Steffens vert fødd i Stavanger. Om ein skulle koke ned naturfilosofien til Henrik Steffens til éi setning, måtte det verte noko slikt som at «alt heng saman med alt».

NATURFILOSOFEN HENRIK STEFFENS

I år er det 250 år sidan den norsk-fødde filosofen Henrik Steffens vert fødd. Han var både naturforskar, forfattar og filosof  kan vi lære noko av naturfilosofien hans i dag?

Publisert Sist oppdatert

Alt enkelt forstaaes blot i sin Forbindelse med det Heele. [...] Derfor maae Philosophien, naar den er hvad den skal være, blive et levende System, ikke en død Classification.1

Henrik Steffens

Henrik Steffens vert fødd i 1773 (d.1845). I år feires det at det vert 250-år sidan hans fødsel.

I år vert 250-årsjubileet til den dansk-norske filosofen, vitskapsmannen og romanforfattaren Henrik Steffens feira ved fleire universitet, i Noreg og i Tyskland. Det vidgjetne Humboldt-Universitet i Berlin har heilt sidan 1999 halde seg med eit Henrik Steffens-gjesteprofessorat, og stadig vekk får nordmenn briske seg ved å leggje fram kunnskapen sin i den årlege «Henrik Steffens-forelesing», ved det same universitetet. 

Kven var Henrik Steffens; kvifor prydar namnet hans tysk-norske samarbeid; og kan vi lære noko av naturfilosofien hans i dag?

Oppvekst og utdanning

Henrik Steffens vart fødd i 1773. Dei tre første leveåra hadde han i Stavanger, dei tre neste i Trondheim. Resten av barndomen og ungdomen i Danmark; Helsingør, Roskilde og København. Mor hans, som han delte ei sterk gudstru med, fekk tuberkulose og var sjuk i fleire år. Ho døydde i 1788.2 Far hans var lege og stort sett oppteken med arbeidet. Henrik og søskena hans fekk ei fri oppdraging. Han fekk gå på skule, men der var det lite anna enn terping på latinske gloser. I oppveksten søkte Steffens ofte til skogen utanfor København, der han tidleg var i gong med å utforske naturen.

I løpet av barndomstida vart Steffens kjend med Georges Buffon sitt storverk Naturhistorie.3 Buffon meinte at det vitskaplege verdsbildet krinsar om mennesket fordi det er mennesket som driv med vitskap. I og med at all klassifisering er vilkårleg bør vitskapen klassifisere artane slik dei står i forhold til mennesket.4 

Steffens vart sterkt gripen av dei naturhistoriske tankane til Buffon: «Kun i Rommet havde jeg hidtil bevæget mig, en rolig, fastgrundet Tilværelse bar alle mine anskuelser [...] Nu lærte jeg først ved Buffon’s aandrige Fremstilling at kjende en voldsom Tid, en gjærende Selvdannelse af Jordens Overflade; Masser, som hele Lande, der hævede og sænkede sig, dannede sig og igjen bleve ødelagte for at gjøre Plads for andre Dannelser.»5

Steffen tok artium i 1790 og han byrja studere ved universitetet i København.6 Naturfaga hadde låg status på universitetet, og det var takka gjere det «Naturhistoriske-Selskabet» Steffens fekk undervising i slike fag.7 I 1794 vart han den første i Danmark som tok naturvitskapleg eksamen. Det same året fekk han stipend frå selskapet, for å gjere geologiske undersøkingar i Noreg, med utgangspunkt i Bergen.8 Det gjekk dårleg. Han hadde ikkje med seg nødvendig utstyr, og pengane tok slutt etter berre nokre få utflukter. Heldigvis fekk Steffens låne pengar av ein rik bergensar, slik at han fekk råd til å reise med skip sørover. Skipet gjekk på grunn utanfor Hamburg. Steffens overlevde, men det han hadde fått samla inn av vitskapleg materiale gjekk ned med skipet.9 

Etter nedturen til Noreg budde Steffens endå nokre år i Danmark, der han studerte vidare. Han las mykje, mellom anna Ideen zu einer Philosophie der Natur av den unge tyske filosofen F.W.J. Schelling. Idéen Schelling la fram var eit motsvar til filosofien til Immanuel Kant, som hadde slått fast at naturen var styrt av mekaniske lover, men på same tid opna opp for at mennesket har ei fri vilje. For å få dette til å gå i hop meinte Kant at vi kunne tenkje på naturen som om han har eit høgste mål, og at mennesket er dette målet. Denne løysinga var ikkje god nok for Schelling., som meinte at heile naturen er levande, og har seg sjølv som mål. Naturen, og alt levande er organismar: ein kvar del kan berre leve i samanheng med alle dei andre delane i organismen. Denne idéen låg til grunn for all naturfilosofien Steffens sjølv skulle kome til å gje uttrykk for i tale og skrift utover i livet.

Romantisk naturfilosofi

Tida i Danmark var grei nok, men det vart først fart på sakene då Steffens i 1798 fekk eit stipend frå den danske regjeringa. No kunne han reise som han ville, og ikkje tenkje på anna enn å lære så mykje som mogleg. Han fór hit og dit i Tyskland, mellom anna til Jena, som var sentrum for den romantiske rørsla i filosofi og kunst. I Jena vart Steffens kjend med dei store tenkjarane på den tida, Schelling Schlegel-brørne, Karoline Schlegel, Johann Wolfgang von Goethe og fleire.10 Steffens og Schelling vart gode vener: Steffens var allereie trollbunden av Schelling sin naturfilosofiske idé, medan Schelling fort skjønte at Steffens hadde overtaket når det gjaldt empirisk naturkunnskap.

Etter Jena reiste Steffens til Freiburg. Der dreiv han med vitskaplege undersøkingar, saman med den omstridde geologen, Abraham Gottlob Werner.11 

På den tida raste det ein debatt i geologikrinsar om danninga av bergartar. På den eine sida stod plutonistane som meinte at ein del bergartar var danna av størkna magma. Werner stod for eit neptunistisk syn; at Jorda ikkje har ein mantel, og at bergartane var skapte av avsetningar frå vatn. Steffens var ikkje einig med Werner sine neptunistiske synspunkt,12 men det ser likevel ut til at han fekk mykje ut av samarbeidet. I 1801 gav Steffens ut boka som vart gjennombrotet hans, Beyträge zur inneren Naturgeschicte der Erde (Bidrag til den indre naturhistoria til Jorda). I denne boka skreiv Steffens ei naturhistorie som bygde på Schelling sin naturfilosofi og den empiriske geologiske forskinga som han lærte og utøvde med Werner:13 Frå skifer og kalk, til mennesket.

I 1802, etter fire års stipendreise i Tyskland, gjekk ferda tilbake til Danmark. No starta Steffens på ei toårig førelesningsrekke i København, for å fortelje om det han hadde lært. Det viktigaste Steffens hadde med seg var den romantiske tidsånda, som no fekk feste i nordisk tankeliv. Den mest leste teksten Steffens skreiv er nok dei ni første København-førelesingane, som kom ut med tittelen «Indledning til philosophiske forelesninger». Sjølv om han i desse førelesingane endå ikkje er komen til filosofien, svevar Steffens så høgt i lag med naturen si ordnande ånd at sjølv den mest røynde filosof fort kan kjenne seg svimmel. Omgrepsavklaringar, argument, for ikkje å nemne tematiske avgrensingar: gløym det! 

Utover den kunnskapen ein må forvente av vanleg utdanna menneske, gjekk Steffens ut frå at tilhøyrarane hadde «den indvortes Trang til at kiende Tingenes egentlige Væsen, til at opløse Tilværelsens Gaade ...» og «den indvortes Anskuelse, som fatter enhver enkelt Deel sammen til et Heelt, sætter det absolut Heele, Eene, som det Reelle, og ved denne omfattende Anskuelse fortrænger enhver fremmed Forestilling, som ikke nødvendigvis maae tænkes i Sammenhæng med det Heele.»14 Filosofien går ut frå ein «ahnelse» om alt heng saman med alt, og at dei same prinsippa og driftene som har skapt dei ulike minerala i Jorda også finst i moralen og i statsdanningane. Det organiserande prinsippet som har skapt alt har i seg to drifter: den individualiserande egoistiske drifta og «Universums eenhedsdrift». Det er berre i striden mellom desse to at livet kan leve. Historia fortel om korleis den striden utfaldar seg, i naturen, i mennesket, i samfunnet.15

Napoleonskrig og turnstrid

Steffens slo godt an hos dei unge tilhøyrarane i København. Han vart ikkje godt likt av dei eldre herrane, og det vart aldri fast stilling på han ved universitetet i København. Då universitetet i den tyske byen Halle tilbydde han ei stilling som professor i naturvitskap takka Steffens derfor ja. Kort tid etter at han var på plass i den nye jobben hærtok Napoleon Halle. Steffens, med kone og barn, var på flukt i to år, men fann ingen fast tilfluktsstad. Då Steffens kom tilbake til Halle vart han med i motstandsarbeid mot den franske okkupanten.16 Han kom seg vekk etter at han i 1811 vart kalla til ei professorstilling ved universitetet i Breslau. Då var den slu politikommisær Martens på sporet av Steffens, som kom seg ut av Halle akkurat i tide.17 Hadde han reist ein dag eller to seinare enn han gjorde ville han sannsynlegvis vorten fengsla og avretta.

Mot slutten av 1812 gjekk Napoleon på tap i Russland. Den prøyssiske kongen, som på eit tidspunkt hadde slutta seg til Napoleon, gav bod om at frivillige i Breslau no skulle melde seg til teneste. Men kongen sa ikkje om det var russarane eller franskmennene dei skulle kjempe mot.18 I uvissa tok Steffens saka i eigne hender. Etter ei førelesing ved universitetet sa han at han ville halde ein tale, kl. 11 same dag. Ei menneskemengde samla seg, og høyrde Steffens egge til krig mot Napoleon. Han lova å stille som soldat sjølv. No var stridslysta kveikt, og uansett om kongen ville det eller ikkje; no måtte han gå til krig mot Napoleon. Steffens vart sekondløytnant i hæren, og i 1814 var han med på å hærta Paris.

Napoleonskrigane førte til at nasjonalistiske og anti-franske kjensler breia seg i det tyske folket.19 Med der Turnvater (norsk: «turnfaren») Friedrich Ludwig Jahn som rettleiar, skulle tysk ungdom verte stridsdyktige ved å trene kroppsleg styrke og byggje fellesskapskjensler. Det vart derfor laga mange turnplassar omkring i Tyskland,20 der ein gjekk i turnklede, song turnsongar og snakka turnspråk.21 Steffens kasta seg inn i «Breslauer Turnfeide» i 1818 med innvendingar mot turnideologien. Han gjekk imot tanken om at ein skulle lære tyskdomen på turnplassen.22 Turnen var motivert av krigsføremål, som i og for seg var greitt nok, men dersom fedrelandskjærleiken ikkje hadde noko tydeleg mål, som ein ytre fiende, kunne han verte farleg.23 Steffens meinte at ein ikkje kunne overlate forsvaret av Tyskland til turnrørsla. Alle måtte ha lov til å forsvare heimlandet sitt i ein folkehær, og heimen og skulen måtte få ta seg av opplæringa av den modige ånda i folket.24 Steffens snakka tida midt imot, og fekk tole at mange av venene hans ikkje ville ha noko med han å gjere.

Trass i dei omstridde standpunkta i turnstriden vart Steffens rektor ved universitetet i Breslau i 1821.25 Året etter gav han ut boka Anthropologie, som bygde på universitetsførelesingane hans. Anthropologie startar med ein gjennomgang av «geologisk antropologi», som rommar emne som skifer- og kalkdanning. Livet vert ikkje danna før i andre band. Då må vi framleis lese fram til side 306 før vi får møte mennesket. Anthropologie handlar om fridom. Steffens slår i innleiinga fast at dersom vi ser på oss sjølve som noko som er heilt anna enn naturen, då må vi tru at naturen er styrt av hard nødvendigheit.26 Vi er berre frie når vi skapar noko, og vi kjenner oss frigjorde når vi føler at naturen har gjeve oss skaparevner. 

Den fridomen Steffens skildrar i Anthropologie er ikkje ein fridom frå tvingande naturlover, men ein fridom til å skape med naturen. Steffens gjer det heilt klårt i Anthropologie at han meiner at dei djupaste spørsmåla om mennesket og fridomen ikkje kan svarast på med reint filosofisk eller metafysisk spekulasjon. Det hadde nemleg Kant gjort. Det vil berre føre til materialisme, som likevel må opne opp for at mennesket har i seg noko «oversanseleg», ei sjel som ikkje er materiell. I staden for å gå ut frå eit skarpt skilje mellom menneske og natur gjekk Steffens ut frå at mennesket er eit naturvesen. Og heller enn å gå ut frå at naturvitskapen har som mål å finne fram til evige naturlover, ordna Steffens den naturvitskaplege kunnskapen i ei naturhistorie som fører fram til mennesket.

I dei siste åra av livet budde Steffens i Berlin. Han skreiv romanar, og var meir oppteken av religiøse enn filosofiske spørsmål. Han besøkte Danmark og Noreg. Der vart hylla av dei kongelege, medan folkemassane stilte opp i fakkeltog for nordmannen som hadde gjort det stort i utlandet.27 Alt i alt hadde han ein god alderdom. Henrik Steffens døydde i 1845.

Steffens i dag

Ingen av dei tre grunnsteinane i naturfilosofien til Steffens, naturhistorie, romantisk filosofi eller 1800-talets geologiske forsking, har stått seg. Berre unntaksvis finn nokon på å hente fram att Steffens, og då gjerne for å gjere han til ein del av ein norsk filosofisk tradisjon som ikkje er positivistisk. Dette skjedde på 1960-talet, då redaktørane av bokserien «Norsk filosofi i det 19. århundre» samla utdrag av fleire av Steffens sine tekstar i ei bokutgjeving.28 Og i boka Norge vårt Norge (2018) hevda Kaj Skagen at den norske kulturen hadde hatt ein metafysisk tradisjon, delvis skapt av Steffens. Denne tradisjonen har dessverre gått meir eller mindre heilt tapt, og vår eigen kultur her til lands har måtte vike til fordel for den positivistiske trua på at det er berre det vi kan telje og ta på som finst, meiner Skagen. I ein kronikk i Aftenposten tidlegare i år29 vert Steffens omtala som ein økofilosof som kan hjelpe oss til å innsjå at naturen berre er noko vi skal bruke, men at vi menneska også høyrer til i naturen.

Ein kan nok finne mykje i skriftene til Steffens som kan hjelpe oss å bryte ut av både positivistiske og instrumentalistiske mistak. Men ein finn også tankar som kan tyde på at den romantiske naturfilosofien ikkje nødvendigvis fører oss på betre vegar. Her er eit par utdrag frå Indledning til philosophiske Forelæsninger:

«Udtrykket for Menneskeslægtens fælles Kamp mod Naturen er Industrie. De maae forene sig til denne Kamp; thi at intet Individuum er den voxen sees allerede deraf, at det nødvendig maa bukke under. Udtrykket for den egoistiske Drift, som blot gaaer paa det Individuelle, er Lyksalighedsdriften. Denne er en sand Drift, et Instinkt nødvendig som vort Væsen og behøver ikke at læres. Udtrykket for Menneskets Eenhedsdrift er Moraliteten, som her ophører at være en Drift, og har sin Kilde i Menneskets Friehed.

Al Historie er en evig Krig. – Den evige Fred (Philosophernes kiæreste Drömmerie) kunde kun opstaae, naar den frie Enhedstendenz ganske faldt sammen med Naturens uvilkaarlige, naar ved denne Identitet af begge al vexelsidig Tvang forsvandt, alle Modsigelser hævedes; men de kunne, for en endelig Betraktning aldrig fuldkommen hæves.»30

Sjølv er eg usikker på om Steffens har svare på vår tids problem. Men kva veit vel eg; for den som kunne tenkje seg å verte betre kjend med naturfilosofien til Steffens, og danne seg si eiga meining, håpar eg leselista under vere til hjelp.

Anbefalt lesning

Henrik Steffens. Norges Bortblæste Laurbærblad (1948) av Ingeborg Møller. I denne biografien får ein ei lettlesen og engasjert forteljing om Steffens sitt liv . Der det sømer seg greier Møller også ut om dei naturfilosofiske tankane til Steffens, påverknaden frå filosofar som Spinoza og Schelling, og korleis han sjølv påverka andre.

Henrich Steffens Forelæsninger og fragmenter (1967) redigert av Emil Boyson. Denne boka, som kom ut i som del av serien «Norsk filosofi i det 19. århundre», rommar utdrag frå Steffens sin sjølvbiografi, og ulike naturvitskaplege, naturfilosofiske og politiske skrifter. Boka inneheld ei nedkorta utgåve av Indledning til philosophiske forelesninger. For den som vil lese heile Indledning er denne utgåva god.

Anthropologie I & II (1822) av Henrik Steffens. Dette tobandsverket er den siste store naturfilosofiske utlegginga Steffens skreiv, og har ein tydelegare kristen-religiøs innramming enn tekstar som Beyträge der inneren Naturgeschichte der Erde og Indledning til philosophiske Forelæsninger.

Noter

1 Steffens, Henrik, «Indledning til philosophiske forelæsninger». I Henrich Steffens. Forelæsninger og Fragmenter, redigert av Emil Boyson, 21–120. (Oslo: Johan Grundt Tanum forlag, 1967), s. 13

2 Møller, Ingeborg. Henrik Steffens. (Oslo: Gyldendal norsk forlag, 1948, 17.

3 Steffens, Henrik, «Hvorledes jeg blev naturphilosoph». I Henrich Steffens. Forelæsninger og Fragmenter, redigert av Emil Boyson, 9–20. (Oslo: Johan Grundt Tanum forlag, 1967), 13.

4 Jacques, Roger. Buffon. A Life in History. (Ithaca & London: Cornell University Press, 1997), 87–88.

5 Steffens, «Hvorledes jeg blev naturphilosoph», 13

6 Møller, Henrik Steffens, 17–18.

7 Petersen, Kaj Strand, «Steffens og dansk geologi». I Henrik Steffens: (1773–1845), redigert av Otto Lorenz og Torleiv Skarstad, 60–77. (Stavanger: Høgskolen i Stavanger, 1995), 61.

8 Møller, Henrik Steffens, 21–23.

9 Sagmo, Iver, «Henrik Steffens – Liv og verk». ». I Henrik Steffens: (1773–1845), redigert av Otto Lorenz og Torleiv Skarstad, 22–32. (Stavanger: Høgskolen i Stavanger, 1995), 26.

10 Møller, Henrik Steffens, 54–62.

11 Boyson, Emil, «ETTERORD: Om Henrich Steffens». I Henrich Steffens. Forelæsninger og Fragmenter, redigert av Emil Boyson, 189–236. (Oslo: Johan Grundt Tanum forlag, 1967), 200-201.

12 Møller, Henrik Steffens, 68.

13 Boyson, «Etterord», 202.

14 Steffens, Henrik, «Indledning», 23.

15 Steffens har vorte skulda for å avvise empirisk naturforsking i «Indledning til philosophiske Forelæsninger», og at filosofien han legg fram er bortimot heilt spekulativ. Sjølv har eg hevda at Steffens eigentleg berre åtvara mot å gjere empiri om til teori, samtidig som han avviste reint spekulativ filosofi. Slik eg ser det, meinte Steffens at filosofi og naturvitskap har sine oppgåver i å avdekke dei grunnleggjande prinsippa i alt som finst og i alt som skjer. Myklebust, Alexander, «Spekulasjon og empiri. Henrich Steffens sitt syn på forholdet mellom vitskap og filosofi ved inngangen til det nittande hundreåret.». I Sann opplysning? Naturvitenskap i nordiske offentligheter gjennom fire århundrer, redigert av Merethe Roos og Johan Tønnesson, 127–147. (Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2017).

16 Møller, Henrik Steffens, 134.

17 Møller, Henrik Steffens, 136–137.

18 Boyson, «Etterord», 209. Møller, Henrik Steffens, 141–143. Her er kjeldene ueinige: Møller og Boyson fortel at Steffens ikkje visste om franskmennene var fienden kongen ønska å gå i kamp mot. Sagmo skriv på si side at «I sin ordre hadde kongen av diplomatiske grunner unnlatt å si hvem som var fienden, men det visste altså Steffens.» Sagmo, «Henrik Steffens – Liv og verk», 29.

19 Berner, Marit. Henrich Steffens. Ein politischer Professor in Umbruchzeiten 1806–1819. (Frankfurt am Main: PL Academic Research, 2016), 149.

20 Bergner, Henrich Steffens, 143.

21 Bergner, Henrich Steffens, 153.

22 Bergner, Henrich Steffens, 212.

23 Møller, Henrich Steffens, 150

24 Bergner, Henrich Steffens, 218.

25 Møller, Henrik Steffens, 154.

26 Steffens, Henrik, «Fra Indledningen til «Anthropologie» (1812)». I Henrich Steffens. Forelæsninger og Fragmenter, redigert av Emil Boyson, 136–141. (Oslo: Johan Grundt Tanum forlag, 1967), 136–138.

27 Møller, Henrik Steffens, 162.

28 Slagstad, Rune, De Nasjonale Strateger. 3. utg. (Oslo: Pax Forlag, 2015), 461–462.

29 https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/on8QWV/250-aar-siden-norges-foerste-oekofilosof-ble-foedt-han-stilte-spoersmaal-som-er-mer-aktuelle-enn-noen-gang

30 Steffens, «Indledning», 30–31.

Powered by Labrador CMS