Utan utgraving av skjulte ideologiar vil journalistar berre vere overflatiske og akademikarar vil berre vere marionettar for de mektige

DESINFORMASJONSKRIGANE

Ein høyrer stadig tale om at sanningsomgrepet er under angrep, og at sosiale media er hovudårsaka. Men kva rolle speler hovudstraumsmedia i denne utviklinga? Helena Sheehan har skrive viktige verk om marxisme som vitskapsfilosofi og utfordrar her det gjengse narrativet kring desinformasjon.

Publisert Sist oppdatert

Opprinnelig publisert i The Monthly Review og oversatt av Rasmus Haukedal

Kva er det eigentleg som ligg bak den noverande mobiliseringa mot desinformasjon? Kven sine interesser tener dette? Kan det hende at dei kreftene som presenterer seg sjølv som bolverk mot desinformasjon, eigentleg er dei mest lumske spreiarane av desinformasjon? Skjuler fokuset på desinformasjon det verkelege bedraget?

Den noverande bølgja av interesse for desinformasjon er basert på ein oppfatta nedgang i sanningsgehalt, til og med skamlaus løyning, i offentleg diskurs – nokre gonger kalla post-sannings samfunnet. Desinformasjonsstudiar har dukka opp i akademiet som eit underordna fag som tilbyr store forskingsfinansieringar og rask karriereframgang.1 Det er mange mektige aktørar som pressar fram denne agendaen.2

Eg trur offentleg diskurs er full av svik og sjølvbedrag, og at det har vore ein markant auke i dette. Men den dominerande diskursen rundt desinformasjon og desinformasjonsstudiar er uvitande om den historiske nærværet av dette bedraget so vel som den omseggripande nærværet av det som ein har no. Slike studiar fokuserer typisk på sosiale media heller enn hovudstraumsmedia som kjelda til problemet, men eg vil fokusere på hovudstraumsmedia som ein kjelde.

Vidare trur eg at vektlegginga av informasjon og desinformasjon, på fakta og faktasjekking, gode og dårlege aktørar, er ganske overflatisk og bommar på dei meir lumske nivåa av svik og sjølvbedrag i offentleg diskurs.

Ja, det er openbert med Fox News, med Donald Trump og QAnon, men ser eg tilbake ser eg problemet med NBC, ABC, CBS, og kvar president før og etter Trump.3 Her i Irland ser eg problemet med Radio Telefis Éireann (RTE), dei fleste irske avisene, dei fleste partia i Dáil Éireann, og dei fleste akademikarane her og i utlandet meir enn med vår høgreekstreme, som har tatt til gatene og sosiale media mot folkehelsemåla og det aukande migrasjonsnivået.

Problemet mitt er ikkje berre med det som den liberale konsensusen fordømer som falske nyhende, det er ogso med det den liberale konsensusen ser på som ikkje-falske nyhende. Det høgreekstreme og det mørke nettet er enkle mål for hovudstraumsakademikarar, som er for kortsiktige eller for feige til å ta tak i hovudstraumsmedia.

Kven sine interesser tener påstanden om at det finst verdifrie fakta?

Eg trur òg at fagfeltet desinformasjonsstudiar representerer ein regresjon i mediestudiar. I dei tidlege dagane av mediestudiar kom dei fleste av oss i dette feltet frå andre disiplinar – i mitt høve, filosofi, for andre, sosiologi, litteratur, politikk, økonomi, og so vidare. Vi tok med oss desse andre disiplinane, i tillegg til breiare perspektiv og djupare innsikt i dei tema som vi adresserte. Sjølvsagt var det òg slappe, positivistiske studiar som dreiv med innhaldsanalyse og effektforsking basert på grove omgrepsgjeringar. Den gamle sprøytenåls-modellen [hypodermic needle model] dukkar opp igjen i desinformasjonsteori, i den grad det finst ein teori der. Det var forskjellege teoretiske tilnærmingar til mediestudiar, og då dette blei uttrykt, leia det nokre gonger til provoserande samanstøyt mellom rivaliserande paradigme, noko eg ikkje har sett på lenge.

Nokre gonger, på mediestudie-hendingar dei siste åra, er det som om tidlegare tiår med mediestudiar ikkje har hendt, til og med som om hundreår med intellektuell historie ikkje har skjedd. Med utgangspunkt i mitt primærfelt, filosofi, trur eg det har noko å seie at so mange innanfor mediestudiar og journalistikk er uvitande om utviklinga innanfor epistemologi og vitskapsfilosofi. Ein heil generasjon verkar uvitande om tiår med debatt om positivisme, ny-positivisme, og post-positivisme, der det har vorte klart at eit faktum ikkje er noko so enkelt som dei trur det er, noko som gjer den noverande vektlegginga på fakta og faktasjekking noko forenklande.

Det er eit strukturelt problem her, og det er nødvendig å sjå på kapitalens utvikling for å forklare journalistikkens utvikling.

The Irish Times erklærer «Fakta har ingen agenda.»4 Feil. Fakta kjem aldri utan kontekst, utan verdiar, utan underliggjande premiss, utan ideologiar, utan agendaer. Dette er eit innføringskurs i epistemologi [epistemology 101] – eit kurs som ikkje vert gjeve desse dagane, slik det ser ut til.

Kven sine interesser tener påstanden om at det finst verdifrie fakta? Det er i interessa til eit system som skjuler sin status som eit system. Det er ei degradert positivisme som rår grunnen i desinformasjonsstudiar og faktisk i dei fleste sosiale vitskapane. Det er ikkje ein gong høveleg positivisme. Den er ikkje ein gong medviten seg sjølv som positivisme. Tidleg positivisme blei motivert av eit ønske om å reinske kunnskapen, formulere klare demarkasjonskriterium for å kunne skilje mellom gyldige og ugyldige sanningspåstandar. Det stoppa opp fordi kriteria var for smale, ikkje fordi kriteria ikkje var naudsynte.

The Irish Times erklærte nyleg at fakta ikkje har nokon agenda. Dette er ei grov mistydning ifølje artikkelforfattar

Dei fleste av dagens akademikarar har aldri fastsett kva sanningskriterier som motiverer forskinga deira. Det er svært få som har tenkt ut dei grunnleggjande verdssyna sine, so forskinga deira manglar forankring. Det er ingen kjerne i den. Det er eit tomt rom i alt dei produserer.

Sjølv om eg trur at faktasjekking har ei rolle å spele, so tek det ikkje tak i dei verkelege bløffane og vrangførestillingane i hovudstraumsmedia og den aktuelle dagsorden, og den akademiske analysen av desse. Det vi må undersøkje og avsløre er dei underliggjande premissa, verdssyna, dei ideologiske posisjonane som strukturerer dei tatt-for-gjevne nyhendeagendaene og nyhendeverdiane. Vi må spørje: Kva historier blir fortalt? Korleis blir dei fortalt? Kvifor? Kva historier blir ikkje fortalt? Kvifor ikkje?

Uartikulerte, ofte umedvitne, verdssyn strukturerer dei ukritiske vala om nyhendeagendaer. Ein påtatt nøytralitet maskerer betydelege ideologiske posisjonar som fell saman med universet sine herskarar og med interessene til dei allmektige marknadene. Journalistar og medieakademikarar går fram med naive oppfatningar av kontekstfri informasjon og depolitiserte fakta, og skjuler dimed makttilhøva og naturen til systemet som strukturerer kva informasjon som blir formidla og kva som tel som fakta.

Eg deltok på ein boklansering der Joe Duffy, RTE-programleiar, erklærte at svaret på problemet med falske nyhende er «pålitelege merkevarer». RTE er Irland sin mest pålitelege nyhendekjelde.5 Men er den verkeleg påliteleg? Nei. Kvar einaste dag konfronterer eg ein nyhendeagenda som er tilpassa interessene, til den ideologiske posisjonen, til dei med makta, ikkje berre nasjonalt men globalt.

Det er eit strukturelt problem her, og det er nødvendig å sjå på kapitalens utvikling for å forklare journalistikkens utvikling. Sjølv i glansdagane til profesjonell journalistikk, var den aldri nøytral, langt mindre «objektiv». I USA har utholinga av journalistikken blitt tilskriven korporativ kontroll. I Europa, er offentleg kringkasting, sjølv om den ikkje er under direkte korporativ kontroll, likevel dominert av interessene og verdiane til global kapital. Fordi RTE er offentleg kringkasting, er den nyhendekjelda vi har rett til å halde til dei høgste standardane. Dei gjer sterke påstandar om deira profesjonelle journalistikk og står fram som ein bolverk mot Fox News og høgre- og venstresida sine syn på sosiale medium.

Det er problem med RTE på mange nivå. Av og til, er det faktisk «falske nyhende»-rapportar som er feilaktige. Til dømes, blei ein noko valdeleg demonstrasjon mot offentlege helsereguleringar rapportert som å vere frå det ytste høgre og venstre. Dette skjedde på tross av at venstresida var for strengare offentlege helsereguleringar. Etter ein Twitter-storm, der eg deltok, trakk RTE og Garda-kommisjonæren motviljug attende den påstanden. I rapporteringa om hendingane i Bucha, Zaporizjzja og Mariupol, so vel som ved Nord Stream-røyrleidningen, der det er plausible alternative narrativ i spel, har RTE rapportert usannsynlege versjonar som fyrst blei formidla av kjelder som er mektigare enn dei.

Av og til er RTE skuldig i unnlating. Det er ofte mange nivå av unnlating, men eg vil gje eit enkelt døme. Natt etter natt, dekka RTE Volodymyr Zelenskyj sine talar til kvart nasjonalt parlament, inkludert vårt eige, der parlamentarikarane våre dyrka han utan atterhald, bortsett frå nokre få som ikkje reiste seg, men RTE sa ikkje eit ord om det som skjedde i det greske parlamentet og so i det kypriotiske parlamentet neste dag, der det ikkje gjekk so bra. Eg tvitra til RTE heile ettermiddagen og spurte om dei skulle dekkje historia. Det gjorde dei ikkje.

Dei nyttar omgrep som om dei ikkje er problematiske, som Vesten, den frie verda, leiar av den frie verda, det internasjonale samfunnet, demokratiske nasjonar.

RTE rapporterer og analyserer krigen i Ukraina i samsvar med posisjonen til USA, EU, NATO og Ukraina sin regjering. Når høyrte vi ein stemme som artikulerte posisjonen til dei i aust og sør i landet som føler seg framandgjorde frå Ukraina etter 2014? Eller dei som kanskje ville fortalt om undertrykking av media, fagforeiningar og venstrevridde parti der? Eller dei som kanskje ville fortalt om vilkårlege arrestasjonar, forsvinningar og dødsfall av dei som ikkje følgjer linja der? Eller nokon som analyserte korleis USA har manipulert hendingane der, spesielt sidan 2014, og no undertrykkjer alle tillaup til forhandlingar? Medan millionar menneske der og over heile verda lev med krigen sine tap, flyktningkriser, økonomisk utarming, økologisk øydelegging og atomfrykt som et resultat av denne krigen, kven er det som undersøkjer kven sine interesser det gagnar, ikkje berre i Russland, men i Ukraina og USA? Kva er dei epistemologiske og etiske kriteria som er involvert i å peike ut Trump og Vladimir Putin som dårlege aktørar, men ikkje Joe Biden eller Antony Blinken eller Volodymyr Zelenskyj eller Jens Stoltenberg? Kvifor er det ikkje nokon som peikar ut at NATO er ein del av problemet, ikkje løysinga, og at krigen i Ukraina er eit resultat av maktpolitikk, ikkje moral?

Dette går likevel ikkje til kjernen av kva som står på spel. Det grunnleggjande problemet er fråværet av analyse av dei djupare historiske kreftene som strukturerer straumen av fakta og hendingar. Dei mislukkast med dette kvar dag på Russland-Ukraina krigen og so mange andre historier.

I RTE sin rapportering om dronninga sin daud på den nærliggjande øya og andre saker som handlar om kongehuset, som dei dyrkar, oppfører dei seg som om Irland ikkje var ein republikk, dei snakkar utan minste antyding til eit spørsmål om legitimiteten til monarkiet, om eksproprieringa av felles velstand, eller om valden og uretten som ligg under deira rikdom, makt og privilegium.

Dei nyttar omgrep som om dei ikkje er problematiske, som Vesten, den frie verda, leiar av den frie verda, det internasjonale samfunnet, demokratiske nasjonar. Dei tek for gjeve at det er USA, og ikkje FN, som skal leie svaret, og faktisk leggje lova, for alle konfliktar som oppstår i verda. Dei har eit velviljug syn på NATO og rolla NATO speler i å sikre USA sin fullspektrums-dominans.

Sjølv der RTE kanskje verkar mindre kontroversiell, der dei ser ut til å gjere ein god jobb med offentleg kringkasting, kan dei gjere det på eitt nivå, men mislukkast på djupare nivå. Ta COVID-19. Ja, dei gav nødvendig offentleg helseinformasjon, men dei repeterte endelaust same informasjonen: talet på tilfelle, innleggingar og vaksinasjonar. Men dei klarte ikkje i å adressere dei systemiske årsakene til pandemien, som det heile kapitalistiske systemet for landbruk og ein mangel på investeringar i offentleg helseinfrastruktur, som framleis er der og kan resultere i framtidige og meir krevjande pandemiar. Dei sløste bort kvart intervju med Mike Ryan frå Verdsorganisasjonen for helse, som har eit godt grep om dei geopolitiske dimensjonane av folkehelse, og spurde han berre spørsmål der han kom til å repetere det lokale ekspertar sa.

Desinformasjonsstudiar har ein tendens til å anta at desinformasjon er ein mystisk gift som infiserer eit elles sunt medieøkosystem.

Når det gjeld miljøspørsmål, handterer dei dei berre sporadisk og overflatisk. Det var eit stort fokus på klimaendringar under COP26 og COP27; neste veke var det ingenting. Det var som om problemet forsvann. Dei synleggjer aldri den verkelege skalaen av den økologiske krisa som står framfor oss. Dei undersøkjer enno mindre dei systemiske årsakene til den økologiske krisa eller kva det kan ta å reversere det verste av krisa, fordi dette kan føre til spørsmål om den kapitalistiske produksjonsmodellen.

Det er so mange fleire døme eg kunne gje om korleis RTE mislukkast med å produsere sannferdige nyhende og innsiktsfull analyse i sin enorme rolle i å forme vår offentlege diskurs. Men det er viktig å leggje vekt på at RTE langt ifrå er dei verste av hovudstraumsmedia i verda.

Kvar er akademikarane i å adressere dei verkelege problema med den hovudstraums-nyhendeagendaen? Desinformasjonsstudiar har ein tendens til å anta at desinformasjon er ein mystisk gift som infiserer eit elles sunt medieøkosystem. Då dette ikkje er tilfelle, mislukkast deira forslag til løysingar med å adressere det verkelege problem. Deira velfinansierte faktasjekkingsordningar, der samfunnsvitarar slår seg saman med dataskeptikarar, vil halde fram med å kome til konklusjonar som bekreftar den liberale konsensusen, som ikkje vert utfordra. Deira vektlegging av plattformstyring er basert på den liberale eliten sin panikk over at sosiale media gir tilgang til ein rekke stemmer og synspunkt som er utanfor deira kontroll. Det er svært problematisk at denne eliten og deira plattformer får bestemme over kva som er legitim offentleg diskurs. Deira forslag om mediekompetanse kan virke som ein god idé, men ikkje om slike forsøk er basert på de same liberale premissa som får stå uimotsagt.

Nokon desinformasjonsstudium går utover dette og går breiare. Det er eit offentleg tilgjengeleg pensum for kritiske desinformasjonsstudium ved University of North Carolina som tek ei tilnærming som er basert på historie, kultur og politikk, og reiser spørsmål om makt og ulikskap.6 Ein artikkel av Joseph Bernstein i Harper’s Magazine som avslører de underliggande premissa og makttilhøve til «Big Disinfo» er ein viktig motvekt til hovudstraums-desinformasjonsstudium. Han merkar seg at det er lettare å fokusere på algoritmar ein kan justere enn på forankra sosiale tilhøve.7 Jack Bratich sin artikkel frå 2020, som argumenterer for at anti-desinformasjonsindustrien utgjer ein restaureringskrig for å motverke erosjonen av USA sitt globale hegemoni og tapet av truverd som politikken har lidd, er ogso verdifull.8

Kritiske desinformasjonsstudium kan bidra til mediestudium og mediekompetanse, men eg trur at berre utgraving av skjulte ideologiar vil kome til kjernen av bedraga som strukturerer so mykje av vår offentlege diskurs. Utan det vil journalistar berre vere overflatiske og akademikarar vil berre vere marionettar for de mektige.

Noter

  1. Det er ein aukande mengd litteratur om desinformasjonsstudiar dei siste åra. Ein bok som formulerer dei typiske tema og argumenta er Eileen Culloty og Jane Suiter si bok, Disinformation and Manipulation in Digital Media: Information Pathologies (London: Routledge, 2021).
  2. I artikkelen «Bad News: Selling the Story of Disinformation», skisserte Joseph Bernstein dei korporative, akademiske og statlege kreftene som driv «Big Disinfo»-agendaen. Joseph Bernstein, «Bad News: Selling the Story of Disinformation», Harper’s Magazine, September 2021.
  3. Sjølv om USA-nettverka aldri var dei bastionane for objektivitet som dei påstod å vere, har korporativ kontroll auka dei siste tiåra. Robert McChesney og John Nichols har argumentert for at dette har ført til ei uttømming av journalistikken, og at statsstøtte er naudsynt, i boka The Death and Life of American Journalism (New York: Nations Books, 2010).
  4. «The Irish Times ‘Real News’ Campaign», Newsbrands Ireland, newsbrandsireland.ie.
  5. Sinéad Crowley, «Trust in News Media Increased over Past Year, Report Finds», RTE, June 23, 2021.
  6. Center for Information, Technology, and Public Life, «Critical Disinformation Studies», citap.unc.edu.
  7. Bernstein, «Bad News».
  8. Jack Bratich, «Civil Society Must Be Defended: Misinformation, Moral Panics, and Wars of Restoration», Communication, Culture, and Critique (2020): 1–22.

 

Powered by Labrador CMS