Anmeldelse

Av Philip James de Loutherbourg (Kjelde: Wikimedia Commons)

Sjokket frå eit epokeskifte

Publisert

BOKOMTALE: Vi er både eit produkt av miljøet og øydelegg det: Korleis kan ein forstå denne modernitetens schizofreni?

Av Roar Høstaker, professor i sosiologi, Høgskulen i Innlandet

The Shock of the Anthropocene av Christophe Bonneuil og Jean-Baptiste Fressoz. Verso, 2017.

I den aukande floraen av antropocen-litteratur står The Shock of the Anthropocene,1 av miljøhistorikarane Christophe Bonneuil og Jean-Baptiste Fressoz, fram som eit av dei viktigare bidraga. Dei startar med å skrive litt om kva omgrepet «antropocen» kan tyde, og korleis Paul J. Crutzen i 2000 føreslo denne nemninga for den geologiske epoken vi lever i.2 Crutzen meinte menneskeslekta dei siste hundreåra har vorte ei kraft som endrar jordkloden fundamentalt på eit stratigrafisk plan – altså målt i avleiringane i steinlag, eller i det minste i borekjernar frå innlandsis. Vi er altså ikkje lenger i holocen, men i antropocen. Tilhøva på jorda har vorte omdanna med massive utslepp av karbondioksid, nitrogenoksid, klorfluorkarbon, metan og nedbryting av jordoverflata og hava. Alt dette har ført til aukande press på livsvilkåra til mange plante- og dyreartar slik at nokon av dei døyr ut. Ei sentral endring er utviklinga av industrielt jordbruk, som blei mogleg gjennom binding av nitrogen frå lufta for å lage kunstgjødsel, med auke i både folketal og husdyrhald som følgje.

Det har vore mykje diskusjon om når den antropocene tidsalderen eigentleg starta. Crutzen føreslo å setje startpunket ved 1784, som var det året då James Watt tok ut patent på dampmaskinen sin. Dampmaskinen står såleis fram som symbolet på den omfattande bruken av kol som ein fekk i den industrielle revolusjonen og seinare. Andre har kritisert dette synspunktet ved vise til at ein brukte kol til oppvarming i England mykje tidlegare enn frå slutten av 1700-talet og at bruken av dampmaskiner til industrielle formål først blei dominerande frå 1825 av.3 Dette er ikkje ein diskusjon som Bonneuil og Fressoz er veldig opptekne av. Snarare er fokuset deira retta mot teoriane om antropocen, og kva konsekvensar dei kan ha for å forstå forholdet mellom menneske og natur. Dei aksepterer at forskarane som fremjar dei dominerande forteljingane om denne historiske epoken, «antropocenologane», har funne noko som er verdt å diskutere og ta alvorleg. Men dei har vanskeleg som historikarar å akseptere det dei meiner er geovitaranes perspektiv frå ingenstad. I motsetning til den kjende historikaren Dipesh Chakrabarty, så gjer dei ikkje den geologiske tidsdimensjonen om til sin eigen for å oppheve skiljet mellom naturhistorie og kulturhistorie.4 Dersom ein held seg til Crutzens startpunkt, så har antropocen trass alt vorte skapt gjennom dei siste 234 åra sjølv om den vil ha konsekvensar i lang tid framover.

LES OGSÅ: Antropocen

Å historisere antropocen

Bonneuil og Fressoz er altså ikkje servile overfor naturvitskapane, men dei er ikkje fiendtlege heller. Snarare historiserer dei den geovitskaplege kunnskapen gjennom å vise til opphavet av dei globale perspektiva i Den kalde krigen og dei teknikkane for måling og overvaking av geosystemet som blei utvikla den gongen. Målet deira er å skrive historia til den antropocene tidsalderen gjennom ein fleirvinkla framgangsmåte, og samtidig skissere dei transcendentale føresetnadane for ein økologisk humaniora, som dei kallar det. Denne framgangsmåten nyanserer den dominerande diskursen og historiserer han.

Ein vanleg påstand er, til dømes, at det er først i nyare tid at ein har vorte opptekne av nedbrytinga av miljøet og utarminga av naturressursar. Ein trekk gjerne tidslinja attende til 1972 og Romaklubbens rapport Limits to Growth, eller kanskje kan ein strekke det så langt attende som til Rachel Carsons bok Den tause våren frå 1962. Andre viser til seint 1980-tal, då James Hansen og andre hevda at klimaet var i ferd med å endre seg. Samfunnsvitskapane ville også vere med på leiken, og på 1990-talet hevda nokre sosiologar at aukande medvit om miljørisikoar blant oss som bur i Europa og Nord-Amerika hadde gjort oss refleksivt moderne framfor berre moderne.5 Men ingen av desse oppfatningane overlever Bonneuil og Fressoz’ historiske studiar; dei viser til miljødiskusjonar frå seint 1700-tal og framover gjennom både det 19. og 20. hundreåret. Folk var veldig refleksive alt i tidlegare tider, sjølv om ein brukte andre omgrep, som til dømes circumfusa («det som ligg rundt») for det vi seinare omtalar som miljø. Men i praksis blei mykje av denne uroa marginalisert i høve til den hovudtrenden som har gjeve oss dei miljøproblema vi no slit med. Bonneuil og Fressoz konkluderer med at problemet ikkje er å forstå framveksten av miljø-medvit, men: «… tvert om, å forstå schizofrenien til moderniteten som held fram med å sjå på menneska som eit produkt av miljøet, men samtidig let dei halde fram med å skade og øydelegge det».6

Forlatne dekk nord i Kent, England. (Kjelde: Wikimedia Commons)

Antropocen, anglocen, kapitalocen?

Bonneuil og Fressoz godtek heller ikkje at det er ein udifferensiert folkesetnad eller allmenn humanitet som har skapt klimaproblema. Det er store selskap som har eit viktig ansvar for dei omfattande klimautsleppa, og vi kan til og med tale om ein «anglocen». Altså, fossil kapitalisme var ikkje berre ein britisk oppfinning som dei projiserte til resten av verda som del av det britisk-dominerte verdssystemet, men Storbritannia sto for det meste av utsleppa av karbondioksid på 1800-talet og tar, saman med USA, prisen for største forureinar av CO2 frå 1750 og fram til vår tid.7 Av liknande grunnar kan ein også omtale den antropocene epoken som ein «kapitalocen». Storbritannia og USA var i tur og orden dei to hegemoniske maktene i kapitalismen dei siste 250 åra, men kapitalismen er ikkje samanfallande med forbruk av fossile brennstoff. For den tidlege handelskapitalismen var energimessig annleis og var først dominert av dei italienske byane og så Nederland. Dette var likevel ein kapitalisme gira for ekspansjon som i England fekk ein ny grobotn.

Ein veldig styrke ved boka er at i Bonneuil og Fressoz si framstilling finst det ingen overordna determinisme som har gjeve oss den antropocene tidsalderen. Det finst inga «utvikling» som er historisk naudsynt av politiske, tekniske eller andre grunnar. Antropocen kjem av visse historiske val som blei gjort på visse tidspunkt og det var ofte konfliktar og motstand mot mange av dei løysingane som blei valde. Eit av desse vala var masseforbruk. Den «disiplinære hedonismen» som var grunnlaget for denne forma for forbruk, organiserte tidsbruken rundt dikotomien arbeid og fritid, og den blei innført i Nord-Amerika frå 1930-talet av som del av ein «pakke» der industrien kunne halde fram med å produsere og selje varer og konsumentane kunne slutte opp om det politiske systemet. Tilsvarande i Tyskland der det nasjonalsosialistiske regimet fekk massiv oppslutning ved ein lovnad om auka forbruk gjennom folkemottakaren, folkevogna og så bortetter. Vridinga mot masseforbruk la grunnlaget for det som blir omtala som «den store akselerasjonen» i etterkrigstida, med eit veldig forbruk av fossile energikjelder over det meste av jordkloden. Alt dette er det vanskeleg å gjere om på i ettertid, når vi alt har bygd opp ein sivilisasjon på eit visst teknisk, politisk og økonomisk grunnlag. Dette viser seg, til dømes, i alt snakket om «energitransisjon» eller «grønt skifte» som i praksis har vist seg berre å vere eit relativt skifte mellom energiformer. Med andre ord, nye energiformer har kome til medan det absolutte forbruket av fossil energi har auka. Eksempelvis, har det relative forbruket av kol minka i Europa og i Nord-Amerika, men det har auka i Aust-Asia. Resultatet er at ein brukar større mengder kol i vår tid enn nokon gong før!8

Mot overleverte førestillingar

Sjølv om boka oppsummerer mykje forsking og viser til store overordna prosessar, så refererer Bonneuil og Fressoz heile tida til konkret empiri. Denne empirien har gjerne ei rå form, som tilvisinga til infografen over alle dei 2053 atomeksplosjonane mellom 1945 og 1998.9 Empirien er sjølvsagt ikkje uttømmande på nokon måte, men konkretiserer påstandane i boka. Min yndlingsempiri-bit er for eksempel den følgjande: «… mellom 1980 og 2005 var det ein negativ korrelasjon mellom utslepp av drivhusgassar og demografisk vekst».10 Der rauk altså delar av argumentet om at det er folkeveksten i dei fattige landa som har «skulda» for klimaendringane.

Store delar av boka går altså ut på å argumentere mot overlevert visdom, eller den retoriske strategien para-doxa. Dette er eit vanskeleg argument å føre fram, sidan det ikkje kan «lene seg mot» den allmenne fornufta av aksepterte førestillingar. Likevel, det er ei form for argument som det er lettare å få oss til å lytte til, fordi det skapar ein form for retorisk spenning: Får dei dette til eller gjer dei det ikkje? Ein annan styrke ved boka er at forfattarane ikkje har nokon skjult agenda der dei er ute etter å «ta» visse grupper som «dei eigentlege skurkane» i soga og som vi bør rette vårt fem-minuttarshat mot. Dei diskuterer problemet med antropocen frå mange ulike vinklar og dei er ikkje einsidige. Det er heller ingen «underdog-bias» på vegne av ei gruppe eller klasse som er dei eigentlege heltane og som vil vere dei framtidige vinnarane sjølv om dei no er taparane. Altså, ingen hegeliansk marxisme.

Grupper og posisjonar står også fram som ein funksjon av diskursar og det er ikkje slik (som i mykje samfunnsvitskap) at diskursen er noko ueigentleg som vi må «sjå gjennom» for å finne dei eigentlege gruppene som diskursen representerer. Dette tyder ikkje at diskursane lever sine eigne liv uavhengig av verknader i både den sosiale og fysiske verda. Boka løyser få problem, men som andre store bøker gjev ho mange nok lause trådar til at andre kan røve tankar og idéar frå henne og bruke dei på sin eigen måte. Med andre ord, det er noko i boka for alle.

NOTAR

1 London: Verso, 2016.

2 Crutzen lanserte omgrepet på ein konferanse i februar 2000, og følgde opp i denne artikkelen: Paul J. Crutzen, «Geology of Mankind,» i Nature vol. 415 no. 3 January (2002): 23.

3 Andreas Malm, Fossil Capital: The Rise of Steam Power and the Roots of Global Warming, London: Verso, 2016 78-81.

4 Dipesh Chakrabarty, «The Climate of History: Four Theses,» i Critical Inquiry vol. 35 no. Winter 2009 (2009): 197-222.

5 Ulrich Beck, Anthony Giddens og Scott Lash, Reflexive Modernization: Politics, Tradition and Aesthetics in the Modern Social Order., Cambridge: Polity Press, 1994.

6 Bonneuil og Fressoz, 197.

7 Bonneuil og Fressoz, 116-121.

8 Ibid., 100-102.

9 https://www.youtube.com/watch?v=LLCF7vPanrY. Jf. Bonneuil og Fressoz, 59, fotnote 30.

10 Ibid., 70, fotnote 15. Denne analysen er henta frå David Satterthwaite, «The Implications of Population Growth and Urbanization for Climate Change,» i Environment and Urbanization vol. 21 no.2 (2009). 545-567.

Powered by Labrador CMS