepsfeste økonomisk politikk, og politisk økonomi? Det å peike på at omgrepa i den offentlege politiske samtalen om økonomien har ei forhistorie, og ikkje har eksistert til alle tider er i ei omgrepshistorisk bok som The Hegemony of Growth ikkje ein konklusjon, men ein premiss. Derfor blir kritikken og konklusjonane som lesaren får presentert liggande og slure mellom to innfallsvinklar: på den eine sida skal alt som gir seg ut for å vere objektivt og universelt avvisast og relativiserast i høve til historiske og sosiale vilkår; på den andre sida er ideane og omgrepa som blir drøfta overflatefenomen skapt av heilt reelle og objektive (som regel kapitalistiske) prosessar. Kort sagt bygger kritikken på 1) det finst ingen «økonomi», objektiv sett, og 2) den kapitalistiske økonomien er eit objektivt faktum ved korleis verdssamfunnet fungerer, der vekstparadigmet står for kapitalismen si mest fullstendige realisering av dei ibuande ideala sine. Slik blir det kritiske potensialet ikkje heilt tilfredstillande realisert, rett og slett fordi Schmelzer ser ut til å meine at fordi omgrep og idéar har ei historie så betyr det at dei ikkje er «sanne».

Konsekvensen av den haldninga til omgrepshistorisk forsking er at alle omgrep ein undersøker kan bli gjenstand for den same kritikken. Ei meir gjevande haldning, trur eg, og som eg sjølv har forsøkt å bruke lese boka ut frå, er å gå ut frå at joda, ideane våre formar seg etter endrande historiske og sosiale vilkår, men det gjer dei ikkje ute av stand til å gripe om korleis verda faktisk er. BNP og produktivitet har å gjere med høgst reelle aspekt ved det globaliserte samfunnet vårt. Dei fortel ikkje heile sanninga, men eit omgrep som skulle romme alt ville uansett vere meiningslaust. Som Schmelzer stadig gjer lesaren merksam på formar desse omgrepa samfunnet vi lev i, samtidig som dei spring ut av behova og interessene som gjer seg gjeldande i det same samfunnet. Altså må det vere ein uløyseleg samanheng mellom omgrepa og samfunnet sine realitetar. Det er berre dersom vi aksepterer denne premissen fullt ut det i det heile tatt blir eit poeng å kritisere kapitalisme, nyliberalisme, vekstparadigme, eller ein kvar annan økonomisk ideologi.

Powered by Labrador CMS