Nyheter

Arrangementa under filosoffestivalen hadde tidvis svært godt oppmøte. (Foto: Alexander Myklebust)

På flukt med filosofien

Publisert

AKTUELT: Kva kan filosofien bidra med i debattar om flukt? Førre veke var det duka for filosofifestivalen På Kanten, som i år hadde nettopp flukt som tema.

Av

Nyleg gjekk den tiande utgåva av den norske filosofifestivalen På Kanten av stabelen i Kragerø. Temaet for årets festival var «flukt», ein tematikk som det vart kasta lys over frå både filosofiske, idéhistorisk og politiske perspektiv. Ikkje utan grunn var den pågåande flyktningkrisa eit sjølsagt fokus for fleire av festivalinnslaga, men det var også fleire former for flukt som vart diskutert. Interessant var det at festivalen slapp til mellom anna skjønnlitterære forfattarar, arkitektar og politikarar i tillegg til fagfilosofane. Dette viser at festivalleiinga forstår filosofi som noko meir enn det som føregår hos dei akademiske institusjonane.

I møte med aktuelle problemstillingar er det fagfilosofien verkeleg kan vise sin verdi, ved å tilføre diskusjonar, om til dømes flukt, ein fagleg-historisk ballast av tradisjonar og idear på den eine sida, og høgt språkleg presisjonsnivå på den andre.

I løpet av festivalen var det naturleg nok fleire tilfelle der tankar og resonnement som vart lagt fram under eitt foredrag eller éin diskusjon var relevante og hadde overføringsverdi for andre postar på programmet. I det følgjande vil eg derfor drøfte nokre slike tilfelle der programpostane i ettertid kan førast i dialog med kvarandre.

Verdsborgarskap

Filosof Anita Leirfall heldt eit engasjert foredrag om Immanuel Kant, som viste at den tyske tenkaren sine idear er relevante for dagens verdspolitiske problemstillingar. Først gav Leirfall ei oppsummering av Kant sin moralfilosofi, og viste deretter korleis hans idé om det moralske menneske ligg til grunn for dei vidare ideane hans om at det enkelte menneske inngår i eit verdsborgarskap. Samtidig var Kant positiv til patriotisme. Som Leirfall også påpeikte kan dette lett oppfattast som nokså paradoksalt, dersom ein tenker på patriotisme i den forstand som handlar om forsvar av eige land frå omverda. Men Kant sin patriotisme er ein tynn form for patriotisme som berre går på at ein anerkjenner det legale system som spring ut av samfunnskontrakten, og det internasjonale forbund av statar.

Trond Berg Eriksen drøfta utanforskap og korleis ulike kulturar opp gjennom historia har definert nokre menneske som «annleis», og forvist desse frå samfunnet i foredraget «Narrenes skip». Han påpeikte at låg moderniseringsgrad i dag blir brukt som eit argument for skepsis mot andre, men at moderne verdiar som til dømes demokrati og likeverd er utopiske, fordi det ikkje er mogleg å oppnå dei ein gong for alltid. I tillegg er den moderne verda prega av ein instrumentell fornuft, som kjem til uttrykk gjennom den rasjonelle staten. Den vesentlege lærdomen i foredraget var at dagens utanforskap skil seg frå tidlegare tider sine former for utanforskap, ved at innanfor og utanfor ikkje er geografisk bestemt, men dreier seg om ein er i stand til å delta samfunnet sine institusjonar. Dei sosiale utstøytingsmekanismane er i dag viktigare enn nokon gong tidlegare, hevda Berg Eriksen, fordi det ikkje finst nokon stad utanfor dei allereie etablerte statane, som dei forviste og landflyktige kan busette seg i.

Anita Leirfall fortalde om Kant sine tankar om verdsborgarskap. (Foto: Alexander Myklebust)

Både Leirfall og Berg Eriksen sine innlegg hadde naturlege koplingar til flyktningkrisa, og gav interessante perspektiv som kan få ein til å undre på kvifor det er så mange i verda i dag som hamnar utanfor verdsamfunnet, når idealet som rår i det same samfunnet er at alle menneske har eit sett grunnleggande rettigheiter, rett og slett fordi dei er menneske.

Denne problemstillinga vart tematisert på ein forfriskande konkret måte, i På Kanten sin kanskje mest utradisjonell programpost, som bestod av både kortfilmen In/ut og musikkframføring av artisten ROE. Etterpå var det tid for filosofikafé under leiing av Hilde Vinje, der publikum fekk kome til orde med sine tankar om flukt. In/Ut skildrar dei store kontrastane mellom det å vere på innsida av det globaliserte samfunnet, og det å vere på utsida. Filmen følgjer ein svensk familie som er på ferie i Spania og reiser ein dagstur med buss over grensa til Marokko. Når dei går av bussen med resten av reisefølgjet blir dei omringa av gateborn som vil selje dei småvarar. Etter kvart følgjer filmen éin av desse gutane, som går vidare og held fram med å tigge om mat frå utanlandske turistar rundt om i byen, før han til slutt forsøker å flykte ved å gøyme seg i eit holrom bak i bussen, som seinare på dagen reiser tilbake til Europa. Denne filmen illustrer godt Berg Eriksen sitt poeng, fordi det viser at moderne utanforskap handlar om å bli fysisk fjerna frå ein eller annan stad. Normaltilstanden for guten var allereie eit utanforskap i sitt eige heimland, medan turistane som var på besøk kunne ta seg til rette, slik dei sannsynlegvis kan kor som helst i verda. Utanforskapet har altså mindre med geografi å enn gjere enn det å vere utanfor verdssamfunnet sine politiske, juridiske, utdanningsmessige institusjonar.

Hovud og hjarte i møte med flyktningkrisa

Generalløytnant Robert Mood, tidlegare statsminister og leiar for Oslosenteret for fred og menneskerettigheter Kjell Magne Bondevik, filosof og direktør for Senter for menneskerettigheter Inga Bostad og historikar Terje Tvedt møtte til debatt for å diskutere om ein bør sjå til konsekvensetikk eller sinnelagsetikk for best å handtere flyktningkrisa. Tittelen for debatten som la premissa for korleis debatten utarta seg var «Hode eller hjerte?». Dei tre førstnemnde debattantane plasserte seg sjølv på aksen mellom hovudet og hjartet, alle noko nærare hjartet. Tvedt var derimot ikkje einig i at å ta utgangspunkt i eit slik skilje er nyttig for å forstå den komplekse politikken som heng saman med ei krise som flyktningkrisa.

Som han har gjort før, særskilt ved å innføre omgrepet «godhetstyranni», kritiserte Tvedt tendensen i norsk debattkultur å dele diskusjonar opp i to leirar, der den eine sida er sympatiserande og kjenslestyrte menneske som vil hjelpe, og den andre sida er kalde og kalkulerande menneske som berre er opptatt av sitt eige land sitt vel.

Noko av det same kom opp att under Tvedt under ein samtale med Gunnar Skirbekk, annonsert under tittelen «Flukt, den norske tenkemåten». Skirbekk er med sitt transcendentalpragmatiske utgangspunkt kjent for å vere ein forkjempar for opplyst samtale. Under leiing av Anita Leirfall diskuterte Tvedt og Skirbekk kva det er som har ført fram til måten vi som nordmenn tenker i dag, særskilt i høve til politikk og samfunn. Sjølv om dei var einige i mykje, og begge bidrog med interessante historiske perspektiv, var dei likevel ueinige på eit vesentleg punkt: nemleg i kva grad modernisering og moderne tenkemåtar er noko universelt som ligg meir eller mindre latent i alle kulturar, og som vil vekse fram gitt at vilkåra legg til rette for det. Der Skirbekk ser ut til å helle mot at slik er det, meinte Tvedt at så ikkje er tilfelle, og at dei vestlege verdiane ikkje er sjølvsagte i noko samfunn.

Kjell Magne Bondevik, Inga Bostad, Robert Mood og Terje Tvedt i debatt om flyktningproblematikk. (Foto: Alexander Myklebust)

Det var særskilt møtet mellom vesten og islam som gav grunnlag for at modernitet vart eit tema. Der Skribekk såg på islam som halvmoderne, som kan bruke moderne teknologi og våpen, men avviser moderne verdiar, såg Tvedt på denne religionen som ikkje-moderne, nettopp fordi moderniteten er eit særskilt vestleg «fenomen». Under denne ueinigheita om i kva grad islam skil seg frå moderne verdisyn kan det sjå ut som at dei var einige om at islam bør tilpasse seg moderne verdiar på eit eller anna nivå. I så måte gjer Trond Berg Eriksen sine kommentarar om utanforskap definert som manglande moderniseringsgrad seg igjen gjeldande, som ein ikkje uinteressant kontrast til konsensusen mellom Tvedt og Skirbekk.

Dei ytterste spørsmål

Den kanskje mest kjende diskusjonspartnaren i Noreg, Alf van der Hagen, tok i løpet av festivalen scena for ein serie på tre diskusjonar, som alle hadde «Livets ytterste spørsmål» som tittel og tema. Den første van der Hagen diskuterte med var Petter Normann Dille, teologistudenten som var gjorde seg utmerka seg med sitt store engasjement for å hjelpe syriske flyktningar som har kome til Noreg og Oslo sidan i fjor haust. Diskusjonen mellom dei handla derfor om samanhengen mellom kristen tru og praksis.

Dille presenterte eit syn på kristendomen som nok kunne få fleire til å sette kyrkjekaffien i halsen, då han gjekk langt i å antyde at flyktningane sine lidingar ikkje berre kan samanliknast med Jesu liding, men er Jesu liding.

Nestemann ut for van der Hagen sine utspørjingar var Jostein Gaarder, som med velkjent iver fortalde om sin «undring» og «forbløffelse» over det at verda finst, og at dette er kjensler han har hatt med seg gjennom livet sidan han var svært ung. Han kunne også fortelje at han no er mest opptatt av naturvitskap, og at studiet av slike vitskapar kan gi noko som kan kallast religiøse opplevingar.

Alf van der Hagen og Petter Normann Dille i samtale. (Foto: Alexander Myklebust)

Trond Berg Eriksen var sistemann som sat ved van der Hagen sitt bord på scena i Kragerø. Samtalen mellom dei handla både om Berg Eriksen som religiøs person og nestor i norsk idéhistorie. Særskilt forholdet hans til dei to sentrale eksistensialistiske tenkarane Søren Kierkegaard og Friedrich Nietzsche var van der Hagen interessert i, og dette førte naturleg nok inn på kva som ligg i det å tvile og tru. Eit av dei mange spørsmåla van der Hagen stilte, handla om det faktisk er mogleg å tru på det som kristendommen lærer.

Berg Eriksen var derimot tydeleg på at det ikkje er noko poeng å tru på noko som ein ikkje også tviler på.

Til slutt i kvar av dei tre diskusjonane stilte van der Hagen spørsmålet «Kva er Gud?», men vart i alle tre tilfella møtt med noko slikt som at det er eit spørsmål som verken lar seg stille eller svare på. Alt i alt viste dei tre samtalepartnarane til van der Hagen ei stor spennvidde i ulike måtar å vere kristen på i det moderne Noreg, der Dille representerte eit ytterpunkt med sitt fokus på handling, Gaarder eit anna i det tanken om at religiøse openberringar kan best oppfattast i og gjennom naturen, medan Berg Eriksen representerer eit tredje som ser ut til å ha det enkelte menneske sin eksistensielle situasjon i fokus. Litt forenkla kan det heile skjematiserast slik:

  • Dille: Religion er noko som oppstår mellom menneske, gjerne i vanskelege situasjonar. (Praksis)
  • Gaarder: Religionen openberrar seg i undring over, og utforsking av, naturen. (Teori)
  • Berg Eriksen: Religion handlar om å ha eit forhold til Gud, der Gud er forstått som det som skapar ein nødvendig heilskap i livet, først og fremst gjennom estetiske erfaringar. (Estetikk)

Festival som filosofisk arena

Årets utgåve av På Kanten var underteikna sitt første møte med festivalen, som altså har halde det gåande i ti år, noko som i seg sjølv er ei bragd. I tillegg har festivalen klart å hente inn både svært profilerte namn som Eva Joly og Kjell Magne Bondevik, anerkjente filosofar som Gunnar Skirbekk og andre akademikarar som Thomas Hylland Eriksen og Terje Tvedt. Vel så viktig var dei andre bidragsytarane som nok ikkje er så kjente for dei fleste, men som hadde erfaringar å kome med som var ei motvekt til det nødvendigvis høge filosofiske abstraksjonsnivået, som til dømes arkitektane Håvard Breivik og Tone Selmer Olsen, som fortalde om sitt arbeid med å utforme flyktningleirar. Festivalen viste altså stor breidde, om ikkje i tematikk, så i alle fall i perspektivrikdom.

Nettopp det å utvide oppfatningar av kva filosofi kan vere er noko av det viktigaste ein festival som På Kanten kan bidra med. Med idylliske omgjevnader i Kragerø tar festivalen filosofien ut av sine vanlege settingar i universiteta sine seminarrom. Dette er i seg sjølv verdifullt, men samtidig er det publikumsmessige nedslagsfeltet nokså avgrensa. Dette er i og for seg ikkje På Kanten sitt problem, og kanskje burde filosofi i festivalformat vere eit årleg innslag fleire stader i Noreg?

Powered by Labrador CMS