I hundreår har kapitalisme prioritert profitt over naturen, og som eit resultat står vi nå igjen med eit oppussingsprosjekt av ein planet.

KOMMUNISME ER FRIDOM

Idear om eit framtidig samfunn vil ikkje i seg sjølv føre oss til ei betre framtid, men idear kan fungere som orienteringspunkt for kollektiv kamp. Korleis skal kommunismen vi kjemper for sjå ut?

Publisert Sist oppdatert
Søren Mau kom ut med si første bok i år og er allereie oversett til både dansk og tysk

Teksten er omsett av Rasmus S. Haukedal

Det er få som framleis forsvarer kapitalismen. Dei fleste har anerkjent absurditeten i den, difor er kritikk av det eksisterande systemet vanlegvis som å preike til kyrkjelyden, sidan den ideologiske konflikten ikkje lenger er mellom dei som forsvarer kapitalismen og dei som avviser den, men snarare mellom von og resignasjon. Som antikapitalistar er oppgåva vår kanskje ikkje so mykje å overtyde andre om at kapitalismen er øydeleggjande, men snarare å styrke trua på at det faktisk er mogleg å organisere vårt felles liv på ei heilt anna og betre måte.

I motsetnad til det mange intellektuelle blir leidde til å tru av sin forfengelegheit, er styrking av ei slik tru generelt ikkje eit spørsmål om å ha dei rette ideane, argumenta og analysane. Det er heller resultatet av å ha konkrete erfaringar av å kunne handle og gjere endringar saman med andre menneske. Om millionar av menneske i dei tidlege tiåra av 1900-tallet såg på sosialismen som ein røynleg moglegheit innanfor rekkjevidde, var det ikkje fordi sosialistiske intellektuelle endeleg hadde klart å skjerpe argumenta sine nok. Snarare var det fordi arbeidarrørsla i sin stordomstid hadde skapt politiske organisasjonar som var i stand til å gje menneske ei levd erfaring av å oppnå konkrete betringar i livskvaliteten sin gjennom kollektiv handling. Vakre utopiar spelar ingen rolle om dei ikkje er følgde av ei tru på evna til kollektiv handling til å endre historia si gang, og slik ei tru kan ikkje bli kalla fram av gode argument: Politiske fellesskap er den uunngåelege basisen for idear om eit anna og betre samfunn.

Dette tyder ikkje at idear ikkje spelar nokon rolle. Idear om det gode samfunnet kan aldri i seg sjølv skape historiske endringar, men det hindrar ikkje at dei kan vere ein del av ein slik prosess. I dei rette politiske og historiske omstenda kan idear fungere som orienteringspunkt som kan hjelpe oss med å ta avgjerder om korleis vi skal handle. Derfor gir det meining å diskutere korleis eit fritt samfunn kunne sjå ut. Og det er noko som antikapitalistar har forsømt altfor lenge.

Heldigvis finst det teikn på at ting er i endring. Fleire og fleire menneske tenkjer på korleis eit postkapitalistisk samfunn kunne sjå ut, og diskusjonar om ‘motvekst-kommunisme’, ‘half-earth-sosialisme’, ‘fullautomatisert luksuskommunisme’, ‘post-knappheit’, ‘bergingskommunisme’ og ‘verdskommune’ er i auke. I fjor publiserte M.E. O'Brien og Eman Abdelhadi ein visjon for ein kommunistisk New York City, Everything for Everyone: An Oral History of the New York Commune, 2052-2072 og forfattarar som Aaron BenanavJasper Bernes og Cordelia Belton skriv alle bøker om kommunismen som vonleg snart vert publisert og som sikkert vil utgjere viktige bidrag til samtidsdiskusjonane om dei økonomiske og politiske strukturane i vår kommunistiske framtid.

Kommunisme er demokrati

Under kapitalisme er eit samfunns økonomiske aktivitetar organisert etter eitt enkelt prinsipp: profitt. Dei fleste avgjerdene om kva og kor mykje som skal produserast, kven som skal produsere det, kor og korleis det skal produserast, og kven som skal ta imot utbyttet av produksjonen, vert overlate til profittsøkjande private aktørar. Kommunisme består ikkje i å erstatte dette prinsippet med eit anna økonomisk prinsipp, men snarare i å mogleggjere demokratiske avgjersler om korleis våre felles aktivitetar og ressursar skal organiserast.

Menneske er sosiale vesen i den grad dei lev i grupper og er avhengige av kvarandre for å overleve, og dei er naturlege vesen i den grad dei er avhengige av eit økosystem som ikkje tilhøyrar nokon og difor alle. Ein persons tilgang til sine eigne materielle livsvilkår er alltid formidla gjennom sosiale relasjonar, som er ein annan måte å si at det alltid er eit politisk spørsmål. Av den grunn kan fridom aldri berre bestå i fråvær av samfunnets makt over individet, men må ogso innebere moglegheita for individa til å delta i dei politiske prosessane som former relasjonane deira til sine eksistensvilkår. Sagt annleis, menneske er av natur politiske dyr, og deira fridom kan verte røynleggjort og oppretthaldast gjennom kollektiv sjølvbestemming – eller det vi kallar demokrati. Kommunisme er eit strev etter å ta det demokratiske idealet so seriøst som mogleg, og er soleis ein visjon om fridom. Demokratiet må, som Ellen Meiksins Wood sa det, «bli revurdert ikkje berre som ein politisk kategori, men som ein økonomisk ein, [... dvs.] som ein økonomisk regulator, den drivande mekanismen i økonomien».

Ikkje ein livsstil

Kommunisme impliserer ikkje ein særskild idé om det gode livet. Kommunisme er ikkje ein livsstil eller ein fantasi om å gjere kvar fasett av eit individs liv til gjenstand for politiske avgjersler; det er ikkje ein romantisk fellesskapskult eller ein draum om fellesskap og spleiselag og gjer-det-sjølv-kultur. Kommunisme er ein innsats for å etablere institusjonar som kan sikre høgaste mogleg grad av individuell fridom og demokratisk kontroll over dei aspekta av menneskelivet som med naudsynt er delt av medlemmane i eit samfunn. Kommunisme er like mykje for introverte og eremittar som det er for entusiastiske kollektivistar.

Kommunisme er basert på anerkjenninga av at det er aspekt ved livet vårt som er ontologisk kollektive, og som derfor ikkje kan overlatast til individ. Det beste dømet er jord: opphavleg tilhøyrar det ingen, og derfor alle, noko som betyr at avgjerdene om kva ein skal gjere med det må vere demokratiske avgjerd. Kommunaliseringa av våre delte eksistensvilkår er ikkje basert på ein moralsk påstand om det felles eller kollektive som på ein eller annan måte finare eller betre eller høgare enn individet, men på den enkle innsikta at reproduksjonen av menneskearten er grunnleggjande sosial, og at total demokratisering av dei delte aspekta av denne reproduksjonen er den einaste fornuftige konsekvensen av det faktumet. Alle aspekt av livet som kan takast vare på individuelt vil derimot som regel verte verande individuelle spørsmål.

Den grunnleggjande føresetnaden for kommunisme er at dei grunnleggjande vilkåra for samfunnslivet blir bringa under demokratisk kontroll. Staten ville bli avskaffa, alle private selskap ville bli oppløyste, og alle private eigde produksjonsmidlar – land, bygningar, maskiner, osv. – samt velstanden til overklassen, ville bli ekspropriert. Samstundes ville nye institusjonar måtte byggjast, som ikkje berre ville ta over mange av funksjonane vi vanlegvis assosierer med staten i dag, men som også ville forvalte og overvake økonomien.

Det som er på spel her er altså ei vidfamnande utviding av demokratiet. I staden for å overlate økonomiske avgjerd til marknadskrefter, ville det vere oss som avgjorde kva det er vi vil.

Kommunen

La oss kalle den grunnleggjande eininga av den institusjonelle strukturen i kommunismen for «kommune». Alle ville måtte velje ein heimekommune, men alle ville kunne bu i kva kommune de ville velje. Kommunane ville variere i storleik, avhengig av deira revolusjonære forhistorie samt deira særskilde geografiske, kulturelle og historiske kontekst. Nokre kommunar ville vere sterkt urbaniserte og telje innbyggjarane sine – la oss kalle dei kommunardar – i millionar, medan kommunar i sparsamt busette område eller aude øyar kunne ha veldig få innbyggjarar, i alle fall til å byrje med. Kommunismen vil gradvis redusere skiljet mellom by og land, men til å byrje med vil det vere nødvendig å byggje kommunisme i ei verd forma av hundreår med intens kapitalistisk urbanisering, noko som betyr at sterkt urbaniserte område som Tokyo eller Shanghai måtte transformerast til fleire store urbane kommunar.

Ideelt sett ville kvar kommune kontrollere alt som er naudsynt for å dekke behova til sine kommunardar, frå land, vatn, energi og andre naturressursar til arbeidskraft, teknologi, forsking og utdanning. Avgjersle burde generelt bli tatt av – eller så nær som mogleg – dei som blir påverka av dei, for å sikre ein høg grad av autonomi og minimere risikoen for udemokratisk sentralisering av makt.

Pariserkommunen i 1871 var eit av dei første forsøk på direkte demorati og vakte stor oppsikt i Europa

I praksis er dette eit ideal det er umogleg å røynleggjere, delvis fordi ein av dei grunnleggjande vilkåra for alle kommunar er ei stabil biosfære, og det kan berre bli garantert gjennom ein form for global regulering av bruken av våre felles naturressursar. Dessutan ville det vere openberre fordelar ved samarbeid mellom kommunar. To nabokommunar kunne til dømes bestemme seg for å samle ressursane sine rundt infrastruktur eller utdanning. Slike avtaler mellom kommunar ville sannsynlegvis resultere i ein form for pyramidestruktur beståande av politiske institusjonar med avgjerdsmakt, samt forum for koordinering, kunnskapsdeling og gjensidig hjelp.

Under kommunismen ville folkeavstemmingar vere meir vanlege, men ikkje alle avgjersle kunne bli tatt på denne måten. Det ville også måtte vere representative forsamlingar, der seta kunne bli fylt gjennom ein kombinasjon av val og lotteri, som ville motvirke danninga av ein politisk elite og marknadsimiterande profesjonalisering av politikken.

Kanskje den viktigaste oppgåva til kommunen ville vere å vedta og utføre dei økonomiske planane som ville erstatte marknadsmekanismane. Det kan sjå ut noko slik ut: alle kommunardar og produksjonsanlegg ville rapportere behova og ønska sine regelmessig, og basert på offentleg tilgjengelege data om desse behova og ønska, så vel som tilgjengelege ressursar og produksjonskapasitet, ville ulike politiske organisasjonar foreslå utkast til økonomiske planar som skisserte produksjonsmål for toårige periodar. Denne prosessen ville bli gjentatt fleire gongar i samband med offentlege møter og høyringar, og ulike former for offentlege debattar for å sikre eit maksimumsnivå av demokratisk deltaking. Til slutt ville ein endeleg plan bli vedteke ved folkeavstemming. Avgjerdene angåande dei nøyaktige detaljane i gjennomføringa ville bli tatt av representative forsamlingar i samarbeid med produksjonseiningane.

Den offentlege sektor

Under kommunismen, ville økonomien bli delt inn i to sektorar. Aaron Benanav lånar frå Marx og kallar dei sfæren av naudsyn og sfæren av fridom. Vi kan også kalle dei den offentlege sektoren og den private sektoren. I den offentlege sektoren – eller sfæren av naudsyn – «ville vi dele ut», som Benanav seier, «arbeidet som er naudsynt for vår kollektive reproduksjon, og fordele ansvar med omsyn til individuelle evner og tilbøyelegheiter». Dette ville blant anna omfatte landbruk, helsestell, bustad, utdanning, forsking, barnestell, eldreomsorg, offentleg transport, infrastruktur, media, forbruksgodar og det vi i dag kallar kapitalvarer.

Dei toårige planane skildra ovanfor kan bli tenkt på som ei liste over alt som skal bli produsert av den offentlege sektoren, som deretter kan bli omgjort til ein viss mengde arbeidstimar som krevst for å nå desse måla. Desse timane ville, ideelt sett, bli distribuert likt blant alle vaksne kommunardar som er arbeidsdyktige, og spesifikke oppgåver ville bli tildelt etter kvar enkeltperson sine evner og behov. Dimed kunne alle, til dømes, verte pålagt å jobbe tjue timar i veka.

Under kapitalisme vert ein betydeleg del av arbeidet som er mest naudsynt for livsopphaldet gjort usynleg eller privatisert som ubetalt husarbeid. Den kapitalistiske separasjonen av betalt og ubetalt arbeid, av produksjon og reproduksjon, som er ein viktig kjelde til kjønnsbasert undertrykking, ville forsvinne under kommunisme, der reproduktivt arbeid ville telle som ein del av kommunens delte arbeidsbyrde.

For å vere sikker på at behova til kommunen samsvarte med behova og evnene til kommunardane, kunne ulike incentiv bli brukt – ein spesielt upopulær oppgåve kunne, for eksempel, telle for dobbelt tal av timar eller komme med spesielle privilegium, som tilgang til meir attraktive bustader eller meir attraktive arbeidsforhold. Meir populære oppgåver kunne bli tildelt ved loddtrekning eller bli bunde saman med upopulære oppgåver. Ein liknande strategi kunne verte nytta for å sikre at kommunens utdanningssystem er tilpassa dei forventa behova til kommunen, for å unngå mangel på spesialisert arbeidskraft. På denne måta, ville det vere mogleg å skape ein arbeidsdeling der dei fleste oppgåver ville være like attraktive, og der visse grupper av menneske ikkje ville bli tvunge til å ta på seg dei verste oppgåvene – som dei er under kapitalismen no.

Alt som blei produsert i den offentlege sektoren ville bli distribuert utan nytting av pengar. Bustad, helsestell, medisin, utdanning, barnestell, offentleg transport og måltid i offentlege kantiner ville være gratis og tilgjengeleg for alle, utan kontroll. Bustad ville bli tildelt gjennom loddtrekning og ventelister. Den grunnleggjande ideen bak offentlege bibliotek kunne bli utvida til ting som verktøy, syklar, musikkinstrument, kunst og klede, slik den danske politikaren Pelle Dragsted nyleg foreslo.

Forbruksvarer knytt til varierande individuelle preferansar (eg likar å drikke vermut, du føretrekk kanskje sherry) kunne bli 'kjøpt' med digitale kupongar. Alle kommunardar ville motta kupongar kvar veke for å nytte på tenester og produkt tilgjengeleg frå offentlege lager. Dette ville ikkje vere pengar, sidan kupongane ville vere personlege og laupe ut etter ein viss periode (la oss seie tre månadar, til dømes), noko som tyder at dei ikkje kan bli overført og akkumulert.

Kommunen ville produsere og distribuere alt som er nødvendig for at alle kommunardar skal leve eit godt, langt, sunt, og stabilt liv. Den ville være ansvarleg for bygging og vedlikehald av bustader, elektrisitet, vegar, sanitære tilhøve, jernbaner, internett; den ville produsere maten og medisinen din, kleda dine, telefonen din, møblane dine, tv-en din, og bøkene dine; den ville ta vare på deg, barna dine, dei eldre og dei sjuke.

Men kommunen ville ikkje være i stand til å møte alle kommunardane sine behov. Under kapitalisme er det den effektive etterspurnaden til individa som bestemmer kva som blir produsert: «den sosiale krafta blir den private krafta til private personar», som Marx sa det i Kapitalen. Under kommunisme ville avgjersler om kva som skal bli produsert bli take demokratisk, noko som betyr at kommunen kanskje ville velje å ikkje produsere visse produkt sjølv om nokre kommunardar ville at den skulle det. I slike høve, ville kommunardane som regel være fri til å produsere desse tinga sjølv i fritida si.

Produkt som kommunen har valt å ikkje inkludere i sin økonomiske plan, kunne blitt produsert av den private sektoren, eller i fridomen sitt rike – det vil seie, den delen av eit samfunn sin økonomi som kommunardane skulle styre i fritida si. Her skulle alle produsere og handle som dei ynskte, innanfor visse demokratisk bestemte grenser (ingen produksjon eller utveksling av menneske, våpen eller harde narkotika til dømes). Kommunardane skulle også kunne skape institusjonar og teknologiar som kunne lette og regulere utveksling – til dømes ved å skape ei form for pengar.

Tenk deg, til høves, at vi demokratisk har bestemt at for å redusere arbeidstida for alle, vil kommunen berre produsere syklar i ein farge. Om ein kommunard desperat ønsker seg ein raud sykkel, kan dei hente ein uferdig sykkel frå eit offentleg lager (gratis, sjølvsagt, som alt anna) og måle den sjølv. Eller kanskje dei vil ta den til ei sykkelverkstad som ei gruppe kommunardar har etablert i fritida si, og ha dei til å male den i bytte mot noko anna. Som dette dømet vonleg gjer klart, er «den private sektoren» i grunn berre eit namn på dei produktive aktivitetane som kommunardane driver med i fritida si.

Linja mellom dei to sektorane skulle bli trekt demokratisk av kommunen. Kvar gang er det eit spørsmål om: Er dette eit behov vi er samde om å ta kollektivt ansvar for, eller er dette noko vi overlèt til kommunardane å ta vare på sjølve? Energi, bygningar og råmateriale som krevst for produksjon utanfor den offentlege sektoren, skulle bli gjeve av kommunen, anten gratis eller i bytte mot produkt eller tenester.

Men er ikkje denne private sektoren berre ein anna form for kapitalisme? Svaret er nei, fordi kommunen alltid ville garantere alle kommunardar uvilkårleg tilgang til naudsynte livsvilkår, som tyder at det alltid ville være mogleg å trekkje seg fullstendig ut av den private sektoren. Land, husvære og arbeidskraft ville aldri bli varer. Pengar ville eksistere som eit reint bytemiddel og kunne ikkje bli nytta til å gje visse personar makt over andre.

Livet under kommunisme

I hundreår har kapitalisme prioritert profitt over naturen, og som eit resultat står vi nå igjen med det den kommunistiske forfattaren Eskil Halberg har kalla for eit oppussingsprosjekt av ein planet. Vi trenger det som The Salvage Collective, i sitt 2021-manifest, The Tragedy of the Worker, kallar ein bergingskommunisme, noko som tyder at ein monaleg del av kommunens ressursar ville trengt å verte via til økologisk restaurering. Demokratiseringa av fellesressursane våre ville gjere det mogleg å regulere nyttinga av naturressursar, og dermed sikre eksistensvilkåra for framtidige generasjonar av menneske og dei andre levande skapningane vi deler denne jorda med.

Ideen om kommunisme som eg har skildra her, er like ulik den autoritære statssosialismen frå det 20. hundreåret som den er ulik kapitalisme. Så kvifor insisterer vi på å kalle det «kommunisme» i det heile, eit ord som er så sterkt assosiert med stalinistisk diktatur? Av same grunn som at vi ikkje bør gi opp konseptet «demokrati»på grunn av den tyske demokratiske republikken eller Folkerepublikken Nord-Korea. Nokre ord er verdt å kjempe for, og i staden for å forlate omgrepet kommunisme til den typiske borgarlege forfalskinga av historia, bør vi insistere på å fortsette den lange, ubrotne tradisjonen som – i uttalt opposisjon til autoritær statssosialisme – har kjempa for eit fritt samfunn under banneret til kommunismen i over meir enn 150 år.

So, korleis ville livet under kommunisme sjå ut? Framfor alt ville eit kommunistisk samfunn være fritt, klasselaust og mangfaldig. Kommunisme ville gi alle fridomen til å forme sine eigne liv som dei ynskjer. Kommunisme ville være synonymt med meir demokratiske avgjersler, færre arbeidstimar, betre husvære, betre mat og ein stabil biosfære, samt med noko kapitalismen aldri kan tilby – økonomisk sikkerheit. Under kapitalisme veit du aldri når oppseiingar, inflasjon, eller ein økonomisk krise vil rive teppet vekk under deg; under kommunisme ville ingen nokon gong trenge å frykte å bli kutta av frå tilgang til grunnleggande livsvilkår. Eit kommunistisk liv vil, med andre ord, være fritt, trygt og godt – for alle.

Dette er basert på ein artikkel som opphaveleg ble publisert i Information og som blei omsett frå dansk av Sherilyn Nicolette Hellberg.

Powered by Labrador CMS