Det som er skadeleg med woke som falsk radikalisme er at ein fjernar fokus frå kollektiv handling, og i staden individualiserer problema.

NOK WOKE ELLER WOKE NOK?

Målet med å omtale historiske hendingar kan ikkje berre vere å identifisere dei, men å tenkje kritisk kring dei og relatere dei til breiare sosiale tilhøve. To av bøkene utgjeve om woke denne hausten maktar berre delvis å leve opp til desse krava.

Publisert Sist oppdatert

Bøkene Kanseller meg hvis du kan og Woke. Kulturkrig, kansellering og identitetspolitikk tek båe for seg omgrepet «woke», men dersom ein ynskjer ein fullverdig historisk gjennomgang og av kva woke er – samt ein årsaksforkling av kvifor omgrepet tek so stor plass i offentlegheita – vil ein nok ikkje verte tilfredsstilt av desse bøkene. Det skortar på analytisk djupne hjå båe, og ingen av dei seier særleg om korleis woke inngår som del av kapitalismen sin historie, der kapitalkrefter har tileigna seg og utvatna radikale rørsle.

Lisa Esohel Knudsen har ein positiv forståing av omgrepet, men legg ikkje særleg vekt på å forklare korleis det har vorte misbrukt, eller korleis ordet har fått ein negativ tyding. Danby Choi har ei negativ forståing av woke, men angrip ikkje i særleg grad den opphavlege tydinga som Knudsen forfektar. Knudsen talar om woke i den opphavlege tydinga, medan Choi i større grad angrip den forvrengte tydinga av woke, utan å tydeleggjere dette. Soleis talar dei i nokre omstende forbi kvarandre, og eg trur faktisk dei er meir samde enn det verkar.

Ei kort historie om woke

Å vere woke var lenge eit kodeord blant afroamerikanarar om at ein måtte vere merksam på undertrykking. Det var ein «politically switched-on community-led and solidarity-based practice», ifylgje Carl Rhodes.1 Men etterkvart, kring 2016, fekk woke ei ironiske tyding, der det omfatta progressive si nytting av «wokeness» for å fordømme andre. Det omhandla folk som forkynte «dei rette meiningane», ikkje om å heve medvite om systemiske problem.

Termen blei dimed nytta negativt – som noko ein sa om sine politiske motstandarar, ein arvtakar for «politisk korrekt» og «identitetspolitikk». Plutseleg hadde woke, i særskild i konservative kretsar, vorte rota til alle samfunnsproblem, i staden for å vere ein respons på desse problema.

Bakgrunnen for dette er at termen blei sopass populær under Black Lives Matter-demonstrasjonane at eit vell av kapitalistiske selskap approprierte språket og estetikken på ein overflatisk måte. Dei adopterte sjølvsagt ikkje det radikale og samfunnsomveltande ved det å vere woke (sjølv om nokre hevdar dette). Dette er del av ein lengre historie der firma ville framstille seg som sosialt ansvarlege, i eit forsøk på å motverke meir radikale rørsle. I tråd med at desse bedriftene blei bunde av kravet om å skape profitt for aksjonærar, nytta dei stadig meir kreftar på å syne seg som etiske. Firma innførte difor ein heil del tiltak – som t.d. at ein del av det ein betalar for eit produkt går til velgjerande formål – for å betre sitt image. Sosiale problem blei til moglegheiter for selskap til å syne sin sosiale verdi. Ein kan ikkje forstå korleis woke har fått so mykje merksemd utan denne bakgrunnen.

Noko anna ein må ta med er den nyliberale vendinga som byrja på 1970-talet. Nyliberalisme er ofte (mis)forstått som ein modell for ein minimal nattvektar-stat, men som Radhika Desai argumenterer, handlar nyliberalisme i større grad om at staten skal leggje til rette for marknaden.2 Det er difor ein tendens som aukar kapitalen si makt over samfunnet. Woke er altso eit symptom på endra materielle tilhøve. Sjølv om tanken om sosialt ansvar oppstod i kapitalismen sin gullalder, har fokuset på sosialt ansvar auka i takt med ein eksplosjon av økonomisk ulikskap. Bedrifter kjente eit aukande behov for å rettferdiggjere seg gjennom å syne seg som moralske, det som no heiter «woke-vaksing». Dette, seier Rhodes, er eit trugsmål mot demokratiske prosessar, då selskap i aukande grad grip inn i offentlegheita, og agerer som sosiale aktørar.

Dei går utover målet om å skape legitimitet til å aktivt overta demokratiske funksjonar. Dei vil oppfylle rollar som tidlegare var staten sine, t.d. gjennom å gje til velgjerande formål framføre å betale skatt. Soleis kan dei posere som etiske samstundes som dei held på kontrollen over korleis pengane deira skal nyttast og kva retning samfunnet går i.

Kapitalistar skal altso ikkje berre tene seg rike på utnytting; dei skal òg verte anerkjente som «gode» medan dei gjer det.

«Wokisme»

Det skjedde ein dobbel forandring, ifylgje Rhodes: Fyrst blei innhaldet i woke svekkja av at det vert adoptert på ein opportunistisk måte av bedrifter og individ som vil verke gode; dinest blei dei som oppriktig kjempar for sosial forandring utskjelt gjennom den legitime kritikken av dei som berre tileignar seg woke på ein overflatisk måte. Ein kunne dimed hevde at dei som faktisk kjempar for forandring eigentleg berre bryr seg om sin eigen moralske status. I ein slik situasjon vert det uklårt om ein kritiserer det eine eller det andre. Denne vaklinga kjenneteiknar boka til Choi.3

Choi omtalar woke som ein ideologi, og snakkar om «wokistar» som om dei utgjer ein homogen gruppe. So lat oss tale litt om ideologi. Marxisme er ein ideologi: Det er ein ideologi som fortel at kjelda til all rikdom er arbeidet og jorda, og at kapitalistar må utnytte arbeidarar for å produsere meirverdi. Marxismen fortel vidare at kapitalismen er ibuande kontradiktorisk, då den har tendensar mot monopolisering, imperialisme, overproduksjon og underkonsumpsjon. Liberalisme er ein ideologi: Det er ideologien om privateigedom som legitimerer kapitalismen. Det er ein ideologi som legg vekt på abstrakt fridom frå inngripen, som dyrkar individet og som trur det meste (om ikkje alt) kan verte redusert til det som hender på dette nivået.4

Eit karakteristisk trekk ved liberalisme er at ein set individet og kollektivet i opposisjon, i staden for å vektleggje deira samspel.5 Soleis er det ein dualistisk, ikkje dialektisk måte å tenkje på. Dette er ein grunnleggande svakheit ved denne tilnærminga: Ein stil seg ikkje spørsmålet om kva type sosiale organisasjonar som mogleggjer menneskeleg sjølvutvikling, då ein reknar desse som hinder, ikkje moglegheitsvilkår for slik utvikling.6 Korleis individet er forma i og gjennom eit samspel med omgjevnadane vert difor i stor grad oversett, eller rekna som sekundært til individet sin fridom.

Soleis kan ein berre tale abstrakt om fridom, ikkje konkret om korleis denne fridomen kan verte røynleggjort i praksis.7

Gjennom å behandle fridom abstrakt, kan ein fnyse av dei som talar om system som hindrar nokre grupper i å utfalde seg som individ, men ein kan ikkje argumentere konkret mot dei som hevdar at dette er høvet. Ein skulle nærast tru Knudsen hadde lese boka til Choi då ho skriv:

«En del av kritikerne av woke går ut på at de som forfekter woke vil begrense de liberale opplysningsideene – ytringsfrihet, religionsfrihet, likhet for loven, menneskerettigheter og demokrati. Problemet er jo at disse liberale rettighetene aldri blei gjeldene for alle – på like vilkår. Slaveri, segregering, kvinneundertrykkelse og stigmatisering av skeive er eksempler på dette.» (93)

Poenget er altso ikkje å utfordre desse ideane, men å utvide dei til å gjelde for alle. Ein abstrakt tilnærming til fridom ignorerer dette, og difor sviktar liberalismen som analyseverktøy.

Dersom ein meiner at liberal fridom allereie er oppnådd, kan ein sjølvsagt kjenne seg truga av dei som ynskjer at fleire skal få ta del i den, og dei som vil utvide demokratiet til å gjelde fleire sfærar. I tråd med dette seier Knudsen at angrepet på woke difor ofte handlar om å forsvare gjeldande maktstrukturar. Men det som manglar i hennar analyse, er korleis woke og identitetspolitikk ogso har vorte nytta kynisk for å halde ved like og/eller forsterke slike strukturar. Ho er inne på korleis woke blei definert om og avpolitisert av personar som (t.d.) Twitter-grunnleggar Jack Dorsey. Denne omdefineringa «bidro antagelig til å gjøre uttrykket enklere å avfeie» (34). Likevel undrar ein seg på om ho, som ein spegling av Choi, har hatt eit ynskje om å forsvare woke som gjer at ho unngår å tale om korleis uttrykket har vorte snudd på hovudet.

Elles er eg samd i Knudsen sitt utsegn om at det å faktisk hindre nokon å kome til orde ikkje er enkelt, og at ytringsfridomen trass alt står ganske sterkt i Noreg. Bak alle døma Choi kjem med, der dei færraste omhandlar faktisk kansellering, finst det nok av døme på ting som ikkje vert forsøkt kansellert. Og som Knudsen merkar seg: Kansellering er ein praksis som eksisterte lenge før woke. Gjennom å tale om at ein er kansellert kan ein flytte «oppmerksomheten og ansvarsbyrden» (81) bort frå det ein har gjort eller ytra.

Eg kan leggje til at den kapitalistiske praksisen med å presentere ein sjølv som sosialt ansvarleg for å sikre legitimitet ogso er mykje eldre enn woke. Det som er nytt, er at dei ikkje berre vil sikre legitimitet, men gripe direkte inn i demokratiske prosessar.

Knudsen adresserer noko av det eg seier om liberalisme då ho skriv: «Woke som fiendebilde klarer [...] å nå inn til både liberale som synes at anti-rasisme har blitt mer plagsomt enn rasisme, og rasister som synes det har blitt alt for mange brune folk i Europa – for å sette det på spissen» (123). Woke fungerer som ein skuggefiende som både liberale og konservative kan nytte seg av for å framstille motparten i negativt ljos, men måta dei gjer det på er ikkje likestilde. Det er sjølvsagt verre å ville forby bøker enn å klage over at debatten kring transkjønna har gått for langt. Men Choi burde ikkje bli overraska over at mange ikkje bryr seg av desse nyansane; han bidreg jo sjølv til å viske dei ut.

Ytringsfridom og makt

Knudsen skriv at «ytringsfrihet garanterer hverken frihet fra kritikk, stempling eller sosiale sanksjoner» (79), medan Choi talar om «friheten til å ytre seg uten å møte sosiale sanksjoner» (91). Basert på denne definisjonen verkar Knudsen sin påstand, om at dette handlar meir om «ytringsfred», «å få være i fred med ytringene sine» (79), treffande. Det er elles påfallande at kompleksiteten i dette med kansellering har vore med oss lenge før woke blei eit fenomen. Ein må regulere samfunnsdebatten for å sikre eit sivilisert debattklima. Men ein må ogso rettferdiggjere dei sanksjonane ein nyttar seg av, oppmodar Knudsen. Det er eit viktig poeng.

Choi meiner vel ikkje at rasistiske ytringar ikkje burde verte møtt med sosiale sanksjonar? Han forstår vel at nokre ytringar verkar ekskluderande, då det kan skape eit meiningsklima der nokre gruppar ikkje vågar å ytre seg av frykt for grove angrep...?

Denne kompleksiteten er ganske fråverande hjå Choi, som meiner at eit frislepp vil verke som ei ventil og soleis minske polarisering. Dette kan nok stemme inntil eit visst nivå, men det er ikkje so eintydig som Choi hevdar. Choi syner til forsking ved Senter for ekstremismeforskning ved UiO, som syner at det er mindre høgreekstremistisk vald i land med høgrepopulistiske parti. Etter å ha leita opp artikkelen der forskaren intervjua i Subjekt talar om dette,8 kjem det fram at dette er del av ein pågåande debatt (han noterer ogso at stigmatisering leier til mindre rekruttering, men ogso til at det aukar intensiteten i slike grupper). At direkte forbod mot Frp ville vorte møtt med sinne er opplagt, men no er det vel ingen som tek til orde for dette?

Ravndal skriv ogso at «omfattende undertrykking og stigmatisering kan gje næring til vold og militans, [men] eit fullstendig fråvær av undertrykking og stigmatisering kan også leie til same resultat».9 Ein kan altso ende opp same stad, same kva tilnærming ein nyttar. Frislepp er altso ikkje eit universalmiddel.

Dette er ikkje den einaste gongen Choi presenterer forsking på ein tendensiøs måte for å styrke saka si. Choi peiker t.d. på korleis sokalla høgreradikale og venstreradikale «speiler hverandre i personlighetsprofil» (94). Ikkje berre seier ikkje dette noko om kausalitet, berre om korrelasjon, noko forfattarane innrømmer; og ikkje berre føretek ein dimed ein reduksjon der samfunnet berre er ein sum av individ; men ein overser ogso korleis personlegdom sjølv er ein transitiv prosess, ikkje eit ferdig produkt. Sjølv om den har stabile trekk er den samstundes i konstant forandring. Eit prosess-orientert perspektiv som ikkje essensialiserer er naudsynt.10 Dessutan: Er ikkje poenget med at folk agerer som ein «mobb» at dei liksom mistar sin personlegdom?11

Ettersom ytringsfridom i hovudsak handlar om retten til å tale utan intervensjon frå staten, ikkje utan intervensjon nedanfrå, er det eit grunnleggande trugsmål mot ytringsfridomen at bedrifter vil utvide makta og ta over rolla som staten tidlegare skulle forvalte. Bedrifter er trass alt ikkje demokratiske. Men dersom selskap tek over offentlegheita og i aukande grad kanaliserer for sine meiningar, burde ein vel søkje å avgrense deira makt. Ein høyrer ikkje noko om dette hjå Choi eller Knudsen.

Dette bidreg til forvirring. I Knudsen sin forklaring av kva den radikale forståinga av woke, er det som om omgrepet ikkje har vorte forvrengt av kapitalkrefter. Det er litt snodig at det er Choi som er mest merksam dette, men han gjev det ikkje særleg plass. Han sausar i staden saman desse to tydingane. Meir presist: Han behandlar symptom på forvrenginga av woke som om dei er i tråd med den meir radikale tydinga og rørsla mot kapitalisme. Dette er utbreidd i kritikken av woke. Soleis vert det uklårt korleis woke i det heile har fått den plassen det har i offentlegheita. Men det er i alle høve for enkelt å hevde at firma liksom var tvungne til å reagere av ein sint mobb.12

Elles kan ein spørje seg: Choi meiner vel ikkje at rasistiske ytringar ikkje burde verte møtt med sosiale sanksjonar? Han forstår vel at nokre ytringar verkar ekskluderande, då det kan skape eit meiningsklima der nokre gruppar ikkje vågar å ytre seg av frykt for grove angrep...?

«Den lille mann»

På side 188 seier Choi noko interessant. Han klagar på at wokistane har den «lille mann» som sin største fiende, og at «de kulturelt dannede» no ikkje lenger bryr seg om å lyfte opp de «sosiale taperne». Kven er det han vender seg mot her? Er det venstresida som har gløymt økonomiske tilhøve, eller er den liberale eliten og woke bedrifter som berre fokuserer på sosiale spørsmål? Tyder dette at Choi ynskjer at ein skal ta attende den opphavlege tydinga av woke?

Ikkje veit eg, men det er noko opportunistisk over det heile. Der han har høvet, vil Choi gje eit inntrykk av at han bryr seg om økonomiske tilhøve, men han seier det berre i ein bisetjing og er vag på kven det er han eigentleg rettar kritikken mot. Eg er heilt med på at ein t.d. må verne arbeidarar mot vilkårleg oppseiing, men om det er dette Choi vil til livs burde han nærast seie det eksplisitt.

Det er altso stader i boka der Choi verkar å ynskje seg attende til den opphavlege tydinga av woke, i alle høve i den grad denne omhandla «den lille mannen». Han er kanskje ikkje samd i denne tolkinga, men det er implisitt i det han skriv – i alle høve ettersom den radikale tydinga innebar ein kritikk av kapitalismen, noko som vel ville gjort vilkåra for «den lille mannen» betre.

At Choi ikkje nemner dette faktumet er påfallande, men kanskje er det av di han ynskjer å skape eit inntrykk av at ein kan bry som om «den lille mann» utan å overkaste kapitalismen. Og det kan ein sjølvsagt, men berre innanfor klåre avgrensingar, då kapitalismen trass alt er eit system bygd på utnytting av folk sin arbeidskraft, anten innåt i land eller mellom land. I dårlege tider må den vetle mann ofrast, noko ein ser nasjonalt med rentehevingar, eller på i global skala med nykolonial utnyttinga av utviklingsland. Å unngå høg inflasjon er viktigare enn å ivareta velferd for alle.13

Både Choi og Knudsen kunne difor teke ein kik på Carl Rhodes sin bok Woke Capitalism – How Corporate Morality is Sabotaging Democracy (2021), som gjennomgår korleis tydinga av woke har endra seg gjennom å ha vorte teke opp av firma. Og korleis woke føyer seg inn i ein lengre historie der kapitalistar tileignar seg radikale sine uttrykk for å fjerne deira brodd, og gje eit inntrykk av at kapitalismen er progressiv. Mogleg dei kjenner til verket, men meinte det ville komplisere historia dei ville fortelje. I ljos av denne boka kunne Knudsen sagt tydelegare kven ho ynskjer å vinne attende den opphavelege tydinga frå, medan Choi kunne konkretisert kven det er som hovudsakleg fremjar woke. Men det hadde potensielt truga heile analysen hans, sidan det hadde underminert påstanden om at dei ikkje er liberale.14

Likevel er Choi merksam dette med woke-vasking, då han skriv om korleis selskap nyttar woke i PR. Men han gjer dette til ein bagatell, han held det for å vere ein konsekvens av woke snarare enn ein årsak til at woke har vorte spreidd. Men om det hadde vore ein konsekvens av woke, måtte vel desse selskapa utfordre si eiga makt, ettersom woke jo opphavleg var anti-kapitalistisk. Dersom Choi faktisk meiner at det er problematisk at firma intervenerer i samfunnsdebatten, noko eg er samd med, kvifor påpeiker han ikkje at kapitalen si makt kan verte eit demokratisk problem? Han er inne på det i høve til saka mot Atle Antonsen, der han seier at det er best at samfunnet sjølv får ordne opp. Nyss det, samfunnet – ikkje bedrifter.

Falsk radikalisme

Som journalisten Helen Lewis syner i ein artikkel om woke i The Atlantic: bedrifter som vil fremje woke fokuserer på sosial radikalisme, framføre økonomisk radikalisme.15 Det skuldast sjølvsagt at dette er sakar som dei kan fronte utan å utfordre si eiga makt. (Dette tyder sjølvsagt ikkje at sosial radikalisme ikkje er viktig, men det er viktig å merke seg at dette er avgrensa form for radikalisme.)

Woke har altso vorte til noko sosialt. Den økonomiske dimensjonen har forsvunne. Støtta som nærast alle selskap syner til LGBTQI+ i juni kvart år er eit tydeleg døme på dette. Det fungerer som ein substitutt for genuin endring, og det er gjerne ein forvrenging av skeive sine kulturelle uttrykk.16 Det handlar ikkje om å ta dette miljøet på alvor, men om å tileigne seg det som kan fremje deira eiga sak. Slik kan det verke som ei framandgjering av deira symbol. Det heile er kynisk og kalkulert, sjølv om det kanskje kan verke positivt.17

Poenget er at firma aldri hadde fronta sosial forandring før den allereie har vunne populær støtte. Dei vil aldri kjempe for ei sak som kan truge økonomisk overskot. Botnlinja er i siste instans deira einaste sosiale ansvar, for å parafrasere Milton Friedman.

Det burde vere innlysande at dette i alle hovudsak er ein kamp innåt i liberalisme. «Radikale liberale» er kanskje meir opptekne av økonomiske rettar, ikkje berre juridiske rettar, enn meir konservative eller «klassisk liberale». Men ettersom dei meiner at dette kan verte oppnådd innanfor kapitalisme, er båe grupperingar likefullt liberale i økonomisk forstand. Som Lewis seier:

«When people talk about the “excesses of the left”—a phenomenon that blights the electoral prospects of progressive parties by alienating swing voters—in many cases they’re talking about the jumpy overreactions of corporations that aren’t left-wing at all.»

Dette sitatet verkar treffe Choi. Er ikkje dei illiberale han klagar over i sanning berre ein fløy av liberalismen, ein fløy som veit at dersom dei skal halde fram med å tene peng, so må dei verke «gode»? I den grad han kritiserer den kyniske instrumentaliseringa av woke frå bedrifter, er kritikken hans legitim, men Choi talar berre so vidt om dette. Boka hadde vore klarare om han nytta tida si på dette, som er eit røynleg fenomen.

Utan materielle rettar i tillegg til juridiske rettar er fridom berre eit tomt slagord, då ein grad av materiell velferd er naudsynt for at menneske skal kunne utøve sin fridom.

Det er difor ogso noko uklårt om Choi berre er mot forma og metodane han reknar for å vere woke, altso at dei ynskjer å sensurere etc., eller om han ogso er mot innhaldet. I nokre omstende verkar han vere mot innhaldet, som då han omtalar «kjønnsideologi» og korleis ein liksom no vil gå mot biologien.18 Ved andre høve, som med rasisme, er han tydeleg ogso for innhaldet, då han jo er mot rasisme. Men han verkar likevel vere mot ideen om at rasismen er systemisk. Altso er han delvis mot innhaldet ogso.

Det same ser ein i høve til venstresida. Han klagar over at venstresida har gløymt å bry seg om dei som slit, men han meiner samstundes at deira løysingar ikkje er «pragmatiske». Det verkar som om han rir to hestar. Greitt nok det – alle har sine idiosynkratiske forståingar av kva forandring inneber. Men kan det ogso vere at denne vaklinga kjenneteiknar liberale? Mange av dei er jo merksame all urettferda deira system har produsert, men hevdar samstundes at dette er det beste ein kan vone på.

Det fyl frå dette at woke er skadeleg, men ikkje på den måta som Choi trur. Det som er skadeleg med woke som falsk radikalisme er at ein fjernar fokus frå kollektiv handling, og i staden individualiserer problema. Samstundes latar ein som om problema kan løysast innanfor det gjeldande systemet – berre bedrifter tek meir sosialt ansvar. Dette er ein liberal manøver. So lenge ein kjøper dei rette produkta kan ein liksom vere med på å redde verda. Dette er ein ibuande del av kapitalistisk ideologi – ein performativ form for aktivisme som legg vekt på identitet, som kor mange kvinnelege milliardærar som finst, framfor klasse. Dette tek brodden frå den opphavlege tydinga av woke – nemleg at den er inkompatibel med kapitalistisk produksjonsmåte.

Identitet og klasse

I si bok om identitetspolitikk hevdar Todd McGowan at identitetspolitikk er kapitalismen sin «hemmelege ingrediens».19 Den kjem inn for å fylle gapet som kapitalismen produserer gjennom å bryte opp samfunn og etterlate folk utan gruppetilhøyrsle. Her kan ein t.d. tenkje på avindustrialiseringa av Storbritannia, og korleis tilhøva blei etter at dei t.d. stengte gruvene i Nord-England og Skottland. I dette vakuumet vil ein populist som Nigel Farage ha appell, gjennom å leggje vekt på engelsk identitet som eit slags bolverk mot trugande innvandring. Han kan kanalisere det legitime sinnet som folk kjenner i retningar som ikkje betrar dei materielle vilkåra for dei det gjeld, men som likevel gjev dei ein kjensle av å høyre til.

Knudsen seier at det ikkje er nokon naudsynleg opposisjon mellom klassekamp og identitetspolitikk, i den grad identitetspolitikk kan vere inkluderande, ikkje ekskluderande, noko McGowan ogso legg vekt på. Men dersom identitetspolitikk har utvikla seg til å verte ekskluderande – og her trur eg Choi har eit poeng, sjølv om han nok meiner det annleis – kan den hindre klassemedvit og dimed dekkje over klassekamp. På den andre sida er det vel riktig å kjempe mot diskriminering på basis av gruppetilhøyrsle, slik Knudsen seier. Ein må ikkje blinde seg for korleis ulik kategoriar påverkar folk sine liv, anten dei ynskjer det eller ikkje. Men dette tyder ikkje, ifylgje Knudsen, at berre dei med ‘levd erfaring’ skal kunne uttale seg i offentlegheita, heller at ogso deira erfaringar kjem fram. Identitetspolitikk er difor ikkje eit mål i seg sjølv.

Soleis trekk identitetspolitiske kampar vekslar på klassekamp, då målet ikkje er å insistere på klasse, men å oppløyse kategorien. Men at identitet kan stå i vegen for klassekamp er ogso tydeleg. Her er høgresida sin ekskluderande form for identitetspolitikk, som er eit mål i seg sjølv, meir i opposisjon til klasse enn den forma for identitetspolitikk venstresida frontar. Det er viktig å hugse på denne skilnaden. Som med woke kan eitt og same omgrep ta særs ulike formar i røynda. Å identifisere og kjempe mot identitetsbasert undertrykking er ikkje ein kamp for særrettar til særskilde grupper, men for universelle rettar for alle.

Knudsen rører ved liberalismen sin ibuande kontradiksjon mellom fridom og likskap. Innanfor ein liberal ramme, er fridom alltid viktigare enn likskap. Likskap, som må verte sikra av staten, er rekna som eit trugsmål mot individet si fridom frå inngripen. For sosialistar er likskap i staden ein premiss for fridom. Utan materielle rettar i tillegg til juridiske rettar er fridom berre eit tomt slagord, då ein grad av materiell velferd er naudsynt for at menneske skal kunne utøve sin fridom. Vi må ikkje gløyme at det var arbeidarrørsla sine kampar som sikra juridiske rettar til alle, ikkje berre dei som hadde eigedom. Kampen for frigjering er difor ikkje ein kamp for å overkaste liberale prinsipp, men for å utvide dei til å gjelde alle.20

Spør ein Choi handlar woke om overdriven og illiberal moralsk posering og forsøk på å kansellere andre. Han seier at det er identitetspolitikk, som han meiner er tanken om at ein kan redusere alle til ein særskild identitet og gje dei essensielle, uforanderlege, eigenskapar på basis av denne. Men då har han gjennomført ein reduksjon: Han skulle forklare woke, men forklarte i staden identitetspolitikk. Choi kan heller ikkje knytte woke til «venstrevridde» direkte, då han er merksam at mange på venstrevridde har vore kritiske til woke.

Her rører eg kanskje ved det største paradokset i Choi sin bok. Han er sopass reieleg og sympatisk andsynes dei på venstresida som han meiner er mot woke, at han ikkje beint fram kan seie at venstresida er woke. Men han er samstundes sopass oppteken av å forsvare liberalisme, at han ikkje kan seie at woke er eit utslag av liberal tenking. Difor må han operere med termen «wokistar», men han klarar aldri å tydeleggjere kven desse er, ideologisk sett, eller korleis dei har vunne fram. For dei må jo utvilsamt ha makt til å setje agendaen dersom woke er so utbreidd som Choi skal ha det til. Det er nokon som må tene på denne agendaen. Dette er i alle hovudsak kapitalistar. Og same om dei er konservative eller liberale i verdispørsmål – dei er for økonomisk liberalisme.

Kva no?

Det er avslutningsvis verdt å nemne at media si rolle ikkje er diskutert av Choi. Knudsen, på si side, klagar over korleis media er for opptekne av klikk, og difor går for sensasjonalistiske tolkingar. Men ho går ikkje inn på at media er eigd av store konglomerat eller korleis moderne kapitalisme er mykje meir avhengig av media enn dei var før.21 Enorme summar vert nytta på marknadsføring. For slike formål verkar det som forvirring er nyttigare enn klårheit. Det gjeld å ramme inn fenomen på ein måte som dikterer korleis motstandarar må omtale eit særskild fenomen. Makta til å setje dagsorden er avgjerande.

Å skulle ta stilling, for eller mot woke, er for meg å tvinge dei som er for radikal sosial og økonomisk forandring inn i ein debatt der motparten har lagt premissa. Dette er eit vedvarande problem for venstresida: Vi må liksom ta standpunkt for eller mot det eine eller det andre, i staden for å bestemme korleis ein skal diskutere ting og kva som er verdt å diskutere. Eg har forsøkt å vri debatten noko i denne bokmeldinga. Frå å omhandle noko ein skal vere for eller mot, må ein heller sjå på problema i kontekst. Det er eit grunnleggande demokratisk problem at firma får stadig større makt, noko alt pratet om woke er eit symptom på. Dette er noko vi talar alt for lite om – og som fenomen som woke dekkjer over. So lat oss difor heve debatten opp eit nivå, og passe oss for falske dikotomiar. Då kan vi kanskje ha ein retteleg debatt om kva demokrati er og burde vere.

Eg nektar altso ikkje for at noko som woke eksisterer. Men eg nektar for at det er ein ideologi, at det er so utbreidd som nokre hevdar og at det representerer eit trugsmål mot vestleg sivilisasjon. At det finst farar ved woke er det ikkje tvil om, men desse farane ligg andre stader enn Choi hevdar. Dessutan er hans analyse for vag til å fungere som ein årsaksforklaring.

Ingen ideologi er so rein at dei som forfektar den ikkje vert påverka av samfunnet dei er del av, eller at dei vert ute av stand til å vere moralistiske. Ogso folk på venstresida har vorte påverka, men det tyder ikkje at det er venstresida som driv fram woke. Om Choi meiner dette, må han nærast argumentere for det, men det gjer han ikkje. Her kan ein likevel ta med seg noko frå kritikken av woke, men som ein generell lekse: Ein bør ikkje framsetje sine meiningar på ein måte som impliserer at dei er innlysande, og at dei som ikkje forstår er uopplyste. Det hindrar ein i å byggje ei inkluderande politisk rørsle. Dersom ein er radikal er det ein plikt å kome dei som ikkje er det (enno) i møte, ikkje fordømme dei.

Eg trur woke i hovudsak er uttrykk for liberalismen sin vedvarande identitetskrise. Ein vil vere moralsk, men samstundes støttar ein eit system som er bygd på utbytting. I staden for å anerkjenne denne spagaten, forsøkjer å skulde på andre for sine interne problem. Soleis får ein vite at det er andre ideologiar, eller «illiberalisme» som er problemet, aldri liberalismen sjølv. Men ettersom vi lev i liberale land, so då har kanskje liberalismen litt av skulda for korleis vi har det. Hugs endeleg at woke oppstod i landet som i størst grad har synt oss kontradiksjonane med liberalismen – som bombar andre land i fridomen sitt namn – nemleg USA. I den grad woke er eit problem, er det eit problem skapt av liberal logikk. I den grad det er ei løysing, er det ei liberal løysing, som berre rører ved det sosiale, ikkje det økonomiske.

Woke er ikkje mykje verdt som analytisk verktøy, men nyss difor er den mykje verdt som ideologisk term, som dikterer samfunnssamtalen. For det er ikkje at woke er ein ideologi, men at woke vert nytta ideologisk av liberale og konservative for å dekkje over interne kontradiksjonar i deira posisjon. Choi kallar det han er mot «illiberalt» slik at han kan kalle seg «liberal». Men dersom woke er eit utslag av liberalisme, vel, då er vel Choi konservativ, eller? (Choi siterer trass alt ein definisjon som fortel at den negative tydinga av woke omfattar dei som er «politically liberal» på ein overdriven måte.)

Choi verkar tidvis å inkarnere figuren Knudsen skildrar – han som hevdar at folk ikkje lev opp til Martin Luther King jr. sine ord om å ikkje behandle folk på basis av deira identitetsmarkørar. Men Choi seier ikkje beint fram at identitetspolitisk drivne kampar ikkje har noko føre seg i det heile. Han seier heller at slike kampar kan få utslag som er illegitime – at dei går for langt. Men dersom det er høvet, kva er so medisinen? Eller for å stille eit djupare spørsmål: Kva er sjukdomen? For woke er vel eit symptom på eit samfunn som er på feil veg. So kva er eigentleg problemet?

Her slit Choi, då han i siste instans tenderer mot å seie at det meste er bra, og at wokistar diktar opp problem der dei ikkje finst. Det er i det heile vanskeleg å vite akkurat kva han seier. Men dersom han hovudsakleg vil forsvare det som eksisterer er han ikkje liberal, men konservativ, som strengt teke er det «klassisk liberal» tyder i praksis.22 Dei som er klassisk liberale vil trass alt hegne om ein ideologi som i si tid rettferdiggjorde landrøveri, folkemord og slaveri. Dei forkynnar universelle rettar, men forsvarar samstundes ein ibuande hierarkisk ideologi der nokre har rett til å dominere andre innanfor den økonomiske sfæren. Men dette seier Choi sjølvsagt ingenting om.

Noter

  1. Carl Rhodes: Woke Capitalism: How Corporate Morality is Sabotaging Democracy, Bristol: Bristol University Press (2021).
  2. Radhika Desai: Capitalism, Coronavirus and War: A Geopolitical Economy, New York, NY: Routledge (2023).
  3. Det er elles ein del å utsetje på denne boka – som måta han sleng ut påstandar om ulike fenomen, t.d. transkjønna og kvotering, utan argumentasjon, eller legg fram ulike debattar på ein tendensiøs eller direkte feilaktig måte. Eg kan ikkje gå særleg inn på dette, men eit døme på det siste er omtala av Linné-benken, noko Knudsen dekkjer meir utfyllande. Eit anna døme er korleis Choi talar om Jordan Peterson sin kamp mot C-16, som sistnemde feilaktig hevda var ei lov som gjorde at folk kunne verte dømte for å ‘feilkjønne’ andre, men som heller inkluderte kjønn og kjønnsuttrykk som noko ein ikkje skulle verte diskriminert på grunn av. Ingen har vorte straffa sidan lova blei innført i 2017.
  4. I denne teksten vil eg ikkje leggje særleg vekt på skilnaden mellom økonomisk og politisk liberalisme, då dei ofte fell saman, og sidan Choi ikkje skil mellom desse. Men kort sagt handlar den klassiske forma for økonomisk liberalisme som ein finn hjå t.d. Adam Smith om å sikre individet sitt rett til personleg fridom og privateigedom, medan klassisk politiske liberalisme, som hjå John Locke, handla om at staten må verne om individet sine rettar, som religionsfridom. Dei er altso definert i høve til føydalisme, merkantilisme og monarkist styre. Klassiske økonomisk liberalisme utvida den politiske liberalismen gjennom å vektleggje at staten måtte leggje til rette at alle kunne konkurrere fritt på marknaden. Men ettersom det blei klårt at denne konkurransen kunne ha negative konsekvensar for individa i eit samfunn, blei liberalismen kritisert innanfrå, og ein fekk den moderne forma, som er meir sosialliberal. Men ein fekk ogso nyliberalisme, som i ein viss forstand går attende til den opphavlege tydinga av liberalisme, sjølv om den legg mindre vekt på å avgrense staten sin størrelse. Soleis er det veldig ofte uklårt kva ein meiner med termen ‘liberal’. Det ogso er eit spørsmål om verdiar, noko som gjer det enno meir uklårt. Ein kan t.d. vere konservativ i verdispørsmål og likevel vere liberal. Men uavhengig av dette: Ein som er liberal er alltid for kapitalistisk produksjonsmåte, same kor kritisk ein måtte vere til nokre av utslaga denne har.
  5. Ein del liberale er kanskje usamde i denne påstanden, og det finst dømer på det motsette, som John Rawls. Men her talar eg om individualismen som kjenneteiknar liberalt tankegods.
  6. Di Paolo, E.A.: «Enactive becoming». Phenom Cogn Sci 20, 783–809 (2021). https://doi.org/10.1007/s11097-019-09654-1
  7. Her kjem vi inn på det som heiter emergens, altso korleis noko nytt oppstår på nye nivå, utan at dette kan verte redusert til hendingar på lågare nivå. Eit døme er korleis samfunnet ikkje kan verte redusert til individ, men er meir enn summen av individa som utgjer det, då det får nye eigenskapar som ingen av individa har for seg sjølv. Samfunnet er soleis avhengig av individ, men har likevel relativ autonomi frå dei.
  8. Ravndal, J.A. (2018), Explaining right-wing terrorism and violence in Western Europe: Grievances, opportunities and polarisation. European Journal of Political Research, 57: 845-866. https://doi.org/10.1111/1475-6765.12254.
  9. Ibid, 7, mi omsetjing.
  10. Choi talar eksplisitt mot essensialisme i sin kritikk av identitetspolitikk, men tenderer altso mot det same her.
  11. Elles ‘gløymer’ jo Choi at at bakgrunnen for studien var ein ‘online survey’. Alle som har teke personlegdomspsykologi på universitet, som underteikna, veit at sjølvrapportering har sine svakheiter, blant at dei som vert spurt rettar seg etter det dei reknar som sosialt åttraverdig (social desirability) og difor ikkje er oppriktige. I alle høve: denne forskingsartikkelen er ikkje noko endeleg prov, men eit utgangspunkt for vidare forsking – noko forfattarane sjølv legg vekt på. Dei seier ogso at ein ikkje bør ekstrapolere frå denne studien til korleis tilhøve er i andre land enn USA. Og som generell regel bør ein ikkje ekstrapolere frå eitt nivå til eit anna utan å forklare korleis dei samverkar. Dette er det ein kallar ‘den økologiske feilsluttinga’. Men desse problema dette hindrar ikkje Choi frå å nytte desse resultata for å skape eit inntrykk av vitskapelegheit.
  12. Legg merke til at spørsmålet om dei er oppriktige eller ikkje er på sida av saka. Same om dei bryr seg personleg, noko nok mange leiarar gjer, er det eit demokratisk problem at dei får styre den offentlege samtalen.
  13. Sjå Prabhat Patnaik og Utsa Patnaik: A Theory of Imperialism, New York: Colombia University Press (2016).
  14. Helen Lewis (referanse i neste fotnote) omtalar ei bok som Choi nemner, nemleg boka White Fragility. Choi held denne fram som eit døme på ei bok som er ‘hyllet som en av antirasismens hellige graler’, og ei bok som fremjer synet at rasisme er eit strukturelt fenomen. I motsetnad til Choi nyttar Lewis denne boka som døme på liberale sin overflatiske og individualistiske aktivisme. Ho skriv at for å forstå boka sin popularitet må ein sjå på økonomi: ‘White Fragility is a staple of formal diversity training, in universities from London to Iowa, and at publications including Britain’s right-wing Telegraph newspaper, as well as The Atlantic. The client list on DiAngelo’s website includes giant corporations such as Amazon and Unilever; nonprofits such as the Bill & Melinda Gates Foundation, the Hollywood Writers Guild, and the YMCA; and institutions and governmental bodies such as Seattle Public Schools, the City of Oakland, and the Metropolitan Council of Minneapolis.’ Denne boka og diversitetstreninga den vert nytta til er difor ein lynavleiar. Den gjev inntrykket av at skeivheiter i samfunnet skuldast individuelle haldningar, ikkje systema som vi er del av. Altso fyl boka det liberale synet på diskriminering, som Choi ogso forfektar.
  15. Lewis, Helen: «How Capitalism Drives Cancel Culture», The Atlantic (2020). https://www.theatlantic.com/international/archive/2020/07/cancel-culture-and-problem-woke-capitalism/614086/
  16. Sjå «The End of Rainbow Capitalism»: https://www.youtube.com/watch?v=5xQVFYWvd3o
  17. At det ogso kan tene ein viss funksjon er sjølvsagt ikkje utelukka, då representasjon er viktig. Dessutan kan ein få nokre genuine kulturelle uttrykk ut av dette. Men det er på trass av, ikkje på grunn av, korleis LGBTQI+ vert nytta av bedrifter.
  18. Dette er nok eit tvilsamt forsøk på å framstå vitskapeleg, då biologien ikkje er eintydig på dette. Sjølv om samfunnet kanskje har meint at det finst ein enkel binær inndeling, so tyder ikkje det at vitskapen fortel dette. Sjå Richard Prum: Performance All the Way Down: Genes, Development, and Sexual Difference, Chicago: University of Chicago Press (2023). Dessutan er det ikkje eit argument å seie at «det er dette folk flest meiner». Offentlegheita ligg vanlegvis tiår bak det vitskapen fortel.
  19. Universality and Identity Politics, New York: Colombia University Press (2020).
  20. Og nei, dette handlar ikkje om at alle skal oppnå akkurat det same, slik liberale likar å hevde at folk på venstresida frontar. Det er umogleg, noko alle veit. Det handlar heller om konkret moglegheitslikskap, noko som krev ein mykje høgare grad av velferd, som ikkje er avgrensa til vestlege land og difor bygd på utbytting. Dette går langt utover noko liberale kan innrømme, då det krev eit oppgjer med kapitalismen.
  21. Her kan eg berre synt til Thomas Klikauer sitt arbeid.
  22. ‘Klassisk liberal’ er ein særskild vag term. Det pleidde å ha å gjere med Adam Smith og J.S. Mill sin liberalisme, som gjekk på laissez faire-økonomi og ein stat som skulle verte avgrensa so mykje som råd – i opposisjon til merkantilisme og føydalisme. Dette blei etter kvart kalla libertarianisme, medan ‘liberalisme’ endra seg til å tyde ‘sosialliberalisme’. For Choi verkar ‘klassisk liberal’ vere ein term som skal treffe dei som er samde med ein grad av sosialdemokratisk tenking, men som ynskjer å distansere seg frå delar av den progressive rørsla, som liksom er mot ytringsfridom og individualisme. Men termen ‘klassisk liberal’ er sopass vag at ein kan fylle den med nærast det ein ynskjer. At termen ‘liberal’ tyder ulike ting i USA og Europa er ikkje til hjelp, då ‘liberal’ i USA vanlegvis tyder nokon som er ‘venstrevridde’ eller sosialliberale, medan det i Europa i større grad gjeld personar som er mot alle formar for økonomisk regulering, medan dei som er for slik regulering er sosialdemokratar. I alle høve: Choi nyttar seg av ein vag term, ‘woke’, for å definere ein annan vag term ‘klassisk liberal’. Dette gjer det særs vanskeleg å vite kva som er innhaldet i hans ideologi, og termen han nyttar er like forvrengt som woke. Fordelen er sjølvsagt at det gjev dei som nyttar termen ein del slingringsmonn. Dette opnar for opportunisme, slik at ein kan kritisere ‘venstrevridde’ for å ikkje bry som om økonomisk ulikskap, samstundes som ein kan forsvare systemet som leier til slik ulikskap. Sjå Losurdo, Domenico: Liberalism: A Counter-History, London: Verso (2005).

 

Powered by Labrador CMS