KVA SKAL VI MED VESTLEG MARXISME?
Domenico Losurdo sin kritikk av vestleg marxisme er ikkje alltid like presis på detaljnivå, men treff likevel utbreidde tendensar innanfor vestleg tenking.1
Marx og Engels sin dialektiske metode vert ofte redusert til ein skjematisk modell – til dømes ein mekanisk forståing av base/overbygnad. Ein mistar dimed evna til å yte rettferd til dei teoretiske verktøya tradisjonen tilbyr. Ein sann dialektisk forståing er grunnleggande historisk og open; den søkjer å forstå det konstitutive samspelet mellom delar og heilskap, og erkjenner at både naturen, samfunnet og teorien stadig er i endring.
Ein kan difor ikkje finne evige lovar for korleis verda endrar seg; men ein kan skissere tendensar; og ein kan syne kvifor ingen forklaring er endeleg, og kva det tyder for vitskap og filosofi.2 Hegel skildra t.d. verda på ein ‘dialektisk’ måte i sin filosofi. Men han meinte ikkje å klistre termen på verda på ein ytre måte; han omtalar om verda slik den er organisert – og korleis vårt interaksjon med den alltid allereie har forma våre tankemønster.
Altso: Dialektikk er ein metode, men det er ikkje (berre) ein metodologisk tilnærming til røynda, i den forstand ein ikkje på ytre vis vil forklare verda. Det er ikkje eit daudt rammeverk, men ein refleksjon av slik verda er i seg sjølv.3 Frå eit slikt syn er det avgjerande at ein forstår si eiga praksis på bakgrunn av det ein søkjer å forklare, då ein ikkje står i eit ytre tilhøve til omverda. I so måte søkjer å ein gripe sin eigen praksis på basis av det ein avdekkjer; ein vil oppnå ein form for sjølvmedvit der form og innhald vert foreina, utan at ein trur ein har fullført analysen ein gong for alle.
Dette er sjølvsagt eit ambisiøst prosjekt, i særskild sidan målet for analysen heile tida endrar seg.
Det er dette perspektivet Domenico Losurdo nyttar seg av og utviklar i boka eg skal omtale, der han tek for seg fenomenet vestleg marxisme. Den er kjenneteikna av: 1) Idealisme, kopla frå den materielle og historiske røynda; 2) eurosentrisme: Ei innsnevring av marxismen til eit europeisk fenomen, som gløymer at frigjering er ein global prosess; og 3) fornekting av imperialisme: Ei manglande eller utilstrekkeleg forståing av korleis vestleg dominans og utnytting har forma – og framleis formar – verdssamfunnet. Desse tre kjennemerka er bunde saman.
Losurdo, som blendar kritisk hegeliansk marxisme, kritisk historiografi og antiimperialisme, med eit fokus på å avdekke motspela i liberalismen og å ta attende marxismen si revolusjonære arv, er krevjande å plassere innanfor ei særskild ‘skule’. Han integrerer innsikter frå mange ulike retningar innanfor marxisme, på same måte som Antonio Gramsci og György Lukács. Men denne boka er nok nærare folk som Walter Rodney og Samir Amin, sidan den har ein tydeleg antiimperialistisk slagside.
Vi har å gjere med ein konjunkturanalyse, ikkje ein fullstendig teori. Det er truleg den mest polemiske av Losurdo sine bøker, opphavleg utgjeven i 2017, året før Losurdo døydde. Det er kanskje fyrst og framst eit arbeid som dannar eit godt utgangspunkt for vidare studiar av fenomenet vestleg marxisme. (Gabriel Rockhill, som har omsett og redigert boka, kjem snart med fleire bøker som byggjer vidare på Losurdo sin analyse.) Den kan soleis gjere vestlege akademikarar meir medvitne deira ideologiske funksjon og status som forsvarar av eit særskild system. Kanskje kan dei finne attende til klassekamp.
Losurdo gjev oss ikkje ein empirisk encyklopedi over heile den vestlege marxismen eller ein fullstendig skildring av kvar av dei tenkjarane han tek for seg. I staden tek han visse element frå skrifta deira og spesifikke augneblink i den globale klassekampen, og artikulerer dei teoretisk på eit høgare nivå – slik at vi kan sjå samanhengen mellom desse einskilde manifestasjonane og eit generelt eller universelt mønster og struktur. Det tyder ikkje at kvar einaste høve samsvarar med dette mønsteret; det er meir som ein konstellasjonstilnærming.4 Det einskilde er, på dialektisk vis, ei openberring av det universelle, eller at den generelle strukturen berre syner seg i desse einskilde høva.
Flukt inn i teori
Føreordet til boka, skrive av Jennifer Ponce de Leon og Rockhill, byrjar med eit sitat frå Lenin:
[To] imagine that social revolution is conceivable without revolts by small nations in the colonies and in Europe . . . is to repudiate social revolution. Whoever expects a “pure” social revolution will never live to see it. Such a person pays lip-service to revolution without understanding what revolution is. (10)
Her er mykje av boka sin bodskap samanfatta. Det Losurdo kallar ‘vestleg marxisme’ er kjenneteikna av at ein, på ein rigid måte, held at sosialisme fordrar ‘pur’ internasjonalisme, og at det gjeld å endre produksjonsrelasjonane – makt- og eigarskaptilhøve – med ein gong, uavhengig av materialle tilhøve og historisk kontekst. Dette er ein av fleire element, og er bunde saman med forkasting av naturdialektikk, og skepsis mot naturvitskaplege forklaringsmåtar. I tillegg til å vere blind for imperialisme, fremjar ein dimed eit syn på filosofi som ein disiplin som står utanfor vitskapen, noko eg kjem attende til.
Å distansere seg frå alt som liknar klassekamp er eit kjenneteikn på vestleg marxisme, skal ein tru Ellen Meiksins Wood. I hennar forståing, fyller vestleg marxisme tomrommet frå klassekamp med intellektuell aktivitet. Diskursiv konstruksjon erstattar materiell produksjon; dekonstruksjon erstattar revolusjon.5 Losurdo seier noko liknande.
Eit relatert kjennemerke ved vestleg marxisme er at ein ignorerer imperialisme. Det gjer, i fylgje Losurdo, at ein ser bort frå spørsmål knytt til nasjonal frigjering samt behovet for å byggje opp produksjonsmidla før ein kan endre produksjonstilhøva. Altso tek ein for gjeve ein einsidig forståing av kva sosialisme er for noko, og ignorerer korleis imperialisme held landa som vil røynleggjere sosialisme nede. Ein er blind for imperialisme, for det Marx kalla ujamn utvikling, og ein målar difor desse landa mot ein urimeleg standard.6
Nokre av dei Losurdo omtalar, som t.d. klaga over at Sovjetunionen ikkje hadde endra produksjonstilhøva på eit gjeve tidspunkt, mangla historisk medvite. Dei oversåg utgangspunktet og utfordringane fattige land har i sine forsøk på å lausrive seg frå imperialismen, og korleis dei truleg ikkje kunne konsolidert sitt styre utan å styre på ein (meir eller mindre) sentralistisk måte. Dei overser kor sårbar og ustabil situasjonen var, og korleis statar historisk sett må gripe til meir autoritære midlar i slike periodar, same kva ideologisk modell dei vil implementere. Hugs endeleg at soldatar frå 15 land invaderte Sovjetunionen etter Oktoberrevolusjonen, for å hindre at revolusjonen skulle stabilisere seg.
Alle er jo for demokrati, men ein kan ikkje kreve av dei sporenstreks burde innføre demokrati etter liberal modell, utan omsyn til kva som hende med landa som prøvde på dette, som t.d. Guatemala (Arbenz) eller Iran (Mossadegh). I ein kolonial kontekst er demokratiske reformar i praksis å sanere grunnen for at vert dominert utanfrå – prisgjeve dei som er viljuge til å nytte alle midlar dei rår over for å overkaste desse demokratiske valde leiarane. Vestlege marxistar har ikkje med naudsyn forsvart slike aksjonar; men dei har formulert teoriar som er kompatible med vestleg imperialisme, i den grad dei har bidrege til tvil om imperialismen si røynd.
Vestleg marxisme, ifylgje Losurdo
Dei tre kjenneteikna er bunde saman. Idealismen finn ein i abstrakte kritikkar av alle forsøk på å bryte med kapitalisme samt forkastinga av vitskap; eurosentrismen gjer marxisme til eit europeisk fenomen. Fornektinga av imperialisme, eller i det minste ein nedvurdering av imperialismen si tyding, heng saman med dei andre, som korleis ein ignorerer materielle tilhøve, kor mykje vestlege land stel frå utviklingsland – og korleis menneskeslekta er delt inn i verdige og uverdige offer – den sokalla globale inndelinga av menneskeslekta.
Lat oss sitere Losurdo:
This book takes its title from a 1976 book in which an English philosopher, Marxist, and communist (Trotskyist) militant invited “Western Marxism” to finally declare its total distinctness and independence from the caricature of Marxism in the officially socialist and Marxist countries, all of which were in the East. The Soviet Union was particularly targeted. There, notwithstanding the October Revolution and the example of Lenin, Marxism was by now “a memory of the past”; Stalin and “collectivization” had put “an end to all serious theoretical work.” (37)
Forfattaren Losurdo refererer til er Perry Anderson, som skreiv positivt om vestleg marxisme som ein kreativ teoretisk øving, medan austleg marxisme liksom var forsteina og dogmatisk.7 Men Anderson sitt syn var tvitydig, då han meinte at flukten inn i teori var problematisk, då den kutta band med praksis. Han vedkjente seg difor ikkje termen.
Der andre tenkarar har teke for seg avvisinga av Engels sin naturkritikk som avgjerande for vestleg marxisme, legg Losurdo i denne boka meir vekt på haldninga andsynes ‘faktisk eksisterande sosialisme’ (som ein ‘dogmatisk forkasta’ ifylgje Losurdo). Men han får ogso fram korleis dette heng saman med avvisinga av naturdialektikk, sidan ein forkasta historiske materialisme (og dimed naturvitskap), til fordel for idealisme.8
For Losurdo er eit ibuande trekk ved vestleg marxisme at ein ikkje har noko som helst tolmod med landa som har gjennomført ein revolusjon – at ein kjem med abstrakte kritikkar og meiner å ha fasiten, sjølv om ein ikkje har revolusjonær erfaring.
Tilhøvet mellom oppløysinga av formell kolonialisme og bygginga av eit ikkje-kapitalistisk samfunn er avgjerande. Hovudutfordringa for statane som gjennomførte revolusjonar var nemleg ikkje å sikre at staten forvitra; den fyrste prioriteten handla heller om korleis de skulle unngå å verte fanga i kolonialismen sitt nett, korleis dei kunne oppnå røynleg uavhengnad.
Men eit anna poeng verkar vere viktigare for Losurdo: ‘can we consider the anticolonial struggle as an exclusive problem of the East?’ (39). Dersom ein hevdar at problemet berre gjeld ‘austen’, gløymer ein korleis imperialismen sin logikk leia til to verdskrigar, utspelt både i aust og vest. Kampen mot kolonialisme er difor global.
Losurdo syner til Max Horkheimer, som i 1942 (!) klaga over at Sovjetunionen hadde gjeve opp staten si forvitring, sidan dei heller fokuserte på å byggje produksjonskreftane. Som ein rein observasjon er dette korrekt, men frå Horkheimer var det meint som ei fordømming. Horkheimer var diverre blind for konteksten:
The Wehrmacht was at the gates of Moscow, and to regret or be indignant over the fact that the Soviet leaders were not worrying about how to realize the ideal of the withering away was grotesque (Hitler, in his way, would have shared such regret and indignation!). The German philosopher did not realize that the behavior he reproached had enabled the Soviet Union to escape from the colonialist subjection and slavery that the Third Reich sought to impose on it. The desperate struggle waged in the East to resist a colonial war of decimation and enslavement seemed irrelevant to a philosopher who appreciated not Marx’s program of the revolutionary transformation of what exists so much as the pursuit of a remote future ideal of a society free of contradictions and conflict, and therefore without the need for a state apparatus. (40)
Horkheimer talar om manglande demokrati på eit tidspunkt der Sovjetunionen sin eksistens står på spel. Han maktar altso ikkje sjå skilnad på eit land karakterisert av statsrasisme (Tyskland) og landet som var målet for deira kolonisering (Sovjetunionen).9
Horkheimer sin fordømming er instruktiv: Han okkar seg over Sovjetunionen sine prioriteringar utan å sjå at dei mogleggjorde sigeren mot Hitler. Han ser ikkje korleis det var objektive omstende og kontradiksjonar som er ibuande i alle forsøk på frigjering – ikkje subjektive val – som tvang fram slike prioriteringar.
Frå å tale om ‘totalitær kapitalisme’ i Opplysningens dialektikk, og å anerkjenne korleis vestleg kolonialisme hadde sanert grunnen for Hitler, endra Horkheimer si tone seg under den kalde krigen. Alle frigjeringskampar blei rekna som regressive – som uttrykk for ressentiment. På denne måta kunne ein delegitimere dei, og ta bort fokus frå dei objektive vilkåra som skapte behov for slike frigjeringskampar. I staden for frigjering og rettferd, blei slike kampar tolka som forsøk på å dominere – og dei blei rekna som farlegare enn dei som allereie dominerer.10
Høvet Arendt
Losurdo skildrar ein tendens hjå moderne tenkarar, både hjå dei som kallar seg marxistar, som Adorno og Sartre, men òg tenkarar som ikkje vedkjenner seg denne termen. Dei verkar vere inkludert av di dei påverka måta vestlege marxistar forstod røynda, som Michel Foucault.[11] Losurdo vil soleis påpeike årsakar til dei ulike posisjonane vestlege marxistar tok opp.
Hannah Arendt fell i den siste kategorien. Ho er blant tenkarane Losurdo behandlar meir systematisk enn andre. Årsaka til at han fokuserer på Arendt, trass i at ho ikkje er marxist, verkar vere at hennar tankemåte delar grunnleggande premiss med vestleg marxisme, både før og etter ho skreiv boka om totalitarisme.
I dei to fyrste delane av The Origins of Totalitarianism talar Arendt om totalitarisme – som er eit styre prga av total kontroll over militæret, økonomien og massemedia, og bruk av terror og propaganda for å undertrykke opposisjon og tvinge fram konformitet – i høve til nazisme og kolonialisme, prega av dehumanisering, rasisme og slaveri. Men det heile forandrar seg i del tre, då koplinga mellom kolonialisme og nazisme vert broten, og kommunisme plutseleg vert sidestilt med nazisme.[12]
Eit absurd utslag av denne logikken er at land som framleis hadde formelle koloniar vart rekna for å kjempe mot totalitarisme.
Å gjere Sovjetunionen til nazismen sin ekvivalent har noko særs kunstig over seg.[13] Men hennar definisjon festa seg, og det er slik termen framleis vert nytta. Dette tener ikkje berre til å demonisere kommunisme, men trivialiserer ogso kolonialisme, seier Losurdo. Altso slår ein to fluger i ein smekk. Men i overgangen frå å tale om rasemessig imperialisme til å snakke om totalitarisme, førekjem ein metodologisk glipp:
Totalitarianism was now read as psychology or psychopathology. It was characterized by “madness,” the “totalitarian contempt for reality and factuality.” When we go inside Hitler’ Germany and the “totalitarian society,” we have the impression of entering a world of madness. (154)
Nazismen blei altso rekna for å ikkje fylgje nokon som helst logikk. Soleis vert den til noko unikt – ikkje noko som er ein vedvarande moglegheit ved kapitalistisk styre og imperialismen som er ein av kapitalismen sine ibuande kontradiksjonar.[14] Logikken som Hitler fylgde, og som Arendt sjølv var inne på tidlegare i boka, var trass alt kolonialismen sin logikk. Losurdo skriv:
The policies of the Third Reich were not an expression of pure madness, just as the slave trade was not, nor the expansion of the North American Republic from one ocean to the other, nor were colonial wars in general. (156)
Adorno, ikkje ulikt Arendt og Marcuse, lefla med psykologisme ved til dømes å forsøka å tolke fascisme – og kommunisme – ut frå det ein kallar den autoritære personlegdomen. Slik kulturalisme, psykologisme og/eller andre subjektivistiske forklaringsmåtar er blant dei eldste fiendane til dialektisk materialisme, sidan dei fremjar forenkla forklaringsmåtar utan vitskapeleg basis.[15] Denne anti-vitskapeleg tendensen kjenneteiknar ikkje berre vestleg marxisme; den er ein viktig del av kapitalistisk historieskriving.[16] Slik kan ein tale om kapitalisme utan imperialisme, og late som om dei to verdskrigane vi har vore gjennom ikkje var utslag av (og uttrykk for) kolonialisme.
Imperialisme og vitskap
Blant dei Losurdo kritiserer, er Marcuse mest merksam kolonialisme. Han har forståing for korleis dei enorme utfordringane som fattige land står andsynes gjer det vanskeleg å implementere demokrati beinveges. Dei må fyrst gjennomgå ein industrialiseringprosess som krev ganske streng kontroll over samfunnet, slik Sovjetunionen t.d. gjennomgjekk i opprustinga til kampen mot fascisme.[17] Men Marcuse gjorde so retrett frå denne konklusjonen, og klaga over korleis landa som frigjorde seg likna for mykje på landa dei ville frigjere seg frå. Som om fyrstnemnde ikkje ville representere noko nytt, berre meir av det same. Marcuse sin støtte var med andre ord vilkårleg – basert på hans idiosynkratiske idé om korleis sosialisme burde sjå ut.
Mot dette har ein t.d. Franz Fanon, som var tydeleg på at dei frigjorte land var nøydde til å setje i gang ein enorm innsats for å betre levevilkåra, då landa dei frigjorde seg frå forsøkte å underminere deira utvikling frå fyrste stund. Frigjeringa kunne dimed verte ein forbanning, sidan den skapte nye utfordringar i det ein gjekk får ein militær til ein økonomisk fase av frigjering.18 Likeins Kwame Nkrumah, som peikte på korleis perioden etter formell kolonialisme var prega av at land i det globale sør ikkje blei dominerte av eitt land, men av global finanskapital; han la ogso vekt på korleis rike land flyttar problema sine over på fattige land. Soleis skjer klassekamp like mykje mellom land som innåt i land.
Men dersom ein vil sjå dette, må ein anerkjenne imperialisme.
For marxistar er ‘imperialisme’ ein teknisk term. Denne imperialismeteorien, som har fleire versjonar eg ikkje kan gå inn på, er stort sett mot antistatisme i ulike formar; den forkastar difor anarkisme, dvs. tanken om at ein må gjere av med alle formar for hierarki; og den er i all hovudsak mot forklaringar som avvisar at statar og nasjonar speler ein viktig rolle i å halde andre statar nede – gjennom system som tener nokre framføre andre. Den er ogso mot idear om at land som Kina berre burde hoppe direkte til eit egalitært samfunn gjennom å kollkaste staten med ein gong.
Sjølv om målet er at staten skal forvitre, er det ikkje mogleg å gjere noko slikt dersom ein ikkje ein fyrst har eit statsapparat som kan forvitre. Anarkistiske løysingar har ikkje fungert i møtet med kapitalismen sine mekanismar for å knuse alle forsøk på lausriving. So kva skal desse landa liksom gjere?
Ei dialektisk tilnærming
Vestleg marxisme er altso kopla 1) frå naturen, 2) frå politisk økonomi, og 3) frå den vitskapelege marxismen som ein finn tenkinga til Engels og Marx. Det leier til ein form for moralisme og utopisk marxisme. Det ein dimed gjekk glipp av, var korleis marxistar i land som hadde gjennomført ein revolusjon forstod verda, korleis dei utvikla marxismen vidare gjennom praksis. Ein gjekk dimed glipp av ein rik flora av perspektiv som ein kunne lært noko frå.
Det er påfallande korleis forkastinga av vitskapeleg sosialisme er knytt til korleis ein forstår imperialisme og fascisme, som jo er tett bunde saman historisk og ideologisk. Det verkar ogso å ha forma vestlege marxistar si oppfatning av sosialistiske rørsle, sidan dei jo må meine at desse forfekta eit ugyldig syn, ein form for positivisme eller mekanistisk tenking (og kanskje det ogso bidrog til å dekkje over ein grunnleggande skilnad mellom sosialisme og fascisme, nemleg at berre fyrstnemnde er prinsipielt vitskapeleg).
Lenin blei med tida stadig blei meir merksam på problemet med imperialisme. Frå å uttrykkje sterk tru på at ein kunne kome seg kjapt til sosialisme, måtte han endre kurs og innføre tiltak – sokalla ‘Ny økonomisk politikk’ – som gjorde at han blei skulda for å reversere revolusjonen. Men det er nok meir korrekt å hevde at han – gjennom praksis – forstod at ein ikkje enkelt kan lausrive seg frå fortida, at ein arvar ein heil del frå systemet ein vil negere.
Sosialisme, seier Losurdo, er ein læringsprosess. Det var ogso grunnen til at Lenin polemiserte mot dei som ynskte ein ‘rein’ revolusjon. Diverre verkar det som om det berre dei som faktisk lukkast med å gjennomføre ein revolusjon som var viljuge til å lære denne leksa, noko Lenin ogso var klar over. Berre dei som gjennomfører ein revolusjon kan forstå kva det er for noko. Difor burde vestlege marxistar vere meir audmjuke andsynes sine kameratar.
Som eg har vore inne på: Dialektisk materialisme er ein grunnleggande vitskapeleg tilnærming til røynda, som forsvarer vitskapen sin kognitive verdi, samstundes som den kritiserer korleis vitskapen vert framandgjort under kapitalisme.19 Vestleg marxisme tek ein anna tilnærming, der ein ikkje bryr seg særleg med faktiske tilhøve, og der ein ville sikre filosofien sin autonomi frå vitskapen. Resultatet er ein form for kritisk teori som er lausriven frå røynda, ein fundamentalt ikkje-dialektisk måte å tenkje på.
Det er sjølvsagt mykje dialektikk i vestleg marxisme; men den er det Lenin kalla ei ‘leiketøyrangle’, i Staten og revolusjon:20 Ein retorisk strategi der ein seier at ‘det er slik, det kan vere slik, det kan vere det motsette’ – ein kan gå fram og attende, men det ein gjer er å ‘spinne i eit tomrom’, sidan dialektikken ikkje er forankra i materielle tilhøve, og korleis slike tilhøve vert formidla gjennom eit særskild sosio-økonomisk system.21
Hykleri?
I debattar kring fridom, skil ein gjerne mellom formell og substansiell fridom, der fyrstnemnde gjeld politiske rettar, liberale prinsipp som likskap for lova. Sistnemnde gjeld meir sosiale rettar, som rett til arbeid, bustad, mat, etc., altso rettar som gjer det mogleg å praktisere formell fridom. Det har altso med materielle livsvilkår å gjere, som fridom frå armod. Men, seier Losurdo, det tyder ikkje at ein bør kimse av fyrstnemnde, og hevde at det ikkje har å gjere med faktisk fridom i det heile. Ein avgjerande del av anti-kolonial kamp er å insistere på formell fridom. Det er feilaktig, seier Losurdo, å hevde at koloniane blei gjeve formell fridom, men mangla substansiell fridom.
Ein burde ikkje devaluere juridiske rettar som avgrensar staten si makt over individet, ifylgje. Men: Det ein bør syne, er at det faktisk ikkje er liberalismen som fremjar slike rettar, sidan dei same liberale tenkarane som vektla slike rettar, ville avgrense deira rekkjevidde. Dei var aldri for universell formell fridom, like lite som norske politikarar ynskjer at heile verda skal verte kapitaleigarar. Nokre må arbeide under kummerlege vilkår for at vi skal vere rike. Det er baksida ein aldri vil tematisere: Under liberalismen sin silkehanske skjular det seg ein knyttneve av stål.
Men dette er gløymt, seier Losurdo, av dei som vil avgrense seg til ‘rein’ klassekamp, som ikkje vil skitne henda sine til med å involvere seg med spørsmål knytt til nasjonal frigjering. Problemet er berre at all klassekamp er ‘skitten’, i den forstand at den er blanda med andre kampar og omsyn, som kvinnefrigjering eller kamp mot rasediskriminering.22
Om ein fyl denne tankegongen vidare, er det upresist å skulde liberale land for hykleri. Det er ikkje hykleri, sidan ideala dei talar om aldri kunne verte utvida til å gjelde andre. Å hevde at det er tale om hykleri inneber at ein hevdar at nokon seier ein ting, men gjer noko anna. Men det er ogso ein måte å late dei sleppe billeg unna på, då ein impliserer at det er mogleg for dei å gjere noko anna.
Men som Kant sa: ‘bør impliserer kan’ – altso at ein har moglegheit til å handle annleis. Men imperialistar kan faktisk ikkje handle annleis; det ein kallar hykleri er bygd inn i sjølve systemet dei har konstruert. Det er basisen for korleis dei kan utnytte delar å verda for å sikre at eigen status vert oppretthalde. Soleis burde ein ikkje tale om hykleri, som er ein moralsk term, men heller sjå på korleis systemet fungerer.
Det vi er vitne til, er ikkje sin systemsvikt som ein kan rette opp i, men systemet sin ibuande natur. Og difor er det ikkje eit alternativ å ordne systemet, å krevje at det må leve opp til ideala dei liksom forfektar. Ein må heller sjå på korleis desse ideala alltid var meint å dekkje over systemet sin ibuande natur, at dei aldri kan verte røynlege utan at ein sprenger rammene for dette systemet.
Diverre er det slik at det Marx kalla ‘idiotisk kynisme’ andsynes folk som kjempar for nasjonal frigjering er ganske utbreidd blant vestlege marxistar. Ein gløymer dimed at ein revolusjonær er ein person som må kjempe mot alle formar for urett, same kva form den tek. Ein kan ikkje seie at ein avgrensar seg til særskilde formar for urett og ser bort frå andre:
It is not explained here what, for example, the Chinese workers should have done while their country was being invaded: continue to make wage demands without worrying about the enslavement that loomed over them and their fellow citizens? The binary reading of social conflict, which sees only one contradiction (between workers and capital), transforms this same contradiction into a prison marked by the most narrow-minded corporatism. (101)
Ein finn noko liknande, seier Losurdo, i Althusser sin motstand mot humanisme, som sistnemnde hevda å dekkje over klassekamp. Poenget for Losurdo er, i motsetnad til Althusser, å syne korleis dehumanisering er ein ibuande del av imperialisme, sidan den plasserer delar av verda utanfor menneskedomen, gjer dei til reine midlar. Dette minnar om det Aimé Césaire seier i Discourse on Colonialism:
[T]hat is the great thing I hold against pseudo-humanism: that for too long it has diminished the rights of man, that its concept of those rights has been-and still is—narrow and fragmentary, incomplete and biased and, all things considered, sordidly racist.23
Dette går attende til problemet med å ganske enkelt klage over at formell fridom ikkje er tilstrekkeleg. Å klage over dette er kanskje legitimt dersom ein allreie har oppnådd formell fridom; men det kan ogso bidra til å skjule at det er mange som ikkje kan nyte slik fridom:
It means reproaching the purely formal nature of civil and political rights, whose owner should be humanity as such, in its universality, but without mention of the frightening exclusion that deprives colonial peoples or peoples of colonial origin of civil and political rights (and economic and social rights). That is, it glosses over the colonial condition, which also, in Marx’s view, reveals par excellence the barbarity of capitalist society. (108)24
Likeins vektla Mao Zedong korleis svarte i USA ikkje berre er undertrykte sosialt, men ogso manglar politiske rettar. Desse to formane for undertrykking heng saman. I ein tale frå 1963 seier Mao: ‘The evil colonialist-imperialist system rose with the enslaving and trafficking of the black people, and it will certainly come to an end with the complete liberation of the black people’.25
Losurdo sin kritikk rammar Isaiah Berlin sitt essay om negativ og positiv fridom, der fyrstnemnde gjeld korleis ein har fridom frå inngripen på eit individuelt nivå, medan positiv fridom gjeld moglegheita til å handle på ein sjølvbestemmande måte for å røynleggjere seg sjølv, noko som gjerne er knytt til kollektive rørsle for frigjering. I nokre omstende vil liberale hevde at desse kan kome i opposisjon, då kollektiv kan køyre over individ. Dei vil kanskje ogso hevde at totalitarisme nyss er kjenneteikna av dette, at det manglar avgrensingar på staten si makt. Men ut ifrå det vi allereie har diskutert, er det historisk feilaktig å hevde at det er liberale som hovudsakleg har fremja negativ fridom og vore mot totalitarisme:
Clearly, Berlin ignored the fate the West imposed on colonial peoples and those of colonial origins and did not take into account that the bans on interracial sexual relations and marriage, even if they were aimed at maintaining the permanent segregation of the race considered inferior, ended up heavily weighing as well on the negative freedom of the members of the privileged white race themselves. To advocate for negative freedom for all were the communists, who were on the front lines in the struggle against segregation and racial discrimination and who, because of this, suffered terrible persecution at the very moment that Berlin celebrated the liberal West. (197)
Den liberale diskursen kring negativ fridom er basert på eksklusjon. Det er sosialismen som står for universell negativ fridom – ikkje liberalisme, som overser eller dekkjer over det uløyselege tilhøvet mellom fridom og rettferd.26 Gjennom å setje fridomsomgrepa i historisk kontekst, syner Losurdo at kampen for positiv fridom (sjølvbestemming) ofte har vore føresetnaden for at negative fridomar (frå inngrep) i det heile tatt kunne verte utvida til alle.
Berre taparar fortener støtte
Eit fundamentalt paradoks for vestlege marxistar er at ein støttar rørsle for sosialisme – soframt desse ikkje vinn makt. Med ein gong makt er vunne, er det viktigaste å peike på korleis desse statane feilar. Ein forkastar det desse statane gjer sjølv om nærast ikkje veit noko som helst om utfordingane desse statane står andsynes, ettersom det vesle ein veit kjem frå vestlege media, som ikkje akkurat er ute etter balanse då det gjeld dekkinga av kapitalismen sine fiendar. Som Broder skriv i si bokmelding av den italienske versjonen av Losurdo si bok:
Where the Eastern Marxists took seriously the problems of building socialist states and defending them militarily, their counterparts in the West could at most appreciate revolutionary experiences in a messianic mood, supporting Eastern revolutions at their initial moment of seizing power, then finding distasteful the decisions necessary to protect them from internal subversion and foreign attack. Judging the real achievements of the Soviet Union by an unfair standard that lay beyond the material possibilities of the time, they then failed to see that, rather than being an embodiment of their own visions of a grand resolution of all differences, the Soviet Union was bedeviled by poverty, the masses’ low cultural level and the difficult tasks of stabilizing itself in the face of foreign encirclement.27
Ein overser korleis klassekamp alltid førekjem på ulike stader, ogso på nivået av nasjonstatar og globale institusjonar.28 Kapitalismen er global, men treng staten for å sikre rettsleg dominans, som statsbankar og intellektuell eigedom.
Vestlege marxistar har altso inga tolmod med sosialistar med relativ suksess. Dei må vere perfekte for å fortene vår støtte. So fort dei får makt, vert dei liksom automatisk korrumperte, i alle høve om dei ikkje gjev makta frå seg so raskt som råd. Soleis er skiljet mellom vestleg og austleg marxisme kanskje ogso eit skilje mellom marxistar som har gripe makta, og dei som er ei evig opposisjon og attpåtil dyrkar ein slik posisjon.
Losurdo seier at det er ein konflikt mellom ulike temporalitetar: den eine har eit korttidsperspektiv, der ein søkjer å byggje seg opp, i retning eit nytt system. Denne prosessen er i seg sjølv sosialisme: det er rørsla bort frå det gjeldande systemet, i retning kommunisme. Marx seier at alle revolusjonære burde støtte slike rørsle. Ein annan definisjonen av kommunisme seier at det er noko som ligg i ei utopisk framtid.29
Medan den fyrste definisjonen er prosaisk, er den andre poetisk. Men den einaste måta å kome seg til den utopiske framtida på, er gjennom å halde seg til konkrete oppgåver samstundes som ein ikkje gløymer kva endemålet er. Dersom ein gløymer dette, endar ein som sosialdemokrat; men dette er altso ein luksus som i stor grad ikkje gjeld for landa som ikkje er del av det globale nord, og som difor fyrst må byggje opp produksjonsmidla. Likevel vert den utopiske definisjonen av kommunisme nytta for å fordømme landa som initierer ei slik rørsle:
The concrete history of the new post-revolutionary society, which seeks to develop itself among the tentative contradictions, difficulties, and errors of every kind, is defined en bloc as a degeneration and betrayal of the real movement in the name of the remote and utopian futures, an attitude foreign to Marx and Engels and which deprives Marxism of any real emancipatory project. (224)
På grunn av dette seier Losurdo at det ikkje berre er tale om ein romleg, men ogso om ein temporal amputasjon, der ein ignorerer utfordringane som gjeld i store delar av verda, men ogso ignorerer korleis dei stadene der ein har forsøkt å lausrive seg ikkje berre kan hoppe direkte til kommunisme, ‘staten si forvitring’, men har sett ut på ein lang ferd i denne retninga.
Ut ifrå dette er det ikkje dei som har byrja på den lange ferda mot kommunisme som er utopiske; det er snarare dei som klagar over at desse ikkje har oppnådd eit perfekt system over natta. Ein nyttar seg av ulike døme, som Sovjetunionen, som prov på at sosialisme aldri kan fungere – at det ser fint ut på papiret, men ikkje fungerer i praksis. Men ein har ikkje konkret kunnskap om denne praksisen. Og er det noko system dette gjeld for – som aldri var meint å fungere som eit globalt system – so er det kapitalisme. Det ser ikkje ein gong bra ut på papiret, ein kan til dømes sjå på korleis ein rettferdiggjorde landrøveri i USA gjennom Locke sin teori om terra nullis. Men sidan folk er blinda for kapitalismen sine læresetningar og faktum, som at systemet er bygd på utnytting og framandgjering (og slaveri, folkemord etc.), trur dei at systemet liksom er rasjonelt og berekraftig. Dei trur kapitalisme er eit reint økonomisk system, ikkje ein måte å leve på, som stadig infiltrerer fleire delar av livet med sin logikk.30
Desse klagar gjerne over at alle liksom er ‘like fattige’ under kommunisme, men dei seier ingenting mot at desse landa er fattige av di dei blei halde nede, og at dei heller ikkje no får lov til å utvikle seg. Dei har i praksis gjeve opp å forsvare kapitalisme direkte, men gjer det indirekte, gjennom å syne til at alle andre system liksom er verre.31 Det er ein grunnleggande ideologisk manøver som vi ikkje har råd, eller tid, til å verte lurt av lenger.
Verdsmarxisme
Losurdo fokuserer på akademia, men tankeformane han omtalar er noko ein finn innanfor heile offentlegheita – ein utbreidd og liksom vedteke oppfatning om dei fleste land som har forsøkt å lausrive seg frå imperialisme. Ein kan seie at det utgjer ein infrastruktur, som både har forma og er forma av vestelege tankemåtar, som eurosentrisme.32 Dette er knytt til fornektinga av imperialisme, noko som kan fremje sosialsjåvinisme – ein posisjon der ein ikkje står i solidaritet med jorda sine fordømte, og der ein heller vil tape enn å risikere å gjere mistak.
Det leier ogso til eit veldig tvitydig tilhøve til vår eigen tradisjon, sidan ein liksom må ta avstand frå alle som faktisk har hatt suksess sidan dei ikkje er akkurat slik vi skulle ynskje; det leier til moralisme; og til arroganse, der vi liksom ikkje har noko å lære av dei som har vunne makta, som har forsøkt å byggje sosialisme, med alle utfordringar og feiltak det leier med seg.
I siste instans leier det til intellektuell og politisk latskap. Ein må difor spørje seg om kva som er verdt å redde i vestleg marxisme. Losurdo seier at:
There should not be any contradictions between Western Marxism and Eastern Marxism. We are dealing with two different perspectives on the same social system, each taking off from Lenin’s analyses. In other words, two struggles for recognition called into question imperialism-capitalism. In the first, the protagonists were entire nations seeking to free themselves from the yoke of oppression, humiliation, and the dehumanization inherent in colonial domination; in the second, the protagonists were the working class and the popular masses who refused to be “raw material” available to the elites. However, unity and reciprocal recognition between these two struggles could not be taken for granted from the start. (72)
Ein kan kanskje skulde Losurdo for å behandle vestleg marxisme som ein monolitt, og peike på korleis han utelet å nemne mange tenkarar som var innanfor vestlege land, men som likevel ikkje var vestlege marxistar. Men Losurdo sin polemikk er treffande, sjølv om den kunne vore meir systematisk i nokre omstende. Det er ein systematisk kontrastering av austleg og vestleg marxisme, ikkje ein systematisk gjennomgang av dei ulike tenkarane sin teori. Det er ikkje ei bok der ein jobbar seg gjennom tvityd og argumentasjon, men som presenterer ein tese som ein slagfast bankar gjennom.
Losurdo si bok kan forklare ein del av idéhistoria bak den arrogansen som vestlege marxistar syner andsynes sine kameratar i ‘austen’ – det vil seie sine kameratar i land som er offer for imperialismen som dei sjølv mogleggjer. Marx gjorde sjølv narr av denne haldninga, då han påpeikte korleis ein ikkje skal seie til verda at deira kampar er utan tyding, men heller forsøkje å syne den røynlege tydinga av slike kampar. Som Ho-Chi Mihn påpeikte (eg parafraserer): ‘Du kan lese tusenvis av bøker om teori, men dersom du ikkje lærer å nytte deg av desse teoriane i røynda, so er du ikkje noko meir enn ein bokhylle’.
Teori og praksis er alltid bunde saman. I land som har lausrive seg frå kolonialismen har dei båe; vestlege marxistar har i hovudsak teori. Den er likevel ikkje utan verdi, då den kan bistå praksis dersom den faktisk engasjerer seg med rørslene som forsøkjer å byggje sosialisme. Om ein ganske enkelt fordømmer dei, på grunn av kva dei er akkurat no, då er ein på nivået som Hegel kalla sansemessig visse. Ein ser berre det som er ‘her og no’, på overflata; ein ser ikkje prosessen, ein ser ikkje historia, ein ser ikkje konteksten; ein ser ikkje korleis marxismen er eit ‘teoretisk uttrykk for historia si retning’ (utan at det tyder at noko er avgjort på førehand. Den dialektiske forståinga av kausalitet handlar om emergente organisatoriske nivå, ikkje om determinisme, noko eg dekkjer andre stader).33
Vestlege marxistar har diverre ogso gjeve skyts til høgresida sine kritikkar av sosialistiske revolusjonar, då dei har skapt eit inntrykk av at ein anten omformar ein produksjonstilhøva med ein gong – same om dette kan gjere ein ute av stand til å kjempe mot imperialisme – eller so er ein eit diktatur eller autoritært styre. Same om ein var eit diktatur før revolusjonen, eller om ein ville vorte eit diktatur etter at ein hadde overvunne revolusjonen (slik ein ser i landa der USA har kuppa demokratisk valde sosialistiske leiarar, som Mosaddegh i Iran). Det er ikkje spørsmålet. Dersom ein har klistra merkelappar som ‘diktatur’, ‘autoritært’ etc. på eit land, so har ein tydelegvis lov til å gjere kva som helst med dei – til og med innsette eit røynleg diktatur, som i Chile under Pinochet. Men kapitalistiske diktatur er av ein eller anna grunn aksepterte, sjølv om desse ikkje ein gong betrar levevilkåra til folk flest (85).
Det er avslutningsvis verdt å nemne at Losurdo på eit vis går i Anderson si felle, då han aksepterer inndelinga sistnemnde gjer. Han bidreg til å skape eit inntrykk av at det finst eit tydeleg skilje mellom desse tendensane, noko som kanskje ikkje er høvet. Dessutan kan ein skape eit inntrykk av at vestleg marxisme ganske enkelt er ‘marxisme i vesten’. Det er fallert, men det er påfallande at alle Losurdo og Anderson nemner, held til i vestlege land. Her kan ein t.d. nemne folk som Joseph Needham, Helena Sheehan og Richard Lewontin. Sjølv om Losurdo ikkje er inne på desse, er det klårt at hans inndeling i vestleg og austleg marxisme ikkje handlar om geografi, men om posisjon. Ein kan like fullt hevde at det fanst vestlege marxistar blant dei fysisk sett budde i austlege land, og at Losurdo kunne nytta meir tid på desse.34
Det er mange andre som held til i vestlege land som ikkje passar kategorien; korkje Anderson eller Losurdo nemner desse.35 I den forstand let Losurdo i stor grad Anderson definere territoriet for debatten. Men inndelinga fungerer likevel, då den jo treff ein røynleg tendens, sjølv om kontradiksjonar og unntak førekjem. Her må ein nok ein gong tenkje dialektisk: tilhøvet mellom vestleg og austleg marxisme er ikkje mekanisk, som om dei støtar på kvarandre utanfrå. I staden er dei forma gjennom sit samspel, gjennom det pågåande forsøket på å definere og praktisere marxisme; og i tråd med denne tradisjonen, kan ein ikkje forstå tankeformar utan å knytte dei til særskilde samfunn og kulturar – utan å redusere dei til desse.
Vi er dimed attende der vi starta – til poenget om at dialektikk ikkje er ein metode som på eit ytre vis skildrar røynda. Utan å gjere for mykje ut av dette, er det viktig å forstå kva status kontradiksjonar har innåt i ein dialektisk tilnærming: I motsetnad til tradisjonell logikk, som skyr kontradiksjonar som pesten, er dialektikken oppteken av å syne korleis kontradiksjonane ein støter på ikkje berre er teoretiske, men syner til røynlege omstende. Det tyder ikkje at ein liksom er ute etter å finne dei overalt, eller at ein ikkje bryr seg om kontradiksjonsprinisippet. Poenget mitt er heller at kontradiksjonane ein finn innåt i Losurdo sin skildring av vestleg marxisme er ikkje tilfeldige, og skuldast ikkje at det er noko feil med omgrepet i seg sjølv. I staden reflekterer dei motseiingar innåt i denne tilnærminga som ikkje kan løysast innåt i dette rammeverket.
Dette går til hjartet av kva teori er: Det er ein prosess som konstant vil oppløyse problem som vert dytta i forgrunnen gjennom studiet av empiriske faktum. Og løysinga på problem er implisitt i korleis ein formulerer dei.36
Ut ifrå dette verkar det ikkje vere særleg vits å forsøkje å redde vestleg marxisme, då den er ibuande sjølvmotseiande. I staden for å forsvare arbeidararistokratiet innåt i akademia, må ein syne at marxismen alltid var global og internasjonal, og at dette i stor grad blei gløymt i den vestlege versjonen – som rett nok var kritisk til mykje, men ikkje gjekk langt nok i sin kritikk, og som ikkje makta å oppheve sine ibuande kontradiksjonar, sjølv om dei tidvis kunne framstå som løyste. Dette verkar vere viktigare enn å diskutere presisjon i Losurdo sin tolking av ulike tenkararar.37
Det er i alle høve slik eg forstår Losurdo: Han nyttar seg av Anderson sitt skilje, men i siste instans meiner han det burde verte forkasta. (Ein kan kanskje hevde at vestleg marxisme ikkje eingong fortener å kalle seg marxisme.) Marxismen må kaste av seg alle formar for messianisme, som ikkje forstår korleis ferda mot kommunisme/sosialisme er lang og krev tolmod. Kommunisme er både ein tilstand der ein har kome seg utover kapitalismen, ein tilstand utan stat, marknad, peng, etc. Men det er ikkje ein perfekt tilstand, sjølv om ein søkjer å løyse kapitalismen sine kontradiksjonar. Samstundes er kommunisme prosessen, rørsla, mot denne tilstanden.
Mange land har forsøkt å initiere denne rørsla, og sjølvsagt blei dei motarbeidde av kapitalistar. Men diverre har dei ogso vorte møtt med skuldertrekk av dei som liksom er på deira lag, og som difor har støtta opp under kapitalistane sin agenda. Likevel har desse landa fått til enormt mykje. Vi burde ikkje vere redde for å vedkjenne oss denne tradisjonen.38
Dersom global marxisme, eller verdsmarxisme, skal verte røynleg – ogso i vesten – må ein leggje frå seg fordommar og arroganse, og anerkjenne at ein har noko å lære av landa som søkjer seg utover kapitalisme. Dei er ikkje perfekte, men det tyder ikkje at dei ikkje fortener vår kritiske støtte. Vi treng difor eit oppgjer med utbreidde tankemåte som ein ikkje berre finst hjå dei som er mot ‘sosialisme’ i alle formar, og hjå dei som hevdar at dei er for sosialisme. Om ikkje anna maktar Losudro å syne kvifor dette er avgjerande. Han opnar opp eit perspektiv som ein ny generasjon må plukke opp.
Valet er tydeleg: Anten er ein for global revolusjon, elles er ein nyttige idiotar for det imperialistiske systemet som leier oss til randen av sivilisatorisk og økologisk kollap. Kampen står ikkje mellom vestleg og austleg marxisme, men mellom vestleg marxisme og global marxisme, sidan marxismen alltid må vere internasjonal. Vestleg marxisme sin atterføding kan berre skje som del av den globale verdsmarxismen som krev eit brot mot imperialisme. Og sidan kapitalismen ikkje kan overleve utan imperialisme... Vel, du forstår sikkert kvar eg vil.
Sluttnotar:
1 Dersom andre kjelder ikkje er referert til, so syner sidetala til Losurdo si bok.
2 Kva ord ein nytta for å skildre dette er eigentleg ikkje so viktig. Nedanfor vil eg kalle det ‘dialektisk’, men ord som ‘historisk’, ‘prosessuell’, ‘interaksjonistisk’, ‘relasjonell’ kan like fullt nyttast på denne analysen. Det avgjerande er at ein ikkje forstår slike termar som subjektive klistrelappar som ein nyttar på ein ytre måte, men at dei gjeld objektive prinsipp som omfattar røynda sjølv. Her er Lenin sine ‘filosofiske notatbøker’ nyttige, men eg har ikkje høve til å gå meir inn på dette no.
3 Ein forankrar dimed kognisjon og kunnskap i praksis, ein fremjar ei tese om kontinuitet og skilnad mellom liv og kognisjon. Ein forklarar vårt (og alle levande vesen sitt) konstitutive samspel med denne verda, som jo er grunnlaget for metoden – og grunnlaget for kunnskap som soleis. Dette liknar på den enaktive tilnærminga innanfor sinnsfilosofi, noko eg forklarar meir andre stadar. Med dette kan form og innhald samsvare, i den forstand at forma – tilnærminga – vert forklart og revidert i ljos av det den avdekkjer. I ein meir marxistisk forståing, er dette forankra i arbeid, i måta ein omformar omverda på, som er eit anna grunnlag for kognisjon og medvite, og knytt til nisjekonstuksjon. For meir om denne, sjå Ezequiel Di Paolo og Kiril Potapov: ‘Evald Ilyenkov and the enactive approach’. Studies in East European Thought, 76, s. 439–463 (2024). https://doi.org/10.1007/s11212-024-09645-2
4 Ein slik tilnærming handlar om å sjå på korleis ulike element eller idear står i samanheng med kvarandre, utan at dei med naudsyn vert redusert til eit enkelt grunnleggjande prinsipp eller ein fast hierarkisk struktur. Dette er eit døme på korleis ein vestleg marxist har gjort eit viktig bidrag, sidan dette er Adorno sin metode.
5 Her kan ein merke seg ein viss elitisme, eller anti-demokratisk tenkemåte, som E.P. Thompson trakk fram som hovudkarakteristikk på vestleg marxisme. Dei som held dette synet, reknar intellektuelle (seg sjølve) for å vere dei verkeleg revolusjonære, sidan massen var so dominerte av ideologiske kreftar at dei ikkje kunne bryte ut – berre ein opplyst elite var i stand til noko slikt. Altso tek ein agens frå arbeidarrørsla. Sjå Ellen Meiksins Wood: Democracy against Capitalism: Renewing Historical Materialism (Cambridge, UK: Cambridge, 1995)
6 Eg nyttar meg av termane ‘imperialisme’ og ‘kolonialisme’ om kvarandre i denne teksten. Sjølv om dei overlappar, er dei ikkje identiske. Imperialisme er ein breiare term – ein overordna ideologi og praksis, som historisk kom til uttrykk som formell kolonialisme, i perioden der vestlege land formelt underkasta seg andre land. Sjølv om kolonialisme eksisterte før kapitalisme, er kapitalistisk kolonialisme eit produkt av kapitalismen sitt ibuande krav til evig ekspansjon. Det er difor ikkje noko kapitalismen kan leggje av seg. Imperialisme haldt difor fram etter perioden med formell kolonialisme, det Nkrumah kalla nykolonialisme, der ein vert dominert gjennom global finanskapital, og deira samspel med lokale komprador-elitar. Kort sagt: Kapitalistisk imperialisme handlar grunnleggande sett om økonomisk dominans, og ei måte å oppnå dette på er gjennom formelle koloniar, men slike koloniar er ikkje eit naudsynt del av imperialisme. Det er kontinuerleg systemisk praksis for å oppretthalde asymmetriske makt- og avhengnadstilhøve vis-à-vis periferien. Sjå t.d. Tony Brewer: Marxist Theories of Imperialism: A Critical Survey (London: Routledge, 1991).
7 Det er mogleg Losurdo er for hard mot Anderson og boka Perry Anderson, Considerations on Western Marxism (New York, NY: Verso Books, 1976), men det er ikkje so viktig for denne bokmeldinga. Eg vil heller ikkje omtale Russel Jacoby sin Dialectic of Defeat: Contours of Western Marxism (New York, NY: Cambridge University Press, 1981), men vi kan merke oss at han hadde ein meir avgrensa forståing enn Anderson og Losurdo, som i hovudsak gjaldt ‘hegelianske marxistar’.
8 John Bellamy Foster talar om ein firedelt retrett: ‘[…] [T]he Western Marxist tradition, although providing a wealth of critical insights, was caught up in a fourfold retreat: (1) the retreat from class; (2) the retreat from the critique of imperialism; (3) the retreat from nature/materialism/science; and (4) the retreat from reason. With no positive ontology remaining all that was retained, in the postmodernist and post-Marxist left, was the Word or a world of empty discourse, providing a basis for deconstructing reality but empty of any emancipatory project’ John Bellamy Foster, ‘Western Marxism and Imperialism: A Dialogue’, Monthly Review (Volum LXXVI, nummer 10: Mars 2025), s. 9. Eg legg vekt på dei tre fyrste av desse.
9 Den same blindskapen finn ein seinare, då han støtta USA sin intervensjon av Vietnam, og meinte at dersom ‘siviliserte statar’ (les: kolonimaktar) ikkje hadde nytta store summar på våpen, hadde verda vore underkasta ‘totalitære statar’ (noko som liknar måta ein framleis rettferdiggjer Nato sine enorme militærutgifter). Seinare skal Horkheimer ogso uttrykkje at ein har eit val, anten ei verd med fattigdom, eller ei administrert verd. Han valde ei verd med fattigdom, som Losurdo påpeiker.
10 Som Losurdo skriv: ‘The contenders are merely satisfied and now peaceful imperialists and potential imperialists, who are more aggressive and dangerous’ (121). Ein må nærast anerkjenne dette for kva det er: projeksjon. Her speler eg på Fredric Jameson sin replikk om ressentiment: What is most striking about the theory of ressentiment is its unavoidably autoreferential structure. […] [T]he theory of ressentiment, wherever it appears, will always itself be the expression and the production of ressentiment’. Fredrick Jameson: The Political Unconscious (London: Routledge, 2009) s. 189-190.
11 Her skil Losurdo seg frå Andreson, som berre nytta termen på sjølverklærte marxistar. Det kan sjølvsagt verte hevda at dette er eit snodig grep, som bidreg til å gjere termen meir ullen enn naudsynt. Men slik eg forstår det, er Losurdo sin inklusjon av slike som Arendt Foucault rettferdiggjort av di dei var del av det same teoretiske økosystemet som vestleg marxisme, uavhengig av deira eiga sjølvforståing. Ei slik tolking kan ogso forklare nokre av vala Losurdo gjer kva gjeld tekstane han refererer til, der han ikkje alltid er like tydeleg på kontekst, sidan han t.d. siterer Horkheimer på eit tidspunkt der Horkheimer hadde fjerna seg frå marxisme.
12 Hanna Arendt: The Origins of Totalitarianism (London: Penguin Classics, 2017). Ein kan sjølvasagt spørje seg om ein slik total kontroll nokonsinne har vore røynleg, men det er ein diskusjon som går utover rammen for denne bokmeldinga. Det er likevel verdt å merke seg at Stalin aldri var i nærleiken av total kontroll; hans utreinskingar var meir eit desperat forsøk på å halde på kontroll gjennom frykt og manipulasjon. Det var elles mykje meir indre konflikt, og ikkje den same graden av kontroll ovanfrå som ein såg t.d. i Nazi-Tyskland, eller i koloniserte land. Sjå Sheila Fitzpatrick: The Shortest History of the Soviet Union (New York: Columbia University Press, 2022).
13 Arendt gløymer ogso korleis jøden blei rekna som den etniske representanten for kommunisme, eit poeng ho sjølv understreker andre stader. Ho hevdar ogso at Marx og Engels gløymte det ‘nasjonale spørsmålet’, ein påstand Kevin Anderson dementerer i boka Marx at the Margins: On Nationalism, Ethnicity, and Non-Western Societies (Chicago: University of Chicago Press, 2010).
14 Frå kontradiksjonen om at kapitalismen alltid må ekspandere, medan verda sine ressursar og marknader er avgrensa, fyl det at ein må utvide seg til nye marknader og sikre tilgang til billeg arbeidkraft og ressursar. Dette krev imperialisme, i fyrste omgang formell kolonialisme, der stormaktane delte verda mellom seg. Men ein når ein grense ogso her, då verda er avgrensa. Kontradiksjonen vedvarar, noko som leia til fyrste verdskrig.
15 At dei kan vere ein del av sanninga, er ein annan sak. Her handlar det om å ta ein avgrensa forklaringsmåte og oppjustere den til heile forklaringa, utan å sjå på korleis slike fenomen er bunde saman med andre prossessar på andre nivå.
16 Ein finn t.d. kulturalisme i tankar om at andre delar av verda heng bak vesten på grunn av at dei liksom er kulturelt bakstreverske. Slik essensialisering tener til å dekkje over dei historiske prosessane som har sikra vesten sin dominans – ein historie dynka i blod. Diverre er mange av dei som tilhøyrer vestleg marxisme heilt på linje med kapitalistiske skjønnskrivingar av historia, same kor mykje dei meiner å vere i opposisjon til dette systemet.
17 ‘As for the newly independent countries, for the Soviet Union the choice was between capitulation to colonialism and imperialism and accelerated economic and technological development, which could be accomplished only by sacrificing, to a greater or lesser degree, the exigencies of democracy’ (125).
18 I denne fasen må ein i hovudsak søkje samarbeid på tvers av klassar og nasjonar: ‘The urgency of economic and technological development, an unavoidable precondition for real independence, brings about (in China, Vietnam, and Cuba) an opening to the market and concessions to the national bourgeoisie (whose entrepreneurial and managerial competence is needed) and the international bourgeoisie (whose assent is needed for access to the most advanced technology)’ (139).
19 Helena Sheehan: Marxism and the Philosophy of Science: A Critical History (London: Verso, 2018).
20 Vladimir Lenin: The State and Revolution (London: Penguin Classics, 1993)
21 Ein kan sjølvsagt skulde Losurdo for å vere i overkant negativ, og ikkje syne dei positive bidraga til vestleg marxisme i denne boka, og at den difor er ubalansert. Men han er eksplisitt på at han meiner dei har noko å lære oss.
22 Her er vi ogso inne på problemet med identitetspolitikk utan klassekamp, noko eg har skrive om i Salongen før. Sjå: https://www.salongen.no/anmeldelse/danby-choi/frihet/lisa-esohel-knudsen/175830
23 Aimé Césaire: Discourse on Colonialism (New York, Monthly Review Press 2001), s. 37.
24 ‘More generally, erasing colonialism from history makes understanding capitalism impossible. If we analyze the capitalist countries together with their colonies, we realize that we are looking at a double standard: one for the race of the conquerors and one for the race of the conquered’ (167).
25 Mao Zedong, ‘Statement in Support of the Struggle of the American Black People Against Racial Discrimination,’ frå august 8, 1963, i Mao Zedong, On Diplomacy (Beijing: Foreign Languages Press, 1963), s. 379, sitert av Losurdo på side 111. Ein kan seie at det framleis er slik, dersom ein ser på kva gruppe som utgjer fleirtalet av innsette i amerikanske fengsel på trass av at dei ikkje er meir kriminelle enn andre grupper.
26 Dette er ein miniversjon av Losurdo sin kritikk av liberalisme i boka Liberalism: A Counterhistory (New York, NY: Verso, 2011). Her er det verdt å påpeike at vi har ein parallell til den evige debatten om det er riktig å kalle ein person som Trump ‘fascist’ eller ikkje. Ein gjer slik ein stor sak ut av om denne termen er korrekt og får det til å verke som om fascismen som ein no opplever kom fallande ned frå himmelen. Men faktum er at fascisme med stor ‘f’ byggjer på fascisme med liten ‘f’, som allereie er bakt inn i kapitalistiske maktrelasjonar. Ein dekkjer over korleis mange arbeidarar, lenge før fascismen no liksom har returnert, manglar tilgang til liberalismen sine mest grunnleggande rettar. Fascismedebatten tener altso å dekkje over korleis ein lenge har hatt fascistiske tendensar, at dei er ein ibuande del av nyliberalismen. På mange måtar er nyliberalismen sitt mål likt med fascismen sitt mål, men ein nyttar seg av andre midlar. Sjå t.d. Nancy McLean: Democracy in Chains: The Deep History of the Radical Right’s Stealth Plan for America (New York: Viking Press, 2017).
27 David Broder, ‘Eastern Light on Western Marxism: A Review of Il marxismo occidentale: Come nacque, come morì, come può rinascere,’ New Left Review (serie II, nummer 107: oktober 2017).
28 Immanuel Ness: ‘Western Marxism, Anti-Communism and Imperialism’ International Critical Thought, DOI: 10.1080/21598282.2024.2431960 (2024), s. 13.
29 Dette er sjølvsagt ikkje dei einaste måtane å definere kommunisme på. Andre versjonar er t.d. knytt til den fulle røynleggjeringa av mennesket sitt potensial, fri assosiasjon mellom produsentar og eit rasjonelt tilhøve til naturen. Desse er sjølvsagt bunde saman. Ein fellesnemnar er berekraft, både sosial og økologisk.
30 Her kan lesaren sjekke ut Søren Mau sin Stum tvang – En marxistisk undersøgelse af kapitalens økonomiske magt, (København: Forlaget Klimt, 2021) eller Mihael Lazarus: Absolute Ethical Life: Aristotle, Hegel and Marx (Stanford: Stanford University Press, 2025).
31 György Lukács: The Destruction of Reason (London: Verso, 2021)
32 Jamfør Samir Amin: Eurocentrism (New York: Monthly Review Press 1989).
33 Sjå t.d. bokmeldinga av Sigurd Hverven si bok: https://www.salongen.no/anmeldelse/anerkjennelse/fremmedgjoring/hegel/208273
34 Det er ogso feilaktig å hevde at ein tenkar som Bloch er på linje med Horkheimer, då Bloch jo levde i Aust-Tyskland og alltid forsvarte dialektisk materialisme; men eg har ikkje høve til å gå inn på dette no.
35 Her kan ein t.d. tale om heile tradisjonen som er knytt til Monthly Review, med folk som Paul Baran, Paul Sweezy, Samir Amin, E.P. Thompson. Han ser altso bort frå dei som jobbar med politisk økonomi samt naturvitskapsfolk og materialistar. Losurdo kunne gjort ein betre jobb med å nyansere Anderson sin definisjon, gjennom å peike på desse, slik at han kunne få fram at mange i vesten ikkje passar inndelinga til Anderson.
36 Evald Ilyenkov: Dialectic Logic: Essays on Its History and Theory (Dehli: Aakar Books, 2008)
37 Og det truleg korrekt at Losurdo sine lesingar er tendensiøse, slik Ross Wolfe påpeiker i den fyrste delen av sin analyse av Losurdo. Sjå Ross Wolfe: ‘Against Losurdo’ i New International (2025), https://newintermag.com/against-losurdo/. Sjølv om dette er ein tenleg øving, meiner eg ikkje det er det viktigaste, og at Losurdo på sett og vis allereie har antesipert slike kritikkar.
38 Her snakkar eg direkte til leiinga i Raudt, som stadig vil ta avstand frå alle forsøk på å byggje sosialisme, som latar som om dei ynskjer noko heilt anna. Sjølvsagt vil sosialisme ta ein annan form i Noreg, eit industrialisert land i imperialismen sin kjerne; men solidaritet med våre kameratar – ogso dei som har vunne makt – er naudsynt. Elles endar vi som sosialsjåvinistar.